torsdag 1. oktober 2009

Stordal eller Skodje?

Det er spørsmålet. Dei er 6. laget som blir klar for Play-off på søndag. Det er relativt høg hitchcock-faktor på denne duellen. Det er nemlig slik at allereie Playoff-klare MSIL reiser til Stordal på søndag, og Skodje spelar borte mot Emblem, som nok er skuffa over å ikkje vere mellom dei to beste laga. Her er førehandspoenga mange. Til dømes at MSIL kan slakke på sidan dei allereie er klar. At Stordal har mest og spele for osb. Skodje på si side har gjort det kjempebra på utebane (som dei har spela nesten alle kampane sine i haust), medan Emblem altså ikkje har same motivasjonen. Vi har møtt begge; vann 4-3 over Skodje i februar, medan vi tapte 2-3 inne på Kirkebø mot Stordal i treningskamp no i august.

Ein ting er sikkert: Det kjem til å vere ei direktelinje mellom Emblem kunstgrasbane og Kirkebø i Stordal for å halde seg oppdatert med stillinga i den andre kampen. For at dei er nøyaktig likt i poeng, og Skodje har eitt (!) mål berre betre i målskilnad.

Ingen kommentarer: