torsdag 30. september 2010

Tap i siste seriekamp for 7-arlaget

HaNo-Vigra 3-5 (1-1)
Mål HaNo: Stig Frode Longva 2, Vegard Halkjelsvik.

HaNo låg under 0-1 rett før pause, men Stig Frode utlikna rett før pausesignalet frå den glimrande dommaren :)

Pausepraten gjorde godt, for HaNo pangopna omgangen med to mål av Vegard og Stig Frode igjen. Men Vigra svarte, og kom kjapt opp att til 3-3. Seinare skåra dei gule to til, og dermed enda Vigra på 4. plass på tabellen framfor HaNo.

Godøy og Skodje endar attom HaNo på tabellen, i alle fall om Godøy ikkje slår Brattvåg i den einaste kampen som ikkje er spelt i årets serie.

Litt HaNo-statistikk for 7-arlaget:
12 kampar- 3 sigrar, 2 uavgjort og 7 tap. Faktisk to triumfar borte, og berre ein heime.
50-88 i målskilnad.

Her kan du sjå litt meir frå kampane (ligg fast i menyen)
Vår
4.5 Norborg H 4-4
11.5 Sykkylv. B 2-8
20.5 Skodje H 7-4
27.5 Brattv. B 1-9
14.5 Vigra B 6-5
22.5 Norborg B 3-20
Haust
17.8 Godøy 11-11
24.8 Sykkylven 4-10
31.8 Skodje B 1-7
6.9 Brattvåg H 1-7
20.9 Godøy B 10-3
30.9 Vigra H 3-5

Fortærande

Stopparane Per Kristian og Michael rydda godt i går, som akkurat her også mot Hessa. Men dessverre måtte vi sjå to bak oss på slutten, etter sjansesløseri i stor skal gjennom dei første 75 minutta.

Eller kva andre ord skal vi bruke om kampen i går. Vi blir skulda for lange ballar både på Stordal og Ravn si nettside. I går hadde Ravn rett, og vi skapte svært mange farlegheiter med det. Furnes traff med pasningane, og spesielt Cato var villig på alle løp. Berre så synd unge Longva ikkje hadde dagen framfor mål. Vi varierte også litt med kantspel og kortare pasningar innimellom, som gjorde oss uforutsigbare og farlege kvar gong vi angreip. Er eigentleg veldig godt nøgd med førsteomgangen spesielt, og det var forb..... å ikkje reise frå Eidet med poeng i går!!!

Ravn jobba godt, og skapte også sine sjansar, og greidde då til slutt å putte mot oss.

No har vi MSIL att. Dei kjem på besøk neste søndag. Dei feirer endå og er jo ikkje edru til den tid:) , men flyt nok godt på ei godkjensle inn mot Krinsmeisterskap-kampane dei skal ut i etterpå. Motstandar ser ut til å bli Hovdebygda, som slo Sunnylven 2-3 på Hellesylt i går. Då treng Bøgda berre uavgjort i siste kamp mot Sæbø heime. Åheim har vore knallsterk i det siste, og slo nettopp Hovdebygda 7-0 for noko sida, men med sigeren på Hellesylt i går la nok Ørsta-laget grunnlaget for comeback i 4. divisjon etter berre ein sesong i 5.

Endringar treningar

I morgon fredag trenar vi kl 1750-1930 på Nordøy, ikkje kl 17 som det har stått tidlegare. Dette for at folk må rekke og kome seg heim att.

Neste veke hadde eg eigentleg sett opp måndag og fredag, med eigentrening onsdag. Men måndagar er ein veldig dårleg dag om dagen, så vi må diskutere på treninga i morgon om vi køyrer fellestrening onsdag og fredag i staden.

onsdag 29. september 2010

Runden denne veka

Demir, her med eit nytt blinkskot frå Hessa-kampen, tatt av vår faste fotograf Sybell, blir ikkje å sjå mot Ravn i kveld. Han har blitt sjuk. Dermed blir det andre kamp på rad utan å vere med for Demir, som har absolutt alle kampane (treningskampar, seriekampar, øyacup) før dei to siste no. Alle frå start, bortsett frå mot nettopp Ravn heime i juni.

