tirsdag 3. november 2009

Kvalik eller ikkje syns du?

Sesongen 2009 på Sunnmøre blir definitivt over etter søndagens cupfinale. Men no er alle seriar og kvalikar over. Nokon gjekk ned, nokon opp.
MSIL er skuffa så klart. Statistikken deira med 18 sigrar, 2 uavgjorte og 1 tap gjennom heile sesongen talar for seg sjølv. Ei tragisk, men fin og oppmuntrande betraktning, kan du lese frå MSIL sin Vegard Eikrem her.


Eitt lag frå kvar avdeling gjekk opp, men ikkje avdelingsvinnarane HaNo og MSIL. Diskusjonen om kvaliken er på sin plass eller ikkje blussar opp att sjølvsagt. Det var i alle fall 6 jamne og gode lag som møttest, og då meiner mange det berre er å sende opp avdelingsvinnarane. På ei side kan ein vel sjå på resultata og seie at skilnaden mellom laga på Søre var større. Eit moment her er at GuLars hadde tre tap i ein middels vårsesong, eitt mot Tjørvåg etter ferien før dei fekk tilbake spelarane sine. Med Sætre Hauge og brørne Gunnarstein frå Hareid, og også Leiv Sindre Muren (Bergsøy) og Preben Sætre (Hødd) gjorde dei reint bord i serien og tok 10 fortente poeng i Playoff.

Vi er skuffa over å ikkje rykke opp sjølv, og eg registrerer at enkelte er skuffa over at avdelingsvinnarane ikkje berre rykte direkte opp. Vår skribent på HaNo-sida inkludert. Det er jo greit nok, men vi har jo visst dette i heile år, og personleg syns eg ikkje det passa å ha med det i det siste kampreferatet. Men det er jo ein journalist si meining, og ikkje nokon spelar eller trenar eller nokon i sportsleg utval i HaNo som seier det. Så dermed blir det jo ikkje "grinete" frå vår si side heller, sånn sett. For at det blei to beste i kvalik har vi jo visst sidan februar, og då gjeld det å vere best når det gjeld, og det må vi berre innsjå at vi ikkje var.

Etter det eg skjønar blir 5. div-opplegget likt også neste år. "Problemet" er jo antall lag. I år var det 27 lag opphavleg, og så kjem problemet med inndelinga. Det er for lite med to avdelingar, og for mykje lag til 3 avdelingar eigentleg. SFK delte inn i lag, og då kom Blindheim2 og ropte "feige lag" på direkten og gjekk ut av bana. Barnsleg, men kva kan SFK gjere med det? Kraftig bot etter mi meining. Kan ikkje melde på eit lag, og deretter melde seg av pga misnøye med inndelinga. Hareid2 sameleis, dei vil ikkje reise over fjorden alle kampar medan kameratane spelte synnom fjorden. Dei fekk vilja si, og dermed 10 lag på Søre. Aksla kom seinare inn, og spelte i avdeling 2. Å spele 14 kampar som vår avdeling gjorde, kan vi i alle fall ikkje gå med på.
Ein ting er sikkert: Ramaskrik og påstandar om feige lag, teit inndeling osb kjem garantert opp også neste vinter. Det blir spennande å sjå kven som melder seg, og melder seg av. Og eit anna spenningsmoment er om Giske, som forkjempar for den nye ordninga, greier å stille lag til avtalt tid..?
Om du skulle bestemt, korleis hadde du ville lagt opp 5. divisjon? Legg att di ytring under "kommentarar".

4 kommentarer:

Anonym sa...

Vi i Lepsøy IL var no et av lagene som jobbet aktivt for en endring av 5-6 divisjon. Og etter sesongen 2008 så hadde vi ikkje noko valg, da spelte vi 12 kamper, 10 av dem var mot meir eller mindre useriøse 2'er lag. Der f.eks Langevåg bytter ut 6 spillere etter 1 min i 3 divisjon for å rykke opp til 5 divisjon. Vi i Lepsøy trenar 3 gonger i veka, like mykje som lag i 4 divisjon, vi betaler mange tusen kr inn til kretsen og kva får vi igjen jo 12 kamper. Monge sa da, spel trippel serie, men med 5stk 2'er lag so fær vi aldri viljen vår der. Derfor ble vi enige om at skulle vi i det heile tatt orke å drive med dette så måtte nokke gjerast. Dermed var valget nedleggelse av laget eller omlegging av divisjonene. Når det gjeld korleis avdelingene og oppsette skulle gjerast så hadde hverken Lepsøy eller Giske nokke med det å gjere, sjøl om det rundt om på monge heimesider på sunnmøre ser slik ut. Lepsøy syns også det opplegget som ble laget til har vore for dårlig.

Odd Einar sa...

Trur ikkje folk meiner at Lepsøy og Giske sette opp avdelingane, for det var jo heilt klart Kretsen som gjorde. Og som eg skreiv, ein tøff jobb det, med 27 lag. Ikkje noko lettare når lag trekk seg etter at oppsettet har kome opp. Og når det gjeld skuldingane mot Lepsøy og Giske stadig vekk, så var jo dette ei demokratisk avgjer på Kretstinget, der fleirtalet bestemte at det skulle bli slik. Bra jobba av dei to nemnde klubbane for å få med seg andre klubbar.

Så om ein vil gjere noko med dette, så må ein vel rett og slett mobilisere til neste Kretsting (Hausten 2010?).

Anonym sa...

Det som skulle vert gjordt ,og som også Lepsøy og Giske foreslo til kretsen var og lage 2 avdelinger ei på Nordre og ei på søre med 10 lag i kvar avdeling, også ha ei egen avdeling med 2'er lag. 2'er lagene både kan ikkje og vil heller ikkje rykke opp i 4 divisjon. Dermed kunne avdelings vinnerene spele om kretsmesterskapet, og lag nr 2 kunne kjempe om den tredje og siste opprykksplassen.

Jan Egil sa...

Det viktigaste for min del e ihvertfall antall kampa. Det å trene en heil vinter for å spele 14 kampa bli for domt spør du mej....I tillegg e det heilt meiningslaust å ha to mnd sommerferie, for so å halde på til nesten advent, på dårlige grasbaner/grusbaner, når det e stort sett kun sommerstia at banene e bra på desse trakter...

Playoff ordninga sønst ej igrunn funka bra, å det vart nok ei meir spennande avslutning enn det kanskje hadde blitt med avdelingsvinnerane rett opp. Det va no litt kjekt at ingenting va avgjort før siste runde.
At det kanskje vart slik at det ikkje va dei tre beste laga so rykte opp, fær no so ver. Det kan an vel risikere dersom avd. vinnerane rykke rett opp mæ.(et lag so bli nr.2 i avd 2, kan no godt ver bedre enn lag nr.1 i avd.3)

Kanskje kunna det vør en ide at dei laga lavere på tabellen kunna møttest i en slags playoff mæ, for å få opp antall kampa... Men det e vel kanskje litt forskjell på laga når det gjeld kor mange kampa som e ønskelig...