onsdag 28. oktober 2009

Ellingsøy-Skodje 4-3

Ellingsøy inntok dermed tredjeplassen på tabellen, og kjem til Nordøy på laurdag med sjølvtillit i bagen. Fire ulike målskårarar sørga for 4-2 leiing fram til det 80.minutt. Ei Skodje-redusering gjorde det spennande, men det heldt for Ellingsøy. Skodje, Ellingsøy og HaNo har 6 poeng, MSIL 7 og GuLars 9 før thrilleravslutninga på laurdag.

Elles er også avdelinga vår i 5. divisjon ferdigspelt. Lepsøy slo Giske 6-3 på laurdag, og enda med 20 poeng når slutt-tabellen der blir oppdatert.

Ingen kommentarer: