torsdag 26. februar 2009

Ellingsøy-HaNo laurdag kl 13

Då er kampen mot Ellingsøy flytta frå søndag 9. mars til laurdag 8. mars kl 13.

Aktivitetar neste veke
Måndag 2. mars: Trening 1750 Austnes.
Onsdag 4. mars: Norborg-HaNo kl 20 (Brattvåg kunstgras)
Fredag 6. mars: Trening kl 1710-1830 på Austnes.
Laurdag 7. mars: Ellingsøy-HaNo kl 13 (Ellingsøy kunstgras)

Laga til turneringa

Laurdag spelar HaNo 1, HaNo 2, HaNo 3 og HaNo Old Boys turnering mot tilsvarande Harøy-lag. Turneringa går frå kl 10-1220, og det blir puljespel med 3 kampar på kvart lag. Ein kamp er 18 minutt. Keeper pluss 4 utespelarar på bana samstundes. Vinnaren av kvar pulje spelar finale kl 12. (Dei får då spele 4 kampar)

Her er laginndelinga til turneringa laurdag:

HaNo 1
Henrik Åkre
Michael Austnes
Jonas Longva (K)
Eivind Fugledal
Lars Petter Haram
Erlend Coates
Odd Einar Molnes

HaNo 2
Kristian Kalvøy
Ole Lennart Vassbotn
Åge Flem Ulla
Stig Frode Longva
Asgeir Nogva
Jan Egil Ulla
Vegard Halkjelsvik (K)

HaNo 3
Demir Haram
Kent Inge Klokk
Lars Åkre
Per Jarle Fjørtoft
Cato Longva (K)
Even Vestavik
Ove Otterlei

HaNo Old Boys
Andreas Flem
Ivar Fjørtoft
Arvid Tomren
Geir Olav Otterlei
Per Olav Vedeld
Henning Flem
Svein Johan Nogva
Petter Ståle Klokk
Per Kristian Klokk

Odd Einar skal kanskje spele på eit Harøy-lag pga lite folk med dei, men vi ser an. Om ikkje anna for å hisse opp stemninga :)
(K) = Lagkapteinar. Desse er ansvarleg for laga, og har siste ordet om ein ikkje blir einig om lagoppstilling osb. Håper på å få inn litt prestisje rundt dette. Eg ser i alle fall etter innsats, tempo og vinnervilje på laurdag!

Keeperbytte

Henrik reiser no vekk ein månad igjen. Han spelte godt mot Skodje, og kjem tilbake når vi bikkar april. Lasse Buch, ein annan målvaktsjømann, kjem derimot att til helga. Han voktar målet mot Norborg og Ellingsøy neste veke.
Ellingsøy IL svarar i kveld ang flytting av kamp frå søndag 9. mars til laurdag 8. mars.

onsdag 25. februar 2009

Tøff veke i vente!

Etter siger over Skodje går vi no inn i ein tøff periode:

Fredag 27.feb: Trening IP Hallen
Laurdag 28. feb: Turnering, five a side, IP Hallen.
Måndag 2. mars: Trening 1750 Austnes. (Tek vi ny rekord i antall spelarar på Austnes??)
Onsdag 4. mars: Norborg-HaNo kl 20 (Brattvåg kunstgras)
Fredag 6. mars: Trening kl 1710-1830 på Austnes.
Laurdag eller søndag: Ellingsøy-HaNo (Ellingsøy kunstgras)

Ellingsøy-kampen er oppsett søndag, men skal sende ein forespørsel om laurdag i staden, sidan mange spelarar har ytra ønske om det. Nokon det ikkje passar for laurdag, så ta kontakt!

Første siger- og det er godt!

Referat av 4-3 sigeren på HaNo-sida.

Prøva å gi litt tilbakemelding på fokusa. Det høge presset kom litt halvhjerta i gang, syns eg. Ikkje skikkeleg på hugget samtlige, slik vi snakka om. Det kom seg veldig utover i omgangen, og siste kvarteret av 1. omg var aggressiviteten og viljen til å vinne duellar og sette fart på framover stor. Vi skåra alle tre måla før pasue etter brot. Flott! Iskalde avslutningar innanfor eitt minutt på Cato. Positivt!

Breidde hadde vi bra med. Kristian og Jonas flink å vere med som backar, det var vi forsåvidt i andre også, men sjelden over midten. Kent Inge kunne spelt ballen meir sentralt, i staden for å søke Junior (og Åge) så mykje på sidene i oppspelsfasen. Kantane våre var flinke å halde breidde. Vi skapte tidvis mykje gjennom kantspel. Alle måla, samt straffesparket vi skaffa, kom etter spel/innlegg frå kantane.

Aggressivteten var variabel. I våre gode periodar vann vi først og fremst desse 2.ballane vi snakkar om. I det bakre leddet tapar vi for mange mann mot mann duellar. Sikringa er som regel god, men 2.målet til Skodje (i forkant av straffa) var ikkje bra. Der søv mej!

Nokre spelarar blir brukt i ulike posisjonar, men tek utfordringane på strak arm. Haldningane med oss er bra. Når det gjeld framgang, må han Åge nemnast. Fekk nokre få konkrete arbeidsoppgåver å jobbe med i den omgangen han spelte, og dei gjennomførte du med stil, Åge. Flott!

Turnering laurdag

Til laurdagens turnering blir det delt inn i tre lag. Ivar kjem også med eit old-boys lag. Dei er åtte mann, og blir å finne i pulje 1. Slik er puljeoppsettet:

Pulje 1
HaNo 1
Harøy 3
HaNo Old B
Harøy Old B


Pulje 2
Harøy 1
Harøy 2
HaNo 3
HaNo 2

Odd Einar legg ut laga i bloggen seint torsdag.

Skodje-kampen:To ut, to inn

Frå forrige tropp-melding har det kome to forfall. Kenneth har opphovna akillesar, medan Asgeir måtte ut og reise i jobbøyemed. Kent Inge og Per Jarle blir med, så antallet er framleis 17 stk.
Henrik kan bli litt sein, men rekk det aller meste av kampen.

Meir om Harøyturen

Lars, Ole Lennart, Jan Egil, Lars U, Odd Einar og forhåpentlegvis Asgeir har med bil til helga. Er det nokon til som kan?

Programmet blir i grove trekk slik:

Fredag 27. feb
Hurtigbåt
Ålesund 1610
Haramsøya 1700
Ank Harøya 1725

Ferje
Brattvåg 1610
Ank Harøya 1700

Spelarmøte, klubbrom Harøy IL kl 1800-1900
Herretrening kl 1915-2045
Til Finnøya, dusjing gjerne..

Tacoaften/sosial kveld kl 2130 og utover

Laurdag 28. februar
Frukost kl 0800, I IP Huse-hallen seinast kl 0930.
Turnering,herre kl 1000-1220 (3 HaNo-lag, eitt HaNo Old Boys-lag, Harøy det same)
(Kamp damer Kl 1230)

Lunsj/bading etter fotball

Avreise Hurtigbåt
Harøya kl 1625
Haramsøya kl 1650
Ålesund kl 1745

Ferje
Harøya 1625
Brattvåg 1735

Ta med fotballutstyr, badeutstyr og nokre skift. Godt kunstgrasdekke, der kunstgrassko er å anbefale.

tirsdag 24. februar 2009

HaNo-Skodje onsdag kl 18

Brattvåg kunstgras, kl 18 onsdag.
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, BIL.

