fredag 18. desember 2009

Skarbøvik stadion treningsarena vinter 2010

Etter utallige telefonar og mailar har SUS lukkast i å skaffe treningsbane i byen i vinter. Sture Fladmark i SIF fekk rydda vekk tid på måndag kl 2000-2130. Dette blir treningstida for dei i byen frå måndag 4. januar fram til påske. HaNo har også sendt henvending til Lepsøy IL om dei vil vere med på denne treninga i lag med HaNo.

Lars Petter blir ikkje i same rolle som i 2009 (assistenttrenar), men har heldigvis sagt ja til å leie treningsøktene som er i byen. Han har også brukt hausttida etter kvaliken til å tenkje seg om kva han gjer sesongen 2010. Det er heldigvis å satse vidare med å spele fotball for moderklubben HaNo!

Odd Einar har i skrivande stund ikkje nokon assistenttrenar, men dette kjem vi tilbake til på nyåret.

Elles er fleire treningskampar no avtalt. Oppe til høgre her i bloggen vil kampane stå oppført. Det vil muligens kome endringar eterkvart, og då vil eg skrive det inn i oversikta her på hanoherre.blogspot.com.

Ingen kommentarer: