fredag 27. november 2009

3 kampar avtalt

Nokre av trenigskampane er blitt plotta inn, og fleire kjem til med det første sannsynlegvis.

Torsdag 14. januar: Norborg-HaNo
Laurdag 30. januar: Ellingsøy-HaNo
Fredag 19. februar: MSIL-HaNo.

Kristian prøvde ut innsidepasningsfoten på Ellingsøya i mars i 2009 også. 30.januar blir det nytt møte mellom 4. divisjonslaget Ellingsøy og HaNo.

onsdag 25. november 2009

Trening fredag kl 1750

Det er ikkje ledig likevel kl 20 på onsdagar (badminton fram til kl 2030). Så då satsar vi på trening fredagar kl 1750-1930 på Austnes innandørs fram til jul. Høve til å bruke garderobe. Spre ordet, første trening er no fredag 27. nov!

tirsdag 24. november 2009

Innetreningar onsdag eller fredag?

Vi tenkte å ha ei trening i veka inne før jul. For herrelaget og dei eldste på gutelaget (10.klassingane). Salen på Austnes er ikkje ledig kl 1715 på onsdagar no før jul. Det vil seie at alternativa er
- onsdag kl 20 eller
- fredag kl 1750.

Kva meiner du passar best? Legg at svar under kommentarar dersom du meiner noko om dette. Eller stem i pollen til høgre:)

mandag 23. november 2009

PL-høgdepunkt

For fotballfans er det ikkje alltid like greitt å få med seg måla frå Premier League med alle dagens TV-rettigheiter. Men abctv.no viser alle høgdepunkt frå Premier League. Ligg no på favorittar i bloggen her.

Stjernebørsen 2009

Her er stjernene frå dei 19 kampane med serie og kvalik i år:

Asgeir Nogva 30
Jan Egil Ulla 27
Michael Austnes 14
Cato Longva 12
Lars Petter Haram 6
Vegard Halkjelsvik 6
Kristian Kalvøy 4
Vebjørn Steen 3
Kenneth Ulla 3
Åge Flem Ulla 2
Lasse Buch 2
Henrik Åkre 2
Jonas Longva 1
Lars Åkre 1
Stig Erik Nogva 1

søndag 22. november 2009

Årets råtass

Gule kort 2009 (serie+playoff) på HaNo FK viser ein tabell der vi ikkje akkurat framstår som grisar. Thierry Henry passar ikkje inn i vårt lag. Her har vi tre av "syndarane". Ein headdande Per Jarle, observerande Kenneth og ein joggande Jan Egil.

Michael Austnes 3
Kenneth Ulla 1
Demir Haram 1
Cato Longva 1
Lars Petter Haram 1
Per J Fjørtoft 1
Stig Frode Longva 1
Jan Egil Ulla 1

fredag 20. november 2009

Kva med denne?

Debattinnlegg nummer 21 på stordal.nu sin sak om 5. divisjon var kanskje ikkje dum. Den er skrive av Hareid IL sin Einar Orten Trovåg. Her er utklippet:

"Eg meiner at krinsen no bør gjere følgjande dei to neste åra for å betre tilhøva for lågdivisjonane: 2010: Vår: Tre avdelingar etter geografisk oppdeling, som i år. Dei tre beste i kvar avdeling går til 5. divisjon haust. Dei øvrige laga går til 6. divisjon haust, oppdelt i to geografiske avdelingar, evt tre om det er interesse for det. Dei tre beste i 5. divisjon haust rykker opp, vinnaren blir krinsmeister. Spelar enkel serie. I 6. divisjon spelar ein enkel eller dobbel serie alt etter ønske og talet på laget i kvar avdeling. Vinnarane av dei to eller evt. tre avdelingane møtest til kampen om KM-tittelen i 6. div til slutt.

2011: Dei tre som rykker ned frå 4.-divisjon, lag 4 til 9 i 5. divisjon haust + avdelingsvinnarane i 6. divisjon frå året før utgjer 5. DIVISJON. Øvrige lag utgjer 6. divisjon, geografisk oppdelt i så mange avdelingar som det passar.

Og så er alt tilbake til det gamle igjen...

Eg trur dette er måten å gjere det på for å auke interessa for seniorfotball. Kamptilbodet blir betre for dei som ikkje er gode nok for 4. divisjon men for gode til å møte krinsens svakaste og minst satsande lag, i år for eksempel Stordal, MSIL, Tjørvåg, HaNo...

6. divisjon kan igjen bli ein "bondeliga" og opne for at mindre satsande lag som Gjerdsvika, Flø, Haddal, Giske, Lepsøy etc kan spele på sitt nivå mot passande motstand. Eit slik system eg presenterer gir også håp om at gamle klassikarar som Moltu, Brandal, Hjørungavåg, Hundeivik, Sandsøy, Rovde, Mork, Håheim, Åsestranda, NEG, Brusdalen og Fjørtoft kan gjere comeback i 11-arfotballen."

torsdag 19. november 2009

Toppskårarlista

Stig Frode skåra tre mål i vår, men stoppa på det i ein skadeforfulgt sesong. Våre 67 mål i serie og playoff blei fordelt slik

Jan Egil Ulla 16
Kenneth Ulla 11
Lars Petter Haram 11
Per J Fjørtoft 7
Asgeir Nogva 5
Michael Austnes 3
Cato Longva 3
Vegard Halkjelsvik 3
Stig Frode Longva 3
Åge Flem Ulla 2
Jonas Longva 1
Lars Åkre 1
Stig Erik Nogva 1

Kampar 2009

Takka vere at eg gifta meg er her ein statistikk som Mikke ikkje vann;) Cato spelte samtlige HaNo-kampar i 2009. 36 mann tredde på seg den blå trøya i løpet av sesongen, somme av dei 1-3 kampar berre på Fjørtofta på Øyacup. Her er lista:

Cato Longva 32
Vegard Halkjelsvik 31
Lars Petter Haram 30
Michael Austnes 29
Kristian Kalvøy 27
Jan Egil Ulla 27
Åge Flem Ulla 26
Kenneth Ulla 23
Asgeir Nogva 23
Kent Inge Klokk 23
Demir Haram 22
Jonas Longva 19
Per J Fjørtoft 19
Stig Frode Longva 19
Henrik Åkre 17
Vebjørn Steen 16
Dag Peter Olsen 15
Ove Otterlei 14
Lars Åkre 12
Odd Einar Molnes 10
Per Kris Klokk 9
Lasse Buch 8
Alexander Eide 6
Stian Haram 4
Sondre Steen 4
Preben Lorgen 3
Richard Hansen 3
Even Vestavik 3
Håkon Inge Haram 3
Øystein Bergheim 2
Ole Lennart Vassbotn 2
Andreas Fjørtoft 2
Stig Erik Nogva 2
Junior Da Silva 2
Erlend Coates 1
Magnus Buner 1

onsdag 18. november 2009

Mikke mest- tett bak han!

Litt oppsummering frå 2009 vil følgje no framover. Første statistikk ut er denne, med antall minutt spelt i serie og playoff (14+5 kampar). 26 mann har vore på bana. Ganske sensasjonelt tett mellom plassane 2-6!!

1 Michael Austnes 1705
2 Cato Longva 1568
3 Lars Petter Haram 1558
4 Kenneth Ulla 1550
5 Asgeir Nogva 1550
6 Jan Egil Ulla 1545
7 Vegard Halkjelsvik 1180
8 Henrik Åkre 1170
9 Åge Flem Ulla 1010
10 Vebjørn Steen 755
11 Per J Fjørtoft 740
12 Kristian Kalvøy 720
13 Jonas Longva 620
14 Per Kris Klokk 615
15 Dag Peter Olsen 520
16 Stig Frode Longva 390
17 Lasse Buch 360
18 Lars Åkre 285
19 Ove Otterlei 260
20 Kent Inge Klokk 215
21 Sondre Steen 130
22 Stig Erik Nogva 115
23 Demir Haram 110
24 Øystein Bergheim 90
25 Stian Haram 80
26 Odd Einar Molnes 67

Debatten om 5.div held fram

stordal.nu sin John Øie har også si evaluering av 5. divisjon 2009. Innlegga i kommentarfeltet er mange og varierande. Stikkord er toarlag, antall kampar, Sunnmøre fotballkrets sine grep, korleis dele inn i avdelingar, kvalik og mykje meir. Les meir her

onsdag 11. november 2009

Spelarmøte fredag 20.november

Melding frå SUS: Det blir spelarmøte fredag 20.november for herrelaget til HaNo. I samband med dette satsar vi også på å trene på grusbana etterpå.

Møte kl 1730 på Austnes, klasserom. Tema er sesongen 2010. Alle som har spelt i 2009, og alle som har tenkt å spele i 2010 skal møte! Om du av ein eller annan grunn ikkje kan møte, så må du sende ei tekstmelding til Odd Einar og seie frå om det.

Trening etterpå, ca kl 1820. Dette for å ha ei økt med fotball sidan sist:)

mandag 9. november 2009

Klubben i ditt hjerte

Her kan du ta del i den årlege avstemminga av "Klubben i ditt hjerte" på dagbladet.no. Klikk på denne, og stem på HaNo!!

Konkurranse!!

3 spørsmål, henta frå året som gjekk. Legg inn svar på "kommentarar", og den som først får tre rette har vunne.
Premie: Du får lage 3 nye spørsmål i ein konkurranse som eg legg ut på bloggen.
PS! Det treng ikkje å vere HaNo-relaterte spørsmål!

Spørsmåla er slik:
1. Nemn dei tre spelarane som har spelt mest (antall minutt) i serie og playoff i 2009!
2. Kven er årets råtass? (Mest gule serie og playoff i 2009)
3. Det er to spelarar som har blitt tremåls-skårar i ein kamp (serie og playoff i 2009). Kven er desse to?

Lykke til!

Ny stor-runde for Lars

Lars er i tippeform. På PL-mesteren denne runden klinte han til med ein ny 11-ar, og gjekk opp på 6.plass i samandraget. Applaus!

tirsdag 3. november 2009

Kvalik eller ikkje syns du?

Sesongen 2009 på Sunnmøre blir definitivt over etter søndagens cupfinale. Men no er alle seriar og kvalikar over. Nokon gjekk ned, nokon opp.
MSIL er skuffa så klart. Statistikken deira med 18 sigrar, 2 uavgjorte og 1 tap gjennom heile sesongen talar for seg sjølv. Ei tragisk, men fin og oppmuntrande betraktning, kan du lese frå MSIL sin Vegard Eikrem her.


Eitt lag frå kvar avdeling gjekk opp, men ikkje avdelingsvinnarane HaNo og MSIL. Diskusjonen om kvaliken er på sin plass eller ikkje blussar opp att sjølvsagt. Det var i alle fall 6 jamne og gode lag som møttest, og då meiner mange det berre er å sende opp avdelingsvinnarane. På ei side kan ein vel sjå på resultata og seie at skilnaden mellom laga på Søre var større. Eit moment her er at GuLars hadde tre tap i ein middels vårsesong, eitt mot Tjørvåg etter ferien før dei fekk tilbake spelarane sine. Med Sætre Hauge og brørne Gunnarstein frå Hareid, og også Leiv Sindre Muren (Bergsøy) og Preben Sætre (Hødd) gjorde dei reint bord i serien og tok 10 fortente poeng i Playoff.

Vi er skuffa over å ikkje rykke opp sjølv, og eg registrerer at enkelte er skuffa over at avdelingsvinnarane ikkje berre rykte direkte opp. Vår skribent på HaNo-sida inkludert. Det er jo greit nok, men vi har jo visst dette i heile år, og personleg syns eg ikkje det passa å ha med det i det siste kampreferatet. Men det er jo ein journalist si meining, og ikkje nokon spelar eller trenar eller nokon i sportsleg utval i HaNo som seier det. Så dermed blir det jo ikkje "grinete" frå vår si side heller, sånn sett. For at det blei to beste i kvalik har vi jo visst sidan februar, og då gjeld det å vere best når det gjeld, og det må vi berre innsjå at vi ikkje var.

Etter det eg skjønar blir 5. div-opplegget likt også neste år. "Problemet" er jo antall lag. I år var det 27 lag opphavleg, og så kjem problemet med inndelinga. Det er for lite med to avdelingar, og for mykje lag til 3 avdelingar eigentleg. SFK delte inn i lag, og då kom Blindheim2 og ropte "feige lag" på direkten og gjekk ut av bana. Barnsleg, men kva kan SFK gjere med det? Kraftig bot etter mi meining. Kan ikkje melde på eit lag, og deretter melde seg av pga misnøye med inndelinga. Hareid2 sameleis, dei vil ikkje reise over fjorden alle kampar medan kameratane spelte synnom fjorden. Dei fekk vilja si, og dermed 10 lag på Søre. Aksla kom seinare inn, og spelte i avdeling 2. Å spele 14 kampar som vår avdeling gjorde, kan vi i alle fall ikkje gå med på.
Ein ting er sikkert: Ramaskrik og påstandar om feige lag, teit inndeling osb kjem garantert opp også neste vinter. Det blir spennande å sjå kven som melder seg, og melder seg av. Og eit anna spenningsmoment er om Giske, som forkjempar for den nye ordninga, greier å stille lag til avtalt tid..?
Om du skulle bestemt, korleis hadde du ville lagt opp 5. divisjon? Legg att di ytring under "kommentarar".

mandag 2. november 2009

Aafk 2 til 2. divisjon

Aafk2 knuste Træff måndag kveld, og rykkjer opp i 2. divisjon. Det skaper også jubel på Hareid og Vartdal, som beheld sine plassar i 3. og 4. divisjon.

Lars på 11.plass

I konkurransen Premier League-mesteren på Norsk Tipping sine sider ligg Lars Åkre på ein sensasjonell 11. plass totalt mellom fleire tusen deltakarar. Godt gjort! Medan vi andre har gløymt å tippa nokre rundar, og kjem svært sterkt attende når vi får begynne å stryke rundar, så kan han nyte tilværet heilt på toppen med sine 100 poeng. Leiaren har 102, så det er sjanse om å avansere også. Kent "bowlingkulå" Klokk med sine 95 poeng innehar ein 210. plass i samandraget.
HaNo herrelag ligg på ein akseptabel 32.plass som lag. Der skal vi vel klatre opp til topp20 om ikkje lenge vil eg tru.

søndag 1. november 2009

Takk for i år!

Stor skuffelse kampen i går synest vi alle. Verken marginane med, eller dyktig nok i ganske mange fasar av spelet. Men innsatsen var bra, og då må vi berre bruke vinteren til å bli betre skodd til sesongen 2010.

Bra frammøte på begge HaNo-festane i går, og det er bra. Bra jobb av festarrangørane, som gjorde det til ein kjekk kveld:) Ikkje berre mat og drikke, men levande musikk, og eit passande og uhøgtidleg program som slo meget godt an!
Gratulerer til Kristian og Jan Egil for prisar, og eg kunne godt tenke meg å dele ut ein pris til alle. FOR GOD INNSATS OG HALDNINGAR I 2009!! Eg tør å påstå at vi har blitt betre på ein del område.

Vi skal ta ei skikkeleg evaluering på eit spelarmøte om eit par vekers tid, der også sesongen 2010 blir tema. Eg har munnleg sagt ja til SUS om å stille ein mann til disp også neste år. Håper at alle spelarane som var med i år går på ein ny sesong!