Tropp, førebels:
Henrik Åkre
Michael Austnes
Jonas Longva
Kristian Kalvøy
Ole Lennart Vassbotn
Demir Haram
Asgeir Nogva
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Vegard Halkjelsvik
Ove Otterlei
Stig Frode Longva
Jan Egil Ulla
Alexander Eide
Junior Da Silva

Kenneth skada i akillesen, blir ikkje med.

fredag 20. februar 2009

HaNo FK støttar Harøy-turen

Styret har svart positivt på søknaden om økonomisk støtte til Harøy-turen. Kvar person som skal overnatte vil få ca 150 kr redusert pris, medan dei som tar med bil får kilometerpengar. Dvs at det ikkje blir skyssutgifter på nokon, som tidlegare antyda. Det kjem meir info om Harøy-turen over helga.

torsdag 19. februar 2009

Eigentrening

Det blir ikkje trening i dag torsdag. det ligg ein halvmeter snø på grusbana, salen på Austnes er opptatt, og vi har hatt gode økter måndag og onsdag. Det blir ny fellestrening måndag kl 1750. ALLE skal gjennomføre ei eigentreningøkt torsdag, fredag eller laurdag likevel. Skriv gjerne inn på "kommentarer" i denne saka kva for eigentrening som har blitt gjennomført. Dei som er i byen i dag torsdag var visstnok velkommen på Fjørtofttrening i Sunnmørshallen kl 1730.

Stig Frode i SUS

HaNo sitt nye styre og valnemnd har enno ikkje lykkast i å finne nye styremedlemmar som skal fylle opp dei siste plassane. Så viss nokon kan tenkje seg å gjere ein jobb vil sikkert styret m. fl. bli overlykkelige!
Det er likevel stadig nye tillitsverv som herrespelarar tek på seg. Cato og Ove har blitt trenarar for gutelaget, medan Stig Frode er blitt med i Sportsleg Utval Senior (SUS). Frode skal fungere som tillitsmann/talsmann for herrelaget opp mot SUS. Så han kan de bruke.
- Eg er herrelaget sin mann opp mot saker i klubben. Alt frå overtrekksdrakter, reiserekningar og seksuell trakkasering er min business, seier Frode i ein kommentar til bloggen.

19 mann i byen

Rekordstort frammøte i Ratvika onsdag kveld. 19 mann er bra! Då er det rett nok mange som ikkje er HaNo-medlemmar. Både Harøy- og Lepsøyspelarar var på treninga. På Nordøy grendahus var det 9 spelarar som gjennomførte ei grei økt.

onsdag 18. februar 2009

Mål om ein laaaaang sesong!!

Då har SFK bestemt følgjande: Avdelingsoppsettet blir som tidlegare sagt, med våre åtte motstandarar i lokalområdet. Det blir framleis dobbel serie, heime/borte (16 kampar).

I staden for at avdelingsvinnarane rykkjer opp, har dei etter ein spørjerunde med klubbane kome fram til følgjande (henta frå denne linken) :
- De to beste fra hver avdeling går deretter inn i et sluttspill - totalt seks lag
- Det spilles enkel serie - totalt fem runder - i sluttspillet
- Minst en av sluttspillrundene skal gå i midtuke - øvrige legges til helg
- Siste sluttspillrunde spilles senest 1. november
- De tre beste fra sluttspillet rykker opp i 4. divisjon
- Vinner av sluttspillet blir kretsmester 5. divisjon

Dette inneber at om vi skal nå vår målsetting, så blir det ikkje sesongslutt før 1. november. Men hugs at det berre er to veker seinare enn i 2008. Men det skal plukkast nokre poeng før dette er eit faktum, gutta!!

tirsdag 17. februar 2009

Refleksvest-trening

Måndag møtte 12 mann til trening på Austnes. Dei fleste byarane blei forståeleg nok att der. Men alle som ikkje var der skal vite at det blei ei bra 1 t 15 min løpstrening med opptil fleire bakkeløp og intervallar. Til og med springskyting.. Så viktig at dei som ikkje er på treningane held oppe med gode eigentreningar. Nye treningar onsdag, forhåpentlegvis med grønt by-gras, og tørr Longva-parkett :)

mandag 16. februar 2009

Ute måndag, inne/ute onsdag

Måndagstreninga blir utandørs på Austnes kl 1750. Ta med joggesko, grussko og refleksvest!

Onsdag:
I Ratvika 2130
På Nordøy grendahus kl 2130

(Som sagt for å tilvenne oss evt Champions League-tid:) )

Torsdagstreninga kjem vi tilbake til.
Ingen trening i helga.

lørdag 14. februar 2009

Kampoppsettet drøyer

Det er endå ikkje dukka opp terminliste for 5. divisjon avdeling 3. Sunnmøre fotballkrets har no også sendt ut ei kort spørjeundersøking til klubbane vedkomande oppsettet og 5. divisjon. Meir om bakgrunnen her. For min del forstår eg ikkje heilt kva det drøyer etter. For avdelinga med 8 lag igjen kan ein sikkert vurdere å spele trippel serie (21 kampar), men for dei to andre avdelingane sitt vedkomane er det vel berre å køyre på. Det ein mellom anna spør om i spørsmåla til klubbane er om vi kan tenkje oss å spele innanfor visse datoar, fram mot 1. november osv. for KM og evt opprykk. Slik sett tolkar eg det slik at dei til og med ikkje har bestemt seg for avdelingsoppsetta... Så det kan godt drøye ei god stund før vi får kampoppsettet, ser det ut til.

Men ein kan kjefte så mykje ein vil på Sunnmøre fotballkrets. Det var klubbane som bestemte dette på Kretstinget i november. SFK tek sikkert i mot med takk korleis ein skal avvikle ein serie med 27 lag, der geografi tel så i inni hampen mykje.

Slik avsluttar dagleg leiar i SFK innlegget sitt:
"Denne spørreundersøkelsen vil så danne føringer for hva SFK gjør videre. Er det et stort ønske om å beholde dagens avdelingsoppsett, så gjør vi det. Ønsker klubbene noe annet, ja, så får vi sette oss ned i fellesskap og finne gode og konstruktive løsninger til det beste for fotballen på Sunnmøre."

Dugnad og trening søndag

Det blir dugnad søndag 15. feb kl 11 på Haramsøy skule. Det er museet som skal tømmast og flyttast pga vasslekasje. Damelaget skal pakke alt i kasser laurdag, medan herrelaget skal flytte alt til storsalen.
Det blir trening direkte etter dugnaden i gymsalen.

fredag 13. februar 2009

Kampen er avlyst

Kampen mellom HaNo og Sunnylven som skulle gå laurdag er avlyst pga store snømengder på Emblem si kunstgrasbane. Det blir trening inne på Austnes laurdag i staden. Tidspunkt kjem seinare.

torsdag 12. februar 2009

Tropp vs Sunnylven IL

Tropp mot Sunnylven, 18 mann:
Henrik Åkre
Dag Peter Olsen
Michael Austnes
Jonas Longva
Vebjørn Steen
Kristian Kalvøy
Kenneth Ulla
Demir Haram
Asgeir Nogva
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Vegard Halkjelsvik
Stig Frode Longva
Jan Egil Ulla
Lars Åkre
Kent Inge Klokk
Alexander Eide

Åge, Kenneth og Vebjørn køyrer til og frå øya. Dei som IKKJE skal ha skyss til og frå, send sms til OE, slik vi finn ut om tre bilar held. Ingen start 11-ar i kveld, den kjem først i garderoba.
Reknar med at

Vedk kamp eller ikkje

Når det gjeld føre på Emblem stadion laurdag, så held dei på med måking kontinuerleg. Siste melding torsdag kveld er dei slit med høge brøytekantar rundt bana, men at brøytearbeidet held fram fredag etter kl 12. Odd E får melding fredag kl 18 om kampen kan gå eller ikkje.

I følgje yr.no og varsel for Austnes blir det sørvest og mildare over helga. Kanskje kan vi gå for grustrening på onsdag...?

tirsdag 10. februar 2009

PJ manglar bukse

Per Jarle var på trening onsdag 7.januar. Der hadde han med seg si HaNo-bukse nr 57. Er det nokon som tok med den ved ei feiltaking, eller veit kor den kan vere?

Aktivitetar denne veka

Det er altså trening onsdag kl 2130 i byen, og 2000 på Austnes inne.

Treninga fredag blir avlyst. Slik forholda er no, og det er meldt ut veka blir ikkje grusbana spelbar. Då konsentrerer vi oss heller om kampen laurdag, som vi håper går som planlagt. Emblem IL har måka bana måndag, og har også snøfres for å kvitte seg med brøytekantar.

Kampen laurdag går kl 12. Avreise 0935, retur kl 15 frå Skjelten. Tropp og evt startellevar kjem i bloggen på torsdag.

Ellingsøy med to uavgjorte

Ellingsøy hadde ein sterk haustsesong i 5. div i fjor. Dei er i vår avdeling, og har spelt to uavgjorte kampar i vinter. 4-4 mot Ørskog, og 2-2 mot Erlend Holm sitt Vigra-mannskap. Begge 4. div-lag forøvrig. I tillegg spelte Ellingsøy og Norborg tidleg i januar. Den vann dei oransje med 1-0.

Åge og Kristian vann treninga

Vi er jo alle vinnarar (bla bla bla), men dei som plukka mest poeng på måndagstreninga var ungkarane Kristian og Åge. Dei plukka 10 av 12 moglege poeng under turneringa i går med skifting av lag og individuelle poeng. Demir kom på ein heiderleg tredjeplass med sine 8 poeng.

Dugnad søndag

Konrad Longva i SUS minner om dugnaden søndag kl 11 på Haramsøy skule.

NB! Som blei sagt på trening måndag: Mangla ein del herrespelarar på UKM-dugnad i helga. Dette er eit rykte vi ikkje vil ha på oss. Om du uteblir på søndag blir det meir på dei som møter. Dei som ikkje kan kome: Send ein grunngjeven melding til Konrad Longva på tlf 99547934.

mandag 9. februar 2009

Påmelding Harøya

Sjekk ut linken på HaNo-sida. Meld på så snart så råd til OE. Tar også med liste på trening i kveld, slik at dei som vil kan skrive seg på der også.

søndag 8. februar 2009

Stilongs med tittel!

Stilongs, med alle sine HaNo-spelarar, vann Vestborgcup i helga. Bloggen gratulera!!

Det er for min del knytt mest spenning til tilstanden til kvar enkelt spelar. Rykta går om at Even "Veivalser´n" Vestavik også spelte. Henrik, Cato (skadde seg torsdag) og Jonas (ikkje med torsdag pga skade) tok også del i gullet, fortel rapportane. Vebjørn lovde likevel i ein sms at alle var klare for HaNo-innsats på måndag :)

Dagis "Nullen" Olsen


For dei som ikkje fekk det med seg; Det var Dagis som stod i mål i andre omgang mot Ravn. Den omgangen vann HaNo som kjend 2-0. Dagis "Van Der Sar" Olsen kom difor med følgjande bråkjekke spørsmål i garderoba etter kampen: - Slapp du inn månge du i dag då, Henrik?

Utsett treninga

Pga årsmøte i morgon kl 18, utsett vi treninga slik at dei som kan stiller på det. HaNo FK treng folk i ulike verv for å halde fram med aktivitet i klubben. Det er ikkje føre utandørs, og ikkje ledig tid på Austnes måndag kveld. Difor trenar dei som er på øya eller heime kl 2130 på Nordøy grendahus. Dei som er i byen gjennomfører ei eigentrening med pust i :) Gi uansett melding til OE om du ikkje kjem på trening.

fredag 6. februar 2009

Litt å rette på

Kort referat av Ravn-kampen på hanofk.no. Det var ein skuffande 1. omgang. Ein del spelarar vekke på kampen i går, men skuffande av dei 11 som spelte på bana til ei kvar tid den omgangen at innstillinga var slik. det må vi jobbe med. I tillegg var Ravn svært aggressive og innstilt på å vise seg fram for sitt lag.
2. omgang var stor forbetring, og det er det vi må ta med oss vidare. Det er ikkje trening før måndag, men ta dåkkå gjerne ein joggetur eller sykle i løpet av helga. Restituer kroppsdelane dåkkå som har deffekte delar der :)

Neste veke er i utg punktet slik:
Måndag Austnes 1750
Onsdag byen/Austnes
Fredag Austnes (ikkje funne tid endå)
Laurdag kamp mot Sunnylven kl 12 på Emblem stadion.

onsdag 4. februar 2009

Ravn-HaNo torsdag kl 1830

Troppa blir som skrive under, minus Jan Egil, som er reist til Sogndal i jobbøyemed fram til fredag. Andreas og Dagis køyrer frå byen. Stig Frode, Ove og Michael frå øya.

Ingen start 11-ar å få i bloggen ikveld, då det er eit par mann som kjenner på noko småtteri som eg må få tilbakemelding på torsdag føremiddag. il-ravn.no melder om grøn bane onsdag kveld.

Innetrening Austnes onsdag

Treninga i kveld kl 20 blir innandørs på Austnes.

tirsdag 3. februar 2009

Tropp mot Ravn

Vi har slik det ser ut no desse 18 klare til kamp mot Ravn torsdag:

Henrik Åkre
Dag Peter Olsen
Michael Austnes
Jonas Longva
Vebjørn Steen
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Vegard Halkjelsvik
Andreas Fjørtoft
Ove Otterlei
Stig Frode Longva
Jan Egil Ulla
Lars Åkre
Kent Inge Klokk
Alexander Eide

Per Jarle (rygg), Asgeir (tå), Kenneth (kunne spelt, men kviler sin legg) og Erlend (tå) blir ikkje med denne gongen. Mykje tyder på at Vebjørn, Henrik (har ikkje fått kontakt med han på melding, men er venta heim onsdag!!), Ove og Lars får sine første 2009-kampar under skoa.
Oppmøte kl 1730 ved stadion på Vatneeidet. Kampstart kl 1830. Bilar og slike andre Frank-ting kjem seinare.

"Mixen" tok Twixen!



Michael blei måndag kåra til månadens spelar. I juryen (OE og LP sit i den) si grunngjeving heiter det mellom anna at han var på 13 av 13 treningar i januar. Han gir mykje av seg sjølv på trening. Ikkje så mykje nytt i det, kanskje. Det nye og aller mest positive er at Michael pratar langt meir enn han gjorde i fjor. Prating har vore eitt av hovudfokusa i januar! Bloggen gratulerer!

Avdelinga er klar!

Som venta laga Sunnmøre fotballkrets til tre avdelingar á 9 lag. Her er puljene

Norborg.com er allereie ute og kritiserer oppsettet som dei meiner er lite rettvist. Dei har ikkje lag i 5. div, men viser igjen til poenget dei hadde før Kretsting-vedtaket; geografi, ikkje plasseringa frå i fjor blir teljande, og i avdeling 1 er mest alle 6. divisjonslag eller nye frå 2008.

stordal.nu meiner tydelegvis også at dei møter sterke lag i Skodje, MSIL, Emblem og Sæbø i si avdeling. Desse var alle i øvre del eller midten av tabellen i 5. divisjon i 2008.

Uansett gutta: Det er eitt lag i kvar avdeling som får rykke opp. Verken meir eller mindre. Dette er vår målsetting for året. Men må vite at ein god innsats må til!!

Dugnad søndag 15. februar kl 11

SUS melder om at herrelaget stiller på dugnad på Haramsøy skule kl 11. Det gjeld rydding av museet etter ein vasslekasje som var der før jul.

mandag 2. februar 2009

inne/ute

Grusbana er hard, men ikkje glatt. Ta med innesko også til treninga i dag, så tek vi ei avgjerdsle rett før treninga.

Høgdepunkt frå kampen

Ja, og då snakkar vi ikkje i tekst, men i video-format. Alle 8 skåringane på video her

Vestnes/Varfjell har hatt ei fantastisk nettside i mange år. Så her kan vi analysere både framlengs- og baklengsmåla gutar :)