fredag 31. juli 2009

Kampane i haust

Terminlista for vår del ser slik ut i haust:

Mån 17.aug kl 18:30 HaNo-Godøy 2/Vigra 2
Ons 26.aug kl 18:30 Brattvåg 2-HaNo
Søn 30.aug kl 14:00 Lepsøy-HaNo
Søn 06.sep kl 15:00 HaNo-Harøy (HaNo-dagar)
Fre 18.sep kl 17:30 Giske-HaNo
Søn 27.sep kl 14:30 HaNo-Ravn
Søn 04.okt kl 14:00 Ellingsøy-HaNo

Om vi kjem mellom dei to beste på tabellen, blir det altså kvalifiseringskampar etter dette. 5 kampar, med første den 11. oktober. Planlegg godt, og tips for å reise vekk ei helg er helga 11.-13. september då vi har spelefri, eller evt etter Giske-kampen fredag 18.sept ;)

Nei frå Skodje- Kanskje Stordal torsdag 6.august

Skodje kunne ikkje spele treningskamp no før hauststarten. Oppmannen til Stordal er derimot positiv. Dei har start fredag 14. august. Då må ein treningskamp gå torsdag 6. august eventuelt. Kampen går inne i Stordalen. Stordal-spelarar skulle på Raumarock fredag 7. aug, så kampen kunne ikkje gå då (det skal kanskje våre spelarar også?). Fint om alle kan sette av torsdag 6. august til eventuell treningskamp uansett, så skal eg gi beskjed når det blir endeleg bestemt.

tirsdag 28. juli 2009

Treningar neste veke

Komande veke startar vi på att med obligatoriske treningar. Eg skal igjen ha beskjed (i god tid) på økter vi ikkje kan stille på.

Mån 3. aug tren 2000-2130 Nordøy
Ons 5. aug tren 1715-1855 Austnes
Fre 7. aug tren 1750-1930 Austnes

Veka etterpå blir det sannsynlegvis også økter måndag-onsdag-fredag, men litt avhengig av om vi får treningskampmotstandar, og til kva dag.

15 mann måndag

Verkar som om folk byrjar å kome heimatt frå ferieturar i sommar. Måndagskvelden kl 21 møtte 15 mann til ei bra fotballøkt på Nordøy. Siste "sommartrening" blir i morgon onsdag kl 1715 på Austnes. Håper mange tek turen då også. Greitt å ha litt i føtene før "alvoret" startar på att komande måndag kl 20 på Nordøy. Skodje, som er like bak tetlaga i avdeling 3, er førespurt ein treningskamp rundt 10.-12. august, knappe veka før hauststarten vår mot Godøy2/Vigra2 den 17., men dei er noko sein å svare. håper på positivt svar derifrå.

mandag 27. juli 2009

Måndagstreninga kl 21

Grunna Aalesund-Fredrikstad på TV2 Zebra kl 19 måndag, så går treninga på Nordøy kl 21.

søndag 26. juli 2009

Michael flittigast på trening


56 (!) mann har vore innom herrelaget sine 63 "offisielle" treningar mellom januar og Øyacup. Michael, her med målvakthanskar i IP Huse-hallen, der han representerte HaNo Old Boys i finalen, toppar lista med knappe 97 prosent frammøte. Dei 8 flittigaste bikka 75 % frammøte. Her er topp20 på frammøtefronten:

Michael Austnes 61
Odd Einar Molnes 55
Åge Flem Ulla 54
Kristian Kalvøy 53
Demir Haram 52
Cato Longva 51
Jonas Longva 49
Lars Petter Haram 49
Vegard Halkjelsvik 46
Kent Inge Klokk 43
Vebjørn Steen 42
Ove Otterlei 40
Stig Frode Longva 38
Jan Egil Ulla 37
Kenneth Ulla 36
Daniel Grebstad 34
Asgeir Nogva 26
Per J Fjørtoft 22
Lars Åkre 19
Dag Peter Olsen 18
Eivind Fugledal 18

onsdag 15. juli 2009

Tre av ti på dødball

Vi skåra 26 mål i vår, og slapp inn 12.
5 sigrar, 1 u og 1 tap.



Baklengsmåla kom slik (prosent i parantes):
Dødball 2 (16,7)
Etabl angrep 7 (58,3)
Kontring/brot 3 (25)
Totalt 12 mål



HaNo-måla kom slik (prosent i parantes):
Dødball 8 (30,8)
Etabl angrep 15 (57,7)
Kontring/brot 3 (11,5)
Totalt 26 mål



Desse skåra seriemåla:
5 mål: Jan Egil
4 mål: Asgeir, Lars Petter
3 mål: Kenneth, Stig Frode
2 mål: Per Jarle.
1 mål: Michael, Jonas, Cato, Vegard, Stig Erik

Seriekampar i minutt

Om ein ser på minutt spelt, ser det slik ut:

Michael Austnes 625
Cato Longva 595
Vebjørn Steen 570
Lars Petter Haram 505
Jonas Longva 500
Jan Egil Ulla 500
Kenneth Ulla 495
Asgeir Nogva 490
Lasse Buch 360
Vegard Halkjelsvik 355
Åge Flem Ulla 305
Per J Fjørtoft 260
Ove Otterlei 250
Kristian Kalvøy 235
Stig Frode Longva 230
Dag Peter Olsen 140
Stig Erik Nogva 115
Kent Inge Klokk 105
Henrik Åkre 90
Øystein Bergheim 90
Demir Haram 65
Odd Einar Molnes 45
Lars Åkre 40
Sondre Steen 30

24 mann med seriekampar

24 spelarar har spelt kampar for HaNo denne våren, og det berre i serien. Ganske mange har spelt alle. Her er lista:

Michael Austnes 7
Jonas Longva 7
Vebjørn Steen 7
Kristian Kalvøy 7
Cato Longva 7
Lars Petter Haram 7
Åge Flem Ulla 7
Vegard Halkjelsvik 7
Kenneth Ulla 6
Asgeir Nogva 6
Per J Fjørtoft 6
Jan Egil Ulla 6
Kent Inge Klokk 6
Stig Frode Longva 5
Dag Peter Olsen 4
Demir Haram 4
Ove Otterlei 4
Lasse Buch 4
Odd Einar Molnes 3
Lars Åkre 2
Stig Erik Nogva 2
Øystein Bergheim 1
Sondre Steen 1
Henrik Åkre 1

Opprykk til romjul..?

stordal.nu analyserer vårsesongen i 3.-5. divisjon. Om frykteleg mykje kan gå galt, spekulerer ein i om kvaliken i 5. div startar 20.november. Men det skal godt gjerast då.. Les meir her

tirsdag 14. juli 2009

Lite blogging

Sommartreningane går sin gang, og det skal vere folk som stiller med ballar kvar måndag kl 20 (Nordøy) og onsdag 1715 (Austnes) framover også. Forrige veke var det 14-15 begge øktene, i går 8 på Nordøy. God økt likevel. Even blei slått tunnel på i ei stadigheit ;)

Det blir nok ikkje voldsom aktivitet her på bloggen dei nærmaste par vekene, sidan det er argasste ferietida no. Men dei par nærmaste dagane vil det dukke opp litt statistikk for vårsesongen. Ein liten feriepoll ligg til høgre på sida, og det er fullstendig lovleg å legge att ei feriehelsing under "kommentarer" på ei eller anna av sakene som blir lagt inn. Ha ein framleis god sommar!

mvh
Odd Einar

Austnesbyggefeltingar dei verste!


Eit journalistisk scoop kunne vore følgjande overskrift: "Austnesbyggefeltingar dei verste!"
Det viser seg nemlig at om du høyrer til dei 3 husa lengst oppe i byggefeltet på Austnes, så er det gedigen sjanse for at du er den råaste på laget! Det er nemlig Kenneth, Per Jarle, og brørne Cato og Stig Frode som er dei einaste som har fått sjå det gule kortet i år. Kor rått eller stygt det er å til dømes ha på seg eit smykke kan vel diskuterast, men...

mandag 6. juli 2009

Sommartreningar frå i dag av

Frå og med i dag, måndag 6. juli, blir det treningar slik i sommar:

Måndagar kl 20 på Nordøy
Onsdagar kl 1715 på Austnes.

Eg blir der sjølv i kveld, men utover i sommar skal vi passe på at der er ballar å finne! Treningane er felles for gute- og herrelaget.

onsdag 1. juli 2009

19 i snitt

Nei, det er ikkje stilkarakterar i skihopp vi snakkar om, men gjennomsnitt antall spelarar på trening denna veka. trenaren har vore forhindra begge dagar, og takkar for hjelp, då eg er litt "off" denne veka. 22 mann møtte på Nordøy måndag, og i kveld rapporterer Cato om 16 mann og god jobbing på 4 vs. 4 nesten store delar av treninga.
Trening på fredag på Austnes kl 1750.

Frå og med neste veke blir det treningar i sommar slik, felles for gute- og herrelaget:

Måndagar kl 2000 på Nordøy.
Onsdagar kl 1715 på Austnes.

Det blir ein nøkkelansvarleg på kvar trening, som er ansvarleg for å leie treninga med lett oppvarming og fotballspeling.