Runden denne veka er slik (med tips i parantes) :
måndag 27.09.2010 18:30 MSIL-Harøy 4-0
onsdag 29.09.2010 17:00 Giske-Stordal (B)
onsdag 29.09.2010 18:30 Aksla-Emblem (B)
onsdag 29.09.2010 18:30 Ravn-HaNo (Sikker B!!)
lørdag 02.10.2010 15:00 Lepsøy-Hessa (H)

7-arkamp på torsdag

Til alle som er med på kamp i dag: Tenk over om du har høve til å vere med på 7-arkamp på torsdag, heime mot Vigra. Då kan vi planlegge innbytte etter det, etter modell frå Aksla sist.

tirsdag 28. september 2010

Trenaren med død telefon

Odd E har ikkje telefon som er i funksjon i dag, og det verkar som om Tele2 treng x antall virkedagar på å fikse problemet. Så dersom det er noko spesielt ang kampen, så ring heimenr mitt, 70 21 37 73, eller send ein sms til Hansen i staden.

mandag 27. september 2010

MSIL er klar for 4. divisjon

MSIL slo Harøy med 4-0 i kveld, og då er det ingen som kan passere Sula-laget. Vi gratulerer med fortent opprykk, etter at dei har vunne 17 kampar, spelt ein uavgjort og tapt ein kamp.

Tropp Ravn

HaNo stiller med desse i kampen mot Ravn:

Henrik Åkre
Sindre Longva
Preben Lorgen
Dag Peter Olsen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Per Kristian Klokk
Vegard Halkjelsvik
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Saure
Odd Einar Molnes
Kristian Furnes
Per Jarle Fjørtoft
Stig Frode Longva
Håkon Haram

Oppmøte kl 1730, kampstart 1830. Reiser kl 1635 frå Haramsøya. Retur 2120 frå Skjeltene. Dvs Mikke rekk mat på Mixen. Alle som er med i troppa må sende Odd Einar ei melding innan i kveld kvar du kjem frå før, og kor du skal etter kampen slik Frank får orge køyring frå øya.

Dommar i oppgjeret er Jan Erik Myklebust, Åmdal IL.

Treninga måndag avlyst

Med 13 forfall, dei aller fleste kom i god tid skal seiast, så blir vi ca 4-5 på trening i dag. Velge då å avlyse. Alle køyrer eigentrening i dag på eitt eller anna vis. Vi treng ei økt før kampen på onsdag. Info om tropp og køyring og slikt kjem seinare måndag kveld på sms, og her i bloggen.

søndag 26. september 2010

Framleis sjanse å passere Ravn

HaNo og Ravn har spelt tette kampar dei siste gongane, og på onsdag reiser vi til Vatneeidet med håp om å passere kvittrøyene på tabellen. Runden i helga blei slik:

HaNo-Stordal 2-3.
Lepsøy-Stranda2 3-0. Magnus Seth med hattrick for heimelaget, alle mål i andre omgang sørgja for lagets femte heimesiger i år.
Giske-Aksla 5-1.
Harøy-Ravn 4-2. John Andreas Husøy 2, Stian Harnes og Rolf Borgan for Harøy.

fredag 24. september 2010

Ingen 6. divisjon i 2011

LP og HaNo spelar i 5. divisjon neste år, mest sannsynleg i ei av tre avdelingar. Bent Erik Sørheller og MSIL spelar 90 % sikkert i 4. divisjon.

Stort oppslag i Sunnmørsposten i dag om vonbrotne 3. og 4. divisjonslag som lurer på kvar dei skal ende på tabellen for å vere sikker på ståplass i divisjon. Journalist og Skodjespelar Eirik Hjelvik har gått saka i saumane, og dermed måtte også Sunnmøre fotballkrets prøve å klargjere kva det er som skjer. Kort sagt er det fleire usikre moment som gjer at det er usikkert kva tabellposisjon som er sikker ståplass for eit lag å halde seg. Vigra og Erlend Holm har i alle fall oppdaga galskapen, og må risikere å køyre over brua og møte Giske i den eine av dei tre avdelingane i 5. divisjon 2011...

I same artikkel stadfestar dagleg leiar i kretsen at det ikkje blir nokon 6. divisjon allereie i 2011. Det vil seie at spekulasjonar som mellom andre stordal.nu har kome med om at det er viktig å kome på 4. plass i år for å halde seg i 5. divisjon neste år, ikkje er noko hald i. Logisk nok, sidan ein ikkje kan kome med premissane for sesongen 2010 i etterkant. hanoherre.blogspot.com håper at kretsstyret kjem med gode framlegg til haustens Kretsting, der oppretting av 6. divisjon 2012 er eitt av alternativa.
Det kan mellom anna føre til ein spennande sesong neste år, der det gjeld for HaNo å kome mellom dei 3-4 beste i avdelinga for å kvalifisere seg for 5. divisjon 2012!

Runde laurdag

Heile 4 kampar blir spelt i morgon:
HaNo-Stordal
Harøy-Ravn
Giske-Aksla
Lepsøy-Stranda2

Legg også merke til at Harøy reiser til Mauseidvågen allereie på måndag (to dagar etter deira førre kamp). Her kan altså MSIL sprette champagnen med siger over dei mørkeblå.

Tropp Stordal

Hektisk: Håkon spelte 7-arkamp tysdag, gutekamp i dag, og er med i troppa til morgondagens kamp mot Stordal. Kva er det eigentleg Giske-spelaren prøver på her ? :)

HaNo stiller ein stor tropp til kampen mot Stordal. Fleire frå gutelaget er med, sjølv om dei også spelar kamp i dag borte mot Ellingsøy. Lars Petter er også i troppa for første gong sidan 23. juni etter ferie og sjukdom.

Henrik Åkre
Sindre Longva
Preben Lorgen
Dag Peter Olsen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Per Kristian Klokk
Vegard Halkjelsvik
Olve Steen
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Saure
Odd Einar Molnes
Kristian Furnes
Stig Frode Longva
Robin Vindsnes Haram
Mads Uri
Håkon Haram


Veret kan også bli brukbart, om ein stolar på yr.no
Oppmøte kl 1330 på Nordøy. Dommar i oppgjeret er Magne J. Krumsvik, som også har dømt oss tidlegare i år, t.d. i Brattvåg og på Hessa.

onsdag 22. september 2010

MSIL i praksis klar

MSIL slo Hessa heile 6-1 borte onsdag kveld, og no har nok opprykksfeiringa starta i Mauseidvågen og omegn. MSIL har heimekamp mot Harøy komande måndag, og der kan alt vere klart, både teoretisk og praktisk og slikt.. Siste MSIL-kamp er borte mot oss 10. oktober. Giske-Aksla skulle også gå i dag, men ingen resultat kome inn der.
Tre kampar laurdag:

HaNo-Stordal kl 1430 Nordøy
Harøy-Ravn
Lepsøy-Stranda2

Aktivitetar ut året


Ikkje mange øktene att av sesongen for Furnes, Vegard og resten. 5 treningar og 3 seriekampar, samt ein siste 7-arkamp mot Vigra.
Tors 23. Tren 1750-1930 Nordøy
Laur 25. Stordal 1430 Nordøy
Mån 27. Tren 1700-1830 Austnes
Ons 29. Ravn 1830 Ravn kgb
Tors 30. 7-ar Vigra H
Fre 1. Tren 1700-1830 Nordøy
Mån 4. Tren 1700-1830 Austnes
Ons 6. Eigentrening
Fre 8. Tren 1700-1830 Austnes
Søn 10. MSIL 1300 Nordøy
Håper at vi gjer det vi kan for å kome på treningane, og er motiverte for å halde oppe trøkket dei siste vekene av sesongen:)
Legg merke til at HaNo-festen skal vere laurdag 23.oktober.

tirsdag 21. september 2010

Storsiger for 7-arlaget

Godøy-HaNo 3-10 .

Årets sterkast bemanna 7-arlag gjorde god jobb på Godøya, og vann komfortabelt. Vegard spelte, og også refererte (på ekte HaNo2-vis) frå kampen. Vi åtvarar mot sterke bilete i denne saka :))

mandag 20. september 2010

Medlemskontigent og treningsavgift

Som det har vore sagt på trening frå Sportsleg Utval Senior (SUS) si side, så er det mange som ikkje har betalt medlemsavgift og treningsavgift. Desse HAR betalt: Odd E, Kenneth H., Kenneth U., Åge, Cato, Demir, Kristian K., Per Kristian, Dag Peter, Sindre.

Medlemsavgift er kr 100,- medan treningsavgift er kr 1250,-
Betal inn til kontonummer 3910.10.86325, og hugs å skrive kven som betalar:)

søndag 19. september 2010

Stordal slo Harøy- til slutt

Stordal-Harøy 4-2. Harøy, med 12 mann i Stordalen på laurdag, utlikna til 2-2 sju minutt før full tid. Stian Harnes kom åleine med keeper rett etter. Den avslutninga gjekk ikkje i mål, og i staden fekk Stordal inn to mål. 15-4 i favør heimelaget viste sjansestatistikken, i følge stordal.nu.

fredag 17. september 2010

7-arkamp tysdag

7-arkampen mot Godøy går på tysdag. Kampstart kl 18, såvidt eg har forstått. Neste fellestrening er altså ikkje før torsdag.

torsdag 16. september 2010

Jubilant med det eine og det andre!

Kristian Kalvøy jubilerer med så førskjella om dagen.
- Han har nett fylt 18
- Ny bil
- Nyst fått lappen (Og var innom Skarbøvika på onsdag:))
- Og jaggu bikka han ikkje 50 spelte HaNo-kampar mot Aksla.

Vi gratulerer med både det eine og det andre og det tredje........

Justering komande økter

Vi kuttar ut fellesøkta på tysdag, etter avtale før kampen i går. ALLE skal ha minst ei treningsøkt mellom treninga i morgon og neste torsdag. Aller helst to:)
Då blir det slik dei neste dagane:


Fre 17. Tren 1750 Nordøy
Mån 20. 7-ar Godøy borte (muligens flytta til tysdag, Steven kan sikkert bekrefte det under "kommentarar"?)
Tors 23. Tren 1750 Nordøy
Laur 25. HaNo-Stordal, 1430 Nordøy.

onsdag 15. september 2010

Sterk Ravn-siger

MSIL-Lepsøy 6-1. Lepsøy heldt 1-1 til pause, men i andre omgang var MSIL og Stian Hellevik overlegne.

Ravn-Hessa 3-2. Bra gjort av Ravn som har vakna til att etter ein heller svak periode.

Stranda2-Emblem 1-3 spelt tysdag.

Nokre tankar frå trenaren...

Litt filosofering på veg heim att i dag.
Vi låg under 1-0 til pause i litt motvind. Men mest motvind sørga vi for sjølv ved å endre innsats, moral og innstilling noko voldsomt utover i omgangen. Motgang er ein del av kvardagen i fotball, men då må vi heller tenke: Kva kan eg hjelpe laget med no for å snu dette?

Dette er det mange som må jobbe med i vårt lag. Mot slutten av første omgang, og ikkje minst på veg inn til pausen var det NM i nedpsyking av kor dårlig og rævva vi var. Dette må vi legge vekk med ein einaste gong. Ein stor uting. Vi kan ikkje gå rundt og sure, og bruke over ein halv omgang på å kome til hektene igjen.

Poenget mitt er: Til neste gong, når det buttar litt i mot, på trening eller i kamp, så spør vi i staden oss sjølv: Kva kan eg hjelpe laget med no for å snu dette?

For det er nesten rart og sjå korleis vi snur topplokket og plutselig byrjar å jobbe i andre omgang. Ein heilt annan mentalitet; vi arbeider i lag mot det same målet: Å vinne tilbake kampen som eit lag. Det gjorde vi kjempebra. Innsatsen og tonen ein heilt annan, og dette førte til poeng.

