fredag 28. januar 2011

Joakim vender heim!

Det er med stor glede vi kan slå fast at Joakim Austnes etter 10 år i Aafk og Viking vender tilbake til HaNo FK som spelande hovudtrenar denne sesongen. HaNo har vore i dialog med Joakim sidan lenge før jul, og i kveld blei det endeleg klart at han tar på seg laget fram til i alle fall sommaren 2011. Hausten er i skrivande stund litt meir uklar pga skulegong lengre vekke for Joakim. At Jokke også skal spele for moderklubben er glitrande.

SUS har gitt signal til spelargruppa sidan lenge før jul om at dei jobbar med denne løysinga, og Joakim ba for lenge sidan om at alle spelarane som vurderte andre klubbar måtte ha is i magen. Der har vi dessverre mista mange, men Joakim er likevel optimist. - Om dei som seier seg villig til å vere med satsar skikkeleg skal vi få eit bra mannskap og eit bra opplegg ut i frå dette, seier han. Den spelande trenaren blir med minst to gongar i veka framover.

Joakim måtte avslutte kontrakta med Viking pga skade, og sportsleg leiing i HaNo er ekstremt godt nøgd med at han valgte å bruke sin kompetanse på HaNo i tida som kjem. Vi håper på oppsving for laget, og HaNo FK ønsker i alle fall Joakim hjarteleg velkomen tilbake til HaNo!

Det nærmar seg noko alvorleg!!

Over helga kjem Jonny Longva med maskineri inn i Nordøyhallen. Det vil seie at planering og klargjering inne til å legge på kunstgras ikkje er spesielt langt unna. Tilbygget heldt på å bli tak-kledd. I dag fredag er det ikkje dugnad, og vi har dessutan trening.

Vil derimot oppmode folk på herrelaget om å møte på neste oppsette tid. I følgje HaNo-sida er det i morgon laurdag kl 09.30-13.00. På heimesida er det alltid ferske bilete og rapportar frå prosessen.

Dersom framdrifta går som planlagt, så ser det faktisk akkurat no ut som at vi kan kome på innandørs kunstgras FØR den estimerte datoen 1. mars !!

Trening fredag!

Hugs trening på Austnes fredag 1830! Avbud til Lars eller Vegard.

torsdag 27. januar 2011

HaNo i sterk, men flott avdeling

Avdeling 3 5. div 2011:
Ellingsøy, Ørskog, Skodje, Harøy, Emblem, Lepsøy, Norborg 2, Ravn, Brattvåg 2, HaNo og Stordal.

11 lag. Dvs 20 seriekampar. Seriestart etter påske (28. april?).

I utgangspunktet torsdagskampar. Serieoppsettet kjem om relativt kort tid, melder Sunnmøre fotballkrets. Ei sportsleg kjempesterk avdeling, med 3 lag som spelte i 4. divisjon i fjor, samt lag nummer 2, 3 og 4 i fjorårets avdeling HaNo spelte i. Vinnarane i kvar av dei tre avdelingane spelar enkel serie med kvalik for å rykke opp (2 lag).

Dei to andre avdelingane:
Avdeling 1
Åram/VanKam, Åheim, Bergsøy 2, Flø, Gjerdsvika/Moltu, Haddal, Hasundgot, Kvamsøy, Larsnes 2/Gursken og Tjørvåg.

Avdeling 2
Åmdal, Vartdal, Vigra, Sunnylven, Giske, Hessa/SIF 2, Aksla, Herd2, Sæbø, Ørsta 2 og Aspøy.

tirsdag 25. januar 2011

18 eller 20 kampar

Etter påmeldingsfristen har gått ut får HaNo har heile 31 divisjonskollegaer i år. På 3 avdelingar blir det 11, 11 og 10 lag. Litt overraskande har Brattvåg også meldt på eit 2. lag til serien. Dei gav seg midt i sesongen i fjor, og har ikkje særleg med antall på treningane no etter nyttår.

På nettstader og diskusjonsforum er debatten i gang om oppsettet. Men ein ting synest klart, og det er at dei 10 laga lengst sør nok vil kome i same avdeling. Kva skal så vere kriteria for inndeling vidare...? Plassering frå i fjor (4./5.div)? Ambisjonar? Kun geografi?

Gamle, gode Geir Ringstad er særs aktiv på nettet, i bloggar og diskusjonar om lokalfotballen. Mellom dei 17 innlegga (pr tysdag kveld) på skodjeil.blogspot.com har den pensjonerte kretssekretæren i Sunnmøre fotballkrets enda på følgjande forslag:

Avd.1: Åheim – ÅVK – Kvamsøy – Gu/Lars 2 – Gjerdsv./Moltu – Bergsøy 2 – Tjørvåg – Haddal – Hasundgot – Flø. 10 lag

Avd.2: Sunnylven – Sæbø – Åmdal – Ørsta 2 – Vartdal – Herd 2 – Aksla – Aspøy – Hessa/SIF 2 – Vigra – Giske. 11 lag

Avd.3: Stordal – Ørskog – Skodje – Ravn – Harøy – HaNo – Lepsøy – Brattvåg 2 – Norborg 2 – Ellingsøy – Emblem. 11 lag

Avd.vinnarane spelar enkel serie om KM og 2 opprykksplassar.

Ta med joggesko og refleks!

Hugs treninga i morgon frå klokka 17.30 - 19.00. Alle må ta med seg eit par joggesko, klede til å jogge ute i og ein refleks/refleksvest.

Avbud til Vegard (97980475)

mandag 24. januar 2011

30 lag i 5. divisjon?

Dette kan bli eit oppgjer igjen: HaNo-Ellingsøy. Her frå den smått legendariske 6-1 matchen sommaren 2009, då desse to laga kjempa eit durabeleg oppgjer om opprykk. LP hoppa to meter opp i lufta også på den tida ;)

Norborg stiller med lag både i 4. og 5. divisjon i år. Dei har ei stor tropp (med tilgong frå HaNo-spelarar mellom anna) og beslutta å melde på eit 2. lag. Fristen går ut no måndag ved midnatt.

Dette er elles saksa frå norborg.com:
"Aksla, Aspøy (ny), Ellingsøy, Emblem, Giske, HaNo, Harøy, Herd2 (ny), Hessa/SIF2 (nytt samarbeidslag), Lepsøy, Ravn, Skodje, Stordal, Vigra og Ørskog. Desse 15 og Norborg2 er lag nord for Storfjorden.

På søre finn vi desse laga: Bergsøy2, Gjerdsvika/Moltu, Haddal, Hasundgot, Kvamsøy, Larsnes/Gursken, Sunnylven, Tjørvåg, Vartdal, Ørsta2, Åheim og ÅVK. (12 lag) Vi saknar her lag som Åmdal, Sæbø og Flø, samt 2. laga til Hareid og Stranda."

Så då er det berre å begynne å spekulere i avdelingsoppsettet. Det er brennsikkert at det blir 3 avdelingar. Litt grining og av/påmeldingar blir det sikkert i år også. På SFK sitt kontor skal det forsøke å gjere alle til lags, og det blir ikkje lett.

Harøy, Lepsøy, HaNo, Ravn og Norborg2 høyrer veldig logisk til nordre del. Det gjer forsåvidt Skodje også, men dei var ikkje i same avdeling sist dei var i 5. div. Time will show.

Vi satsar!

Det har vore færre spelarar på oversikta over satsande i HaNo sesongen 2011. Sportsleg Utval Senior (SUS) fekk tilbakemeldingar forrige veke på kven som satsar. Antallet er noko knapt, men vi melder likevel på laget i dag. Konsekvensen av å ikkje melde på hadde blitt fatal, og no er fokus på god sportsleg satsing, trenarapparatet klart om under ei veke og hallopning om vel ein månad !!

Vi vil i løpet av helga som kjem seie litt meir om det sportslege i sesongen som kjem. Her vil vi garantert kome med positive nyheiter. Men uansett er det SPELARGRUPPA som må brette opp ermane og yte maks for kvarandre, klubben og laget i dagane, vekene og månadane som kjem.

På tampen av 2009 var vi ein kamp frå å spele i 4. divisjon året etter. Etter dette har antall aktive gått veldig ned, og vi er midt i eit skikkeleg generasjonsskifte. Fleire spelarar har gått til naboklubbar, og det er ei utfordring å ha mange nok i kamp og trening. Men når vi ser kor mange unge som er ivrige, interesserte og lærevillige, så er det ei lys framtid for HaNo!

Vi ser mange liknande tendensar i våre naboklubbar i divisjonen. Ein fellesnemnar til no har vore at trenarar også har gitt seg, og at det går mot løysing med spelarar som tek ansvar. Etter det hanoherre.blogspot.com kjenner til er det Martin Farstad og Eirik Kjerstad som blir Lepsøy-trenarar denne sesongen. På Harøya er det ingen løysing endå, men der blir det også mest sannsynleg spelarar som tek roret. I Ravn har Erlend Fjørtoft gitt seg, og det går mot dei erfarne spelarane Eivind Grøtt Ulla og Bent Nedrevold som trenarar.

søndag 23. januar 2011

Ny treningsveke

Fredagstreninga var hard og god, med 14 mann på plass. Han som skriv dette innlegget er peisfull av gangesperre frå topp til tå (håper ikkje det berre er eg:) )

Ny treningsveke startar i morgon med dei vanlege tidene:
Måndagar
Kl 20 på Skarbøvik stadion
Kl 2045 inne på Austnes

Onsdagar
Kl 1730-19 inne på Austnes

Fredagar
Kl 1830-20 inne på Austnes

Brattvåg-trenaren vann blå trøye

Oddmund Davik Otterlei vann finalen i Premier League-tippen her på hanoherre.blogspot.com. 5 rette i finalen heldt mot Lars Ulla sine 4 rette.

Vi gratulerer, og kanskje blir trenaren for Brattvåg IL sitt herrelag å sjå i HaNo FK t-skjorte utover våren :)

fredag 21. januar 2011

Finaletipsa

Oddmund sine tips til morgondagens finale:

1. Wolverhampton-Liverpool, B
2. Newcastle United-Tottenham, UB
3. Everton-West Ham, H
4. Manchester United-Birmingham City, H
5. Arsenal-Wigan, H
6. Fulham-Stoke City, H
7. Blackpool-Sunderland, U
8. Aston Villa-Manchester City, UB

Her er Lars sine:
1. B
2. B
3. H
4. H
5. H
6. HU
7. H
8. UB

Her er det små marginar, der kamp nr 7 kan bli utslagsgjevande.

Lars seier:
Usikker på nokre kampar - mange karantener, klubbskifte, Asiamesterskap og skader rundt om. Ser mellom anna at VG ikkje noterer at United har Park i Asia-mesteskapet.
Dei har vel ikkje fått det med seg. Sløvt.
- I god sportsånd ynskjer eg Oddmund lukke til, seier Sikker-U i ein kommentar.

Alle kampar blir spelt på laurdag. Vinnaren vinn ei HaNo t-skjorte frå den nye Umbro-kolleksjonen, medan anten Lars eller Oddmund må nøye seg med fotballstrømper og må dermed gjere comeback.

onsdag 19. januar 2011

Oddmund til finale i PL-tippen

Oddmund slo Kenneth i ein ny superjamn semifinale. Med 7 mot 6 rette sikra han finaleplassen i omkampen onsdag kveld.


hanoherre.blogspot.com gratulerer, og dermed er det Lars Ulla mot Oddmund Davik Otterlei i helgas finale. - Meget happy med finaleplass, men det blir beintøft med finale mot han "Sikker-U", seier den ferske finaleklare Oddmund i ein kommentar.


Kampane dei skal tippe på er desse (samtlige kampar på laurdag)
1. Wolverhampton-Liverpool, Starter kl. 13:45
2. Newcastle United-Tottenham, Starter kl. 16:00
3. Everton-West Ham, Starter kl. 16:00
4. Manchester United-Birmingham City, Starter kl. 16:00
5. Arsenal-Wigan, Starter kl. 16:00
6. Fulham-Stoke City, Starter kl. 16:00
7. Blackpool-Sunderland, Starter kl. 16:00
8. Aston Villa-Manchester City, Starter kl. 18:30

Hugs trening ikveld!

Trening ikveld kl 1730 på Austnes. Avbud til Lars (95861787) eller Vegard (97980475)

søndag 16. januar 2011

Lars U finaleklar- omkamp om den siste plassen!

Lars U køyrte på med to sikre u-ar på søndagskampane, samt u-garderingar på dei to siste. Dvs rett på alle u-ane som kom søndag. Gratulere med finaleplass! Og sjølv ikkje mine fantastiske reglar for å skilje lik poengsum greidde å avgjere kven av Oddmund eller Kenneth som blei den andre finalisten. Dermed blir det omkamp i midtveka mellom desse. Kampane dei skal tippe på er utsendt. Lykke til!

Lars U 7 rette
Kenneth 6 rette
Oddmund 6 rette
Lars Å 4 rette

14-11 tap mot Harøy

Ei god økt på 3x25 min inne i IP Huse hallen på laurdag endte i et knepent 14-11 tap mot Harøy. HaNo starta kampen bra og leda 5-4 etter første omgong, deretter ei litt svakere 2 omgong som endte med 3 målstap, før laga avslutta den siste omgongen med 2-2. Ei god gjennomkjøring der fleire unggutar fekk kjenne på seniornivået. Måla vart skora av Odd Einar 2, Vegard 1, Daniel 1, Kent Inge 1,Lars 5 og eit sjølvmål.

Hugs trening imorga på Siffen kl 20 og på Austnes kl 2045.

Semifinaletippen

Lars, Lars, Oddund og Kenneth har levert sine kupongar før helga. I skrivande stund er det fullt køyr i Premier League med lokaloppgjer i Nordaust, i Birmingham og i Liverpool, i tillegg til Spurs-United kl 17. Finalistane blir klare etter den kampen :)

Stilling etter dei fire laurdagskampane på kupongen:
Oddmund 4

Kenneth 4
Lars Å 3
Lars U 3

fredag 14. januar 2011

Trening ikveld!

Hugs trening ikveld 1830 på austnes. Kjekt om så mange som råd kan møte opp. Avbud til Lars (95861787)

onsdag 12. januar 2011

Harøy-kamp laurdag

10 mann på inneøkt i dag: Lars, Vegard (eller Politiskule-Vegard som vi kallar han etter dagens styrkeøkt!!), Robin, Sigvard, Olve, Odd Einar, Mert, Thomas, Sindre og Mads.

Laurdag reiser vi kl 1250 med båt frå hurtigbåt-kaia på Austnes. Retur kl 1620 frå Myklebust (det er ei perle av ein stad på Harøya om nokon lurte). Båten slepp ein å betale på denne gongen, medan alle betalar hurtigbåten sjølv. Lars/Vegard kjem sikkert tilbake til info om tropp og slikt når det lir på.

Harøy er i same situasjon som HaNo i emninga av årets sesong. Det som ex-HaNo-målvakt Arve Myklebust er sitert på her, kan passe ganske godt for vår del også. Vi satsar ungt etter at fleire har valt å skifte klubb med oss før sesongen.

Når det er sagt, så vil eg personleg seie at treningane til no har vore entusiastiske og gode. Unge, ivirige spelarar har mykje pust og er villige til å lære. Lars og Vegard har hatt med få rutinerte til no. Folk som Kenneth, Per Jarle og Ivar har Nordøyhallen som sin første heim om dagen, og Per Kristian har vore sjuk. Mikke kjem på sikt, medan Lars Petter vil bruke måndagsøktene i byen til å sige seg i løpsform, for så å vere med meir utover våren.

tirsdag 11. januar 2011

Hugs trening onsdag!

Vi trenar onsdag 1730-1900 på austnes. Hurtigbåt frå byn 1610, med retur etter treninga. Evt avbud til Lars (95861787) eller Vegard (97980475)

mandag 10. januar 2011

God økt på Siffen.

19 mann, ei god blanding ta HaNo, Lepsøy, Norborg, Brattvåg og eks Harøy spelera, bidro til ei god økt på Sif Stadion ikveld. Kristian Kalvøy, Demir Haram, Mats Uri og Lars Åkre var dei einaste frå HaNo stallen. Håper fleire tek turen neste gong og nyttar høvet til å få trene under gode baneforhold og mykje folk!

På Austnes stilte 9 mann til inneøkt: Andreas Flem, Kenneth U, Odd Einar, Sigvard, Olve, Robin, Mert, Olve og Sindre.

Harøy-HaNo laurdag

HaNo reiser med båt til Harøya på laurdag, kamp kl 1415 i IP Huse-hallen. Retur med hurtigbåt, som er på Austnes litt før kl 17.

Kampen blir spelt med 9 på bana, dommar og 3 x 25 minutt speletid. Vegard og Lars kjem tilbake til tropp og slikt på onsdagstreninga kl 1730 på Austnes.

Dugnader på Nordøyhallen

Ivar skriv på HaNo-sida:
Det vil bli dugnader på Nordøyhallen på tirsdag og onsdag kl 17:30 - 20:00 denne veka. Vi skal lage kassekledning og ha opp vindskeier på påbygget. Etterpå blir det å begynne på taket. Ta med en hammer og kom!

Biletet: Åge på laurdag, med ansvar for musebanda som er nedst på utsida. Åge passar dermed på at musene på øya ikkje får fritt tilgjenge til klubbens nye lokaler ;)

søndag 9. januar 2011

Treningar denne veka

Faste treningstider no i vinter ligg i menyen her på bloggen:

Måndagar
Kl 20 på Skarbøvik stadion
Kl 2045 inne på Austnes

Onsdagar
Kl 1730-19 inne på Austnes

Fredagar
Kl 1830-20 inne på Austnes

Slik blir det også komande veke, altså med sjanse for kamp på laurdag mot Harøy.

Kanskje innekamp laurdag

Det kan bli Harøy-tur og ny inspisering av IP Huse-hallen på laurdag. Her Michael i godt driv i denne hallen februar 2010.

HaNo skal muligens spele mot Harøy i IP Huse-hallen komande laurdag (15. jan). Harøy IL sjekkar opp om både ledig kapasitet i hallen og om dei har folk. Det ligg sikkert ute her i bloggen om dette på tysdag.

(Dvs at det vi antyda med trening/bading går ut pga at det ikkje er ledig i IP Huse-hallen før litt ut på laurdagen.)

Samleside for 2010

Her i bloggen har eg rydda litt i menyane. Dette innlegget her blir ein link på høgresida i menyen som blir ei samleside for sesongen 2010.

Trenar: Odd Einar Molnes
Ass. trenar: Kenneth Hansen
Oppmann: Frank Rogne
Oppmann 7-arlag: Steven Saure

Årsmelding herrelaget 2010 (kjem link seinare)
- litt om sesongen
- mange statistikkar (toppskårar, kampar, stjernebørs m.m.)
- adelskalender herrelaget pr 31.12.10

Treningskampar 2010
14.jan NORBORG 2-11
3. feb ELLINGSØY 6-4
10.feb EMBLEM 3-1
6.mars LEPSØY 4-3
10.mars RAVN 2-3
18.mars BRATTVÅG 2-11
25.mars MSIL 0-5
30.mars internkamp
5.april HARØY 5-1
Aktivitetsplan vår 2010


Seriekampar 2010
(HaNo-mål først)
Vår
Ons 14.4 Lepsøy (h) 2-1
Ons 21.4 Hessa (b) 1-5
Fre 30.4 Harøy (h) 2-6
Laur 8.5 Stranda2 (h) 3-2
Ons 12.5 Giske (b) 4-2
Tys 18.5 Emblem (h) 3-4
Ons 26.5 Brattv.2 (b) 2-1
Ons 2.6 Aksla (h) 5-0
Fre 18.6 Ravn (h) 2-1
Ons 23.6 MSIL (b) 1-2
Laur 26.6 Stordal (b) 2-5
Ons 30.6 Lepsøy (b) 0-3
Haust
Ons 11.8 Harøy (b) 2-4
Laur 14.8 Stranda2 (b) 4-2
Ons 25.8 Giske (h) 1-0
Ons 1.9 Emblem (b) 1-6
Laur 4.9 Hessa (h) 2-6
Ons 15.9 Aksla (b) 2-2
Laur 25.9 Stordal (h) 2-3
Ons 29.9 Ravn (b) 0-2
Søn 10.10 MSIL (h) 0-2

7-arkampar
(HaNo-mål først)
Vår
4.5 Norborg H 4-4
11.5 Sykkylv. B 2-8
20.5 Skodje H 7-4
27.5 Brattv. B 1-9
14.5 Vigra B 6-5
22.5 Norborg B 3-20
Haust
17.8 Godøy 11-11
24.8 Sykkylven 4-10
31.8 Skodje B 1-7
6.9 Brattvåg H 1-7
20.9 Godøy B 10-3
30.9 Vigra H 3-5

Tabellen 7-ar

torsdag 6. januar 2011

Trening på Siffen måndagar kl 20

HaNo FK er i ferd med å gå inn ein avtale med Skarbøvik IF om leige av kunstgrasbane kvar måndag fram til påske kl 20-2130.

Første økt er førstkomande måndag! Lepsøy IL blir kontakta for eit samarbeid, slik det har vore før. Dette vil føre til bra oppmøte og gode treningar. Lars leier øktene no i starten i alle fall(og Vegard dersom han er i byen). Parallelt med måndagstreningane i byen blir det trening på Austnes kl 2100.

onsdag 5. januar 2011

Aktivitetskalenderen tek form

Det er fleire som engasjerer seg for å bidra inn mot herrelaget om dagen. Den første treningskampen er avtalt (16. feb mot Norborg). Fleire kjem inn etterkvart. Med hallopning rundt 1. mars vil vi også prøve å få til eit par økter på kunstgras før den tid.

Nokre av desse øktene blir med impulsar frå andre trenarkapasitetar utanfor HaNo FK sine rekkjer. hanoherre.blogspot.com kjem tilbake med meir informasjon om dette etterkvart. Det vil sikkert også bli nemnt noko om dette på treninga fredag.

Kan også nemne at det blir aktivitetsleiarkurs i Nordøyhallen. Dette går over to dagar (ei helg), og sannsynleg dato er 2.-3. april. Der er det store mulegheiter for å vere med. Kanskje går du med ein trenar i magen, og kanskje allereie i år vil bidra inn mot eit av yngreslaga våre ?

tirsdag 4. januar 2011

Trening fredag kl 1830

Det blir herretrening i Austnes gymsal førstkomande fredag kl 1830-2000.

Treningstider og ein treningsplan for januar blir etterkvart å finne her på hanoherre.blogspot.com. I menyen til høgre finn du det ein veit i tida framover av treningar. Vel møtt!

Om du ikkje kan kome på trening, meld forfall til Vegard på 97 98 04 75.

SFK snur: Likevel ikkje 6. div i 2011

Sunnmøre fotballkrets sitt kretsstyre har snudd, og har funne smutthol i Kretstingvedtaket frå hausten 2010.
- NFF anbefaler ikkje å bryte med tradisjon og sedvane, heiter det i vedtaket til Kretsstyret.

Dermed er det følgjande opp- og nedrykksreglar som ligg til grunn for inneverande sesong, henta frå SFK sine nettsider:
- To lag skal rykke opp fra årets 5. divisjon til 4. divisjon for sesongen 2012.
- Antall lag som rykker ned fra årets 4. divisjon er blant annet avhengig av hvor mange sunnmørslag som evt. rykker ned fra 3. divisjon (etter samme prinsipp som ned fra 2. div. tidligere). Dersom ingen sunnmørslag rykker ned fra 3. divisjon, vil bare ett lag rykke ned fra 4. til 5. divisjon.
- 5. divisjon 2012 skal bestå av 10 lag som spiller dobbel serie.
- De øvrige lagene plasseres i 6. divisjon.

Dermed har Sunnmøre fotballkrets igjen greidd å skape oppstyr rundt divisjonsoppsettet på Sunnmøre. Frå HaNo si side hadde ein ikkje oppmøte på Kretstinget, og hadde heller ikkje ekstreme ønsker om det eine eller andre i denne saka. Men ein må berre legge merke til at slik var forslaget frå Hareid IL si side (henta frå Skodjebloggen).

Då veit vi at for HaNo sin del, så blir det å vere deltakande lag i ei av sannsynlegvis tre avdelingar i år, med opp- og nedrykk først etter haustsesongen. HaNo må då bli mellom dei tre-fire beste i si avdeling for å kunne halde fram i 5. divisjon i 2012.

mandag 3. januar 2011

Lars og Vegard midlertidig trenarar

Lars Åkre og Vegard Halkjelsvik tar ansvar no i januar og leiar treningane til herrelaget. Lars skal arbeide i 2 veker jobb, 4 veker fri-ordning framover, og har sjanse til å bidra meir enn på nokre sesongar. Han er gira på å gjere ein jobb for klubben i lyseblått. Vegard går på skule i Ålesund, og svarte altså positivt då SUS spurte om han ville ta på seg å leie treningar no i starten.

HaNo FK syns dette er ei god løysing i januar månad, og takkar dei to for å ta på seg dette no i starten av oppkøyringa. Sportsleg Utval Senior arbeider parallelt med å få til impulssamlingar med andre eksterne kapasitetar framover vintersesongen. Ein aktuell kandidat til å bidra som har vore nemnt tidlegare er ikkje ute av biletet, men treng litt meir tid på å svare.

Det blir i skrivande stund arbeidd med både treningstider inne i gymsalane her ute, samt treningstid på Skarbøvik stadion (ein gong i veka fram til påske). Det blir aller mest sannsynleg innetrening førstkomande fredag. Vi kjem tilbake til tid og stad om ikkje lenge :)

søndag 2. januar 2011

Første trening 2011

Første trening sesongen 2011 er unnagjort i gymsalen på Austnes i dag 2. januar. Ca 20 mann var på spelarmøte. Av desse nokre ferierande HaNo-menn som vi forhåpentlegvis gjer oss nytte av i sommar. Nokre av dei eldre vil nok forhandle seg fram til såkalla "familiekontrakter". Kenneth U, Ivar, Per Jarle, Odd Einar og Per Kristian utgjorde pensjonistgruppa på møtet. Åge, Demir, Kristian, Vegard er dei i mellomaldersjiktet som blir megaviktig. Elles svært gledeleg å sjå så mange unge, svoltne fotballspelarar på plass!! Det er som det blei sagt, desse vi skal vere med på å bygge opp ikkje berre i år, men i framtidas HaNo.

Så får dei komande vekene og månadane si oppkøyring vise om vi ser resultat allereie i årets sesong. Det skal nemlig kjempast om å halde seg i divisjonen allereie i vårsesongen.

Trenarspørsmålet for herrelaget er ikkje avklart. Vegard Halkjelsvik (som var sjuk i dag) har sagt seg villig til å leie treningane til noko permanent er avklart. Veldig positivt for laget!


Håkon er ein av mange unge som satsar på HaNo-spel sesongen 2011. Her i aksjon mot Giske i fjor.

Rekordantall rette i siste runde

Det blei Lars Å, Lars U, Kenneth U og Oddmund som gjekk til semifinale i PL-tippen. Men det var langt i frå utan dramatikk. Odd Einar klinte til med 8 rette i siste runde, men Oddmund svarte med 7 og strauk ein 3-arrunde. Dermed blei det uforandra i topp4, og dei tippar semifinale neste helg (15. januar).

Her er dei 9 som tippa mest og best:

Kenneth Ulla 53
Lars Åkre 53
Lars Ulla 53
Oddmund D Otterlei 52
Odd Einar Molnes 51
Frank Dalhaug 50
Kent Inge Klokk 49
Per-Kristian Klokk 48
Jan Egil Ulla 47

Denne runden var rekordgod med få favorittfall på kupongen. Odd E spanderte ein u på Chelski-Villa, mend dei som hadde 7 rette satsa på Newcastle-siger borte mot Wigan:

Odd Einar Molnes 8
Kenneth Ulla 7
Per-Kristian Klokk 7
Oddmund D Otterlei 7
Kent Inge Klokk 6
Lars Åkre 6
Frank Dalhaug 6
Lars Ulla 6
Jan Egil Ulla 5

Onsdag blir semikupongen lagt ut. Då er det berre dei som får tippe.