søndag 1. november 2009

Takk for i år!

Stor skuffelse kampen i går synest vi alle. Verken marginane med, eller dyktig nok i ganske mange fasar av spelet. Men innsatsen var bra, og då må vi berre bruke vinteren til å bli betre skodd til sesongen 2010.

Bra frammøte på begge HaNo-festane i går, og det er bra. Bra jobb av festarrangørane, som gjorde det til ein kjekk kveld:) Ikkje berre mat og drikke, men levande musikk, og eit passande og uhøgtidleg program som slo meget godt an!
Gratulerer til Kristian og Jan Egil for prisar, og eg kunne godt tenke meg å dele ut ein pris til alle. FOR GOD INNSATS OG HALDNINGAR I 2009!! Eg tør å påstå at vi har blitt betre på ein del område.

Vi skal ta ei skikkeleg evaluering på eit spelarmøte om eit par vekers tid, der også sesongen 2010 blir tema. Eg har munnleg sagt ja til SUS om å stille ein mann til disp også neste år. Håper at alle spelarane som var med i år går på ein ny sesong!

Ingen kommentarer: