torsdag 29. oktober 2009

Odds på sisterunden

To dagar før skjebnekampane har vi gjennomført vår siste treningsøkt for året. Pikks (biletet) og dei hine i a-stallen hadde besøk av 6 gutespelarar i kveld, med god innsats!

Nordicbet har odds på kampane laurdag. Personleg synest eg oddsettinga i Mauseidvågen er mest overraskande.

MSIL - Gursken/Larsnes
H 2.20
U 4.75
B 2.10
Skodje - Tjørvåg
H 1.17
U 7.00
B 7.00

HaNo - Ellingsøy
H 1.90
U 5.25
B 2.35

Trening 1750

Treninga i dag torsdag er kl 1750-1930 på Austnes grus.

onsdag 28. oktober 2009

HaNo-fest kl 17

Henta frå HaNo-sida:

HaNo-fest
Laurdag 31.oktober kl 17.00 skal det vere HaNo-fest på samfunnshuset på Haramsøya. Der blir det mellom anna utdelingar av diverse diplomar og utmerkingar, og sjølvsagt blir det kiosk. Vi håper at mange har lyst å ta turen dit. Gratis inngang! Herrelaget speler sin siste og veldig avgjerande kamp kl 13.00 same dag på Nordøy stadion. Det betyr at vi får med oss begge deler!


Eg forventar at alle herrespelarar stiller på denne også, i tillegg til at eg veit at mange har meldt seg på seniorfesten på Sjøbuda kl 20 seinare på kvelden. Hugs at pokalar, årets spelar med meir, vert delt ut på HaNo-festen kl 17. Det er ikkje så stor stas å få desse viss frammøtet er lite. Så møt opp der også! Kanskje har vi noko å feire..?

Dommaroppsett

Stordal.nu har ikkje tatt ferie. På kommentar-feltet drøfter ein kvifor Kretsen har sett opp dommarar frå involverte klubbar i dei siste kampane. Rolf Eldevik (Ellingsøy) dømmer Skodje-Tjørvåg, medan Svein Rasmus Vestnes, med adresse Mauseidvåg (Men dømmer for Aafk) er assistentdommar mellom MSIL-GuLars. Odd-Arne Grande er på linja i vår kamp.

Forsåvidt einig i at dette er unødvendig. Men faktum er at desse er proffe dommarar som ikkje tar slike omsyn under kamp, og at dei heilt sikkert dømmer fair!!

Synkronbowling


Vegard og Pikks starta tysdag kveld ein ny idrett. Her er vel beviset på at synkronbowling er noko for dei!


Meir bowling

Her måtte det stein-saks-papir til for å skilje andre- og tredjeplass på dette bordet. Forøvrig ein liten dagnes-kommentar frå LP, som stadig sette att ei kjegle etter to kast:
- Vanvettig erriterænde detta "Verdens beste milkshake" so kjøm rullende over skjermin!! HEHE!!!

Henrik valgte å ta med Even frå byen- Veldig greit eigentleg, slik at vi fekk ein dårleg bowling-spelar mellom dei 18 deltakande;)
(Men når sant skal seiast var han vel på nest-best-bordet i finalerunden)

Ikkje for å nevne namn, men la oss kalla han "Superdagis", enda opp med ein poengsum som Frode kalla "godt gjort".

"Toaren" Longva tastar inn finalebordet. Med tunga...? Kent Inge og Odd E gratulerte han med sigeren etter tre rundar. Blei det utslagsgjevande...?

Ellingsøy-Skodje 4-3

Ellingsøy inntok dermed tredjeplassen på tabellen, og kjem til Nordøy på laurdag med sjølvtillit i bagen. Fire ulike målskårarar sørga for 4-2 leiing fram til det 80.minutt. Ei Skodje-redusering gjorde det spennande, men det heldt for Ellingsøy. Skodje, Ellingsøy og HaNo har 6 poeng, MSIL 7 og GuLars 9 før thrilleravslutninga på laurdag.

Elles er også avdelinga vår i 5. divisjon ferdigspelt. Lepsøy slo Giske 6-3 på laurdag, og enda med 20 poeng når slutt-tabellen der blir oppdatert.

tirsdag 27. oktober 2009

Kent Inge takla presset- og vann!

Ikkje berre var Kent Inge sjølvutnemd favoritt- Han takla presset, og let Cato "Toaren" Longva henge med ei stund, og så rykte han frå i runde 8 og ut. - Eg vil gjerne takke familien min, seier Kent Inge i ein kommentar til hanoherre.blogspot.com. Ingen tvil om at "snille" onkel Kent Inge sine bowlingrundar med Markus har lønt seg. Så då veit du det, Markus, det har ikkje vore for din del at Kent har dratt deg med eit utal gongar dei siste åra;)

Bloggen gratulerer, og diplom vert nok utdelt på treninga torsdag.

Her skaffar han seg biletprov på resultatlista på skjermen. 139 poeng i finalen. Toaren Longva med 136 fekk sølv, medan Jan Egil kapra bronsen. Etter runde 1, såg lista slik ut. Ingen tvil om at det var rett folk på finalebordet, ikkje sant Frode?!?!


Kven som fekk 4. og 5. plass hugsar eg rett og slett ikkje... Men her er finalebordet. Mykje kvalitet her, må eg seie.





mandag 26. oktober 2009

Kent Inge favoritt

Kent Inge er sjølverklært favoritt framfor bowlingen. Han nemnte faktisk på ferja i går, at han vurderte å reise inn og øve også på måndag. Vegard hevda seg sjølv også i øvre sjikt. Du kan stemme i den seriøse meiningsmålinga til høgre på sida her. Nordicbet har, uforståeleg nok, ikkje kome med odds på dette enno.

søndag 25. oktober 2009

Ein lærer stadig!

Det handlar om å takle motgang også gutar, og heldigvis var ikkje dette siste kamp for året. Laurdag mot Ellingsøy har vi ny sjanse, og vi kan vise at vi har lyst å jobbe for laget, I MOTGANG OG I MEDGANG!!

På trening tysdag får vi ta ein gjennomgang på eit par ting, før vi stikk og kosar oss med litt meir "uhøgtidleg" konkurrering: bowling!

Tysdag: 27.okt: Trening tysdag kl 1700-1830, Austnes grus. Reiser kl 1850 til Brattvågen.
Torsdag 29.okt: Trening 1750-1930, Austnes grus.

lørdag 24. oktober 2009

Hugs å stille klokka!

Påminning frå kaptein Ulla: Hugs å stille klokka. regel: Mot sommaren. Dvs ein time tilbake.

Rundens odds

Nordicbet har oddsa slik på 4.rundekampane i Playoff:

25.10 13:00 Tjørvåg - MSIL
H 5.00
U 5.50
B 1.30

25.10 14:00 Gursken/Larsnes - HaNo
H 1.42
U 5.50
B 3.75

27.10 19:00
Ellingsøy - Skodje
H 2.05
U 4.75
B 2.20

fredag 23. oktober 2009

Tropp Gursken/Larsnes

HaNo reiser til Gursken på søndag. Avreise 1030 frå Haramsøya, 1200 frå Sulesund. Kamp kl 1400. Avreise Hareid 1630, Skjeltene 1800.

Dommar i kampen er Lars Ove Sletta frå Langevåg. Grasdekke er på Gursken, ei grasbane vi gjesta for to år sidan også (viss ikkje det var tre, vi spelte i alle fall på Larsnes i fjor.)

HaNo stiller med denne 15-mannstroppa:
Henrik, Kristian, Mikke, Pikks, Vegard, Vebjørn, Odd Einar, Åge, Cato, LP, Asgeir, Jan Egil, Kenneth, Per Jarle og Kent Inge.

Då er det berre å førebu seg godt! Ta med mat og drikke.

onsdag 21. oktober 2009

Trening fredag 1750-1930

Neste treningsøkt er fredag kl 1750-1930, på kamparenaen Austnes grus. Må berre gi honnør til Vegard for eit flott sladda grusdekke til kampen:)

Kampen søndag borte mot GuLars er flytta til kl 14. Slik sett blir det ei lik reise som søndagskampen mot Tjørvåg: Avreise 1030 frå Austnes, retur 1800 frå Skjelten.
(Kl 1200 frå Hareid, 1630 frå Sulesund.)

Tett tabell

Tusen takk for at dåkkå gjer det så spennande igjen og igjen!!:)

Gambla litt i dag på slutten gjorde vi. Men alle var disiplinerte, og vi var flinkare denne gongen med taktiske val, og gav aldri opp. Vi gjorde mykje rett mot slutten, i tillegg til rein innsats og duellvilje. Må også berømme Henrik for ein offensiv og stor 2.omgang.

gursken.com melder om eit tett oppgjer mellom naboane i sør. Men GuLars avgjorde på slutten, og tok i land ein 3-2 siger dei også. MSIL slo Ellingsøy heile 4-1, og tok dermed tabelltoppen på målskilnad. HaNo er ikkje i augneblinken på opprykksplass. Her er den tette tabellen.

PS! Nokre som lurte på om Aafk2 i 2.div-kvalik har noko med oss å gjere. Det har det ikkje. Uansett utfall av alle andre kvalifiseringar, så er det 3 lag som rykker opp frå vår Playoff-serie.

mandag 19. oktober 2009

Tropp Skodje

Det gjekk litt fort i svingane på slutten av treninga måndag. Men her er 17-mannstroppa:

Henrik, Vegard, Dagis, Mikke, Pikks, Odd Einar, LP, Cato, Åge, Jan Egil, Kenneth, Kent Inge, Per Jarle, Stig Frode, Demir, Kristian, Palle.

Oppmøte kl 1730 i garderobene på Austnes. Kampstart 1830 på Austnes grus. Dommar i kampen er Steinar Hjelle, Sunnylven. Assistentdommarar Birger Breivik, Volda og Richard Olsen, Ørsta.

SUS: Nominér årets spelar

Sportsleg utval senior (SUS) i HaNo vil at spelarane på herrelaget skal nominere spelarar til prisen årets spelar. Det skal i første omgang foregå slik: ¨

Send ein sms til Odd Einar snarast råd, men seinast tysdag kl 18, med FIRE NAMN på spelarar som du meiner høyrer heime i nominasjonen til årets spelar i HaNo.

Så tel SUS opp, og dei fire som får mest stemmer har publikum høve til å stemme på i onsdagens heimekamp mot Skodje. Stjernebørsen, samt trenaren sine stemmer, skal også vere med å telje før årets spelar blir kåra, heiter det frå SUS.

Bowling tysdag 27.okt

Treninga neste veke, tysdag 27.okt, blir avvikla slik: trening austnes grus 1700-1830. Dusj på Austnes, og avreise 1850. Pizzabuffet og bowling i Brattvåg.

lørdag 17. oktober 2009

Godt forsøk

Vi spelte ingen dårleg kamp. Den var jamn, og med marginane på vår side kunne vi likegodt ha tatt både 1 og 3 poeng. MSIL var tyedelg tent, og var gira på sine første poeng.
Skodje-GuLars 5-4
Ellingsøy-Tjørvåg 7-2

Det vil seie at Skodje har føringa med 6 poeng, med MSIL, HaNo og Ellingsøy, GuLars halsande bak.

fredag 16. oktober 2009

MSIL favoritt

Nordicbet.com har sett opp odds for kampane i morgon:

Skodje - Gursken/Larsnes
H 2.60
U 5.35
B 1.70

HaNo - MSIL
H 2.25
U 5.25
B 1.90

Ellingsøy - Tjørvåg
H 1.50
U 5.75
B 3.10

Aktivitetar neste veke

Det blir ingen bowling neste veke, men det er bestilt til etter treninga tysdag 27. okt. Det vil seie vi tar ei sein-trening på måndag, og dermed blir neste veke slik:

Måndag 19.okt Trening Austnes grus 2000-2130

Onsdag 21.okt HaNo-Skodje kl 1830, oppmøte 1730 Austnes grus

Fredag 23.okt Trening Austnes grus kl 1750-1930

Søndag 25.okt Gursken/Larsnes-HaNo kl 13. Avreise 0910, retur kl 1830 Austnes.

Tropp MSIL

Vi stiller med 17 mann til kamp:
Henrik, Kristian, Mikke, Pikks, Vegard, Demir, Dagis, Vebjørn, Åge, Lp, Cato, Asgeir, Jan Egil, Kenneth, Per Jarle, Kent Inge, Odd Einar.

Oppmøte SEINAST kl 11 på Nordøy for brønsj-måltid. Går i garderobene litt over 12. Kampstart kl 13. dommar i oppgjeret er Rolf Jarle Eldevik frå Ellingsøy. Assistentdommarar Arild Steinsbu (Aafk) og Odd-Even Svindseth (Sykkylven). Yr.no meiner at det skal bli ein fin dag for fotball!

onsdag 14. oktober 2009

Spelarmøte/bowlingidé

I morgon tar vi økta slik:
Trening Rogne 1700-1840
Dusj Nordøy
Spelarmøte i garderoba kl 1900-1930

Kjem til å fortelje litt om kva eg syns om dei siste kampane, samt om sportslige ting framover. I tillegg sa eg på trening i går at det blir sosial tur heilt til Brattvåg måndag 19.okt etter treninga. Men då var det visst opptatt, skreiv dei i ein kontra-epost i kveld. Så då kjem eg til å spørje kva for ein dag som passar best av fredag 23.okt eller tysdag 27.okt for dette formålet (etter trening på Austnes).

Kampen på laurdag går klokka 13, MSIL var ikkje interessert i å spele på eit tidspunkt som passa med ferjene. Så kjem difor også til å lufte idéen om ein felles brønsj kl 11 på Nordøy. Like greitt å møtest i staden for å gå heime og sullje.

GuLars favoritt på meiningsmåling

Gursken/Larsnes er favoritt til å vinne Playoff i følgje vår meiningsmåling. Hakk i hel kom HaNo med mange stemmer. Det er bra vi har trua! Nettstader som norborg.com, il-ravn.no og hareidil.no har derimot ikkje HANo mellom dei beste på sin tippa tabell. Det står att og sjå om vi greier å motbevise det!

tirsdag 13. oktober 2009

Mikke, Demir og Kris septemberoftast

Lurer på om eg ikkje har offentleggjort treningsframmøtetoppen for september. 27 mann var innom treningane, og Mikke, Demir og Kris var på alle her altså.

Topp11 september:
Michael Austnes 9
Kristian Kalvøy 9
Demir Haram 9
Cato Longva 8
Åge Flem Ulla 8
Per Kristian Klokk 8
Lars Petter Haram 7
Stig Frode Longva 7
Kenneth Ulla 6
Vegard Halkjelsvik 6
Jan Egil Ulla 6

Jan Egil rett svar


Heilt korrekt, Kenneth, det er Jan Egil som er mest effektiv på laget. Premie blir sendt til deg på sms;)
Det er altså då om ein ser på spelte minutt i høve antall skåringar. Ull har skåra 15 mål på sine 1095 minutt på bana i serie eller playoff hittil i sesongen.
PS! Om treningskampar hadde vore med, ville Junior (biletet, etter skåringa mot Ellingsøy i mars) med sine 75 HaNo-minutt og ei skåring kome med høgt på lista.

Her følgjer denne "effektivitetslista", med dei som har skåra mål i år. Talet du ser er kor mange minutt det går mellom spelaren skåra mål:)
(Antall serie/playoffmål i parantes)

Jan Egil Ulla 73 (15)
Per J Fjørtoft 98 (6)
Lars Petter Haram 113 (10)
Stig Erik Nogva 115 (1)
Kenneth Ulla 122 (9)
Stig Frode Longva 130 (3)
Lars Åkre 215 (1)
Asgeir Nogva 223 (5)
Vegard Halkjelsvik 307 (3)
Åge Flem Ulla 340 (2)
Cato Longva 389 (3)
Jonas Longva 590 (1)
Michael Austnes 1255 (1)

mandag 12. oktober 2009

Treningar på Rogne

Vi må utnytte denne siste veka, og spele på gras medan det er lyst. Vermeldingane er endå brukbare for tysdagen, og bana skal vere slått i dag måndag.
Vi trenar desse tidene:

Tysdag kl 1700-1830 (Avreise 1850 fro byarane)
Torsdag kl 1700-1840 (Dusj på Nordøy, før eit lite spelarmøte i garderoben der frå ca 1900-1930. Alle som er i troppa til laurdagskampen må møte på dette. Avreisde for bygutta 1950).

søndag 11. oktober 2009

Konkurranse

Jan Egil er årets toppskårar med 15 mål i serie og playoff, på sine 14 kampar. Deretter følgjer LP med 10, Kenneth med 9 og Per Jarle med 6.
Men spørsmålet er: Kven har vore den mest effektive spelaren på HaNo i år? Dvs mest mål i snitt pr minutt spelt kamp?

Legg inn svarframlegg under "kommentarer". Premie: Du får tilsendt Changes på sms med Cato. Gratis:)

Even med jomfrumålet i SIF

Skarbøvik berga plassen med tre poeng heime mot Drøbak/Frogn søndag kveld. Det blei antyda i Sunmørsposten i helga at ein del juniorspelarar kom til å få sjansen denne kampen. Og heilt riktig, Even fekk sjansen, og kom inn i pausen på stillinga 0-0. 1-0 og 2-0 kom kjapt kvarteret ut i omgangen, medan Even pynta på resultatet med 3-0 på overtid. Vi gratulerer!! Meir her

Godt å starte med tre poeng!

Ingenting er betre enn å starte med tre poeng i første kamp. Ein førsteomgang som likna på forrige helg. Responsen etter pausepraten var framifrå, for eg er svært, svært nøgd med gjennomføringa av 2.omgang, gutta!! Bra jobba av alle spelarane som var på bana. Referat kjem seinare i kveld på HaNo-sida.

lørdag 10. oktober 2009

GuLars-Ellingsøy 3-1

GuLars vann 3-1 mot Ellingsøy laurdag. Referat her på gursken.com

I følgje dette referatet verkar det som om sigeren kunne vore større. Thomas Sætre-Hauge og Marius Gunnarstein, som begge kom tilbake til moderklubben i sommar, stod for måla til heimelaget. Denne kampen gjekk på Larsnes stadion. Vår kamp mot GuLars om 14 dagar er sett opp på Gursken stadion.

fredag 9. oktober 2009

Skodje første stikk

Skodje tok siste plass i Playoff i siste runde, og held fram si glitrande haustform. Den første kampen i kvalifiseringa blei spelt fredag kveld, og Skodje vann likegodt 1-2. MSIL fekk dermed sitt første tap denne sesongen, og det på eit tidspunkt når det gjeld som mest! I morgon spelar GuLars heime mot Ellingsøy, medan første runde vert avslutta søndag med Tjørvåg-HaNo kl 14.

Aktivitetsplan ut sesongen

Eg har sett opp ein aktivitetsplan for denne siste månaden av sesongen. Dette er eit utgangspunkt, og det blir sikkert endringar, spesielt med tanke på tidspunkt og bane. Meir her, og den ligg no under favorittar på høgresida her.



Hugs å gi beskjed i god tid dersom ikkje noko passar. Slik kan eg tilpasse det slik at flest mogleg blir med på øktene. Frå og med søndag skal vi med andre ord møtast nøyaktig annakvar dag, og håper alle gjer det dei kan for å møte på samtlige økter. Det vil seie til dømes å planlegge skulearbeid godt, slik at vi har alle spelarane på kvar økt framover.
Lett og seie for meg sjølvsagt, men ei oppmoding likevel, sidan det er att desse 4 vekene av sesongen;)

Øving til avslutningsfest

Kent Inge har visstnok fått tak i eit opptak, der ein del av troppa til HaNo øver seg til avslutningsfesten. Sjå (dei svært tvilsomme) klippa her

torsdag 8. oktober 2009

Tropp Tjørvåg

HaNo stiller med følgjande 18 mann til søndagens kamp mot Tjørvåg:

Henrik, Kristian, Mikke, Pikks, Vegard, Demir, Dagis, Lars, Jonas, Åge, Cato, LP, Asgeir, Kenneth, Jan Egil, Stigis, Kent Inge, Ove.

Bilar frå øya (oppdatert, sidan det eg skreiv i går var etter hugsen) er Mikke, Kent Inge og Stigis (og Henrik, men han skal til byen igjen).

Tjørvåg-HaNo kl 14

Kampen på søndag er flytta til kl 14. Dvs vi reiser kl 1030 frå Haramsøya, med retur kl 1800 frå Skjelten. Ferje frå Sulesund kl 12 for bykarane (og for oss også forsåvidt). Retur 1630 frå Hareid.

onsdag 7. oktober 2009

1,90 i odds

Nordicbet.com har fatta interesse for Playoff-avdelinga. MSIL er knappe favorittar til bli krinsmeistrar, medan kampen på søndag, Tjørvåg-HaNo, har følgjande vinnarodds for heime-u-borte: 2.30 - 5.25 - 1.90.

Høgdepunkt HaNo-Ellingsøy

Olve Steen filma nokre glimt frå HaNo-Ellingsøy spelt i juni i år. Kampen enda 6-1, og no kan du sjå nokre highlights på dinnja derre Jo-Tub!

Dommar og assistentdommarar i playoffkampane

Sunnmøre fotballkrets har sett opp dommarar for kampane i kvaliken. Svært er det også at dei har sett opp assistentdommar til alle kampane. Det er stas, og det skal kretsen ha ros for. Det er ikkje alltid like lett for ein dommar å få med seg spesielt offside-avgjerdsler i desse kampane.

HaNo sine kampar blir dømt av:

-Tjørvåg- O. Kaldhussæther, Blindheim
- MSIL- Rolf J. Eldevik, Ellingsøy IL
- Skodje- Steinar Hjelle, Sunnylven IL
- Gursken/Larsnes, Lars Ove Sletta, Langevåg IL
- Ellingsøy- Oddbjørn Aam, Åmdal IL.

mandag 5. oktober 2009

Treningar denne veka

Det er ut som at Tjørvåg-HaNo søndag går på grus. Dvs at vi trenar på grus også torsdag. Det vil seie at vi trenar slik denne veka her:

Tysdag kl 1750-1930 Austnes grus
Torsdag kl 1750-1930 Austnes grus

Komikveld på kretskontoret-Kampoppsettet klart

Heile oppsettet finn du her. Det vil seie at vi startar med bortekamp mot Tjørvåg førstkomande søndag. Det står Tjørvåg stadion på sida, men vi må undersøke nærmare om dette er gras eller grus. Etter det eg kjenner til er det det klubben disponerer.

På kontoret til Sunnmøre fotballkrets har karane frå Skodje hatt det moro med å sette opp kampoppsettet for Play-off.

HaNo spelar borte mot Tjørvåg og Gursken/Larsnes, og heime mot Skodje, MSIL og Ellingsøy. Litt moro er det då at Skodje spelar heime mot våre vener frå Søre (GuLars og Tjørvåg). Dei har også sett opp HaNo-Skodje i denne runde 3, som er midtvekerunde. Kampstart kl 1830 onsdag 21. oktober. Planen her er sikkert at dei tenkte at vi då må legge kampen til Vatne eller innkvart. Men den kampen går på Austnes grus. Det vanvittige er at Ellingsøy, med ny kunstgrasbane og sikkert flotte lysforhold, spelar bortekamp denne kvelden.

Sitat frå skriv frå sjølvaste Bjørn Oskar Haukeberg, lagt inn på SFK sine heimesider 28.september: "Onsdag 21. oktober (hjemmelag må ha tilgang på bane med lys)" Heile den saka her

Elles går alle rundar samstundes, bortsett frå den siste (!). Her spelar Skodje-Tjørvåg laurdag 31.okt, medan HaNo-Ellingsøy og MSIL-GuLars går søndag 1. november. Men dette siste her må vere ein tastefeil. Det har heile vegen blitt skrive at 31.okt er siste dag med kamp.

søndag 4. oktober 2009

Avdelingsvinnarane!

Trykk på biletet, og sjå ein større versjon av dagens lag. 17 mann på bana, 18 med ein Palle som varma seg opp til ein strekk-tendens.
Nede til venstre er også dagens linjemann: Demir. Eit uforgløymeleg augneblink på Nes stadion då Asgeir stoppa ballen på linja, men ein svært tent linjemann hivte flagget i véret, og meinangra om lag 4 tidel etterpå. Stort!

Skodje siste lag

Skikkeleg drama- som venta- i avdeling 2. Stordal greidde 3-3 heime mot MSIL. Men det hjalp lite sidan Skodje avslutta ein sterk haustsesong med 3-4 siger borte mot Emblem. Dermed er det desse laga som er klare for kvalifiseringsspel til 4.divisjon:
Tjørvåg
Gursken/Larsnes
MSIL
Skodje
HaNo
Ellingsøy

Sidan vi vann avdelinga, så ventar det altså tre heimekampar i Playoff. Ikkje at dette er ei stor kvilepute- hugs at vi plukka 17 poeng borte, og 16 poeng heime i årets seriespel!

Det er litt vanskeleg å spekulere i korleis ein set opp dette. Naturleg rekkjefølgje hadde vore heime-borte-heime-borte-heime for vår, MSIL og GuLars sin del. Men med ein midtvekerunde som runde 3, som må gå i flomlys, så er det usikkert korleis ein løyser dette. Etter det eg har søkt meg fram til, disponerer GuLars to grasbaner, Tjørvåg grus og gras, MSIL kunstgras, Ellingsøy kunstgras, medan Skodje ikkje har noko anna heimebane enn grus akkurat no..? Dvs at MSIL og EIL sikkert spelar heime her i alle fall.

Det er venta at Sunnmøre fotballkrets kjem med oppsettet med det første.

Ny dugnadsbeskjed

Båtvasken er noko framskunda. Det er to økter med dugnad på laurdag, ikkje søndag, og sannsynlegvis berre måndag og tysdag før båtvasken er over for denne veka. Det som står på HaNo-sida no er dette. Trude vil ha melding, med andre ord, med at flest mogleg stiller på laurdag i alle fall.

Stolt trenar!

1. omgang i dag låg vi godt organisert, men slapp Ellingsøy til midt i omgangen. Men etter deira dominans skåra vi, og gjekk til pause med 1-2 leiing. 2. omgang syns eg vi gjennomfører på ein glimrande måte- alle i lag! Det er ekstra kjekt å sjå for ein trenar. Med dette blei vi avdelingsvinnarar- utan å tape på bortebane i år (5-2-0).

No trenar vi onsdag kl 1715, og fredag. Kvar vi trenar er avhengig av to ting: Kampoppsettet som kjem for kvaliken, og forholda på grasbanene. Vermeldingane er ganske så stabile...

lørdag 3. oktober 2009

Tropp Ellingsøy

Troppa som reiser til Ellingsøya:
Henrik, Kristian, Pikks, Mikke, Lars, Åge, LP, Cato, Asgeir, Jan Egil, Kenneth, Vegard, Per Jarle, Doggis, Palle, Stig Frode, Demir, Ove.

Kent Inge strekkskadd. Kampstart er kl 13. Avreise 1030 frå Austnes. Åge, Pikks og Vegard køyrer bilar. Byarane avtalar sjølve, men ver på Nes kl 12. Dommar i oppgjeret er Oddmund Kaldhussæther, Blindheim IL.

torsdag 1. oktober 2009

Stordal eller Skodje?

Det er spørsmålet. Dei er 6. laget som blir klar for Play-off på søndag. Det er relativt høg hitchcock-faktor på denne duellen. Det er nemlig slik at allereie Playoff-klare MSIL reiser til Stordal på søndag, og Skodje spelar borte mot Emblem, som nok er skuffa over å ikkje vere mellom dei to beste laga. Her er førehandspoenga mange. Til dømes at MSIL kan slakke på sidan dei allereie er klar. At Stordal har mest og spele for osb. Skodje på si side har gjort det kjempebra på utebane (som dei har spela nesten alle kampane sine i haust), medan Emblem altså ikkje har same motivasjonen. Vi har møtt begge; vann 4-3 over Skodje i februar, medan vi tapte 2-3 inne på Kirkebø mot Stordal i treningskamp no i august.

Ein ting er sikkert: Det kjem til å vere ei direktelinje mellom Emblem kunstgrasbane og Kirkebø i Stordal for å halde seg oppdatert med stillinga i den andre kampen. For at dei er nøyaktig likt i poeng, og Skodje har eitt (!) mål berre betre i målskilnad.

La oss mimre litt...

Kven gløymer vel dette augneblikket i sesongen 2009? Jonas putta dette fantastiske målet i sist kamp mot Ellingsøy. Etter eit lite Halkjelsvik-raid nede på venstresida etter ein 2.ball på corner, dundra Jonasen kula i krysset. Gunnar var sjølvsagt på plass og foreviga med dette fotografiet i det ballen er i lufta. Jonas har faktisk målet på video, og eg reknar med at alle som er innom på rommet på internatet i Bergen får sjå målet på TV...?

Trening kl 17 og kamp søndag kl 13

Neste trening blir i morgon fredag kl 1700-1840 på Austnes grus. Eg har fått med 3 frå gutelaget, og ventar heim Ove også til treninga, så vi skal få eit bra tal i morgon før den viktige kampen mot EIL på søndag. Den er no stadfesta flytta til kl 13. Dvs avreise 1030 frå Austnes, med retur kl 1635 frå Skjeltene. Eller at dei som vil reiser vidare til byen for Aafk-Sandefjord. (Difor der det greitt at du veit på førehand fredag om du skal heim att eller til byen, slik for logistikken si skuld)

Eg har laga til aktivitetsplanen for oktober, men offentleggjer den først over helga når kampoppsettet for playoff er klart. Då kan eg kanskje føre på bane og slikt også. Alt etter vértilhøve sjølvsagt, men det er ein idé å trene på grus før kunstgraskampane, og prøve å spele på gras før graskampane.

Harøy banka BIL2

Nytt målkalas for Harøy: Slo Brattvåg2 8-1 på Harøy stadion i går. Stian Harnes med nye 4 mål. Harøy skåra med det 16 mål mot toarlaga no i haust. Harøy starta hausten med stortap både mot Ravn og Ellingsøy, men har sidan verkeleg fått opp dampen. Med uavgjort eller siger borte mot Giske tek HIL tredjeplassen i avdelinga.