torsdag 31. desember 2009
Treningar over nyår
Måndag 4. januar kl 20 i byen (Skarbøvik stadion) og på Austnes.
Onsdag 6. januar kl 1715-1855 Austnes
Fredag 8. januar kl 1750-1930 Austnes
onsdag 30. desember 2009
Dugnad 1. og 3.januar
Kl 10 Coop Longva 3.jan
Send melding om den dagen du kan, gjerne begge, til Stig Frode på 99 89 16 42.
Pengane (10 000 kr) går til seniorlaga, dame/herre, presiserer SUS.
mandag 28. desember 2009
Rauk ut i gruppespelet
lørdag 26. desember 2009
HaNo-monsteret i fire bilete:)
Her er dei (raude) augene til Ove.
Jonas sitt upåklagelege smil.
Alle bilete "oppå" Mikke, fotografert etter tomålskampen mot Skodje i playoff-en.Vinnaren Sondre, seier dette i ein kommentar om sigeren i den særs spenannde julekalenderen:
- Det gjeld å ta luke for luke, nedprioritere all eksamenslesing og huske at ein julekalender ikkje er som ein vanleg kalender!
No reiser han atende til Statane allereie 4. juledag, og tar med seg seg broder Audun, slik han får feriere over fjorden ei lita stund. Vi ønskjer begge god tur og framleis god jul.
Det vil eg eigentleg gjere til alle andre rundt HaNo sitt herrelag også:
Ei riktig god jul til alle lesarane av hanoherre.blogspot.com !!
fredag 25. desember 2009
Sondre vinnar av julekalenderen!
Med andre ord, så enda det slik:
Sondre 18
Kent Inge 17
Cato 17
Ove 17
Kenneth 16
Jan Egil 14
Vegard 14
Picks 13
Per Jarle 10
Kristian 7
Stig Frode 6
Henrik 6
Demir 2
Premien er eit unikt treningshanskepar frå Nike, til ein verdi av 199 kroner. Om det er naudsynt i San Diego utover vinteren og våren skal vere usagt, men dei er i alle fall dine. Gratulerer!
Fasit luke 9 og 10
Michael Austnes 88
Odd Einar Molnes 81
Åge Flem Ulla 80
Kristian Kalvøy 77
Demir Haram 75
Cato Longva 73 Dermed var Mikke, Åge, Kris, Demir og Cato rett svar.
Luke 10: Det enorme, fryktinngytande HaNo-monsteret bestod av Kent Inge sitt hårfeste, Ove sine auge, Jonas sitt vakre smil, og elles Mikke si drakt, nase og hakeparti m.m..
onsdag 23. desember 2009
Romjulsturnering 28.des
Kl 1108 HaNo-Lepsøy
Kl 1216 HaNo-Brattvåg 1
Kl 1415 Helland Spesial-HaNo
Sjå meir på Brattvåg-sida. Kjem tilbake med tropp og reisetider, køyring m.m.
tirsdag 22. desember 2009
Julekalender: Luke 10
Då er vi komen til den siste luka!
Kven er HaNo-monsteret? Eg vil ha fire namn som skjuler seg bak dette andletet!
Poeng: 2 poeng for fire namn rett, 1 poeng for tre rette namn.
Hugs svarfrist på luke 9 og 10 innan julaftan!
Svar på luke 7 og 8
I luke 8 er det Lars som er gjestemålvakt på Old Boys-laget til HaNo under turneringa i IP Huse-hallen i februar. Her er det eine HaNo-laget som er motstandar, LP er ballførar.
Stilinga, to runder før slutt:
Ove 14
Kent Inge 14
Sondre 14
cato 13
Kenneth 12
jan egil 11
vegard 11
Picks 10
per jarle 10
Kristian 7
Stig Frode 6
henrik 6
demir 2
mandag 21. desember 2009
Diverse kalenderfristar
Det er ein del som ikkje har svart på luke 7 og 8. Frist i dag måndag!
søndag 20. desember 2009
Julekalender: Luke 9
Då er vi komen til luke nummer 9:
Kven var dei fem spelarane (Odd E ikkje medrekna) som var mest på trening i sesongen 2009?
Poeng: 2 poeng 5 rette namn, 1 poeng for 4 rette namn. (Namna må ikkje vere i rett rekkjefølgje, etter treningsframmøte)
lørdag 19. desember 2009
Svar luke 5 og 6- Meintett i tet!
Luke 6: Januar: Mikke, februar: Cato, mars: Jan egil, april: Åge.
Her er stillinga etter 6 rundar, og det har jammen tetna til:
Ove 10
Kent Inge 10
jan egil 10
Sondre 10
cato 10
Kenneth 9
vegard 9
Picks 8
per jarle 8
Kristian 7
Stig Frode 6
henrik 6
demir 2
fredag 18. desember 2009
Skarbøvik stadion treningsarena vinter 2010
Lars Petter blir ikkje i same rolle som i 2009 (assistenttrenar), men har heldigvis sagt ja til å leie treningsøktene som er i byen. Han har også brukt hausttida etter kvaliken til å tenkje seg om kva han gjer sesongen 2010. Det er heldigvis å satse vidare med å spele fotball for moderklubben HaNo!
Odd Einar har i skrivande stund ikkje nokon assistenttrenar, men dette kjem vi tilbake til på nyåret.
Elles er fleire treningskampar no avtalt. Oppe til høgre her i bloggen vil kampane stå oppført. Det vil muligens kome endringar eterkvart, og då vil eg skrive det inn i oversikta her på hanoherre.blogspot.com.
torsdag 17. desember 2009
Svarfrist for luke 5 og 6
Julekalender: Luke 8
Poeng luke 8:
2 poeng for rett svar!
tirsdag 15. desember 2009
Julekalender: Luke 7
Då er vi komen til luke nummer 7:
Kven er desse 8 HaNo-spelarane som ”spelar” mot Ellingsøy?
Poeng:
2 poeng for alle 8 namna rett, 1 poeng for 7 riktige namn.
(NB! Du har ikkje lov til å tippe meir enn 8 namn i svaret ditt heller;) )
Svar luke 3 og 4- tre på topp!
Ole Lennart Vassbotn ser vi på biletet. Han sit i bassenget på Finnøya og viser kor lang han har..., neida, eg trur han syner "tommel opp", trass i at han akkurat hadde trakka over inne i IP Huse-hallen.
Bowling i Brattvåg er staden. Det er Kristian og LP som har stein-saks-papir. Mange forslag på denne, til dømes Sjøbuda på Austnes og Nordøy grendahus.
Det har skjedd endringar i teten i julekalenderen. Ove, Ull og Sondre har alle rett etter 4 rundar, men kan fortelle at fleire i toppen har kava ein del med luke 5 og 6, så her er sjanse for mange å vinne framleis:)
Ove 8
jan egil 8
Sondre 8
Kristian 7
Picks 6
Kent Inge 6
Stig Frode 6
cato 6
per jarle 6
Kenneth 5
vegard 5
henrik 4
demir 2
steven 0
mandag 14. desember 2009
Hynung med nettstad
"Svarte Diadora, med kvite detaljar. Kvit shorts med svarte detaljar. Svarte Strømper."
Grei detalj å ha på heimesida si, i tilfelle ein skulle møte dei.
søndag 13. desember 2009
Vanskegraden aukar?
Kan røpe at det har minska med svar på luke 3-4 og utover, så her er det framleis sjanse å gjere det bra. Folk i toppen har nemlig begynt å bomme på nokre av oppgåvene;)
Julekalender: Luke 6
Då er vi komen til luke nummer 6:
Kva for fire spelarar blei kåra til månadens spelarar i januar-april på herrelaget i 2009?
Poeng luke 6:
1 poeng for 3 rette namn, 2 poeng for alle 4 namna rett.
fredag 11. desember 2009
Julekalender: Luke 5
Då er vi komen til luke nummer 5:
Biletet er frå ein damekamp, men det er ein herrespelar som sit i ein bil. Kven er det?
Poeng luke 5:
2 poeng for rett svar!
torsdag 10. desember 2009
Nordøyhallen hausten 2010?
onsdag 9. desember 2009
Svar på luke 1 og 2
Luke 1: På biletet ser vi Henrik, Cato (gapande), Dag Peter og nederst oppmannen sjølv, Frank.
Luke 2: Rett svar er Lars ("Europameister" i fotball, på ein eller annan jalla-cup for båtfolk i Danmark) og Vebjørn (krinsmeister i kombinert).
Stillinga etter to rundar er slik:
Ove 4
Picks 4
Kent Inge 4
Stig Frode 4
Jan Egil 4
Sondre 4
Henrik 4
Cato 4
Kenneth 3
Vegard 3
Kristian 3
Demir 2
Per Jarle 2
Steven 0
Julekalender: Luke 4
Då er vi komen til luke nummer 4:
Kor hen er dette biletet tatt?
Poeng luke 4:
2 poeng for rett svar.
mandag 7. desember 2009
Julekalender: Luke 3
Då er vi komen til luke nummer 3:
Kven er på dette biletet?
Poeng luke 3:
2 poeng for rett svar!
søndag 6. desember 2009
Svar på julekalenderen
Treningskampar vinter 2010
Tors 14.jan Norborg-HaNo
Laur 30.jan Ellingsøy-HaNo
Ons 10.feb Emblem-HaNo
Fre 19.feb MSIL-HaNo
Fre 12.mars Ravn-HaNo
Tors 18.mars Brattvåg-HaNo
Vil prøve å få til to kampar til i mars. Vårcup er helga etter påske: 10.-11. april. I tillegg ein treningsweekend i slutten av februar.
Trening fredagar
fredag 4. desember 2009
Julekalender: Luke 2
Då er vi komen til Luke nummer 2:
I HaNo-troppa har vi i 2009 fått ein europameister og ein krinsmeister. Kven er desse to?
Poeng luke 2:
2 poeng for rett på begge, 1 poeng for den eine.
NB! Dersom du ikkje har svart på luke 1, kan du framleis svare på den også i løpet av helga;)
torsdag 3. desember 2009
Julekalender: Luke 1
2 poeng for 4 rette namn, 1 poeng for 3 rette namn
onsdag 2. desember 2009
hanoherre.blogspot.com sin ”julekalender”!
I desember vil det kome spørsmål/quiz i samband kamp, hending på trening, eit bilete eller liknande. Det vil vere 10 spørsmål, som kjem ca annankvar dag no fram mot jul, og du må sende inn dine svar på epost til molneod@hotmail.com. Merk emnefeltet med ”Svar luke 1 osb” på dette første spørsmålet. Du kan også svare med ei tekstmelding til 1987 med kodeord…nei da, kødda. Men du kan sende inn ditt svar til mitt mob nr;)
Eg vil legge ut stillinga i bloggen med ujamne mellomrom, etter kvart som eg får inn svar, med antal rette. Samanlagtvinnaren blir premiert, så håper at flest mogleg blir med på denne, så kanskje det blir stor spenning:)
For å finne ut svara er det ei mulegheit å søkje litt i bloggen, eller rett og slett bruke hukommelsen…?
Luke 1 (av 10) kjem i morgon torsdag!
tirsdag 1. desember 2009
Vintercup 2010
fredag 27. november 2009
3 kampar avtalt
Torsdag 14. januar: Norborg-HaNo
Laurdag 30. januar: Ellingsøy-HaNo
Fredag 19. februar: MSIL-HaNo.
Kristian prøvde ut innsidepasningsfoten på Ellingsøya i mars i 2009 også. 30.januar blir det nytt møte mellom 4. divisjonslaget Ellingsøy og HaNo.
onsdag 25. november 2009
Trening fredag kl 1750
tirsdag 24. november 2009
Innetreningar onsdag eller fredag?
- onsdag kl 20 eller
- fredag kl 1750.
Kva meiner du passar best? Legg at svar under kommentarar dersom du meiner noko om dette. Eller stem i pollen til høgre:)
mandag 23. november 2009
PL-høgdepunkt
Stjernebørsen 2009
søndag 22. november 2009
Årets råtass
Michael Austnes 3
Kenneth Ulla 1
Demir Haram 1
Cato Longva 1
Lars Petter Haram 1
Per J Fjørtoft 1
Stig Frode Longva 1
Jan Egil Ulla 1
fredag 20. november 2009
Kva med denne?
"Eg meiner at krinsen no bør gjere følgjande dei to neste åra for å betre tilhøva for lågdivisjonane: 2010: Vår: Tre avdelingar etter geografisk oppdeling, som i år. Dei tre beste i kvar avdeling går til 5. divisjon haust. Dei øvrige laga går til 6. divisjon haust, oppdelt i to geografiske avdelingar, evt tre om det er interesse for det. Dei tre beste i 5. divisjon haust rykker opp, vinnaren blir krinsmeister. Spelar enkel serie. I 6. divisjon spelar ein enkel eller dobbel serie alt etter ønske og talet på laget i kvar avdeling. Vinnarane av dei to eller evt. tre avdelingane møtest til kampen om KM-tittelen i 6. div til slutt.
2011: Dei tre som rykker ned frå 4.-divisjon, lag 4 til 9 i 5. divisjon haust + avdelingsvinnarane i 6. divisjon frå året før utgjer 5. DIVISJON. Øvrige lag utgjer 6. divisjon, geografisk oppdelt i så mange avdelingar som det passar.
Og så er alt tilbake til det gamle igjen...
Eg trur dette er måten å gjere det på for å auke interessa for seniorfotball. Kamptilbodet blir betre for dei som ikkje er gode nok for 4. divisjon men for gode til å møte krinsens svakaste og minst satsande lag, i år for eksempel Stordal, MSIL, Tjørvåg, HaNo...
6. divisjon kan igjen bli ein "bondeliga" og opne for at mindre satsande lag som Gjerdsvika, Flø, Haddal, Giske, Lepsøy etc kan spele på sitt nivå mot passande motstand. Eit slik system eg presenterer gir også håp om at gamle klassikarar som Moltu, Brandal, Hjørungavåg, Hundeivik, Sandsøy, Rovde, Mork, Håheim, Åsestranda, NEG, Brusdalen og Fjørtoft kan gjere comeback i 11-arfotballen."
torsdag 19. november 2009
Toppskårarlista
Jan Egil Ulla 16
Kenneth Ulla 11
Lars Petter Haram 11
Per J Fjørtoft 7
Asgeir Nogva 5
Michael Austnes 3
Cato Longva 3
Vegard Halkjelsvik 3
Stig Frode Longva 3
Åge Flem Ulla 2
Jonas Longva 1
Lars Åkre 1
Stig Erik Nogva 1
Kampar 2009
Cato Longva 32
Vegard Halkjelsvik 31
Lars Petter Haram 30
Michael Austnes 29
Kristian Kalvøy 27
Jan Egil Ulla 27
Åge Flem Ulla 26
Kenneth Ulla 23
Asgeir Nogva 23
Kent Inge Klokk 23
Demir Haram 22
Jonas Longva 19
Per J Fjørtoft 19
Stig Frode Longva 19
Henrik Åkre 17
Vebjørn Steen 16
Dag Peter Olsen 15
Ove Otterlei 14
Lars Åkre 12
Odd Einar Molnes 10
Per Kris Klokk 9
Lasse Buch 8
Alexander Eide 6
Stian Haram 4
Sondre Steen 4
Preben Lorgen 3
Richard Hansen 3
Even Vestavik 3
Håkon Inge Haram 3
Øystein Bergheim 2
Ole Lennart Vassbotn 2
Andreas Fjørtoft 2
Stig Erik Nogva 2
Junior Da Silva 2
Erlend Coates 1
Magnus Buner 1
onsdag 18. november 2009
Mikke mest- tett bak han!
1 Michael Austnes 1705
2 Cato Longva 1568
3 Lars Petter Haram 1558
4 Kenneth Ulla 1550
5 Asgeir Nogva 1550
6 Jan Egil Ulla 1545
7 Vegard Halkjelsvik 1180
8 Henrik Åkre 1170
9 Åge Flem Ulla 1010
10 Vebjørn Steen 755
11 Per J Fjørtoft 740
12 Kristian Kalvøy 720
13 Jonas Longva 620
14 Per Kris Klokk 615
15 Dag Peter Olsen 520
16 Stig Frode Longva 390
17 Lasse Buch 360
18 Lars Åkre 285
19 Ove Otterlei 260
20 Kent Inge Klokk 215
21 Sondre Steen 130
22 Stig Erik Nogva 115
23 Demir Haram 110
24 Øystein Bergheim 90
25 Stian Haram 80
26 Odd Einar Molnes 67
Debatten om 5.div held fram
onsdag 11. november 2009
Spelarmøte fredag 20.november
Møte kl 1730 på Austnes, klasserom. Tema er sesongen 2010. Alle som har spelt i 2009, og alle som har tenkt å spele i 2010 skal møte! Om du av ein eller annan grunn ikkje kan møte, så må du sende ei tekstmelding til Odd Einar og seie frå om det.
Trening etterpå, ca kl 1820. Dette for å ha ei økt med fotball sidan sist:)
mandag 9. november 2009
Klubben i ditt hjerte
Konkurranse!!
Premie: Du får lage 3 nye spørsmål i ein konkurranse som eg legg ut på bloggen.
PS! Det treng ikkje å vere HaNo-relaterte spørsmål!
Spørsmåla er slik:
1. Nemn dei tre spelarane som har spelt mest (antall minutt) i serie og playoff i 2009!
2. Kven er årets råtass? (Mest gule serie og playoff i 2009)
3. Det er to spelarar som har blitt tremåls-skårar i ein kamp (serie og playoff i 2009). Kven er desse to?
Lykke til!
Ny stor-runde for Lars
tirsdag 3. november 2009
Kvalik eller ikkje syns du?
Eitt lag frå kvar avdeling gjekk opp, men ikkje avdelingsvinnarane HaNo og MSIL. Diskusjonen om kvaliken er på sin plass eller ikkje blussar opp att sjølvsagt. Det var i alle fall 6 jamne og gode lag som møttest, og då meiner mange det berre er å sende opp avdelingsvinnarane. På ei side kan ein vel sjå på resultata og seie at skilnaden mellom laga på Søre var større. Eit moment her er at GuLars hadde tre tap i ein middels vårsesong, eitt mot Tjørvåg etter ferien før dei fekk tilbake spelarane sine. Med Sætre Hauge og brørne Gunnarstein frå Hareid, og også Leiv Sindre Muren (Bergsøy) og Preben Sætre (Hødd) gjorde dei reint bord i serien og tok 10 fortente poeng i Playoff.
Vi er skuffa over å ikkje rykke opp sjølv, og eg registrerer at enkelte er skuffa over at avdelingsvinnarane ikkje berre rykte direkte opp. Vår skribent på HaNo-sida inkludert. Det er jo greit nok, men vi har jo visst dette i heile år, og personleg syns eg ikkje det passa å ha med det i det siste kampreferatet. Men det er jo ein journalist si meining, og ikkje nokon spelar eller trenar eller nokon i sportsleg utval i HaNo som seier det. Så dermed blir det jo ikkje "grinete" frå vår si side heller, sånn sett. For at det blei to beste i kvalik har vi jo visst sidan februar, og då gjeld det å vere best når det gjeld, og det må vi berre innsjå at vi ikkje var.
Etter det eg skjønar blir 5. div-opplegget likt også neste år. "Problemet" er jo antall lag. I år var det 27 lag opphavleg, og så kjem problemet med inndelinga. Det er for lite med to avdelingar, og for mykje lag til 3 avdelingar eigentleg. SFK delte inn i lag, og då kom Blindheim2 og ropte "feige lag" på direkten og gjekk ut av bana. Barnsleg, men kva kan SFK gjere med det? Kraftig bot etter mi meining. Kan ikkje melde på eit lag, og deretter melde seg av pga misnøye med inndelinga. Hareid2 sameleis, dei vil ikkje reise over fjorden alle kampar medan kameratane spelte synnom fjorden. Dei fekk vilja si, og dermed 10 lag på Søre. Aksla kom seinare inn, og spelte i avdeling 2. Å spele 14 kampar som vår avdeling gjorde, kan vi i alle fall ikkje gå med på.
mandag 2. november 2009
Aafk 2 til 2. divisjon
Lars på 11.plass
søndag 1. november 2009
Takk for i år!
Bra frammøte på begge HaNo-festane i går, og det er bra. Bra jobb av festarrangørane, som gjorde det til ein kjekk kveld:) Ikkje berre mat og drikke, men levande musikk, og eit passande og uhøgtidleg program som slo meget godt an!
Gratulerer til Kristian og Jan Egil for prisar, og eg kunne godt tenke meg å dele ut ein pris til alle. FOR GOD INNSATS OG HALDNINGAR I 2009!! Eg tør å påstå at vi har blitt betre på ein del område.
Vi skal ta ei skikkeleg evaluering på eit spelarmøte om eit par vekers tid, der også sesongen 2010 blir tema. Eg har munnleg sagt ja til SUS om å stille ein mann til disp også neste år. Håper at alle spelarane som var med i år går på ein ny sesong!
torsdag 29. oktober 2009
Odds på sisterunden
H 2.20
U 4.75
B 2.10
H 1.17
U 7.00
B 7.00
HaNo - Ellingsøy
H 1.90
U 5.25
B 2.35
onsdag 28. oktober 2009
HaNo-fest kl 17
HaNo-fest
Laurdag 31.oktober kl 17.00 skal det vere HaNo-fest på samfunnshuset på Haramsøya. Der blir det mellom anna utdelingar av diverse diplomar og utmerkingar, og sjølvsagt blir det kiosk. Vi håper at mange har lyst å ta turen dit. Gratis inngang! Herrelaget speler sin siste og veldig avgjerande kamp kl 13.00 same dag på Nordøy stadion. Det betyr at vi får med oss begge deler!
Eg forventar at alle herrespelarar stiller på denne også, i tillegg til at eg veit at mange har meldt seg på seniorfesten på Sjøbuda kl 20 seinare på kvelden. Hugs at pokalar, årets spelar med meir, vert delt ut på HaNo-festen kl 17. Det er ikkje så stor stas å få desse viss frammøtet er lite. Så møt opp der også! Kanskje har vi noko å feire..?
Dommaroppsett
Forsåvidt einig i at dette er unødvendig. Men faktum er at desse er proffe dommarar som ikkje tar slike omsyn under kamp, og at dei heilt sikkert dømmer fair!!
Synkronbowling
Meir bowling
- Vanvettig erriterænde detta "Verdens beste milkshake" so kjøm rullende over skjermin!! HEHE!!!
Ellingsøy-Skodje 4-3
Elles er også avdelinga vår i 5. divisjon ferdigspelt. Lepsøy slo Giske 6-3 på laurdag, og enda med 20 poeng når slutt-tabellen der blir oppdatert.
tirsdag 27. oktober 2009
Kent Inge takla presset- og vann!
Bloggen gratulerer, og diplom vert nok utdelt på treninga torsdag.
Her skaffar han seg biletprov på resultatlista på skjermen. 139 poeng i finalen. Toaren Longva med 136 fekk sølv, medan Jan Egil kapra bronsen. Etter runde 1, såg lista slik ut. Ingen tvil om at det var rett folk på finalebordet, ikkje sant Frode?!?!
Kven som fekk 4. og 5. plass hugsar eg rett og slett ikkje... Men her er finalebordet. Mykje kvalitet her, må eg seie.
mandag 26. oktober 2009
Kent Inge favoritt
søndag 25. oktober 2009
Ein lærer stadig!
På trening tysdag får vi ta ein gjennomgang på eit par ting, før vi stikk og kosar oss med litt meir "uhøgtidleg" konkurrering: bowling!
Tysdag: 27.okt: Trening tysdag kl 1700-1830, Austnes grus. Reiser kl 1850 til Brattvågen.
Torsdag 29.okt: Trening 1750-1930, Austnes grus.
lørdag 24. oktober 2009
Hugs å stille klokka!
fredag 23. oktober 2009
Tropp Gursken/Larsnes
Dommar i kampen er Lars Ove Sletta frå Langevåg. Grasdekke er på Gursken, ei grasbane vi gjesta for to år sidan også (viss ikkje det var tre, vi spelte i alle fall på Larsnes i fjor.)
HaNo stiller med denne 15-mannstroppa:
Henrik, Kristian, Mikke, Pikks, Vegard, Vebjørn, Odd Einar, Åge, Cato, LP, Asgeir, Jan Egil, Kenneth, Per Jarle og Kent Inge.
Då er det berre å førebu seg godt! Ta med mat og drikke.
onsdag 21. oktober 2009
Trening fredag 1750-1930
Kampen søndag borte mot GuLars er flytta til kl 14. Slik sett blir det ei lik reise som søndagskampen mot Tjørvåg: Avreise 1030 frå Austnes, retur 1800 frå Skjelten.
(Kl 1200 frå Hareid, 1630 frå Sulesund.)
Tett tabell
Gambla litt i dag på slutten gjorde vi. Men alle var disiplinerte, og vi var flinkare denne gongen med taktiske val, og gav aldri opp. Vi gjorde mykje rett mot slutten, i tillegg til rein innsats og duellvilje. Må også berømme Henrik for ein offensiv og stor 2.omgang.
gursken.com melder om eit tett oppgjer mellom naboane i sør. Men GuLars avgjorde på slutten, og tok i land ein 3-2 siger dei også. MSIL slo Ellingsøy heile 4-1, og tok dermed tabelltoppen på målskilnad. HaNo er ikkje i augneblinken på opprykksplass. Her er den tette tabellen.
PS! Nokre som lurte på om Aafk2 i 2.div-kvalik har noko med oss å gjere. Det har det ikkje. Uansett utfall av alle andre kvalifiseringar, så er det 3 lag som rykker opp frå vår Playoff-serie.
mandag 19. oktober 2009
Tropp Skodje
Henrik, Vegard, Dagis, Mikke, Pikks, Odd Einar, LP, Cato, Åge, Jan Egil, Kenneth, Kent Inge, Per Jarle, Stig Frode, Demir, Kristian, Palle.
Oppmøte kl 1730 i garderobene på Austnes. Kampstart 1830 på Austnes grus. Dommar i kampen er Steinar Hjelle, Sunnylven. Assistentdommarar Birger Breivik, Volda og Richard Olsen, Ørsta.
SUS: Nominér årets spelar
Send ein sms til Odd Einar snarast råd, men seinast tysdag kl 18, med FIRE NAMN på spelarar som du meiner høyrer heime i nominasjonen til årets spelar i HaNo.
Så tel SUS opp, og dei fire som får mest stemmer har publikum høve til å stemme på i onsdagens heimekamp mot Skodje. Stjernebørsen, samt trenaren sine stemmer, skal også vere med å telje før årets spelar blir kåra, heiter det frå SUS.
Bowling tysdag 27.okt
lørdag 17. oktober 2009
Godt forsøk
Skodje-GuLars 5-4
Ellingsøy-Tjørvåg 7-2
Det vil seie at Skodje har føringa med 6 poeng, med MSIL, HaNo og Ellingsøy, GuLars halsande bak.
fredag 16. oktober 2009
Aktivitetar neste veke
Måndag 19.okt Trening Austnes grus 2000-2130
Onsdag 21.okt HaNo-Skodje kl 1830, oppmøte 1730 Austnes grus
Fredag 23.okt Trening Austnes grus kl 1750-1930
Søndag 25.okt Gursken/Larsnes-HaNo kl 13. Avreise 0910, retur kl 1830 Austnes.
Tropp MSIL
Henrik, Kristian, Mikke, Pikks, Vegard, Demir, Dagis, Vebjørn, Åge, Lp, Cato, Asgeir, Jan Egil, Kenneth, Per Jarle, Kent Inge, Odd Einar.
Oppmøte SEINAST kl 11 på Nordøy for brønsj-måltid. Går i garderobene litt over 12. Kampstart kl 13. dommar i oppgjeret er Rolf Jarle Eldevik frå Ellingsøy. Assistentdommarar Arild Steinsbu (Aafk) og Odd-Even Svindseth (Sykkylven). Yr.no meiner at det skal bli ein fin dag for fotball!
onsdag 14. oktober 2009
Spelarmøte/bowlingidé
Trening Rogne 1700-1840
Dusj Nordøy
Spelarmøte i garderoba kl 1900-1930
Kjem til å fortelje litt om kva eg syns om dei siste kampane, samt om sportslige ting framover. I tillegg sa eg på trening i går at det blir sosial tur heilt til Brattvåg måndag 19.okt etter treninga. Men då var det visst opptatt, skreiv dei i ein kontra-epost i kveld. Så då kjem eg til å spørje kva for ein dag som passar best av fredag 23.okt eller tysdag 27.okt for dette formålet (etter trening på Austnes).
Kampen på laurdag går klokka 13, MSIL var ikkje interessert i å spele på eit tidspunkt som passa med ferjene. Så kjem difor også til å lufte idéen om ein felles brønsj kl 11 på Nordøy. Like greitt å møtest i staden for å gå heime og sullje.
GuLars favoritt på meiningsmåling
tirsdag 13. oktober 2009
Mikke, Demir og Kris septemberoftast
Topp11 september:
Michael Austnes 9
Kristian Kalvøy 9
Demir Haram 9
Cato Longva 8
Åge Flem Ulla 8
Per Kristian Klokk 8
Lars Petter Haram 7
Stig Frode Longva 7
Kenneth Ulla 6
Vegard Halkjelsvik 6
Jan Egil Ulla 6
Jan Egil rett svar
Heilt korrekt, Kenneth, det er Jan Egil som er mest effektiv på laget. Premie blir sendt til deg på sms;)
Det er altså då om ein ser på spelte minutt i høve antall skåringar. Ull har skåra 15 mål på sine 1095 minutt på bana i serie eller playoff hittil i sesongen.
PS! Om treningskampar hadde vore med, ville Junior (biletet, etter skåringa mot Ellingsøy i mars) med sine 75 HaNo-minutt og ei skåring kome med høgt på lista.
Her følgjer denne "effektivitetslista", med dei som har skåra mål i år. Talet du ser er kor mange minutt det går mellom spelaren skåra mål:)
(Antall serie/playoffmål i parantes)
Jan Egil Ulla 73 (15)
Per J Fjørtoft 98 (6)
Lars Petter Haram 113 (10)
Stig Erik Nogva 115 (1)
Kenneth Ulla 122 (9)
Stig Frode Longva 130 (3)
Lars Åkre 215 (1)
Asgeir Nogva 223 (5)
Vegard Halkjelsvik 307 (3)
Åge Flem Ulla 340 (2)
Cato Longva 389 (3)
Jonas Longva 590 (1)
Michael Austnes 1255 (1)
mandag 12. oktober 2009
Treningar på Rogne
Vi trenar desse tidene:
Tysdag kl 1700-1830 (Avreise 1850 fro byarane)
Torsdag kl 1700-1840 (Dusj på Nordøy, før eit lite spelarmøte i garderoben der frå ca 1900-1930. Alle som er i troppa til laurdagskampen må møte på dette. Avreisde for bygutta 1950).
søndag 11. oktober 2009
Konkurranse
Men spørsmålet er: Kven har vore den mest effektive spelaren på HaNo i år? Dvs mest mål i snitt pr minutt spelt kamp?
Legg inn svarframlegg under "kommentarer". Premie: Du får tilsendt Changes på sms med Cato. Gratis:)
Even med jomfrumålet i SIF
Godt å starte med tre poeng!
lørdag 10. oktober 2009
GuLars-Ellingsøy 3-1
I følgje dette referatet verkar det som om sigeren kunne vore større. Thomas Sætre-Hauge og Marius Gunnarstein, som begge kom tilbake til moderklubben i sommar, stod for måla til heimelaget. Denne kampen gjekk på Larsnes stadion. Vår kamp mot GuLars om 14 dagar er sett opp på Gursken stadion.
fredag 9. oktober 2009
Skodje første stikk
Aktivitetsplan ut sesongen
Hugs å gi beskjed i god tid dersom ikkje noko passar. Slik kan eg tilpasse det slik at flest mogleg blir med på øktene. Frå og med søndag skal vi med andre ord møtast nøyaktig annakvar dag, og håper alle gjer det dei kan for å møte på samtlige økter. Det vil seie til dømes å planlegge skulearbeid godt, slik at vi har alle spelarane på kvar økt framover.
Lett og seie for meg sjølvsagt, men ei oppmoding likevel, sidan det er att desse 4 vekene av sesongen;)
Øving til avslutningsfest
torsdag 8. oktober 2009
Tropp Tjørvåg
Henrik, Kristian, Mikke, Pikks, Vegard, Demir, Dagis, Lars, Jonas, Åge, Cato, LP, Asgeir, Kenneth, Jan Egil, Stigis, Kent Inge, Ove.
Bilar frå øya (oppdatert, sidan det eg skreiv i går var etter hugsen) er Mikke, Kent Inge og Stigis (og Henrik, men han skal til byen igjen).
Tjørvåg-HaNo kl 14
onsdag 7. oktober 2009
1,90 i odds
Høgdepunkt HaNo-Ellingsøy
Dommar og assistentdommarar i playoffkampane
HaNo sine kampar blir dømt av:
-Tjørvåg- O. Kaldhussæther, Blindheim
- MSIL- Rolf J. Eldevik, Ellingsøy IL
- Skodje- Steinar Hjelle, Sunnylven IL
- Gursken/Larsnes, Lars Ove Sletta, Langevåg IL
- Ellingsøy- Oddbjørn Aam, Åmdal IL.
mandag 5. oktober 2009
Treningar denne veka
Tysdag kl 1750-1930 Austnes grus
Torsdag kl 1750-1930 Austnes grus
Komikveld på kretskontoret-Kampoppsettet klart
På kontoret til Sunnmøre fotballkrets har karane frå Skodje hatt det moro med å sette opp kampoppsettet for Play-off.
HaNo spelar borte mot Tjørvåg og Gursken/Larsnes, og heime mot Skodje, MSIL og Ellingsøy. Litt moro er det då at Skodje spelar heime mot våre vener frå Søre (GuLars og Tjørvåg). Dei har også sett opp HaNo-Skodje i denne runde 3, som er midtvekerunde. Kampstart kl 1830 onsdag 21. oktober. Planen her er sikkert at dei tenkte at vi då må legge kampen til Vatne eller innkvart. Men den kampen går på Austnes grus. Det vanvittige er at Ellingsøy, med ny kunstgrasbane og sikkert flotte lysforhold, spelar bortekamp denne kvelden.
Sitat frå skriv frå sjølvaste Bjørn Oskar Haukeberg, lagt inn på SFK sine heimesider 28.september: "Onsdag 21. oktober (hjemmelag må ha tilgang på bane med lys)" Heile den saka her
Elles går alle rundar samstundes, bortsett frå den siste (!). Her spelar Skodje-Tjørvåg laurdag 31.okt, medan HaNo-Ellingsøy og MSIL-GuLars går søndag 1. november. Men dette siste her må vere ein tastefeil. Det har heile vegen blitt skrive at 31.okt er siste dag med kamp.
søndag 4. oktober 2009
Avdelingsvinnarane!
Nede til venstre er også dagens linjemann: Demir. Eit uforgløymeleg augneblink på Nes stadion då Asgeir stoppa ballen på linja, men ein svært tent linjemann hivte flagget i véret, og meinangra om lag 4 tidel etterpå. Stort!
Skodje siste lag
Tjørvåg
Gursken/Larsnes
MSIL
Skodje
HaNo
Ellingsøy
Sidan vi vann avdelinga, så ventar det altså tre heimekampar i Playoff. Ikkje at dette er ei stor kvilepute- hugs at vi plukka 17 poeng borte, og 16 poeng heime i årets seriespel!
Det er litt vanskeleg å spekulere i korleis ein set opp dette. Naturleg rekkjefølgje hadde vore heime-borte-heime-borte-heime for vår, MSIL og GuLars sin del. Men med ein midtvekerunde som runde 3, som må gå i flomlys, så er det usikkert korleis ein løyser dette. Etter det eg har søkt meg fram til, disponerer GuLars to grasbaner, Tjørvåg grus og gras, MSIL kunstgras, Ellingsøy kunstgras, medan Skodje ikkje har noko anna heimebane enn grus akkurat no..? Dvs at MSIL og EIL sikkert spelar heime her i alle fall.
Det er venta at Sunnmøre fotballkrets kjem med oppsettet med det første.
Ny dugnadsbeskjed
Stolt trenar!
No trenar vi onsdag kl 1715, og fredag. Kvar vi trenar er avhengig av to ting: Kampoppsettet som kjem for kvaliken, og forholda på grasbanene. Vermeldingane er ganske så stabile...
lørdag 3. oktober 2009
Tropp Ellingsøy
Henrik, Kristian, Pikks, Mikke, Lars, Åge, LP, Cato, Asgeir, Jan Egil, Kenneth, Vegard, Per Jarle, Doggis, Palle, Stig Frode, Demir, Ove.
Kent Inge strekkskadd. Kampstart er kl 13. Avreise 1030 frå Austnes. Åge, Pikks og Vegard køyrer bilar. Byarane avtalar sjølve, men ver på Nes kl 12. Dommar i oppgjeret er Oddmund Kaldhussæther, Blindheim IL.
torsdag 1. oktober 2009
Stordal eller Skodje?
Ein ting er sikkert: Det kjem til å vere ei direktelinje mellom Emblem kunstgrasbane og Kirkebø i Stordal for å halde seg oppdatert med stillinga i den andre kampen. For at dei er nøyaktig likt i poeng, og Skodje har eitt (!) mål berre betre i målskilnad.
La oss mimre litt...
Trening kl 17 og kamp søndag kl 13
Eg har laga til aktivitetsplanen for oktober, men offentleggjer den først over helga når kampoppsettet for playoff er klart. Då kan eg kanskje føre på bane og slikt også. Alt etter vértilhøve sjølvsagt, men det er ein idé å trene på grus før kunstgraskampane, og prøve å spele på gras før graskampane.
Harøy banka BIL2
tirsdag 29. september 2009
Send sms om dugnadsdag
Søndag 11. (kamp) og tysdag (trening) og torsdag (trening) er ikkje aktuelt.
Meir om dugnaden her.
mandag 28. september 2009
Vaskedugnaden
Innlegg frå Kretsen
- Bambi på isen!
Trening på grus
Greitt å unngå trening onsdag denne veka her sidan eit par spelarar muligens er oppteken med damekampen Brattvåg-HaNo som går onsdag kveld i Brattvågen.
søndag 27. september 2009
5 lag klare
Futsal- Innandørs KM
Bra jobba gutta!
Så då har vi absolutt noko å spele for i siste seriekamp borte mot Ellingsøy neste helg. Ellingsøy fekk nok ein gong fordel av å møte eit 2.lag seint i sesongen. På Godøy si heimeside spør oppmann Støbakk "kvar er alle heltar hen?" og siktar til spelarar på Godøy2/Vigra2. Det stoppa på 1-12 til "bortelaget" i ein kamp som gjekk på Nes stadion på Ellingsøya. Dermed har EIL putta 21 mål dei to siste kampane mot andrelaga i avdelinga. Utgangspunktet blei då som venta, sidan vi vann i dag: Siger på Nes neste helg gir 33 poeng og avdelingssiger.
lørdag 26. september 2009
Tropp Ravn
Henrik, Kristian, Mikke, Kenneth, Vegard, Åge, LP, Cato, Asgeir, Stig Frode, Jan Egil, Pikks, Palle, Lars, Demir, Odd Einar.
Per Jarle og Kent Inge står over pga skader. Oppmøte kl 1345 på Nordøy Grendahus.
torsdag 24. september 2009
Tjørvåg og Stordal nærmare playoff
Stordal skal avslutte heime mot playoff-klare MSIL, som spelte "berre" 3-3 mot Aksla. Tjørvåg spelte 0-0 borte mot Bergsøy2, og er dermed klar for kvalik med siger i siste kamp. bergsøy2 er sannsynlegvis ute av dansen, og vinnaren av kampen GuLars-Åheim blir mest truleg nummer 2.
Desse er klare for Playoff: Ellingsøy, HaNo, MSIL.
Mitt tips er at Stordal, Tjørvåg og GuLars blir dei tre siste. Søndag 4. oktober har vi fasiten.
HaNo-kampar: referatoversyn
Adelskalenderen
Asgeir Nogva 443
Lars Petter Haram 407
Jan Egil Ulla 337
Stian Haram 288
Per J Fjørtoft 266
Per Kris Klokk 222
Lars Åkre 209
Odd Einar Molnes 139
Sondre Steen 136
Stig Frode Longva 127
Michael Austnes 124
Dag Peter Olsen 114
Ove Otterlei 106
Stig Erik Nogva 99
Cato Longva 88
Vegard Halkjelsvik 76
Jonas Longva 73
Kent Inge Klokk 63
Henrik Åkre 41
Vebjørn Steen 39
Øystein Bergheim 32
Demir Haram 32
Åge Flem Ulla 28
Kristian Kalvøy 25
Lasse Buch 16
Alexander Eide 15
Ole Lennart Vassbotn 6
Andreas Fjørtoft 2
Junior Da Silva 2
På biletet ser vi LP som har jubilert og bikka 400 kampar i år. Verd å merke seg er at Asgeir rekk å spele sin kamp nummer 450 om han spelar dei 7 resterande kampane i år!
Richard Hansen 104
Preben Lorgen 45
Even Vestavik 43
Håkon Inge Haram 3
Erlend Coates 1
Magnus Buner 1
tirsdag 22. september 2009
Harøy med storsiger
No er tabellen slik i vår avdeling, der alle har spelt like mange kampar både heime og borte.
Nest siste runde er slik:
Laurdag 26.09.2009 15:00 Lepsøy - Giske
Søndag 27.09.2009 14:00 Godøy 2/Vigra 2 - Ellingsøy
Søndag 27.09.2009 14:45 HaNo - Ravn
Onsdag 30.09.2009 17:15 Harøy - Brattvåg 2
Lars m fleire Europameistarar!
- Det gjorde det ikkje i år, seier Lars i ein kommentar på sms tysdag kveld. - No drikk vi champagne av pokalen alle mann her! Han kunne dermed innkassere sigeren i lag med andre lokale innslag frå øyane. På vinnarlaget spelte også nemlig Henning Flem, Øyvind Åkre og Roy "Sjøbein" Standal. www.hanoherre.blogspot.com kan ikkje anna enn å gratulere, og håpe at Lars kjem ned på jorda att før fredagstreninga;)
mandag 21. september 2009
Treningane går på Austnes
Også fredagstreninga (same tid som tysdag: 1750-1930) går på Austnes gras.
søndag 20. september 2009
Rundskue på Sunnmøre
I 5. div avdeling 2 sikra Skodje seg førebels ein 2.plass på tabellen etter sigeren borte mot Stranda 2. Bortetriumfferda deira vil ingen ende ta medan dei held på å bygg kunstgrasbane heime på Skodje. Stordal og Skodje vil dermed kjempe om den siste playoff-plassen i avdelinga bak playoffklare MSIL. Både Stordal og Skodje har 28 poeng, og Stordal har att Langevåg2 (b) og MSIL (h). Skodje spelar borte mot Sæbø og Emblem. Kanskje vil attståande kampar gjere Stordal til knapp favoritt?
Målfesten i avdeling 1 held fram. Gu/Lars vann 2-14 borte mot sisteplasserte Haddal. Dermed står det truleg mellom dei, Åheim og Tjørvåg. Bergsøy2 er også der oppe, men spørsmålet om dei kan rykke opp blei aktualisert i helga gjennom at Bergsøy tapte toppkampen i 4. divisjon mot Vigra.
Trening tysdag og fredag
Tysdag kl 1750-1930
Fredag kl 1750-1930
Kva bane må vi kome tilbake til. Nordøy er stengt for trening komande veke, og ein har lova å sette Rognebana i stand til treningar. Austnesbana er alternativet.
Søndag er det HaNo-Ravn kl 1430. Dommar i oppgjeret er Odd Arne Grande, Skodje.
Elles så har eg fått følgjande avbud til tysdagstreninga: "Hei, då blir ej vekke på tirsdag pga europacup spel i Danmark" Lars.
Jaja, då har eg fått det avbudet også... :)