søndag 29. april 2012

Pauserunde

Medan vi trenar 17:45 i morgon på Nordøy, går 4. serierunde av stabelen om lag på same tid:

Ravn-Giske
Ellingsøy-Langevåg2
Harøy-Aspøy

Siste kamp har kanskje bytta heimebane..? Ser ut som at Aspøy spelar sine to heimekampar mot Harøy første seinare i sesongen. Dvs at Harøy spelte heime sist runde (slo Ravn 2-0), favorittmøter Aspøy i morgon heime, og tek tredje strake oppgjer på Harøy stadion neste måndag mot oss.

Ravn er også klare heimefavorittar mot Giske. To lag med gule drakter møtest på Nes satdion, der det skal bli spennande å sjå om heimelaget tek sine første poeng mot Langevåg2, som kanskje er sterkast heime..?

Ny treningsveke....

Starter med trening mandag kl 17:45 på Nordøy gras. Tirsdag skal dame- og herrelaget ha utover sand på Haramsøy gras, slik at vi får begynne å brukke denne bana også. Kjem tilbake med tidspunkt.

mandag 23. april 2012

Tropp til kamp i dag mot Aspøy

Tropp, siste oppdatering frå HaNo herre facebook:
Henrik, Even, Preben, Cato, Stig Frode, Per Kristian, Michael, Lars, Robin, Olve, Håkon, Sindre, Alexander, Per Olav, Mads, Jan Egil, Odd Einar.

Oppmøte kl 17.30.

lørdag 21. april 2012

Aspøy i første heimekamp

Dette laget veit vi fint lite om. Dei har faktisk heimeside, men lite oppdateringar der. Giske slo dei i treningskamp i februar, medan dei vann mot Rollon junior. Om dei har spelt fleire kampar vitast ikkje.

Oppmøte er 17.30, og Lars legg vel ut troppa søndag sannsynlegvis. Resten av runden er naboduellar, medan Langevåg2 står over.
Harøy-Ravn
Giske-Ellingsøy

torsdag 19. april 2012

Dugnad før trening

Det blir rakedugnad kl 17 fredag før trening. Ta med rive! Vi trena ettepå ca 1745.

tirsdag 17. april 2012

Harøy med skremmeskot

Harøy IL med første stikk i 6. divisjon avdeling 2: Dei knuste Ellingsøy 1-6 på Nes stadion i serieopninga i går. Stian Harnes opna målkontoen med sine 4 skåringar, Nicolai Brunvoll og Magnus Sperre Tennfjord dei to siste.

Langevåg2 skåra også 6 mål heime mot Giske, og slapp inn 3. Tabellen finn du til ei kvar tid i menyen til høgre (Terminliste 6. divisjon).

søndag 15. april 2012

Runde 1 måndag

Vår 6. divisjonsavdeling består av 7 lag - dermed står eitt lag over kvar serierunde. Aspøy drøyer seriepremieren ei veke, og 1. runde er slik:

Ravn-HaNo
Ellingsøy-Harøy
Langevåg2-Giske

Tropp og slikt- Ravn

Troppa er slik, skriv Lars:
Kenneth, Sindre, Even, Preben, Cato, Odd Einar, Jan Egil, Lars, Per Kristian, Michael, Robin, Olve, Alexander, Håkon, Per Olav, Per Jarle og Mads. Avreise 1635. Oppmøte på Ravn kl 1730.

Bilar frå Øya: Sindre, Odd Einar og Per Olav.Då reknar eg med at desse skal t/r øya: Håkon, Kenneth, Sindre, Odd Einar, Michael, Robin, Alex, Håkon, PO, Per Jarle og Mads frå øya. Gi beskjed om dette ikkje stemmer.

Draktvask denne kampen: Sindre.

Har Per Jarle med.skrin og flaskene?

fredag 13. april 2012

Vaskedugnad i Søvika

Neste helg er det vaskedugnad i Søvika. Det gjeld laurdag og søndag, 21. og 22. april.

Her er link til lista. Sjekk når din tørn er, send så sms til Solveig Dalhaug Ulla (99 32 36 67) om at du kjem, evt kven som kjem i staden for deg, eller kven du har bytta med. 

Trening laurdag 1345

Neste trening blir laurdag kl 1345 i NH. Avbud sendast til Lars

onsdag 11. april 2012

Tropp og køyring Emblem-kampen- OPPDATERT

Lars skriv følgjande tropp i fjesboka:
Kenneth, Mads, Even, Cato, Preben, Michael, Olve, Robin, Håkon, Odd Einar, Lars, Per Jarle, Per Olav, Alexander, Kristian, Demir.
Avreise 1630 frå Haramsøya. Oppmøte 1745 på Emblem Stadion. Retur 2120 frå Skjelten.
Bilar t/r øya: Aleksander og Per Jarle.

Eg reknar med at desse skal til/frå øya:
Kenneth, Michael, Odd Einar, Per Jarle, Per Olav, Alexander.
Robin, Mads og Håkon skal vere med heim att.

Frå byen
får desse kommunisere på facebook eller liknande for litt samkøyring:
Even, Cato, Preben, Demir, Kristian, Olve, Robin, Mads, Håkon, Lars.

Bjarne og Odd Einar oppmenn

Det er ikkje berre nysigneringar på spelarfronten på herrelaget for tida. De thar drøya noko for å få lagleiar (ar) på plass, men no er teamet klart. Odd Einar Molnes og Bjarne Lorgen skal ta seg av den biten i 2012.

Bjarne skal først og fremst passe på at Even har med seg fotballsko til kvar kamp :) I tillegg vere med på heimekampane, slik at trenarane og spelarane får konsentrere seg fullt ut om det sportslege. På bortekampane skal vi nok dele på oppgåvene oss spelarane i mellom.

tirsdag 10. april 2012

Emblem siste test

HaNo møter Emblem i generalprøva på torsdag. Kun 4 dagar før seriestarten på Vatneeidet.

Emblem er gode kjenningar av HaNo siste åra. Emblem spelar i 5. divisjon, etter at dei overlevde frå vår avdeling i fjor. 2-0 sigeren i fjor vår var eit godt minne, i siste serierunde enda det 4-2 til heimelaget i ein betydningslaus kamp for begge lag.

I år gjer bohemane eit nytt forsøk på å kome seg til 4. divisjon, og har henta inn Sindre Knutsen som trenar. Dei har spelt to treningskampar no i påska, der heimesida outzide.com melder om 1-4 tap mot det sterke 4. divisjonslaget Spjelkavik, og 7-3 seier over 5. divisjonslaget Ørland frå Trøndelag. Dei køyrer på med ny treningskamp mot SIF reserve/junior i kveld før HaNo-kampen på torsdag.

Preben (biletet) og HaNo reiser til Emblem med Ravn-kampen måndag og seriestart i sikte. Trenar Lars har ytra på fjesboka at han gler seg. Det gjer jammen vi andre også!

søndag 8. april 2012

Erik Åkre tilbake i HaNo.


Tidligare HaNo, Volda, Brattvåg, Nest Sotra, Ullern, Nordstrand og Røaspelar Erik Åkre skal spele store delar av vårsesongen for HaNo sitt herrelag denne sesongen. Erik er for tida i Brasil men kjem heim i byrjinga av mai og HaNo har ein avtale på gong med Røa om utlån ut vårsesongen. Richard Hansen har også gitt signal om at han vil bidra for HaNo denne sesongen. Vi ønsker dei to naboane frå Haramsøya velkommen heim!

lørdag 7. april 2012

Neste veke

Neste veke blir som følger:

- Trening mandag, 2 påskedag, kl 1345 i NH
- Kamp mot Emblem torsdag kl 19 på emblem
- Trening laurdag kl 1345 i NH

Seriestart mandag 16 april.

søndag 1. april 2012

Tropp til kampen mot SIF Jr - og køyreoppdatering.

Kampen mot SIF jr. avlyst pga snø. Internkamp kl 18 i NH i staden i kveld :)

Desse stiller opp til treningskamp mot SIF Jr på tirsdag:
Per Kristian, Michael, Mads, Sindre, Olve, Odd Einar, Robin, Even, Preben, Per Jarle, Jan Egil, Cato,
Alexander og Håkon.

Vi har også denne kampen problem med keeperplassen, men vi jobber med saken.

Oppmøte kl 17:55 på Siffen, med kampstart ca. kl 18:45. Avreise frå Austnes kl 16:35.

Bilar frå Austnes er det Olve og Sindre som sørgjer for. Per Kristian køyrer også eigen bil om dagen, sidan han må vere i beredskap for fødselstermin :)

Trur vi køyrer same reglar som i fjor: Alle som har adresse øyane bytar på å køyre, om du har lappen eller ikkje. Hugs at du kan få ein med lappen til å køyre din (eller familiens) bil, eller at du betalar nokon andre for å køyre, 2 kr kilometeren.