torsdag 1. oktober 2009

Trening kl 17 og kamp søndag kl 13

Neste trening blir i morgon fredag kl 1700-1840 på Austnes grus. Eg har fått med 3 frå gutelaget, og ventar heim Ove også til treninga, så vi skal få eit bra tal i morgon før den viktige kampen mot EIL på søndag. Den er no stadfesta flytta til kl 13. Dvs avreise 1030 frå Austnes, med retur kl 1635 frå Skjeltene. Eller at dei som vil reiser vidare til byen for Aafk-Sandefjord. (Difor der det greitt at du veit på førehand fredag om du skal heim att eller til byen, slik for logistikken si skuld)

Eg har laga til aktivitetsplanen for oktober, men offentleggjer den først over helga når kampoppsettet for playoff er klart. Då kan eg kanskje føre på bane og slikt også. Alt etter vértilhøve sjølvsagt, men det er ein idé å trene på grus før kunstgraskampane, og prøve å spele på gras før graskampane.

Ingen kommentarer: