torsdag 30. desember 2010

PL-Tipp runde 12

Her er 12. og siste innleiande runde i PL-tippen.

1 West Bromwich Albion-Manchester United,Starter lørdag kl. 13:45
2 Liverpool-Bolton, Starter lørdag kl. 16:00
3 Sunderland-Blackburn Rovers, Starter lørdag kl. 16:00
4 Tottenham-Fulham, Starter lørdag kl. 16:00
5 Manchester City-Blackpool,Starter lørdag kl. 16:00
6 Birmingham City-Arsenal, Starter lørdag kl. 18:30
7 Chelsea-Aston Villa, Starter søndag kl. 14:30
8 Wigan-Newcastle United, Starter søndag kl. 17:00

Lever innan 1. nyttårsdag kl 13:44. Til molneod@hotmail.com

Spelarmøte søndag 2. januar

SUS er i ferd med å legge kabalen for sesongen 2011. I den samanheng ynskjer dei å ha spelarmøte med seniorlaga for å informere. Datoen er 2. januar. For herrelaget sin del blir det spelarmøte kl 16.00-16.45. Deretter trening i gymsalen frå 16.45 - 18.15.
Det er eit skikkeleg generasjonsskifte på gang på herresida. SUS oppmodar alle unge spelarar om å møte, og samstundes at alle "eldre" spelarar som kan vere med å bidra i trening og/eller kamp, om å gjere det same.

Det er svært viktig at alle som har fått innkalling, eller som ikkje har fått innkalling, men har lyst å vere med å trene, gir tilbakemelding til Solveig. Gi melding om du har lyst å vere med, men ikkje kan møte. Solveig sitt mob nr er 99 32 36 67.

Demir byr på dans på Nordøy i sommar. Han har også svinga dansefoten i romjula. No blir dansefoten erstatta med spelarmøte og trening på søndag.

mandag 27. desember 2010

Larsane klar for semi

Lars Åkre tronar framleis på topp i samandraget. Lars U trygga i grunn ein ganske så sikker semifinaleplass han også med sine 50 poeng. Han strauk ein 2-poengar, og har framleis ein 3-ar å stryke.

Elles er det ikkje avgjort, sjølv om Kenneth U er også godt plassert innanfor topp4, med ein 3-arrunde til han kan stryke. Oddmund har også ein 3-ar til å stryke, så det ser bra ut for han også. Av dei som jaktar bak med eitt poeng mindre (Frank, Odd Einar og Kent Inge) er det kun Frank som har ein 3-arrunde til som kan strykast. Siste innleiande runde går 1. januar.

Samanlagt etter 11 rundar (10 beste er teljande)

Lars Åkre 51
Lars Ulla 50
Kenneth Ulla 49
Oddmund D Otterlei 48
Odd Einar Molnes 47
Kent Inge Klokk 47
Frank Dalhaug 47
Jan Egil Ulla 45
Per-Kristian Klokk 44
Kenneth Hansen 29
Cato Longva 29
Sondre Steen 14
Lars Petter Haram 14
Vegard Halkjelsvik 8
Tor Gunnar Standal 5
Erik Åkre 3

Runde 11
Kent Inge Klokk 6
Odd Einar Molnes 5
Lars Åkre 5
Jan Egil Ulla 5
Per-Kristian Klokk 5
Kenneth Ulla 4
Oddmund D Otterlei 4
Lars Ulla 4
Frank Dalhaug 3

(PS! Eg har ikkje definert reglar for eventuelt poenglikheit, så dersom det er likt mellom nokon som kjempar om topp4-plassar, blir det ein omkamp-runde mellom desse).

søndag 26. desember 2010

Kampdagar 2011

4. divisjon skal i stor grad spele fredagskampar neste seong. Dermed er torsdagen "ledig" for 5. divisjon. I Skodjebloggen kan vi lese at torsdagar mest sannsynleg er eit ønske derifrå. I frå SFK har dei stadfesta at seriestart blir etter den seine påska neste sesong.

fredag 24. desember 2010

Riktig God Jul!!

Vil berre ønskje alle blogglesarar ei riktig God jul !

PL-Runde 11

Her er kampane i 11. runde i Premier League-tippen!

1. Fulham-West Ham, starter 2. juledag kl 1300
2. Blackburn-Stoke, starter 2. juledag kl 1600
3. Man United-Sunderland, starter 2. juledag kl 1600
4. Everton-Birmingham, starter 2. juledag kl 1600
5. Newcastle-Man City, starter 2. juledag kl 1600
6. Blackpool-Liverpool, starter 2. juledag kl 1600
7. Aston Villa-Tottenham, starter 2. juledag kl 1830
8. Arsenal-Chelsea, starter 3. juledag kl 2100

Lever til molneod@hotmail.com innan 2. juledag kl 12.59!

tirsdag 21. desember 2010

Trening 1830 i kveld

Vegard inviterer til fotballtrening kl 1830 på Nordøy Grendahus i kveld tysdag 21. desember. - Berre å kome, skriv han under kommentarfeltet i ei sak under her.

mandag 20. desember 2010

Blackpool-Spurs trekt til B


Ikkje lett å sjå desse bileta, men det er altså Adrian som nettopp har trekt ein B ut av suppeskåla, mellom 10 B-ar og 3 U-ar. Dermed B i kamp 7.

Runde 10
Lars Åkre 7
Oddmund D Otterlei 7
Lars Ulla 7
Kenneth Ulla 6
Per-Kristian Klokk 6
Odd Einar Molnes 5
Jan Egil Ulla 5
Kent Inge Klokk 4
Frank Dalhaug 4

Samanlagt etter ti rundar
Lars Åkre 49
Kenneth Ulla 48
Lars Ulla 48
Frank Dalhaug 46
Oddmund D Otterlei 46
Odd Einar Molnes 45
Kent Inge Klokk 44
Jan Egil Ulla 40
Per-Kristian Klokk 39
Kenneth Hansen 29
Cato Longva 29
Sondre Steen 14
Lars Petter Haram 14
Vegard Halkjelsvik 8
Tor Gunnar Standal 5
Erik Åkre 3
Oddmund med god runde som tek han heilt opp i tetsjiktet igjen. Dei to Lars-ane befesta sin situasjon i topp4! Runde 11 går 2. juledag. Kampane blir lagt ut om litt. Då kan ein starte strykinga, sidan dei 10 beste rundane tel med.

søndag 19. desember 2010

Trekking måndag

Skal telle over resultat i PL-tippen i morgon. Mykje trekking der denne gongen. Blackpool-Spurs tek vi ei eiga tendenstrekking på, sidan den ikkje var på Norsk Tipping sin kupong heller. Totalt var det tre stk U-ar, og ti B-ar som blei tippa på den kampen. Då legg eg 10 B-ar i hatten og 3 U-ar, så får vi resultatet.

Romjulsturnering

HaNo stiller ikkje med lag i årets Romjulsturnering i Brattvåg. For få var interessert i å vere med. Men det blir antakelegvis nokre HaNo-fjes å sjå både på Prim og andre lag.

onsdag 15. desember 2010

PL-tipp runde 10

Ai ai ai, for ei utvikling i PL-tippen. Og for ikkje å snakke om Premier League generelt! Her er kampane i 9. runde av tippekonkurransen:

1 Sunderland-Bolton, Starter lørdag kl. 13:45
2 Arsenal-Stoke, Starter lørdag kl. 16:00
3 Blackburn-West Ham,Starter lørdag kl. 16:00
4 Birmingham-Newcastle, Starter lørdag kl. 16:00
5 Wigan-Aston Villa, Starter lørdag kl. 16:00
6 Liverpool-Fulham, Starter lørdag kl. 18:30
7 Blackpool-Tottenham, Starter søndag kl. 14:30
8 Chelsea-Manchester United, Starter søndag kl. 17:00

tirsdag 14. desember 2010

Vi gler oss!

Som avtroppande herretrenar, og nyleg vald leiar i klubben går eg med mange HaNo-tankar om dagen :) Eg treff også mange som lurer på kva som skjer med herrelaget til neste sesong. Vil berre innleiingsvis seie at eg møter eit klart fleirtal av folk som har god tru, og er motivert for å gjere ein innsats !!

2011 trur eg kjem inn i historia som eit merkeår. Nordøyhallen symboliserer noko meir enn berre eit nytt anlegg i Haramsøy/Nordøy Fotballklubb. Også seniorlaget på herresida blir ”nytt”. Store utskiftingar ikkje berre til komande sesong, men dei to-tre føregåande åra, har gitt oss utfordringar mannskapsmessig. Men dette gir også mulegheiter!

Cato, Preben og Henrik bestemte seg tidleg i desember for å gå til Norborg. Eg personleg vil berre ønske dei lykke til, og håpe dei gjer det godt i sin nye klubb. Kvalitetane er der til å lykkast i den nye 4. divisjonen hos alle tre. Norborg har også fått ein fjerde overgang frå HaNo. Hamnsunding Kristian Furnes spelte med oss i haust. Takk for god innsats, Kristian, og du til liks med dei tre hine er hjarteleg velkomen tilbake i blått når det måtte passe!

Samstundes beklagar eg at dei bestemte seg såpass tidleg, før HaNo FK fekk kome med meir av kva som skjer i vår klubb. Vi har framleis dialog med spennande trenarløysingar, og ”Nye HaNo” kan bli ei artig affære å vere med på til neste år. Vi kjem no inn i ein periode der vi må tenkje lenger enn 2011. HaNo FK skal bygge eit nytt lag. Vi har mange spennande unge spelarar i troppa, og sper vi på med eldre, meir rutinerte spelarar som er motiverte for å bygge eit nytt lag, skal vi stå opp att og få opp entusiasmen igjen. For det trengs, etter ein heller laber haustsesong i 2010 når det gjeld humør, entusiasme og oppmøte på trening.

Det er ikkje sikkert vi greier å vinne alle fotballkampar neste år, og kjempe om opprykk til 4. divisjon, men vi skal i lag bygge opp att god treningskultur, godt frammøte, og utvikle laget i rett retning. Sportsleg Utval Senior (SUS) arbeider hardt for å få til støtteapparatet til sesongen 2011. På damesida har dei ein kandidat, og eit spelarmøte om ikkje lenge er det neste som skjer der. Utviklinga i løpet av sesongen 2010 gjekk straka vegen oppover for samarbeidslaget HaNo/Lepsøy, og det ser meget lovande ut med tanke på ei vidareutvikling i 2011!

På herresida arbeider vi hardt for å få ting klart, snarast råd. Eg snakkar jamt med SUS, og det som drøyer litt, er eit endeleg svar frå den kandidaten vi gjerne ser for oss kan gjere ein viktig utviklingsjobb for oss på herresida. Vi treng uansett fleire motiverte bidragsytarar på trenar- og spelarsida som er gira på å jobbe for klubben, både på og utanfor kunstgraset og graset komande sesong. Nordøyhallen vil gi oss eit gigaløft ikkje berre i 2011, men i generasjonar framover. Fytti grisen kva vi gler oss til å sette våre fotballsko på matta. Det er berre nokre få veker fram i tid :)
Mvh
Odd Einar

søndag 12. desember 2010

Kenneth U med rå runde

Kenneth Ulla med heile 7 rette denne runden. Knuste dei hine, og spratt med dette opp i leiinga samanlagt også.
Runde 9
Kenneth Ulla 7
Odd Einar Molnes 5
Lars Åkre 4
Jan Egil Ulla 4
Frank Dalhaug 4
Per-Kristian Klokk 4
Lars Ulla 4
Lars Petter Haram 4
Kent Inge Klokk 3
Oddmund D Otterlei 3

Heilt jamt etter 9 rundar om dei 4 semifinaleplassane:
Kenneth Ulla 42
Lars Åkre 42
Frank Dalhaug 42
Lars Ulla 41
Odd Einar Molnes 40
Kent Inge Klokk 40
Oddmund D Otterlei 39
Jan Egil Ulla 35
Per-Kristian Klokk 33
Kenneth Hansen 29
Cato Longva 29
Sondre Steen 14
Lars Petter Haram 14
Vegard Halkjelsvik 8
Tor Gunnar Standal 5
Erik Åkre 3

torsdag 9. desember 2010

PL-tipp runde 9

Her er kampane i 9. runde av Premier League-tippen:

1 Fulham-Sunderland, Starter kl. 16:00
2 West Ham-Manchester City, Starter kl. 16:00
3 Aston Villa-West Bromwich, Starter kl. 16:00
4 Everton-Wigan. Starter kl. 16:00
5 Stoke-Blackpool, Starter kl. 16:00
6 Newcastle-Liverpool, Starter kl. 18:30
7 Bolton-Blackburn, Starter kl. 14:30
8 Tottenham-Chelsea, Starter kl. 17:00

Toppkampar denne helga med Spurs-Chelsea og United-Arsenal på måndag (ikkje på vår kupong). Frist for innlevering er før avspark laurdag kl 16. molneod@hotmail.com

søndag 5. desember 2010

Riktige resultat PL-runde 8

LarsU har oppdaga ein feil:
Kamp 7: Bl´pool- Man U trekte Norsk Tipping til U, ikkje B slik eg skreiv først, så det blei fasit i den kampen.

Her følgjer korrekte lister:

Runde 8

Kenneth Hansen 6
Per-Kristian Klokk 6
Frank Dalhaug 6
Lars Ulla 6
Lars Petter Haram 6
Odd Einar Molnes 5
Kent Inge Klokk 5
Kenneth Ulla 5
Lars Åkre 5
Oddmund D Otterlei 5
Jan Egil Ulla 4

Samanlagtlista ser slik ut:
Lars Åkre 38
Frank Dalhaug 38
Kent Inge Klokk 37
Lars Ulla 37
Oddmund D Otterlei 36
Odd Einar Molnes 35
Kenneth Ulla 35
Jan Egil Ulla 31
Kenneth Hansen 29
Cato Longva 29
Per-Kristian Klokk 29
Sondre Steen 14
Lars Petter Haram 10
Vegard Halkjelsvik 8
Tor Gunnar Standal 5
Erik Åkre 3
Runde 9 går neste helg, runde 10 18. des, runde 11 går 2. juledag, medan runde 12 og siste innleiande blir 1. januar 2011.

6. divisjon tilbake

Sunnmørsposten melder at Hareid sitt forslag om å gjeninnføre 6. divisjon frå hausten 2011 vart vedtatt med 19 mot 17 stemmer under Kretstinget i helga. Dermed blei det også denne gongen jamt med stemmer på Tinget vedkomande 6. divisjon eller ikkje.

HaNo og Lepsøy (bilete frå serieopninga i vår) vil møtest i eine 5. divisjonsavdelinga i vår. HaNo må då bli mellom dei 3 eller 4 beste for å vere med i "5. divisjon Haust". Viss ikkje blir det å spele hausteseongen i "6. divisjon". Om alt i Hareid sitt forslag blei vedtatt, blir opprykk/nedrykk slik etter haustsesongen:

- Dei to beste i 5. divisjon haust rykker opp til 4. divisjon 2012.
- Dei to svakaste i 5. divisjon haust rykker ned til 6. divisjon 2012.
- Dei to beste i 6. divisjon haust rykker opp til 5. divisjon 2012.

Kor mange som spelar i 5. divisjon, og dermed kor mange i kvar avdeling, blir ikkje avgjort før påmeldingsfristen går ut i januar. Men mykje tyder på at det blir ein spennande og attraktiv sesong i 5. divisjon 2011!

Les meir på Hareid IL si heimeside her

lørdag 4. desember 2010

Norsk tipping trekkjer kamp 7

Blackpool-Man United, kamp 7 på vår PL-tipp, er avlyst. Då blir resultatet av den det same som på Norsk Tipping sin laurdagskupong. Det er ei såkalla "tendenstrekning", med litt fleire b-ar i hatten enn h-ar vil eg tru, basert på kva tipparane har levert inn av tips.

torsdag 2. desember 2010

Heareid IL vil gjeninnføre 6. divisjon

Hareid IL har laga eit framlegg til Kretstinget i helga:

Hareid IL foreslår at det i kommende vårsesong blir delt opp i geografiske 5.-divisjonsavdelingar. De X beste i hver avdeling, totalt 10 eller 12 lag, utgjør 5.-divisjon i høstsesongen. Resterende lag utgjør 6.-divisjon om høsten, oppdelt etter tall på lag og geografi.

De to beste i 5.-divisjon høst rykker opp til 4.-divisjon 2012. De to svakeste i 5.-divisjon høst rykker ned til 6.-divisjon 2012. De to beste i 6.-divisjon høst rykker opp til 5.-divisjon 2012.

Sunnmøre fotballkrets vil ikkje ha 6. divisjon, og har i satden dette framlegget:

Kretstinget delegerer til kretsstyret årlig å organisere 5. divisjon for menn.

Grunngjevinga er at ein aldri veit kor mange lag det er i 5. divisjon. Om talet på lag går ned ytterlegare meiner ein det ikkje er forsvarleg å stille.

Meir på Stordal.nu

Neste års 5. divisjon

Biletet: Vegard og Michael kan igjen vere å sjå på Nes stadion på Ellingsøy for serieoppgjer i 2011.
I helga er det Kretsting i Sunnmøre fotballkrets. Mellom sakene er korleis 5. divisjon skal organiserast. Med ”raset” av klubbar nedover divisjonane etter omlegging av systemet frå og med 2011 blir det endringar. I år kom vi den uheldige situasjon at det var att 23 lag i 5. divisjon. Eit ekstraordinært Kretsting i mars 2010 avgjorde at det blei gjort om til 2 avdelingar i staden for 3. Hareid IL går inn for gjeninnføring av 6. divisjon (Sjå blogginnlegg ovanfor)

MSIL og Hovdebygda vann kvar si avdeling og går opp til 4. divisjon, som blir slik i 2011: Valder, Hareid, Rollon, Norborg, Spjelkavik, Godøy, Ørsta, LangevågFK, Sykkylven, Blindheim, MSIL, Hovdebygda.

På Hovdebygda si heimeside har dei spekulert i om dei vil opp. Om dei held seg i 5. div er det Åram/Vankamp som beheld plassen i 4. divisjon.

Kva så med 5. divisjon neste sesong? 7 lag kjem ned:
ÅVK
Vigra
Vartdal
Ørskog
Skodje
Ellingsøy
Åmdal.

Her er laga som er att frå 5. div 2010 (plassert etter tabellplassering frå nr 2 og nedover)

Avd 1

Emblem
Harøy
Stordal
Hessa
Ravn
HaNo
Lepsøy
Stranda 2
Aksla
Giske


Avd 2
Åheim
Sunnylven
Hareid 2
Hasundgot
Bergsøy 2
Tjørvåg
Sæbø
Kvamsøy/ÅVK 2
Gjerdsvika
Haddal


Dette tel 27 lag. Då blir det heilt sikkert tre avdelingar á 9 lag. Men om talet er 27 veit ein ikkje før fristen har gått ut i januar. Herd2 bør bli eit nytt lag på Sunnmøre, men om nokon trekk seg veit ein heller ikkje.

onsdag 1. desember 2010

PL-tippen runde 8

Runde 8 i PL-tippen ser slik ut:
1 Arsenal-Fulham, Starter kl. 16:00
2 Wigan-Stoke, Starter kl. 16:00
3 Chelsea-Everton, Starter kl. 16:00
4 Manchester City-Bolton, Starter kl. 16:00
5 Blackburn-Wolverhampton, Starter kl. 16:00
6 Birmingham-Tottenham, Starter kl. 16:00
7 Blackpool-Manchester United, Starter kl. 18:30
8 Sunderland-West Ham, Starter søndag kl. 17:00

Frist laurdag kl 15:55, send med to halvgarderingar til molneod@hotmail.com :)