onsdag 31. mars 2010

HaNo-Skodje måndag kl 1625

HaNo spelar siste treningskamp før seriestart mot fjorårets opprykksrival Skodje. Kampstart er kl 1625 på Rogne. Grasbana blir klar med god margin til måndag med dei vérmeldingane som er no.
Skodje blei slått 3-2 av HaNo i ein legendarisk kamp på Austnes-grusen i oktober. Men det var gultrøyene som gjorde det best totalt sett i playoff, og skal spele i 4. divisjon i år. Ein divisjon du helst bør vere mellom dei fem beste i for å overleve til 2011. Skodje IL har ikkje ei oppegåande offisiell heimeside, men skodjeil.blogspot.com har sett dagens lys i løpet av vinteren, og er ein glimrande blogg som fotballinteresserte dagleg er innom for sunnmørsfotballske oppdateringar. Skodje har møtt tre 5.divavdelingskollegaer hittil i vinter: slått Harøy 3-1 og Aksla 9-2, medan Ravn slo Skodje før helga, med 4-2.


Har grusbana blitt brukt for aller siste gong? Her bilete frå Rogne i 2009.

Blå siger etter god slutt-spurt

Ein aldri så liten internkamp i dag, etter oppvarminga blei det spelt 4 x 15 minutt med pauser og høve til å justere med taktiske grep for kapteinne Lars Petter (blått lag) og Per Kristian (grønt). Stig Erik og Åge skåra to for dei grøne, men dei blå henta inn leiinga i siste omgang etter eit omdiskutert straffespark, og ein solid sluttspurt.

tirsdag 30. mars 2010

Trening på Skjærtorsdag?

4-5 mann var positive til trening på torsdag. Forslag om kl 16 eller 17. Kan dei som har lyst til å trene ei økt skrive inn i kommentar-feltet under denne saka? Så blir det ballspeling enten på Rogne eller i ein binge:)

Dugnad i morgon!

Dugnad på Nordøy stadion i morgon; fin styrketrening med å lesse utover ein del sand.

Tidspunkt: Kl 12!

Ta med: Arbiedslyst, trillebåre, spade og jarnrive!

Trening tysdag

Treninga tysdag blir på grusen den også. Rognebana er framleis snøbelagt på eit større område, og det e rganske vått i enkelte parti. Treninga blir for det alle rmeste med spel 9 mot 9 på større bane. Kl 1750-1940 blir økta i dag.

Litt nedover for Lars

Lars Åkre er framleis å finne i toppen av tippinga på Premier League-mesteren, men er no på 26. plass. Ingen knallrunde sist med 7 rette, men Lars kan klatre oppover med kun 2 rette opp til topp 5.

søndag 28. mars 2010

Trening måndag kl 1850 Austnes grus

Det er framleis litt snø igjen på Rogne, og ganske så vått. Der skal trenast og spelast kampar i april, så den kan ikkje brukast i morgon i alle fall. Trening måndag kl 1850-2030 på Austnes grus. Sørg for å gi påsketuristar beskjed, berre å fylle opp med spelelystne på trening!

fredag 26. mars 2010

7-arlagsoppsett

HaNo-sida framstår som solid om dagen med stadig nye oppdateringar, spesielt i menyane. Under "linkar" finn du lenkje til alle motstandarane våre i 5. div f eks, og under "herrelaget" terminliste for både 7-ar og 11-arlaget.

7-arlaget møter Sykkylven, Godøy, Vigra, Norborg og Brattvåg i morosame lokaloppgjer. Trippel serie, dvs 15 kampar (8 vår, 7 haust).

Her er terminlista

torsdag 25. mars 2010

Trening fredag kl 1850-2030

Vi skal riste av oss stortapet mot MSIL med treningsøkt på fredag kl 1850 på Austnes grus. Hugs forfall dersom du ikkje kan kome. Håper flest mogleg greier å stille på økta!

Sjå elles treningsplan framover på høgresida her i bloggen. Også link til aktivitetsplan for heile vårsesongen.

tirsdag 23. mars 2010

Førebels tropp MSIL- ons kl 1830-OPPDATERT

16-mannstropp til kamp mot MSIL onsdag kl 1830 i Uggedalen. Avreise 1635, retur 2120. (Bana ikkje ledig kl 18).

Henrik Åkre
Dag Peter Olsen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk (?)
Vegard Halkjelsvik
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Haram
Øyvind Risan
Stig Erik Nogva
Stig Frode Longva
Per Jarle Fjørtoft

Køyring frå øya: Per Jarle. LP skulle frå byen. Ny blir plukka ut.
På skadelista: Kristian F. (strekk), Odd Einar (lyskemeinstrekk), Eivind (sjuk).
Fråver: Kenneth U., Asgeir (militærøving). Per Kristian er usikker pga sjukdom.

torsdag 18. mars 2010

Aktivitetskalender vår 2010

Ut mars blir det slik:
Fre 19.mar: Tren kl 1850 Austn.
Mån 22.mars: Tren SIF kgb 20/ Austnes grus kl 20
Ons 24.mars: MSIL-HaNo kl 19
Fre 26.mars: Tren Austnes kl ?

Påskeveka:
Mån 29.mars: Tren kl 1850-2030
Tys 30.mars: Internkamp kl ?
Laur 3.april: Tren kl ?
Månd 5.apr,2.påskedag: HANo-Skodje på Rogne kl ?

Aktivitetsplan for heile vårsesongen finn du her, eller link på høgresida

NB! Dersom nokon vil trene meir i påska, bruk bloggen og kommentarfeltet, og eg kan også sende ut fellesmeldingar dersom nokon vil møtest ein av dagane for å trene:)

Kamp mot MSIL neste onsdag

MSIL har stadfesta at dei vil spele treningskamp mot oss onsdag 24. mars. Kampen går sannsynlegvis på Allheim (deira heimebane), men vi skal halde kontakten og finne alternativ bane dersom forholda ikkje blir gode nok der.
Kampprogrammet (som ligg i høgresida på bloggen her) ser dermed slik ut før seriestart:
Ons 24.mars MSIL
Tysdag 30.mars Internkamp (Rogne eller Austnes grus)
Mån 5.april SKODJE (Rogne)

(Onsdag 14. april seriestart mot Lepsøy)

onsdag 17. mars 2010

Kamp kl 18 i dag, trening fredag 1850

Kampen går, kanskje med noko innskrenka sidelinjer, men forholda skal vere spelbare i Vågen i dag.

På den originale planen står det langfrihelg, men det var før kampen blei flytta frå torsdag til onsdag. Eg veit det er mange heime i helga, og håpet om å få bruke grusbana stig. Difor trenar vi også no komande fredag kl 1850-2030 på grusbana. Hugs forfall dersom du ikkje kan kome:).

tirsdag 16. mars 2010

Blir avgjort onsdag kl 12

Eg sender ut fellesmelding i morgon onsdag rundt kl 12 om det blir kamp eller ikkje. Bana er brøyta, og mildare vér kan gjere det spelbart onsdag kl 18.

OK sjanse for kamp- førebels tropp

Brattvåg-bana er måka måndag, og mildvér på veg, så det kan bli kamp på onsdag. Kampen er kl 18, reiser 1635, retur 2010.


Troppa er slik, meld kjapt forfall om du ikkje kan vere med:

Henrik Åkre
Eivind Fugledal
Dag Peter Olsen
Michael Austnes
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
VEGARD HaLkJeLsvIk
CaTo longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Haram
Odd Einar Molnes
Stig Frode Longva

mandag 15. mars 2010

Får rapport utover dagen!

Reknar med bana i Skarbøvika er klar kl 20 i kveld. Per Jarle brøyta over grusbana på Austnes i går søndag, og eg skal i løpet av dagen ta ei avgjerdsle om treninga kan gå ute kl 20 eller ikkje. viss ikkje blir det inne kl 2045 på Austnes. Elles denne veka er det kamp borte mot Brattvåg på onsdag. Vi reiser kl 1635, og satsar på retur kl 2010 frå Skjelten.

søndag 14. mars 2010

Tabellkonk: Aafk nummer 10

I følgje våre 18 "ekspertar", så blir Aafk nummer 10 i årets Tippeliga! Andre tips som går att, er at:
- Martin Andresen ikkje får medalje
- RBK vinn igjen (bortsett frå Bergheim som har tru på romsdalingane!)
- Kongsvinger og Haugesund med kort TL-opphald
- Stabæk og Molde nærmaste utfordrar til RBK

No ligg det link til tipsa våre i margen til høgre her i bloggen. Kjem som skrive til å oppdatere stillinga med ujamne mellomrom utover sesongen. Lykke til!
Her er tipsa

Redigert terminliste

Siste versjon av terminlista er no utarbeidd, og for heile 5.div avd 1, ser den slik ut.

Legg merke til at endringane frå det opphavlege oppsettet er nokre klokkeslett i vår ferjefavør, medan HaNo-Harøy går fredag 30. april i staden for 28. april, og kampane mot Stranda2 er flytta til laurdagar.
HaNo-Stranda2 går laurdag 8.mai i staden onsdag 5.mai
Stranda2-HaNo går laurdag 14.august i staden for onsdagen etter.
HaNo-Hessa går ikkje onsdag 4. august, den er flytta ein månad seinare: HaNo-dagane og laurdag 4. september.

Som nemnd på spelarmøte: For å vere grei mot kvarandre så planlegg vi feriar og liknande i dei fotballfrie helgane og periodane;) Om så ikkje let seg gjere, må eg få beskjed i god tid!

torsdag 11. mars 2010

Påminning: Tabellkonkurranse!

Minner om tabellkonkurransen vi skal ha med Tippeligaen her i bloggen. Det einaste du treng å gjere er å sette opp din tabell denne eine gongen, og då er du med i konkurransen i heile år.

Påmeldte til no er: Øystein Bergheim, Jan Egil Ulla, Tor Gunnar Standal, Erik Flem Åkre, Odd Einar Molnes, Kent Inge Klokk, Kenneth Hansen, Lars Ulla, Kenneth Ulla, Lars Flem Åkre, Cato Longva.

Bli med du óg då vel! Frist: Laurdag kl 16.

Sjå korleis, kvifor og slikt her:)

Fredag: Trening, spelarmøte og sosialt

Fredagen blir altså slik:
- Trening ute på Austnes-grusen kl 1750-1930.
- Dusj i garderobene på Austnes.
- Spelarmøte enten på klasserom eller Bistroen litt før kl 20.
- Pizza og quiz i lag med damelaget på Bistroen på Austnes frå kl 2045 og utover kvelden.
95 kr pr pers for pizza, men HaNo har nokre småpengar att frå Harøy-turen, og det blir ca 80 kr å betale pr pers. Kjøp drikke utanom.

Blir bra det! Gi beskjed på sms til OE innan i kveld (torsdag) kven som blir med, slik at eg kan gi dei som styrer med dette antall til pizzaen m.m.

Tema på spelarmøte:
- aktivitetskalenderen i vår
- treningskampane til no og framover mot seriestart
- Spelarstallen- siste nytt
- 7-arlaget- nokon fleire som vil vere med å ta ansvar der?
- diverse køyrereglar vi har på laget vårt- for kvarandre!
- nokon som manglar treningsdress?
- fokus framover!
- tilbakemelding frå spelargruppa: Kva har du sakna i trening/kamp, og kva har vore bra? Idemyldring i grupper.

onsdag 10. mars 2010

Ravn slo HaNo

(kom ikkje meg inn på HaNo-sida, legg lite referat her så lenge)
Ravn-HaNo 3-2. Periodevis var HaNo best, men i målprotokollen vann Ravn 3-2 i eit ganske så jamspelt oppgjer i Uggedalen onsdag kveld. Odd Einar Molnes og Lars Petter Haram skåra for HaNo.

10.03.10, Uggedalen stadion.
Kampfakta: Ravn-HaNo 3-2 (1-2)
Mål:
1-0 (20)
1-1 Odd Einar Molnes (32)
1-2 Lars Petter Haram (37)
2-2 (49)
3-2 (52)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg.

Ravn hadde øvd oppspelsmønster i 4-3-3, og hadde HaNo på hælane i starten. Dei tok også leiinga etter passivt defensivt spel av HaNo i starten av første omgang. Men HaNo kom tilbake, og greidde å løfte laget litt lenger opp på bana. Nykomar Øyvind Risan (Ex. Clausenenga, har heldt opp i mange år) var frisk på venstrekant. La inn til Stig Frode Longva som vann ein duell og la til rette for Odd Einar Molnes som skåra frå 17 meter. Lars Petter Haram tok HaNo opp i leiinga på eit perfekt Vegard Halkjelsvik-hjørnespark. HaNo-leiing til pause, der også gutespelar Håkon Inge Haram gjorde eit friskt innhopp som spiss.

Ravn snudde
Ravn snudde kampen i ein frisk start av den andre omgangen. HaNo hang ikkje med i svingane, og det var stor Ravn-dominans i starten av omgangen. Men HaNo kom tilbake, og Per Jarle Fjørtoft var nærmast med sitt stolpeskot i jakta på utlikning. HaNo brukte tre 16-åringar og to 17-åringar i denne kampen.. Dei unge får kjenne på nivået, og det er meget bra. Ole Kristian Otterlei (høgreback i andre omgang) spelte sin første kamp for HaNo. Ravn hala i land sigeren i ein relativt jamspelt kamp.

HaNo (4-4-2): Henrik Åkre- Eivind Fugledal, Demir Haram, Michael Austnes, Lars Åkre - Odd Einar Molnes, Lars Petter Haram, Vegard Halkjelsvik, Øyvind Risan – Stig Frode Longva, Cato Longva.

Nytta innbyttarar: Håkon Inge Haram, Mads Uri, Steven Haram, Ole Kristian Otterlei, Per Jarle Fjørtoft, Sindre Longva.

Trening og quiz/pizza på fredag-OPPDATERT

Fredag kveld kan du sette av til HaNo-øyemed. Trening og deretter sosialt på programmet!
Det blir utetrening uansett på Austnes. Vermeldingane er ok no, men Austnesbana har spelt oss eit puss før når det lir mot kveld. ¨

Pizza m/quiz på Oddlins Bistro frå kl 21- ca kl 24 om kvelden. Dette er under planlegging, og nærmare beskjed om kvelden kjem seinare.

tirsdag 9. mars 2010

Førebels tropp Ravn-oppdatert x2

Ei oppdatert (igjen) over troppa til dagens kamp mot Ravn:

Henrik Åkre
Eivind Fugledal
Michael Austnes
Demir Haram
Lars Åkre
VEGARD HaLkJeLsvIk
Cato Longva
Lars Petter Haram
Steven Haram
Odd Einar Molnes
Øyvind Risan
(Per J Fjørtoft )
Stig Frode Longva
Mads Uri
Sindre Longva
Ole Kristian Otterlei
Håkon Inge Haram

Ikkje fått svar med Aleks. Eivind og Demir køyrer frå øya. Reknar med Lars, Cato, Henrik, LP, Øyvind, Stigis avtalar sjølve til/frå byen. (OK køyrer med bil frå øya, og kan sikkert ta med folk til byen)

mandag 8. mars 2010

Vårcup for herrane avlyst

Kenneth U har vore i kontakt med dei andre herrelaga som eigentleg skulle på Vårcup. Alle, inkludert HaNo, er einige om at datoane 17./18.april ikkje akkurat passar særleg godt for årets Vårcup. Med serierunde både onsdagen før og etter, passar dette sportsleg sett dårleg inn for alle partar. Vi får satse på å arrangere ein Vårcup i 2011 på Rognebana. Det er ikkje avlyst på damesida, og etter det eg forstår satser ein på ein 1-dags cup mellom HaNo/Lepsøy, Brattvåg, Spjelkavik og Herd.

Ravn-HaNo onsdag kl 18

Får berre beklage at det er NM i kontrabeskjedar i desse dagar. Men Ravn kunne ikkje stille lag på fredag, og bane ledig og einaste alternativ blir då onsdag 10.mars kl 18 i Uggedalen. Passar meget godt med ferjer (1635 frå Austnes, tilbake 2010 frå Skjelten). Veit at dette passar dårlig for nokre. Åge skal vekk, det same skal Kenneth H. og Frank (terminlistemøte) og Per Kristian stiller framleis med meinlårhøne. Austnesbana er islagt, og med dårlege meldingar mot helga er kanskje onsdag det beste alternativet uansett. Ver snill å sende melding snarast råd dersom det er andre som ikkje kan vere med. Skriv inn troppa så snart eg får tilbakemelding med folk.

Det blir dermed trening på fredag. Tid og stad må eg få undersøkje litt.

Lars heng med

Måtte nesten skrive litt om Premier Leauge-mesteren denne gongen, sidan Lars fekk 11 rette, og bykste med det opp på 4. plass i samandraget igjen. (Og, ok da, kan vel i ei bisetning nemne at Odd Einar blei nummer 11 denne runden og kom på rundens lag. Ikkje for å ta vekk fokuset vekk frå Lars, men tenkte altså berre å nemne det. Litt dumt at parantesen blei større enn sjølve innlegget om Lars her, men la gå, hehe...Alle må få)

Tabellkonkurranse Tippeligaen 2010!

Kva blir rekkjefølgja i Tippeligaen i år? 18 deltakarar er med.

Slik blei rekkjefølgja:

1 Vibeke Flem 64
2 Øystein Bergheim 66
3 Tor Gunnar Standal 68
4 Lars Åkre 69
5 Odd Einar Molnes 70
6 Erik Åkre 70
7 Per Kristian Klokk 71
8 Lars Ulla 74
9 Stian Longva 74
10 Per Jarle Fjørtoft 74
11 Kenneth Hansen 75
12 Jan Egil Ulla 75
13 Henrik Åkre 76
14 Cato Longva 77
15 Tore Fjørtoft 77
16 Kent Inge Klokk 80
17 Sondre Steen 81
18 Kenneth Ulla 82

Poengsystem: Det blir gitt 1 poeng for kvar feilplassering, så dersom f.eks. du tippar Aalesund på 3.plass, og dei endar opp på 5.plass, så får du to poeng. Tippar du Start på 11.plass, og dei endar på 7.plass, får du fire poeng - osb. Som ein sikkert skjønar, er det i denne konkurransen om å gjere å få færrast mogleg med poeng, aller helst null.

Etter at alle tipsa er komen inn, så legg eg dei ut, og vi kan følgje med på poenga våre sjølv. Eg kjem til å oppdatere stillinga utover sesongen, med høgst ujamne mellomrom;)

Her er tipsa:

Cato Longva
1 - Rosenborg
2 - Stabæk
3 - Molde
4 - Viking
5 - Brann
6 - Odd
7 - Vålerenga
8 - Start
9 - Lillestrøm
10 - Ålesund
11 - Tromsø
12 - Hønefoss
13 - Strømsgodset
14 - Haugesund
15 - Sandefjord
16 - Kongsvinger

Odd Einar Molnes
1 Rosenborg
2 Viking
3 Stabæk
4 Brann
5 Vålerenga
6 Molde
7 Odd Grenland
8 Strømsgodset
9 Lillestrøm
10 Start
11 Tromsø
12 Hønefoss BK
13 Aalesund
14 Sandefjord
15 Haugesund
16 Kongsvinger

Lars Åkre
1 Rosenborg
2 Stabæk
3 Molde
4 Viking
5 VIF
6 Tromsø
7 Brann
8 Aafk
9 Start
10 Odd Grenland
11 Sandefjord
12 Strømsgodset
13 Lillestrøm
14 Hønefoss
15 Haugesund
16 Kongsvinger

Kenneth Ulla
1 Rosenborg
2 Viking
3 Molde
4 Stabæk
5 Lillestrøm
6 Vålerenga
7 Tromsø
8 Odd
9 Brann
10 Ålesund
11 Kongsvinger
12 Hønefoss
13 Sandefjord
14 Start
15 Haugesund
16 Strømsgodset

Lars Ulla
1 Rosenborg
2 Stabæk
3 Molde
4 Viking
5 Brann
6 Vålerenga
7 Odd Grenland
8 Aalesund
9 Lillestrøm
10 Tromsø
11 Start
12 Sandefjord
13 Hønefoss BK
14 Strømsgodset
15 Haugesund
16 Kongsvinger

Kenneth Hansen
1 Rosenborg
2 Odd Grenland
3 Molde
4 Stabæk
5 Viking
6 Brann
7 Vålerenga
8 Tromsø
9 Lillestrøm
10 Start
11 Strømsgodset
12 Sandefjord
13 Hønefoss
14 Kongsvinger
15 Aalesund
16 Haugesund

Kent Inge Klokk
1. Rosenborg
2. Molde
3. Stabæk
4. Viking
5. Lillestrøm
6. Start
7. Vålerenga
8. Brann
9. Ålesund
10. Tromsø
11. Hønefoss BK
12. Strømsgodset
13. Odd
14. Sandefjord
15. Haugesund
16. Kongsvinger

Erik Åkre

1 Rosenborg
2 Molde
3 Viking
4 VIF
5 Stabæk
6 Lillestrøm
7 Brann
8 Odd
9 Ålesund
10 Start
11 Strømsgodset
12 Tromsø
13 Hønefoss
14 Kongsvinger
15 Sandefjord
16 Haugesund

Tor Gunnar Standal
1 - Rosenborg
2 - Stabæk
3 - Molde
4 - Odd Grenland
5 - Viking
6 - Vålerenga
7 - Lillestrøm
8 - Brann
9 - Aalesund
10 - Start
11 - Tromsø
12 - Hønefoss BK
13 - Strømsgodset
14 - Haugesund
15 - Sandefjord
16 - Kongsvinger

Jan Egil Ulla
1 Rosenborg
2 Molde
3 Stabæk
4 Odd Grenland
5 Brann
6 Viking
7 Vålerenga
8 Lillestrøm
9 Tromsø
10 Ålesund
11 Hønefoss BK
12 Start
13 Sandefjord
14 Haugesund
15 Strømsgodset
16 Kongsvinger

Øystein Bergheim
1 Molde
2 Rosenborg
3 Brann
4 Start
5 Odd Grenland
6 Viking
7 Vålerenga
8 Tromsø
9 Lillestrøm
10 Aalesund
11 Stabæk
12 Strømsgodset
13 Sandefjord1
4 Kongsvinger
15 Hønefoss
16 Haugesund

Per Kristian Klokk
1 Rosenborg
2 Stabæk
3 Viking
4 Molde
5 Vålerenga
6 Brann
7 Odd Grenland
8 Tromsø
9 Lillestrøm
10 Aalesund
11 Strømsgodset
12 Hønefoss BK
13 Start
14 Sandefjord
15 Kongsvinger
16 Haugesund

Sondre Steen
1 Rosenborg
2 Molde
3 Viking
4 Stabæk
5 Lillestrøm
6 Brann
7 Tromsø
8 Vålerenga
9 Start
10 Sandefjord
11 Odd Grenland
12 Strømsgodset
13 Aalesund
14 Haugesund
15 Kongsvinger
16 Hønefoss BK

Stian Longva
1. Rosenborg
2. Molde
3. Odd
4. Viking
5. Lillestrøm
6. Stabæk
7. Vålerenga
8. Brann
9.Tromsø
10.Aalesund
11.Strømsgodset
12.Hønefoss
13.Sandefjord
14.Start
15.Haugesund
16.Kongsvinger

Per Jarle Fjørtoft
1 Rosenborg
2 Stabæk
3 Molde
4 Viking
5 Brann
6 Vålerenga
7 Lillestrøm
8 Start
9 Odd Grenland
10 Aalesund
11 Tromsø
12 Strømsgodset
13 Sandefjord
14 Hønefoss BK
15 Haugesund
16 Kongsvinger

Vibeke Flem
1 Rosenborg
2 Molde
3 Odd Grenland
4 Stabæk
5 Brann
6 Vålerenga
7 Viking
8 Start
9 Tromsø
10 Aalesund
11 Lillestrøm
12 Strømsgodset
13 Hønefoss
14 Sandefjord
15 Kongsvinger
16 Haugesund

Tore Fjørtoft
1 Rosenborg
2 Stabæk
3 Molde
4 Viking
5 Lillestrøm
6 VIF
7 Brann
8 Odd
9 Ålesund
10 Tromsø
11 Godset
12 Hønefoss
13 Start
14 Sandefjord
15 Kongsvinger
16 Haugesund

Henrik Åkre
1 Rosenborg
2 Stabæk
3 Molde
4 Viking
5 Lillestrøm
6 VIF
7 Brann
8 Odd
9 Ålesund
10 Tromsø
11 Godset
12 Hønefoss
13 Start
14 Sandefjord
15 Kongsvinger
16 Haugesund

Vegard ny G16-sjef

Vegard følgjer i fotspora til tidlegare herrespelarar, og gjer ein innsats i yngres avdeling. Han blir trenar for G16, som til dømes Ove og Cato var i fjor. Endeleg kan den ivrige og treningsvillige gjengen på G16 kome i gang med sesongen. Steike bra, Vegard!

søndag 7. mars 2010

Sjekk terminlista!

Det er veldig viktig at alle sjekkar terminlisteoppsettet for 5. div avd 1 og våre kampar. Onsdag er det møte, og dersom fleir eer vekke eine kampen, så er det greitt å vite om vi kan flytte kampar!! så dersom du er vekke på konsert, ferie eller liknande, send sms til Odd E så snart så råd.

Terminlista finn du ved å trykke her

Økter komande veke

Trening måndag kl 20 på SIF kgb/ Kl 2045 Austnes inne.
Onsdag: Trening ute kl 1715-1855, dersom forholda tillet det.
Fredag: Ravn-HaNo kl 19 i Uggedalen. Dette er ikkje endeleg stadfesta, men mest sannsynleg blir det fredag.

Tamt lokaloppgjer

HaNo vann laurdagens lokaloppgjer vel månaden før same laga møtest til opningskamp i 5. divisjon avdeling 1. Vi kom oss heldigvis etter sjokkopninga. LIL leia etter 15 sekund, men vi svarte før pause. Baklengsmåla var noko enkle denne gongen, men vi skal skjerpe oss på det allereie mot Ravn komande onsdag. Elles hadde vel dommar Vegsund sett føre seg litt meir temperatur enn det faktisk blei i dette lokaloppgjeret. For det var eigentleg relativt tamt. Litt glatt underlag i 1. omgang kan ta noko av skulda, men i andre omgang var forholda gode. Då var også HaNo best. Mål HaNo: Stigis, VeGaRd, Mikke og Cato.

Positivt med debut av både Mads og Sindre, som viser at dei kan vere med å kjempe om ein plass i troppa i seriekampane også. Elles vil eg nemne Åge, som no har begynt å finne posisjonen sin på midten. Stor arbeidskapasitet, og gjer stadig lurare og betre val med ballen. Eit kort referat på HaNo-sida i løpet av søndagen kjem nok.

Skodje-dødaren Mikke spelte både stopper og spiss mot Lepsøy. Som spiss skåra han med hovudet, etter eit flott løp inn i feltet. Her avbilda på Harøya.

fredag 5. mars 2010

Godøy ut-Lepsøy inn!

Godøy har enno ikkje spelt kamp i 2010, og årsførste blir heller ikkje mot HaNo. Forfalla til trenar Jøgvan Valkvæ kom tikkande inn i løpet av fredagen i ein frå før sårball stall, og dei kunne ikkje anna enn å melde avbud.

Ivar Kjell og Lepsøy blei så kontakta i kveld, og på meget kort varsel stiller dei i morgon i Uggedalen. Flott det! same tid og stad som det opphavelege mot Godøy (sjå under).

torsdag 4. mars 2010

Tropp Godøy

HaNo stiller med denne 17-mannstroppa mot Godøy på laurdag:

Henrik Åkre
Sindre Longva
Eivind Fugledal
Michael Austnes
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
vegard Halkjelsvik
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Haram
Odd Einar Molnes
Stig Frode Longva
Aleksander Ulla
Mads Uri
Ole Kristian Otterlei

Reiser kl 0935 frå Haramsøya. Retur kl 1405 frå Skjeltene. Møt seinast 1030 i Uggedalen for dei som kjem frå byen. Cato, Per Kristian og Åge køyrer frå øya.

Litt mørkt, men dette er Vegard, som testar Dagis i målet.

Terminlisteforslag 5.div

Lepsøy heime første og siste vårkampen. Start 14. april. Her er terminlista for sesongen 2010.

Det blir terminlistemøte onsdag 10. mars . Det er viktig at spelarane ser at det enkelt og greitt er kamp kvar onsdag no i vårsesongen (12 kampar), medan haustsesongen (10 kampar) startar 4. august. Planlegg feriar o.l. etter dette!!

onsdag 3. mars 2010

HaNo-Godøy laurdag kl 1130

Godøy takka ja til å møte HaNo i Uggedalen laurdag kl 1130. Godøy spelar i 3. divisjon, og har etter sigande ikkje spelt treningskamp hittil i sesongen. Vi takkar for at dei ville stille opp på såpass kort varsel.

HaNo får dermed, om forholda tillet det, to fine motstandarar kmande veke: Godøy laurdag, og Ravn same stad onsdag 10. mars kl 18.

tirsdag 2. mars 2010

Treningar og kampar framover

Ein del endringar i aktivitetsplanen dei komande øktene:

Onsdag 3.mars: Trening inne Austnes kl 1950-2130.
Laurdag 6.mars: Uggedalen er leigd 1115-1315. Enten trening eller kamp.
Måndag 8.mars: SIF kgb kl 20 / inne på Austnes kl 2045.
Onsdag 10.mars: Ravn-HaNo, Uggedalen kampstart kl 1810.

Det blir jobba med å finne ny motstandar på laurdag, etter at eg misforstod avtalen med MSIL, som har annan kamp på laurdag.

Avdelinga klar

Sunnmørsposten meiner å vite avdelingsoppsettet allereie. I dagens avis viser dei til dette oppsettet:

Avdeling 1:
Stordal, Emblem, Aksla, Stranda 2, Hessa, HaNo, MSIL, Harøy, Ravn, Lepsøy, Giske, Brattvåg 2.

Avdeling 2:
Tjørvåg, Bergsøy 2, Åheim, Hareid 2, Hasundgot, Haddal, Kvamsøy, Gjerdsvika, Sunnylven, Hovdebygda, Sæbø.

Det vil seie 22 kampar i HaNo si avdeling, og 20 kampar i avdeling 2.

Jan Egil til Brattvåg

Fjorårets kaptein og toppskårar, Jan Egil, blir i 2010 å finne i gul drakt. Etter mykje fram og tilbake entrar han igjen BIL-trøya, som han gjorde i 2008-sesongen. HaNo hadde håpa i det lengste at han blei verande også i år. Jan Egil spelte dei tre første treningskampane med oss, men han fekk eit tilbod med Brattvåg han ikkje ville seie nei til.

Vi ønskjer Ull lykke til i Vågen komande sesong, og gler oss allereie til han er tilbake i moderklubben sin, der han førebels står oppført med 347 HaNo-kampar.

mandag 1. mars 2010

To avdelingar- og fleire fotballkampar!

Endeleg er det klart: HaNo FK og alle som er glad i å spele fotball skal få gjere det- nemlig spele fotballkampar i 2010. Eit Kretsing med stemmetala 23-8 i favør to avdelingar gjer at 5. divisjon blir avholdt med henholdsvis 20 eller 22 kampar i årets sesong.

Leiar i Kretsstyret takka for stort engasjement og frammøte. Fleire tok ordet under debatten før sjølve avstemminga fann stad. Emblem starta- og i tillegg til at dei presenterte sine argument for to avdelingar som er veldig lik HaNo sine, så brukte dei også tid på å stille store spørsmålsteikn til prosessen sidan starten av januar frå administrasjonen i Sunnmøre fotballkrets si side. - Kvifor tok ikkje SFK kontakt med klubbane og spurte kva vi meinte på eit tidlegare tidspunkt, undra Odd-Erik Lund i Emblem IL, som likevel sjølvsagt rosa Kretsstyret si avgjerd om å kalle inn til Ekstraordinært Ting, når det storma som verst.

Norvald Lausund frå Lepsøy IL var klar i talen, og hadde med seg ei helsing frå spelargruppa i klubben:
- Dersom vi skal spele 12 fotballkampar på ein heil sesong, kan vi finne oss andre klubbar, er klar tale frå spelargruppa i Lepsøy IL, sa Lausund.

Tjørvåg og Bergsøy var bekymra for dei minste klubbane på Søre Sunnmøre. Raymond Nybø Abeltun sa at Tjørvåg (som kom til Playoff i 2009) kunne greie seg godt, men var redd for at dei minste klubbane ga seg når reiseavstandane blei så store. Han fekk støtte frå Bergsøy. For underteikna er det forståeleg at dei attletar på dette med antall kampar for sårbare stallar, men det dei la mest vekt på, var reiseavstandane. Då trur eg ikkje dei har studert geografien særleg godt. Til dømes Hasundgot vil måtte ta ferje to gongar til bynære strok, medan dei elles spaserer til naboen eller køyrer under vatnet til Hovdebygda eller Sæbø. (At lag som Harøy, HaNo og Lepsøy tar ferje til kvar einaste bortekamp blei ikkje vektlagt frå dei klubbane si side i det heile.)

HaNo entra også talarstolen etterkvart, og vi la vekt på at 12 kampar var antall kampar vi spelte på lillegutlaget, og at det ikkje er eit sportsleg tilbod for lag på noko nivå i 5. divisjon. Vi meinte at geografien ikkje er til hinder for to avdelingar, og at når ein trenar frå januar og 9 månader framover, så er det vel kampar vi har lyst å spele? Hovdebygda var einig, og peika på at no har Eiksundsambandet opna, og dermed kan dei og Sæbø reise sørover.

Giske var usikre, men gjekk for tre avdelingar. Dei kunne aller helst tenkje seg å spele 15-16 kampar. Åheim gjekk "mote straumen" på Søre, og ville ha to avdelingar og fleire fotballkampar. Dei meinte som Emblem og HaNo, nemlig at om det blir så få kampar, så ville heller dei meir ambisøse spelarane gå til klubbar der blir spelt, ja nettopp, fleire fotballkampar.

23 stemte for to avdelingar, medan 8 stemmer gjekk til tre avdelingar. Eit klart fleirtal med andre ord. Men ein skal vere klar over at det ikkje har vore noko sjølvfølgje dette: Ein ganske så gedigen innsats frå spesielt Emblem IL si side, har gjort at Kretsstyret "greip inn", og spesielt då Sunnmørsposten sette fokus på saka, blei det avgjort å halde dette Ekstraordinære Kretstinget.

Så får vi håpe at ingen klubbar fell frå, det er ikkje HaNo FK sitt mål i alle fall. strandafotball.no meiner avdelingsoppsetta kan bli offentleggjort allereie tysdag. Det skal bli spennande og sjå. Vi har tidlegare spekulert i desse avdelingane:

"Søre": Bergsøy2, Haddal, Hasundgot, Kvamsøy, Åheim, Gjerdsvika, Tjørvåg, Hovdebygda, Sæbø, Emblem, Aksla.

"Nordre": HaNo, Harøy, Lepsøy, Giske, Brattvåg 2, Ravn, Stranda 2, Stordal, Sunnylven, Hessa, MSIL.