onsdag 30. juni 2010

Tøff avslutning

Lepsøy tok tre fortente poeng mot oss i dag. Svært skuffande, men førsteomgangen var ikkje så verst. Vi hadde meir avlutningar og til tider brukbart spel då, spesielt på venstresida. I andre omgang hadde vi ikkje så mykje å by på dessverre.

No er det berre å sjå fram til Øyacup, og vi tek 1 time og 10 min fotballtrening på Nordøy på fredag. Kl 1750-1900.

mandag 28. juni 2010

Tropp Lepsøy

Første kamp mellom HaNo og Lepsøy enda til slutt 2-1 i april. Kan vi spå ein jamn kamp no også?


HaNo spelar siste seriekamp mot Lepsøy før ferien onsdag kl 1845 på Lepsøy stadion. Dommar: Magne Jonny Krumsvik, Volda.

HaNo er noko karantene- og skaderåka om dagen, men stiller likevel mannsterk med denne gjengen:

Sindre Longva
Audun Steen
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Demir Haram
Odd Einar Molnes
Preben Lorgen
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Kenneth Ulla
Per J Fjørtoft
Lars Åkre
Kenneth Hansen
Erlend Hagen
Kent Inge Klokk
Steven Saure

Avreise 1715 frå Skjelten for dei som kjem derifrå, og 1735 frå Austnes. Retur: Ferje 2050 til Skjelten, eller hurtigbåt kl 2100 til Austnes.

6 herrelag på Øyacup likevel

Harøy Old Boys stiller med lag, og HIL har revidert kampoppsettet. HaNo herrer er no i gruppe med Harøy og Fjørtoft IL.

Herre 1:
Harøy Oldboys
Lepsøy IL
Norborg IL

Herre 2:
Harøy IL
Hano FK
Fjørtoft IL

Dermed eit "vanleg" opplegg, der kampane laurdag avgjer om det blir jumbo, bronse eller finale på søndag.

HaNo spelar slik på laurdag:
Kl 1500 Harøy-HaNo
Kl 1800 HaNo-Fjørtoft

Ravn-Emblem 1-1

Ravn heldt Emblem til 1-1 i kveld, og passerte HaNo på tabellen med betre målskilnad. Emblem skal også i tøft bortemøte med Stordal på fredag før sommarpausen. MSIL på si side møter Giske heime. Kanskje kan dette føre til at MSIL reiser frå Emblem med 7 poeng før haustkampane tar til.

Harøy resier til Hessa på onsdag, og med forma til Hessa no trur vi neppe det blir 8-1 til Harøy akkurat. Med Hessa-siger er vel litt av spenninga øydelagt i avdelinga. Men MSIL har gått på brinkar før dei siste åra...

Runden:
Ons Ravn-Emblem 1-1
Tys Stranda2-Aksla
Ons MSIL-Giske
Ons Hessa-Harøy
Ons Lepsøy-HaNo

torsdag 24. juni 2010

Tropp Stordal

Ny match, nye poengmulegheiter! Stordal står på hin banehalvdelen, og dei ligg like under HaNo på tabellen.

Desse 15 stiller i HaNo-troppa:
Sindre Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Per Kristian Klokk
Jonas Longva
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Steven Saure
Odd Einar Molnes
Kenneth Hansen
Per J Fjørtoft
Erlend Hagen

Avreise 1050 frå Austnes, retur 1715. Kampstart 1330. Alle sender ein sms snarast råd til OE om kor du kjem frå før kamp og kor du skal etter, så får Frank telle opp;) Berre å gle seg! (Vermelding Stordal)

Øyacup- påmelding

Neste helg er det Øyacup på den flotte øya ganske langt nord;) Vi skal få ei tropp der etterkvart, og håper folk kan stille. Det er ei kjekk avslutning på vårsesongen;)

Eg har ikkje engasjert meg i overnatting og slikt, men Sybell og Ingrid F. på damelaget har jobba litt. Dei har bestilt MC-huset på Harøya frå laurdag til søndag. Det kostar 800 kroner. Det vil seie er det 10 som vil bu der, vert det 80 kroner på kvar. Er det 20 som vil overnatte, vert det 40 kroner. Huset må vaskast på søndag. Ta med sovepose og liggeunderlag. Dei som vil nytte seg at dette, må sende ei melding til Sybell, mob tlf 99 53 98 51 så snart som råd. Det vert også sett opp båt før og etter kampane for dei som vil heim.

Ikkje trening fredag

Syns vi gjorde eit ærleg forsøk i kveldens kamp mot MSIL. Dei var det beste spelmessige laget, men vi gjorde det ikkje lett for dei. Hadde vi vore dyktige nok, og hatt mest krefter, kunne vi ha reist derifrå med poeng!

Fredag droppar vi treninga, men som eg sa i garderoben: Alle bør for sin eigen (og dermed laget) del ta ein 45 minutts sykkel eller fjelltur for å restituere kroppen i morgon tordag eller fredag:)

Info om tropp Stordal kjem torsdag. Audun og LP blir ikkje med kampen.

tirsdag 22. juni 2010

So førskjella

* Hessa slo Stranda2 med 3-0 på Stranda i kveld. Nils Ottar Sandø og Ramsy Suleiman med nye mål for Hessa. Merkar oss at Ronny Ødegård spelte 20 minutt for Stranda2.

* Harøy IL har no kampreferat frå sigeren mot Lepsøy. Det finn du her. Morten Håheim (45 år) blei kåra til banens beste i ein kamp han skåra nok ein gong, i motsetning til Stian Harnes denne gongen.

* Calle Berntsen går tilbake til MSIL, etter eit halvt år i Rollon og 3. divisjon. MSIL-fotball.no melder at overgangen er formelt i orden før møtet med HaNo.

Off då: Norborg-HaNo 20-3

7-ar 22.6.2010: Norborg-HaNo 20-3 (6-1)
Mål HaNo: Stig Frode, Mads og Øyvind.

Norborg slo HaNo heile 20-3 i kveld. Stig Frode skåra før pause, men oransjetrøyene gjekk til pause med 6-1. Mads putta midt i andre omgang, men Norborg køyrte berre på. Øyvind skåra mellom beina på keeper rett før full tid. 7-arlaget har med dette resultatet ikkje spesielt god målskilnad på tabellen, men med 2 sigrar og ein uavgjort er det knalltett oppover på tabellen. Kampen mot Godøy blei utsett, og HaNo har difor ein kamp til gode på dei oppom også.

HaNo spelte med desse:
Stian Longva, Rune Kvam, Øyvind Risan, Per Olav Sunde, Stig Frode Longva, Steven Saure, Daniel Grebstad, Kristian Kalvøy, Mads Uri, Audun Steen, Stig Andrè Rogne.

7-ar mot Norborg tysdag

http://norborg.com/ melder at kampen mellom Norborg og HaNo i 7-arserien i morgon går kl 19, mest sannsynleg på gras (om det ikkje regnar).

Litt usikker på endeleg tropp til HaNo, men det kan sikkert Steven legge inn her på kommentarar:)

mandag 21. juni 2010

Tropp MSIL

HaNo reiser til Mauseidvåg/Solevåg på onsdag og møter topplaget MSIL. Dei har kun tapt mot Emblem så langt i år, men det er altså før onsdagen...

Avreise kl 1635 frå Austnes. Kampstart er kl 19. Fint om alle så snart som råd sender meg ei melding frå kvar ein kjem før, og kvar ein skal etter kampen. Så kan Frank få vite antallet frå kvar plass.

Vi stiller med følgjande 17-mannstropp:

Sindre Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
Jonas Longva
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Saure
Odd Einar Molnes
Erlend Hagen
Audun Steen

VM-tippen RUNDE 2

7 deltakarar første runde i kampen om Colaboksen;) Her er stillinga, der karane ikkje viste spesielt imponerande tippedugleikar:

Kent Inge K 7
Lars U 7
Åge FU 7
Cato L 6
Odd Einar M 5
Stian L 5
Kenneth U 4

Her er runde 2, med frist tysdag kl 15.55! Send til molneod@hotmail.com dine tips, der du altså har lov til å ha med fem halvgarderingar.

1 Tirsdag A 22.jun 16.00 Mexico – Uruguay
2 Tirsdag A 22.jun 16.00 Frankrike – Sør-Afrika
3 Tirsdag B 22.jun 20.30 Nigeria – Sør-Korea
4 Tirsdag B 22.jun 20.30 Hellas – Argentina
5 Onsdag C 23.jun 16.00 Slovenia – England
6 Onsdag C 23.jun 16.00 USA – Algerie
7 Onsdag D 23.jun 20.30 Ghana – Tyskland
8 Onsdag D 23.jun 20.30 Australia – Serbia
9 Torsdag F 24.jun 16.00 Slovakia – Italia
10 Torsdag F 24.jun 16.00 Paraguay – New Zealand
11 Torsdag E 24.jun 20.30 Danmark – Japan
12 Torsdag E 24.jun 20.30 Kamerun – Nederland

GuLars mot 3.divisjon?

Gursken/Larsnes herjar på i 4. divisjon. Vår Playoff-rival frå oktober i fjor hadde ingen problem å hanskast med Langevåg. Skodjeil.blogspot.com er ei flott side å følge med på om ein er litt meir interessert i å følge med på anna enn berre resultat og tabell som ein finn i avisa (om 4. divisjon).

Åge passert 50

Åge (biletet) spelte sin kamp nummer 50 mot Aksla!
Åge Flem Ulla har no 51 kampar for HaNo, og er også høgt oppe på lista over kampar spelt i år.
Her er dei som har spelt alle kampane til no (17), eller manglar berre ein:
Henrik Åkre 17
Demir Haram 17
Lars Petter Haram 17
Michael Austnes 17
Åge Flem Ulla 16
Vegard Halkjelsvik 16
Cato Longva 16
Sist kamp mot Ravn blei Erlend Hagen den 8. debutanten for HaNo i år. Det er desse:
Sindre Longva
Kristian Furnes
Eivind Fugledal
Aleksander Ulla
Steven Haram
Øyvind Risan
Mads Uri
Erlend Hagen
Thor Audun (og Erlend også sjølvsagt) gjorde unna årsdebuten mot Ravn, og var dermed spelar nummer 32 som har entra den blå trøya denne sesongen. Det er ein del! I serien har HaNo brukt 26 av desse.

søndag 20. juni 2010

Årsbeste i store periodar!

Takk for kjempeinnsats mot Ravn! Førsteomgangen er årsbeste for vår del syns eg. Vi feide eigentleg over Ravn, og det er ikkje berre vinden som skal ha forteneste for. 2. omgang er jamnare, men også her med flest sjansar til oss. Vi var nøgd med uttellinga mot Aksla, men det kan vi vel ikkje vere denne gongen;)

No går vi inn i ein hektisk periode, der vi skal kjempe om 9 poeng før sommarferien, og alle på bortebane. Slik blir neste veke:

Måndag trening Austnes kl 1850-2030
Tysdag 7-arkamp borte mot Norborg.
Onsdag: MSIL-HaNo kl 19
Fredag: Trening Nordøy kl 1750-1920
Laurdag: Stordal-HaNo kl 1330

torsdag 17. juni 2010

Tropp Ravn

Lars Petter og mej hine skal knive om tre poeng mot Ravn på fredag.


HaNo stiller med desse 18 til fredagens oppgjer mot kommunerival Ravn:

Henrik Åkre
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kenneth Ulla
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
Jonas Longva
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Odd Einar Molnes
Per Jarle Fjørtoft
Erlend Hagen
Audun Steen

Oppmøte kl 1730 på Nordøy. Vel møtt, berre og gle seg;)

onsdag 16. juni 2010

Hessa-Lepsøy 14-2

Hessa knuste Lepsøy med heile 14-2 i kveld. Stordal slo Giske "berre" 5-3 heime. Meir her

tirsdag 15. juni 2010

VM- Tippen 2010- Runde 1

Det er igjen tid for konkurranse her i bloggen! VM har starta for fullt, og i den samanheng må vi kåre ein VM-tippevinnar her i bloggen. Vi køyrer 3 rundar, med 12 kampar kvar runde. Dette gjer du for å bli med:

Send epost til molneod@hotmail.com, med dine kampar og teikn, og namn nederst. Døme:

1. H
2. UB
3. H
4. HB
5. U
6. U
7. U
8. U
9. HU
10. UB
11. HU
12. H

Du kan ha 5 halvgarderingar med på din kupong!

Her er RUNDE 1 AV VM-TIPPEN!
(Kamp nr, dag, gruppe, dato, klokke, lag)

1 Torsdag B 17.jun 13.30 Argentina – Sør-Korea
2 Torsdag B 17.jun 16.00 Hellas – Nigeria
3 Torsdag A 17.jun 20.30 Frankrike – Mexico
4 Fredag D 18.jun 13.30 Tyskland – Serbia
5 Fredag C 18.jun 16.00 Slovenia – USA
6 Fredag C 18.jun 20.30 England – Algerie
7 Lørdag E 19.jun 13.30 Nederland – Japan
8 Lørdag D 19.jun 16.00 Ghana – Australia
9 Lørdag E 19.jun 20.30 Kamerun – Danmark
10 Søndag F 20.jun 13.30 Slovakia – Paraguay
11 Søndag F 20.jun 16.00 Italia – New Zealand
12 Søndag G 20.jun 20.30 Brasil – Elfenbenskysten

Premie: Ein boks med Cola!! (I tillegg til prestisje og ære)
(PS! Eg leverer mine tips også, og sender dei til kvalitetssikring til Kenneth H)

FRIST Runde 1 er torsdag kl 13!!

For komplett TV-oversikt og VM-stoff, trykk på denne, som også ligg på favorittar.

mandag 14. juni 2010

Trening onsdag kl 1640

Onsdag spelar damelaget HaNo/Lepsøy heimekamp mot Ørsta kl 1825 på Nordøy stadion. Vi vil på ingen måte legge opp til kollisjon med trening og dei få kampane Ha/Le spelar heime på Nordøy. Det fører til at vi trenar kl 1640-1815 på Austnes gras på onsdag.

Flott siger i jamn kamp

7-ar, 14.6.2010:
Vigra-HaNo 5-6 (3-3)
Mål HaNo: Cato Longva 2, Kent Inge Klokk 2, Lars Åkre og Rune Kvam.

Runde Kvam årsdebuterte, og gjorde eit sensasjonelt HaNo-comeback med kampens finaste mål, på heil volley! Elles fulgte laga kvarandre tett, men HaNo drog det lengste strået, heiter det i sms-rapporten frå oppmann Steven. (for utfyllande kampforløp, så bruk gjerne kommentarfeltet;)

HaNo stilte med desse:
Kristian Kalvøy, Lars Åkre, Kent Inge Klokk, Steven Saure, Daniel Grebstad, Sindre Longva, Stian Longva, Øyvind Risan, Alf Kåre Longva, Per Olav Sunde, Rune Kvam, Stig Frode Longva og Cato Longva.

BIL 2 trekk seg

Det ser ut til at Brattvåg2 har trekt laget sitt frå 5. divisjon. Etter det hanoherre.blogspot.com kjenner til, har ein frå Brattvåg IL fortalt Harøy at den utsette kampen mellom dei ikkje går av stabelen på grunn av at dei kjem til å trekkje laget sitt frå 5. divisjon.

BIL2 har kava med å stille lag sidan få blir brukt frå a-stallen, og juniorlaget blir skadelidande gjennom å bruke for mange spelarar på kampane deira. Dersom dette er riktig vil ganske mange "miste" 3 poeng. BIL2 har til no 3 poeng mot Giske, og tap mot Stordal, Ravn, MSIL, Lepsøy, Hessa, HaNo og Emblem.

Og i det eg skriv dette ser eg også at kampane laget har framfor seg ikkje står registrert på resultatsida til fotballkretsen. I tabellen er resultata til laget nulla ut.

søndag 13. juni 2010

7-arkamp mot Vigra måndag


Måndag er det både trening på Austnes kl 1750, og 7-arkamp borte for troppa til HaNo. Kristian (biletet) reiser på kamp, og får i lag med resten av kamptroppa også registrert den som ei trening, for å vere korrekt med oppmøtestatistikken der.

Til 7-aroppgjeret mot Vigra i morgon blir det avreise frå byen med bil for dei som skal det, og båt frå Austnes kl 1745. Ta med 100 kr i eigenandel for dei som reiser med båt.


Steven har i lag med trenaren snikra saman denne slagferdige troppa til matchen mot dei gulblåe i morgon:


Kristian Kalvøy
Lars Åkre
Kent Inge Klokk
Steven Saure
Daniel Grebstad
Sindre Longva
Stian Longva
Øyvind Risan
Alf Kåre Longva
Per Olav Sunde
Rune Kvam
Stig Frode Longva

lørdag 12. juni 2010

Harøy-MSIL 1-2

Mauseidvåg/Solevåg IL er i dytten, og slo Harøy 1-2 på Harøy stadion i dag. Stian Hellevik putta begge, og står med 22 seriemål på 10 kampar. MSIL har med andre ord gjort ei kanonveke med 4-0 over Hessa og trepoengar på Harøya.

torsdag 10. juni 2010

Nye kamptidspunkt-Trening fredag kl 1850

HaNo-Ravn går fredag 18.juni kl 1825 på Nordøy stadion. Stordal-HaNo blir spelt laurdag 26. juni kl 1330 på Kirkebø i Stordal. Mellom desse kampane skal HaNo møte serieleiar MSIL onsdag 23. juni.

Herrelaget trenar fredag kl 1850 på Austnes. Måndag blir det trening kl 1750.

MSIL køyrte over Hessa

Hessa greidde ikkje og gjere noko med MSIL på Allheim i går. Heile 4-0 til heimelaget. Emblem og Harøy vann også sine kampar. Ravn leia 1-0 til pause, og 2-1 uti andre omgang, men Harøy er i "dytten", og Rolf Borgan og Morten Håheim skåra til 2-2 og 2-3 med noko som etter rykta kom etter noko slett keeperarbeid. Meir på stordal.nu

tirsdag 8. juni 2010

Runde 9

Stranda2 opna 9.serierunde med siger heime mot Lepsøy i kveld. 4-1 blei stillinga, der Stranda2 stilte med gode Mario Strecky (som skåra to mot oss) og Ronnie Furset på topp. Rune Rønstad reduserte for Lepsøy i andre omgang. I morgon onsdag spelast det nesten full runde. Unntaket er Stordal-HaNo som er utsatt.

Kanskje mest spenning knytt til Ravn-Harøy. Harøy-trenar er vatnebygdar Jan Vatnehol, og Erlend Fjørtoft, frå Fjørtoft, har eit par sesongar bak seg i Harøy-drakta. Ravn har mista litt piffen i det siste, medan Harøy ikkje har mista forma i det heile. Men blir det likevel ein knipen heimesiger..?

Aksla slår Giske, medan Brattvåg2 tek i mot Emblem. Muligens fordel Emblem denne gongen, med ein del suspensjonar på Brattvåg sitt a-lag, som kanskje sparer alle potensielle til a-kamp på fredag. Men BIL har heime ganske mange studentar også om dagen. Storkampen går i Mauseidvåg/Solevåg. Dersom MSIL slår Hessa blir Hessa hekta av i kampen om opprykk. Men med bortesiger går vi mot ei open avdeling i haust. Det er kanskje det "alle" håper på...?

Vaskedugnad STX

Det blir vasking av båt i Søvika 10. 0g 11. juli. Seniorane som er heime må skrive seg på 1 og aller helst 2 skift den helga. Dei som ikkje kan stille no, må ta meir i september/oktober under finvasken. Skriv deg på liste på treninga onsdag, eller send ei melding til Kenneth Ulla så snart som råd.

Kampar utsatt

Både 7-arkampen mot Godøy som skulle gå i kveld tysdag, og 5.divisjonskampen mot Stordal onsdag er utsatt pga den tragiske ulykka i helga. Vi skal gi beskjed når dei blir oppsett. Herrelaget trenar i staden på Austnes onsdag kl 1715.

søndag 6. juni 2010

Trening måndag kl 1850

Vi trenar måndag kl 1850 på Austnes gras. Kamp onsdag mot Stordal, og trening igjen på fredag.

lørdag 5. juni 2010

Øyacup 3.-4. juli

Øyacup er ein månad fram i tid. 11-ar for herrer og 7-ar for damer som vanleg. Harøy IL er arrangør, og litt meir om arrangementet her.

Harøy vann forøvrig 3-0 heime mot Stordal i dag laurdag. Tabellen viser då at Harøy, som framleis har mindre kampar spelt enn resten i teten, heng meget godt med.

torsdag 3. juni 2010

Trening fredag og ......?

Trening kl 1750 fredag på Nordøy, den er grei.

Men når vil de ha trening neste, søndag eller måndag? Eigentleg oppsett søndag pga at det var 7-arkamp måndag, men etter terminlistebytte der for noko sida, så er den på tysdag.

Når passar det best med trening? Søndag kl 1600-1740 på Austnes eller måndag kl 1850-2030 på Nordøy? Dette blir bestemt på trening i morgon, så viss du har noko synspunkt om dette, så gi eit pip.

onsdag 2. juni 2010

Heldt nullen!!!!!!!!!!

Sjeldan eg spanderer så mange utropsteikn i tittelen på eit innlegg her i bloggen. Men sidan vi valgte å ikkje sleppe inn mål i serien sidan serieopninga borte mot Godøy2 i fjor, så er det heilt på grensa til gledeleg!! Aksla er eit skåringskåt lag, med 5, 3 og 7 skåringar i sine siste kampar. Så hipp hipp til forsvarsdelen av laget vårt.

Ein annan tittel kunne vore:
Kanonskåring i comebacket. Gratulerer med flott comeback, Preben, og ikkje minst grattis med ei glimrande skåring!