Eg vil at alle skal tenkje litt over dagens kamp. Det er nemlig frustrerande for ein som har hovudansvar for laget å sjå at vi er SÅ dårleg på det dårlegaste. Lavt botnnivå heiter det nok på fagspråket. Og at vi treng ei pause og nokre utblåsingar for å skjerpe oss. Håper at vi tenkjer over dette til neste trening og kamp:)

Treningar framover

Øktene framover ser slik ut:

I dag kamp mot Aksla kl 19, Ratvika kunstgras.
Fre 17. Tren 1750 Nordøy
Mån 20. 7-ar Godøy borte
Tys 21. Tren 1750 Austnes
Tors 23. Tren 1750 Nordøy
Laur 25. HaNo-Stordal, 1430 Nordøy.

mandag 13. september 2010

Tropp Aksla

Preben og HaNo skal kjempe om poeng på ei Ratvika-kunstgraset på onsdag.
Vi møter Aksla på onsdag, og stiller med denne 17-mannstroppa:
Henrik Åkre
Sindre Longva
Preben Lorgen
Dag Peter Olsen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Per Kristian Klokk
Vegard Halkjelsvik
Olve Steen
Cato Longva
Åge Flem Ulla
Steven Saure
Odd Einar Molnes
Kristian Furnes
Per Jarle Fjørtoft
Håkon Haram

Alle som står på lista må i løpet av tysdagen (så snart som råd) sende ein sms til meg og seie kor ein kjem frå, og skal hen etter kampen, slik Frank får orge køyringa.

Kenneth U har gitt seg i løpet av året, Lars Petter ser ut til å trenge litt tid før han blir speleklar, og Asgeir har gitt seg for denne gong. Det er noko av status før møtet med Aksla. Vi stiller likevel med 17 svoltne menn i kampen om tre poeng! Dommar er Arne Per Andersen, Aalesunds FK.

Oppmøte kl 18 i Ratvika for dei som kjem frå byen.

Sterk Stordal-siger på Hessa

Lite oppdatering i bloggen i det siste. Sidan sist har Stordal tatt ein sterk siger på Hessa. Gultrøyene leia 5-1 til pause, men sjølv ni overtidsminutt heldt ikkje for Hessa, som kun kom opp i 4-5.

I avdeling 2 er det Hovdebygda som er i førarsetet til 4. divisjonsplass 2011. Med sine 42 poeng har dei 8 poeng på Sunnylven, som rett nok berre har heimekampar att, mellom anna mot nettopp Hovdebygda. "Bøgda" har også Åheim og Tjørvåg att borte.

onsdag 8. september 2010

Lepsøy med ny heimesiger

Giske skåra tre mot Emblem på heimebane i går, men slapp inn fem. Meir her.

Lepsøy-Ravn 3-2. Rune Rønstad med to nye skåringar for Lepsøy, som plukkar mange poeng på heimebane. Pedro matchvinnar etter timen spelt.

PS! HaNo/Lepsøy sitt G16-lag har mange spelarar i sving i 5. divisjon. Håkon, Mads, Sindre med oss siste tida, medan Tore Johan Gjerde (frå start) og Pedro spelte i kveld på Lepsøy.

tirsdag 7. september 2010

7-ar: HaNo-Brattvåg 1-7

HaNo-Brattvåg 1-7 (0-4)
Mål HaNo: Michael Longva

HaNo spelte med desse: Sindre Longva, Pål Forr Austnes, Olve Steen, Jan Edu Haram, Kenneth Ulla, Odd Einar Molnes, Per Olav Sunde, Steven Saure, Robin Vindsnes Haram, Tomas Urke og Mads Uri.

Takka vere gutespelarar greidde HaNo og stille eit slagkraftig mannskap (syns vi sjølv i alle fall). Men røynde BIL-spelarar hadde roa og rutinen som heimelaget ikkje hadde. Og gode framfor mål. Dermed fullllt fortent siger. Michael Longva gjorde HaNo-comeback, og skåra på ein retur frå den meget gode Brattvåg-keeperen midt i andre omgang.

søndag 5. september 2010

MSIL eller Emblem?

Med 4 poengs forsprang på Emblem, og motstandarane Lepsøy (h), Hessa (b), Harøy (h), HaNo (b) bør MSIL greie å halde Emblem unna. Hessa og HaNo kan imidlertid stelle i stand problem, og Emblem har desse att: Giske (b), Stranda2 (b), Aksla (b) og Stordal (h)

I går vann MSIL 6-1Stranda, og Stian Hellevik putta 2, og sine mål nummer 27 og 28 i år.

Ein annan kamp oppsett søndag: Harøy-Aksla, er utsett grunna at byarane ikkje greidde å stille lag.

Stortap på HaNo-dagane

Hessa køyrte over HaNo i periodar av førsteomgangen, og leia med 4-0 til pause. HaNo kava defensivt med raske Hessa-overgangar- men om vi skal være ærlig, så sleit vi aller mest offensivt.

2. omgang var, som mot Emblem, betre. Lars og Mikke putta fine mål med hovudet, men også i andre omgang var Hessa "livsfarleg" kvar gong dei var over midten. No har vi fellestreningsfri på måndag, før vi har økter

Måndag 6. sept 7-ar HaNo-Brattvåg
Onsdag 8. sept kl 1715-1850 Austnes
Fredag 10.sept kl 1750-1930 Austnes (G16-kamp på Nordøy)
Måndag 13.sept kl 1750-1930 Austnes
Onsdag 15.sept kl 1900 Aksla-HaNo, Ratvika kgb

Dersom du har anledning å vere med på 7-arkamp måndag, så meld gjerne til Steven!!

fredag 3. september 2010

Tropp Hessa

Desse skal kjempe mot byfanten under HaNo-dagane i morgon:

Sindre Longva
Kristian Furnes
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Demir Haram
Preben Lorgen
Vegard Halkjelsvik
Åge Flem Ulla
Cato Longva
Per Jarle Fjørtoft
Asgeir Nogva
Lars Åkre
Steven Saure
Odd Einar Molnes
Kristian Kalvøy
Håkon Haram

Vi møter opp i garderoba kl 1315, SUS vil ha nokre ord med oss først. Deretter er det fokus på ein ting: Oss sjølve og vår innsats nettopp i morgon mot Hessa. Berre å gle seg!

torsdag 2. september 2010

Per Kristian 250 kampar

Kaptein Per Kristian, her i eit svært luftig svev mot Giske (trykk på biletet for større versjon) spelte sin kamp nummer 250 for HaNo mot Emblem. Ingen feiande jubileumskamp, men vi får ta det att på laurdag. Per Kristian har med dette kome opp på 22. plass på adelskalenderen i HaNo og passert Bjørn Harald Giske. Neste milepæl for P K er Inge Flem (257) og Tore Fjørtoft (264). Lett:)

Mads med seriedebut

Som venta blir det fleire seriedebutantar i desse dagar. Fleire har spela sin første seriekamp for HaNo denne sesongen, og i går det Mads Uri som spelte sin første seriekamp. Mads har trenings- og cupkampar bak seg, og har spelt totalt 6 kampar for HaNo.

Store siffer denne runden

Her set Åge inn reduseringsmålet, og revansjerte "straffesituasjonen" halvminuttet før. (Foto: Sybell)

Det var ikkje berre HaNo som fekk kjenne topplaga si målteft i går. Også Lepsøy, Ravn og Giske måtte hente litt mange ballar ut av eiga not. Resultat og rekkje ulike tabellar finn du på stordal.nu
PS! Endeleg er Emblem på nett også. http://outzide.com/ Ei førebels noko rotete side, men kjekt med alle klubbar som er på nett. Det er jo ingenting å lese om klubbfotball i desse divisjonane i avisa lenger, så supert med heimesider vi kan følge med på:)

onsdag 1. september 2010

7-ar: 1-7 mot Skodje

7-ar 31.08.10: Skodje-HaNo 7-1 (3-1)
Mål HaNo: Pål Forr Austnes

HaNo tapte 7-1 mot Skodje tysdag kveld. Pål skåra HaNo sitt mål i første omgang på Skodje si nye kunstgrasbane. Glatt føre, men elles greitt, melder Steven. Neste 7-arkamp er måndag 6. september (då har 11-arlaget eigentrening på programmet, så håper Steven får ein grei jobb med å skaffe folk her).

Melding frå HaNo-dagane-komitéen

Lars Ulla, leiar i HaNo-daganekomitéen, seier at alle seniorspelarar skal møte på Nordøy torsdag kl 1730 til opprigging av teltet til HaNo-dagane.