tirsdag 29. november 2011

Romjulscup 30. desember

Som Påskecupen, satsar vi på at Romjulscup blir ein suksess :)

Datoen er 30.desember. Kryss av i kalenderen. Info om påmelding m.m. kjem sikkert over helga.

søndag 27. november 2011

LP toppskårar

Lars Petter "Gangsta" Haram gjorde unna alle sine fem seriemål tidleg i vårsesongen, men det heldt til å bli årets toppskårar i serien. Her er målgjerarane i 2011:



Seriemål 2011
Lars Petter Haram 5
Sindre Longva 4
Joakim Austnes 4
Per Jarle Fjørtoft 4
Vegard Halkjelsvik 3
Håkon Inge Haram 3
Lars Åkre 3
Demir Haram 2
Kenneth Ulla 2
Stig Erik Nogva 2
Michael Austnes 1
Odd Einar Molnes 1
Mads Uri 1
Thor Audun Steen 1
Sjølvmål 2

torsdag 24. november 2011

Facebook og blogg

Ein fortvilt Daniel spurte Lars på onsdagstreninga om bloggen blir død no som herrelaget har eiga facebook-gruppe. Svaret frå Lars var nei, det blir ei dobbeltoppdatering. Altså opplysningar om trening, tropp, kamp osb. både i fjesboka og i bloggen.


Men kva med Daniel? Bør han skaffe seg fjesbok-konto for å henge med i tida? Bør han stå i mot presset? Det kan du vere med på å bestemme :) Meiningsmåling til høgre her på sida.

onsdag 23. november 2011

Spelarmøte fredag 2/12

Det blir spelarmøte for herrelaget fredag 2 desember klokka 1730 på Austnes. Viktig at alle som ønskjer å spele på HaNo neste år møter eller evt gir avbud i forkant. Det blir trening i hallen etterpå. Avbud sendast til Lars (95861787).

tirsdag 22. november 2011

Fellestrening onsdagar kl 20

Det har vore innslag av herrespelarar på søndagane si Old Boys-trening. Andreas Flem m.fl. lurte på om det kunne vere grunnlag for ei trening til i veka med "fellespreg" av Old Boys og herrespelarar no føre jul.

Oppsatt tid blir onsdagar kl 20, så då er det berre å møte for dei som vil ha seg ei økt til. Håper mange nyttar seg av denne tida :)

søndag 20. november 2011

Ein Kalvøy-klassikar

Her ser vi ein lite opplagt Kristian før Ravn-treningskampen 5.april 2011. Laurdag som var ville Kristian ta att litt søvn som han tydelegvis mangla. Han forsov seg nemlig til 2.skiftet på båtvasken. Telefonen til Odd Einar kl 16.10 (!!!!!!!!!) vitna om ein trøytt Kristian som dessverre måtte meddele han hadde vakna noko seint.

Cato og Vegard har tidlegare kome i fokus pga forsoving til laurdagstreningane i 11-tida, men det blir vanskeleg å slå denne :)

fredag 18. november 2011

Jan Egil kjem heim!

Etter eit par år i Brattvåg har no Jan Egil Ulla bekrefta til bloggen at han blir å sjå i den blå drakta til neste sesong. Ein rutinert spelar som vårt unge mannskap vil ha mykje gleda av i trening og kamp. Velkommen heim Jan Egil!

Fjorårets trenarduo Lars Åkre og Ivar Fjørtoft har takka ja til å lede laget også neste år og planlegginga av sesongen er igong. Det vil bli kalla inn til eit spelarmøte no før jul.

Husk trening i kveld i hallen for den som vil mosjonere litt. Fint om nokon kan ta låseansvar denne gongen også. Tidspunkt 1850.

torsdag 10. november 2011

HaNo Herrelag på facebook!

HaNo sitt herrelag he endelig komt på facebook. Søk på HaNo FK herrelag å bli med i gruppa. Her kan alle som har interesse av å følge herrelaget bli med. Vi vil oppdatere kampar, treningar, legge ut bilder o.l på denne sida.

onsdag 9. november 2011

Båtvask neste veke

Her er lista over båtvasken neste veke. Dersom nokon treng skyss frå byen etc., ta kontakt med potensielle sjåførar på lista. Hurtigbåten til Hamnsundet, for så å bli plukka opp der er heller ingen problem på torsdagen og fredagen.

Husk å stadfeste til Odd Einar at du kjem, eller kven du evt har bytta vakt med :)

tirsdag 8. november 2011

Spelte kampar 2011



Lars Petter Haram (450 kampar, til venstre på biletet i etegildet på Vatneeidet) og Vebjørn Steen (50) var einaste som fekk pokal for antall spelte kampar under årets HaNo-fest. NEste år kan vi få eit skred med "50- pokalar", sidan mange gjorde sin debut i år. Pål Forr Austnes blei kåra til "Årets gjennombrot", medan Odd Einar Molnes fekk pokal for "Årets spelar". Sindre Longva spelte spiss og stod i mål i totalt 29 kampar i år - mest av alle.


Her er alle 33 som var i aksjon i årets sesong (både serie og privatkampar)
1. Sindre Longva 29
2. Michael Austnes 27
2. Mads Uri 27
2. Per Olav Sunde 27
2. Kristian Kalvøy 27
6. Pål Forr Austnes 25
6. Demir Haram 25
6. Per Kristian Klokk 25
6. Odd Einar Molnes 25
10. Olve Steen 24
11. Lars Petter Haram 22
11. Robin Haram 22
13. Håkon Haram 20
14. Mert Haram 17
14. Vegard Halkjelsvik 17
16. Lars Åkre 15
17. Daniel Grebstad 11
18. Sigvard Steen 10
18. Joakim Austnes 10
20. Thomas Flem 9
21. Eivind Fugledal 8
21. Per Jarle Fjørtoft 8
23. Bror Vebjørn Steen 7
24. Stig Erik Nogva 6
25. Kenneth Ulla 5
25. Dag Peter Olsen 5
25. Bjørnar Flem 5
28. Thor Audun Steen 4
29. Ove Otterlei 2
29. Geir Olav Otterlei 2
31. Kenneth Hansen 1
31. Asgeir Nogva 1
31. Magnus Bringsvor 1

torsdag 3. november 2011

Skodje kretsmeister

Skodje fullførte sin gode sesong med å avgjere mot Åram/VanKamp i går kveld. 2-0 kampen blei avgjort etter pause, og på www.skodjeil.blogspot.com dekkjer dei sjølvsagt oppgjeret og feiringa på behørig vis. Vi gratulerer gultrøyene med fortent opprykk og ein paradesesong.

ÅVK slår følge med Skodje opp til 4. divisjon, som blir slik:
FK Sykkylven, Langevåg, Spjelkavik, MSIL, Rollon, Godøy, Valder, Norborg, Ørsta, Blindheim, Åram/Vankam, Skodje.

5. divisjon blir då slik (10 lag):
Stordal, Ørskog, Emblem, Åheim, Hasundgot, Bergsøy2, Vartdal, Aksla, Herd2.

Kva så med 6. divisjon? Frå vår avdeling er våre naboar Lepsøy, Harøy, Ravn, BIL2 og Norborg2 aktuelle i vår avdeling vil vi tru. Men stiller våre fastlandsnaboar med toarlag neste sesong? Vi kjem garantert tilbake til avdelingsspekulasjonar her i bloggen etterkvart.

Husk trening imorga!

Vi har som vanleg hallen imorga 1850, men sist var oppmøtet heller labert. Prøvar igjen imorgon. Kan nokon ta ansvar for å låse opp hallen?