fredag 20. november 2009

Kva med denne?

Debattinnlegg nummer 21 på stordal.nu sin sak om 5. divisjon var kanskje ikkje dum. Den er skrive av Hareid IL sin Einar Orten Trovåg. Her er utklippet:

"Eg meiner at krinsen no bør gjere følgjande dei to neste åra for å betre tilhøva for lågdivisjonane: 2010: Vår: Tre avdelingar etter geografisk oppdeling, som i år. Dei tre beste i kvar avdeling går til 5. divisjon haust. Dei øvrige laga går til 6. divisjon haust, oppdelt i to geografiske avdelingar, evt tre om det er interesse for det. Dei tre beste i 5. divisjon haust rykker opp, vinnaren blir krinsmeister. Spelar enkel serie. I 6. divisjon spelar ein enkel eller dobbel serie alt etter ønske og talet på laget i kvar avdeling. Vinnarane av dei to eller evt. tre avdelingane møtest til kampen om KM-tittelen i 6. div til slutt.

2011: Dei tre som rykker ned frå 4.-divisjon, lag 4 til 9 i 5. divisjon haust + avdelingsvinnarane i 6. divisjon frå året før utgjer 5. DIVISJON. Øvrige lag utgjer 6. divisjon, geografisk oppdelt i så mange avdelingar som det passar.

Og så er alt tilbake til det gamle igjen...

Eg trur dette er måten å gjere det på for å auke interessa for seniorfotball. Kamptilbodet blir betre for dei som ikkje er gode nok for 4. divisjon men for gode til å møte krinsens svakaste og minst satsande lag, i år for eksempel Stordal, MSIL, Tjørvåg, HaNo...

6. divisjon kan igjen bli ein "bondeliga" og opne for at mindre satsande lag som Gjerdsvika, Flø, Haddal, Giske, Lepsøy etc kan spele på sitt nivå mot passande motstand. Eit slik system eg presenterer gir også håp om at gamle klassikarar som Moltu, Brandal, Hjørungavåg, Hundeivik, Sandsøy, Rovde, Mork, Håheim, Åsestranda, NEG, Brusdalen og Fjørtoft kan gjere comeback i 11-arfotballen."

5 kommentarer:

Jan Egil sa...

Ja dinna va bra.


Prim med ny blogg foresten

http://primfk.blogspot.com/

cato sa...

Nice

lp sa...

de va et veldig fornuftig opplegg,legge til rette for fleire lag

Odd Einar sa...

Fantastisk og unikt bilde ta Erik i prim-bloggen:) God latter rett og slett.

Erik sa...

godt å sjå ej kan bidra litt i hanomiljøet enda...