søndag 31. oktober 2010

Topp 4 dreg i frå...?

Brattvågarane Otterlei og Dalhaug med ny sterk runde. Lars x 2 hengte seg på, og dermed har dei mest fått ei luke ned til dei hine. Men vi fortvilar ikkje: Det er mange rundar å gjere det på endå!

Runde 3
Oddmund D Otterlei 7
Kent Inge Klokk 6
Kenneth Ulla 6
Lars Åkre 6
Frank Dalhaug 6
Lars Ulla 6
Cato Longva 6
Odd Einar Molnes 5
Kenneth Hansen 4
Jan Egil Ulla 4

Samanlagt etter tre rundar
Frank Dalhaug 18
Oddmund D Otterlei 18
Lars Åkre 17
Lars Ulla 17
Odd Einar Molnes 15
Kent Inge Klokk 15
Kenneth Ulla 14
Jan Egil Ulla 14
Cato Longva 14
Kenneth Hansen 12
Sondre Steen 10
Per-Kristian Klokk 9
Tor Gunnar Standal 5
Vegard Halkjelsvik 5
Erik Åkre 3

fredag 29. oktober 2010

Bortelaget møtte ikke

Det, og 3-0 til heimelaget, blir då ståande som kampfakta for Lepsøy-Hessa og Harøy-Aksla som skulle spelast i haust. Dermed er det følgjande slutt-tabell for 2010-sesongen.

torsdag 28. oktober 2010

PL tippen Runde 3

Her er kampane i runde 3 i PL-tippen:
1 Blackburn-Chelsea, Starter lørdag kl. 16:00
2 Fulham-Wigan, Starter lørdag kl. 16:00
3 Arsenal-West Ham, Starter lørdag kl. 16:00
4 Wolverhampton-Manchester City, Starter lørdag kl. 16:00
5 Everton-Stoke, Starter lørdag kl. 16:00
6 Manchester United- Tottenham, Starter lørdag kl. 18:30
7 Aston Villa- Birmingham, Starter søndag kl. 13:00
8 Bolton-Liverpool, Starter søndag kl. 17:00

Tippefrist er laurdag kl 12 (eller før første kampstart eigentleg).

onsdag 27. oktober 2010

Dugnad fredag

Ivar Fjørtoft, Nordøyhallnemnda med fleire sørgjer i desse dagar for å forskale tilbygget til Nordøyhallen. I morgon torsdag blir det støyping. Fredag skal forskalinga rivast, og då trengs det folk. Dugnaden blir frå kl 1730-2000. Berre å ta med ein hammar og møte opp:)

Dersom det er ledig i salen på Austnes, og interesse for det, kan det vere innetrening etterpå (kl 20-2130).

tirsdag 26. oktober 2010

Trening i helga

Hei og hopp! Par helger til Inne-KM (Futsal). Er det aktuelt med trening til helga? Ja, det er det no vel. Men når passar det? Alternativ kan vere:

Fredag kl 1750
Fredag kl 1900
Laurdag kl 11 (Cato...?) eller 12 eller noko?

Skriv inn i kommentarfeltet, og så spikrar vi ei tid om eit par dagar.

mandag 25. oktober 2010

Cato årets, Demir med gjennombrot



Cato Longva vann prisen årets spelar 2010. Eg uttalte at det var knalljamt med ein annan spelar, og vi kan avsløre at det var Mikke som kniva heilt inn med spelar- og trenarstemmer! Med juryane rundt omkring fekk dei likt i årets sesong. Vi gratulerer til Cato med ein god sesong i HaNo-trøya.

Demir har vore inn og ut av HaNo-laget siste sesongane, men allereie i dei første treningskampane i januar/februar såg vi at Demir ville få ein god sesong. Har utvikla seg på fleire område både taktisk og teknisk, og har vore fast og viktig brikke på årets HaNo-laget. Ein fortent pris! (Begge foto: Sybell)

To gongar Lars på topp 4

Stortipparen Lars Åkre (bilete, og ref Norsk tipping sin konkurranse i vinter) har vakna, og er no inne på Topp 4 i PL-tippen her i bloggen. Ein annan Lars (Ulla er hans namn) hadde også 6 rette denne gongen, og er inne mellom dei fire beste. 49 år og 351 dagar gamle Ulla bomma som dei fleste andre på Tottenham, og også i kamp 2 på Sunderland-Villa, som enda H.

Denne runden:
Lars Åkre 6
Sondre Steen 6
Frank Dalhaug 6
Oddmund D Otterlei 6
Lars Ulla 6
Kenneth Ulla 5
Per-Kristian Klokk 5
Vegard Halkjelsvik 5
Odd Einar Molnes 4
Kent Inge Klokk 4
Jan Egil Ulla 4
Cato Longva 4
Kenneth Hansen 3

Med andre ord fekk Frank D sin andre 6 poengar, og toppar samanlagtlista:
Frank Dalhaug 12
Lars Åkre 11
Oddmund D Otterlei 11
Lars Ulla 11
Odd Einar Molnes 10
Sondre Steen 10
Jan Egil Ulla 10
Kent Inge Klokk 9
Per-Kristian Klokk 9
Kenneth Ulla 8
Kenneth Hansen 8
Cato Longva 8
Tor Gunnar Standal 5
Vegard Halkjelsvik 5
Erik Åkre 3

Minner om at det er 12 rundar, og dine 10 beste tel:)

søndag 24. oktober 2010

Steven årets treningsnarkoman

Steven hadde eit formidabelt oppmøte i vinter og vår. Litt mindre etter sommaren, men likevel med god margin til Mikke som nummer to på lista. Steven var på 66 treningar, som var ein oppmøteprosent på 81. Litt lavare topp 10 prosent i år enn i fjor som vi har vore inne på tidlegare. 58 personar har vore på trening i år.

Her er topp 15 med treningsoppmøte i år (prosent i parantes)

Steven Saure 66 (81)
Michael Austnes 62 (77)
Åge Flem Ulla 58 (72)
Cato Longva 58 (72)
Demir Haram 56 (69)
Vegard Halkjelsvik 54 (67)
Sindre Longva 47 (58)
Kristian Kalvøy 45 (56)
Per Kristian Klokk 43 (53)
Mads Uri 40 (49)
Daniel Grebstad 39 (48)
Lars Petter Haram 38 (47)
Henrik Åkre 36 (44)
Preben Lorgen 36 (44)
Eivind Fugledal 29 (36)

torsdag 21. oktober 2010

Nominerte til årets spelar!


hanoherre.blogspot.com presenterer i dag, tre dagar før utdelinga, kven som er nominert til prisen "Årets spelar 2010" i HaNo FK. The nominees are:

Åge Flem Ulla
Cato Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Vegard Halkjelsvik

Desse fem sanka poeng med juryen, trenarane og spelarane under avstemminga og nomineringa til prisen. Desse fem er sett opp i tilfeldig rekkjefølgje, som dei seier på X-faktor. Men ein av dei henter heim pokalen:) Det blir også delt ut pris for "Årets gjennombrot".

Close race om minutt på bana i serien

(Biletet viser dei faste midstopparane PK og Mikke mot Hessa. Foto Sybell)
Per Kristian spelte flest minutt i serien- men berre ein Hotel Cæsar-episode lengre enn tre andre. Cato, Vegard og Mikke kom hakk i hel. (Antall seriekampar spelt i parantes).

Topp 10 spelte minutt i serien
1 Per Kristian Klokk 1690 (19)
2 Cato Longva 1672 (19)
3 Vegard Halkjelsvik 1670 (21)
4 Michael Austnes 1660 (19)
5 Åge Flem Ulla 1490 (18)
6 Demir Haram 1340 (19)
7 Henrik Åkre 1220 (14)
8 Odd Einar Molnes 1190 (19)
9 Asgeir Nogva 1135 (13)
10 Lars Petter Haram 1117 (13)

onsdag 20. oktober 2010

PL-tipp runde 2

Her er kampane for runde 2 av PL-tippen:

1 Tottenham- Everton, Starter lørdag kl. 13:45
2 Sunderland-Aston Villa, Starter lørdag kl. 16:00
3 Chelsea-Wolverhampton, Starter lørdag kl. 16:00
4 West Bromwich-Fulham, Starter lørdag kl. 16:00
5 West Ham-Newcastle, Starter lørdag kl. 18:30
6 Stoke-Manchester United, Starter søndag kl. 14:30
7 Liverpool- Blackburn, Starter søndag kl. 16:00
8 Manchester City- Arsenal, Starter søndag kl. 17:00

To halvgarderingar er lov. Meir om reglane og konkurransen her.

Så det er berre å slenge seg med sjølv om du ikkje deltok i første runde :)

tirsdag 19. oktober 2010

Pokaldryss over HaNo etter 2010-sesongen

Her var fleire jubilantar samla: I muren Odd Einar, Kenneth (manglar berre 9 til 750), Åge. Bak skimtar vi Demir og Vegard. (Foto:Sybell)

Eit heilt fotballag med menneske mottek pokal for antall spelte kampar for klubben vår etter 2010-sesongen. Kapteinen runda 250 kampar, og mellom anna Stig Erik rakk å spele sin HaNo-kamp nummer 100 i år. Henrik bikka 50 på tampen i fjor, men fekk aldri utmerking for det, stakkar. No skal det bli ordnings.

Pokalar etter sesongen 2010

Per Kristian Klokk 250
Michael Austnes 150
Odd Einar Molnes 150
Stig Erik Nogva 100
Vegard Halkjelsvik 100
Cato Longva 100
Åge Flem Ulla 50
Kristian Kalvøy 50
Henrik Åkre 50
Demir Haram 50
Preben Lorgen 50

Kenneth kan ikkje legge opp, då han manglar berre 9 for å passere 750. Stig Frode er også nær jubileum med sine 143. Kan også nemne at Jan Egil med sine 347 må gjere comeback i blått. Vebjørn prioriterte noko damegreier i sommar, og stoppa på 49 HaNo-kampar førebels den damefuten:) Even treng to Øyacup-somrar til (46 kampar) for å få seg ein pokal med moderklubben.

mandag 18. oktober 2010

Spelarmøte på søndag

Sportsleg Utval Senior (SUS) i HaNo ber inn alle herrespelarar, nye som gamle, til spelarmøte førstkomande søndag kl 1430. Det er ein time før HaNo-festen som er søndag kl 1530.

PL-Tippen: Tre mann med 6 rette

Jan Egil (bilete), Frank D. og Odd Einar har tatt første stikk om dei fire semifinaleplassane i PL-tippen. Kenneth U og Erik bør nok la dette bli ei av deira to strokne rundar, for det gjekk ikkje så bra i første runde :(
Ingen hadde rett på uavgjort mellom Man U og West Brom.

Resultat etter etter Runde 1 av PL-tippen på hanoherre.blogspot.com:
Jan Egil Ulla 6
Odd Einar Molnes 6
Frank Dalhaug 6
Kent Inge Klokk 5
Lars Åkre 5
Kenneth Hansen 5
Tor Gunnar Standal 5
Oddmund D Otterlei 5
Lars Ulla 5
Sondre Steen 4
Per-Kristian Klokk 4
Cato Longva 4
Kenneth Ulla 3
Erik Åkre 3

PS! Dersom nokon lurte, så leverer Odd E sin kupong til Kent Inge og Kenneth H til kvalitetssikring, slik at eg ikkje juksar i denne tevlinga:)

søndag 17. oktober 2010

Seniorfest 2010...?

Den årvisse HaNo-festen blir etter det vi kjenner til på søndag 24. oktober, sidan det er to yngreslag vekke på laurdag.

Men kva med seniorfest på laurdag...? Det hadde vore moro om nokon tok initiativ til å laga til noko der. Kanskje kunne det vore sett ned ein komité med dame- og herrespelarar. Her kan de bruke kommentarfeltet, og/eller ta kontakt med kvarandre for å lage ei markering. Treng ikkje vere mat og store greier, men å samlast er no alltids kjekt på slutten av sesongen. Men det må vere nokon som tar i eit tak. Men jo fleire ein er i lag om det osv...

Even på skåringslista

Even og SIF har sjanse å stå i 2. divisjon. Då må dei ta poeng mot Steinkjer neste helg. 2-2 mot Rosenborg2 i går, der Even gjorde som sist mot RBK sine nest beste; skåra mål.
(Foto: smp.no)

I Ulsteinvik er jubelen i taket sjølvsagt, sidan dei er tilbake i Adeccoligaen etter 2-2 mot Aafk 2 i går.

Åge sanka mest stjerner

Knalltett på stjernebørsen i år. Åge kapra den øvste plassen, med Cato og Mikke ein skostorleik bak. Åge fekk HaNo sin bestemannspris i tre bortekampar: Hessa, Emblem og Aksla.

Stjernebørsen 2010

Åge Flem Ulla 15
Michael Austnes 14
Cato Longva 14
Jonas Longva 12
Asgeir Nogva 11
Demir Haram 9
Odd Einar Molnes 8
Vegard Halkjelsvik 8
Preben Lorgen 7
Per Kristian Klokk 6
Henrik Åkre 5
Kristian Furnes 5
Stig Erik Nogva 4
Sindre Longva 3
Lars Petter Haram 3
Kenneth Ulla 1
Lars Åkre 1

fredag 15. oktober 2010

Husk PL-tippen!


Tippefristen er laurdag kl 12.

Råtassen Lorgen

Preb kom att frå Herd seint på vårparten og rakk ikkje alle kampane, men må nok få tittelen "årets råtass" på laget vårt med sitt raude kort og to gule.

Sesongen i fjor var likare reint resultatmessig, og det visast nok att på kortstokken også. I 2009 fekk HaNo 10 gule kort, ingen raude. 26 gule fekk vi i år, samt Lorgen sitt raude på Løvsøya.

Kort sesongen 2010

1 raudt og 2 gule: Preben Lorgen

3 gule: Michael Austnes, Demir Haram, Per Kristian Klokk, Cato Longva

2 gule: Lars Petter Haram, Åge Flem Ulla

1 gult: Kristian Furnes, Dag Peter Olsen, Lars Åkre, Stig Erik Nogva, Asgeir Nogva, Odd Einar Molnes, Vegard Halkjelsvik, Audun Steen

torsdag 14. oktober 2010

MSIL blir også Krinsmeister

MSIL slo Hovdebygda komfortabelt 6-0 i første kamp om KM-tittelen denne veka. Returoppgjeret skjer i Hovdebygda 23. okt, men dette er avgjort. Om dette seier noko om styrkeforholdet mellom dei to avdelingane vil ikkje MSIL sine skribentar hevde noko om i kampreferatet, men ein kan kanskje tolke det slik..?

4. divisjon blir neste år den øvste krinsserien på Sunnmøre. Og desse blir laga i den divisjonen: Blindheim, Godøy, Hareid, Hovdebygda, Langevåg, MSIL, Norborg, Rollon, Spjelkavik, Sykkylven, Valder og Ørsta. Ein knallsterk divisjon for Hovdebygda, i følge dei sjølve.

onsdag 13. oktober 2010

He dåkke betalt...?

Minner igjen om dette innlegget som blei lagt inn i september.

Sjekk opp om DU har betalt dette :)

12 mann i snitt og Vegard og Preb mest

Preben har vore oftast på trening i haust. Mest i august som vi har sett, og i på dei 10 september/oktober-treningane var det han og Vegard som var på 9 av desse, og dermed mest.

Topp11 september/oktober:

Vegard Halkjelsvik 9
Preben Lorgen 9
Cato Longva 7
Steven Saure 7
Sindre Longva 7
Henrik Åkre 6
Kristian Furnes 6
Demir Haram 6
Lars Petter Haram 6
Åge Flem Ulla 6
Odd Einar Molnes 6

18 mann var mest, og vi også ned i 4 mann. Snittet var 12,1.

tirsdag 12. oktober 2010

Cato mestskårande

Cato blei klar toppskårar i serien i år med 14 nettsusarar. I fjor var topp 3 (Jan Egil 16, Kenneth og LP 11) med nesten 40 mål til saman, men ein ser i år at kobbelet bak toppskåraren blir eit lågare antall. Men 15 mann kom på skåringslista i ligaen, mot 13 i 2009.

Toppskårara i serien
Cato Longva 14
Michael Austnes 4
Kenneth Ulla 4
Lars Petter Haram 4
Stig Erik Nogva 2
Åge Flem Ulla 2
Odd Einar Molnes 2
Per J Fjørtoft 2
Lars Åkre 1
Per Kristian Klokk 1
Asgeir Nogva 1
Vegard Halkjelsvik 1
Stig Frode Longva 1
Kent Inge Klokk 1
Preben Lorgen 1

mandag 11. oktober 2010

Runde 1 PL-tippen 2010/2011

Endelig blir det snart ferdig med landskampveka, og ligafotballen rullar til helga igjen:) Då gjer vi klar for første runde av PL-tippen her i bloggen. Håper på stor interesse, og her er kampane i runde 1:

1 Arsenal-Birmingham, Lør kl 16
2 Manchester United- West Bromwich, Lør kl 16
3 Newcastle-Wigan, Lør kl 16
4 Fulham-Tottenham, Lør kl 16
5 Bolton-Stoke, Lør kl 16
6 Aston Villa-Chelsea, Lør kl 1830
7 Everton-Liverpool, Søn kl 1430
8 Blackpool-Manchester City, Søn kl 17

- Tipp H, U, eller B på desse 8 Premier League kampar, med to halvgarderingar pr runde.
- 12 rundar totalt, dine 10 beste rundar tel med!
- Kampane blir lagt ut tysdag/onsdag i veka (måndag denne gongen tydelegvis), med tippefrist laurdagar kl 12. (ofte første kamp kl 1345).
- Send inn dine tips til molneod@hotmail.com
- Du skriv
1 UB
2 H
3 B
osv..

- Sluttspel: Dei fire beste samanlagt etter desse 12 rundane (10 teljande) vil på nyåret møte kvarandre i semifinale og deretter finale.
- Premie ( i tillegg til heider og ære, Demir) er HaNo-klubbtrøye ( blå t-skjorte) til vinnaren, fotballstrømpepar til nummer to sponsa av Sporten Brattvåg.

Lykke til!!

Vegard flest kampar i 2010

21 seriekampar og 11 trenings- og cupkampar blei gjennomført i 2010 (Brattvåg2-kampen i vår er med i alle statistikkar). Vegard gjekk glipp av den første, 14. januar mot Norborg. Elles har han spelt alle kampar denne sesongen. 37 mann har vore på bana i år (36 i 2009), og heile 10 av dei var debutantar i blått. HaNo-debutantar er utheva med feit skrift.

Vegard Halkjelsvik 31
Demir Haram 30
Cato Longva 30
Odd Einar Molnes 28
Michael Austnes 26
Per Kristian Klokk 25
Åge Flem Ulla 25
Henrik Åkre 22
Kristian Kalvøy 21
Lars Petter Haram 21
Steven Haram 19
Preben Lorgen 17
Lars Åkre 16
Sindre Longva 15
Stig Frode Longva 15
Asgeir Nogva 13
Håkon Haram 12
Kenneth Ulla 11
Kristian Furnes 10
Per J Fjørtoft 10
Eivind Fugledal 9
Jonas Longva 8
Øyvind Risan 8
Mads Uri 8
Kenneth Hansen 6
Dag Peter Olsen 5
Stig Erik Nogva 4
Erlend Hagen 4
Thor Audun Steen 4
Vebjørn Steen 4
Jan Egil Ulla 3
Even Vestavik 3
Kristoffer Fiksdal 3
Kent Inge Klokk 2
Aleksander Ulla 2
Sondre Steen 2
Olve Steen 2

søndag 10. oktober 2010

Sisterunden

Harøy-Lepsøy 6-3. Frank Gjerde skåra hattrick for Lepsøy, men før det leia Harøy heile 5-0, etter tre skåringar av Morten Håheim også.

Emblem-Stordal 0-3. Trenar Stig Johansen trengte vårsesongen og sommaren på å gjere Stordal stabil. Gultrøyene avslutta med knallsterke seks trepoengarar i strekk, og det tek Stordal opp på tredjeplassen på tabellen. Men det er før Harøy sin hengeheimekamp mot Aksla (dersom den blir spelt i det heile).

HaNo-MSIL 0-2. MSIL sin versjon. Her på HaNo-sida om litt.

Giske-Ravn 4-3 forrige helg.

Hessa- Stranda2 4-1.

Heiderleg innsats

Same resultat som mot Ravn også i dag. Kjedeleg å ikkje hente poeng, men innsats og haldning til oppgjeret var eigentleg bra. Vi hadde sjansane til å skåre, men heller ikkje i dag ville den inn. Den nye forsvarsfiraren var det også artig å vere ein del av syns eg.

No blir det ei lita treningspause før vi samlar oss igjen til innetreningar om litt. Eg melder på lag til Inne-KM i dag, og oppsettet der kjem om litt. Helga 12.-14. november er sett av til arrangementet.

lørdag 9. oktober 2010

Tropp MSIL

HaNo spelar siste kamp for året i morgon søndag kl 1215 på Nordøy stadion. Oppmøte 1115 på Nordøy. Her er troppa:

Henrik Åkre
Sindre Longva
Preben Lorgen
Kenneth Ulla
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Vegard Halkjelsvik
Olve Steen
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Odd Einar Molnes
Kristian Furnes
Per Jarle Fjørtoft
Stig Frode Longva
Erlend Hagen
Mads Uri

Tre av desse er usikre pga skade og andre arrangement i helga, men uansett skal vi sparke frå oss mot opprykksklare MSIL. Dommar i oppgjeret er Palmar Blindheim frå Blindheim IL. Etter kampen er det tombola inne på Grendahuset. Etter det igjen er det ekstraordinært årsmøte i HaNo.

fredag 8. oktober 2010

MSIL med research

Frå msil-fotball.no, der Jonas har på sinte-andletet.

Opprykksklare MSIL sin kaptein Kristian Bunes har verkeleg gått i saumane til førebuingane til kampen mot HaNo. Her kan du få vite myyyykje meir om kampen som blir spelt på Nordøy 1215 på søndag. Både lokalgeografi og statistikkar blir presentert. Med gjennomsnittlege tal i bagasjen vil resultatet bli slik i følgje nettstaden:
"Resultatet vil bli 4,85 – 1,11 i favør MSIL, Stian Hellevik vil score 1,74 mål, Marius Bendik Brækkan 1 og MSIL får 2,74 poeng."

For vår del kan vi fortelje at vi kjem til å sleppe inn 3 mål, medan vi skårar 0,84 før pause. Heldigvis er vi god i andre og skårar 1,32 då :)
Cato kjem til å putte 0,84 denne kampen, mens Demir kjem til å få 0,18 gule kort. Så då veit vi det.

Premier League-tippen 2010/2011

Sesongen her heime er på det snaraste over. Vi må halde bloggen varm likevel, og i samarbeid med Sporten Brattvåg (det høyrtest så kult ut med eigen sponsor) vil hanoherre.blogspot.com køyre følgjande konkurranse i vinter:

- Tipp på 8 Premier League kampar, med to halvgarderingar pr runde.
- 12 rundar totalt, dine 10 beste rundar tel med!
- Kampane blir lagt ut tysdag/onsdag i veka, med tippefrist laurdagar kl 12. (ofte første kamp kl 1345).
- Send inn dine tips til molneod@hotmail.com
- Du skriv
1 UB
2 H
3 B
osv..

- Sluttspel: Dei fire beste samanlagt etter desse 12 rundane (10 teljande) vil på nyåret møte kvarandre i semifinale og deretter finale.
- Premie ( i tillegg til heider og ære, Demir) er HaNo-klubbtrøye ( blå t-skjorte) til vinnaren, fotballstrømpepar til nummer to sponsa av Sporten Brattvåg.

Denne helga er det landskamphelg, men første runde går av stabelen neste helg. Kampar kjem over helga. Håper mange vil delta, så blir dette ein gøy fight i haustmørket:)

torsdag 7. oktober 2010

Treninga fredag kl 17 hundre

Kristian (bilete knipsa av sambuaren mot Giske) blei i går skikkeleg lurt. Med godt planlagt avreise 1850 passa treninga i går rimeleg godt. Bortsett frå at det var onsdag då... Då er det grese med ferjer sånn generelt på den tida. I morgon fredag prøvar vi på nytt, med følgjande plan:

Avreise 1615 med ferje frå Skjelten. Den kjem sullande godt over halv fem med peisfull ferje til Austnes. Treninga er kl 1700 på Nordøy (ikkje 1720 som tidlegare skrive)

Avreise 1850 (og den går også) frå Austnes.

PS! Vi diskuterte på treninga i går å få til eit spelarmøte i etterkant av treninga fredag. Men det ser ut som om vi må drøye det ei veke eller noko. Beskjed kjem i så fall i løpet av dagen i dag om det blir eit møte i morgon.

Kjapp diagnose

I arrgasste Ivar Fjørtoft-stil, er denne stripa ganske treffande.

onsdag 6. oktober 2010

Tombola-gevinstar

Beskjed frå arrangementskomitéen: Alle skal levere tombolagevinstar til kr. 150,-

Om levering, sjå her, eller du kan ta med på treninga fredag:)

Trening i dag og fredag

Her er nokre av karane som er klare for trening i kveld. Gutelaget har også trening, men vi bikkar likevel 10 mann i ettermiddag, viser prognosene:)

I dag onsdag kl 1710-1850 Austnes. Dersom nokon må reise kl 1850, så fiksar vi det.
Fredag 1720-1850 Nordøy.

mandag 4. oktober 2010

Kamp søndag kl 1215

Kampen mot MSIL er framskunda med 45 minutt til kl 1215. Dette fordi at det passar langt betre med ferjene. Etter denne siste heimekampen er det den sedvanlege basaren på Nordøy grendahus. Vi blir sikkert snart påmint om å levere gevinstart til ein eller annan stad.

Rica Parkett Cup


Det er også i år Futsal-reglar under innandørs- KM. For seinorar er det KM innleiande i anten Langevåg eller på Godøya helga den 12.-14. november.


Vi må denne veka her kartlegge interessa for dette sidan påmeldingsfristen er førstkomande søndag kl 23.59. Vi får ta det opp på trening. (foto: trondheimfutsal.no)

Giske med fin siger

Giske og Ravn avslutta sesongen i helga med sine siste kampar for sesongen 2010. Ravn blei for sterk for HaNo onsdag, men i helga tapte dei 3-4 borte mot Giske. Giske har hatt ein fin haustsesong, og bryggar på noko positivt. I haust har laget slått Aksla, Harøy og Ravn heime, og til dømes "berre" tapt 3-5 mot Emblem.

Ravn har vore ujamn i år. Starta sesongen særs gjerrig og slapp nesten ikkje inn mål. Storskårar Trond Hamre fekk ein smell mot Brattvåg2 som varte heile sesongen, og var sakna hos Vatne/Tennfjord-laget. Laget har rett nok meget god rekruttering, og kunstgrasbana har skote fart i yngres-arbeidet i klubben. Det er berre så det aular med folk kvar gong vi er innom bana på Eidet. Erlend Fjørtoft tar, etter det vi kjenner til, ikkje ein ny sesong ved trenarroret.

søndag 3. oktober 2010

Lepsøy med tre poeng mot Hessa

...Sidan Hessa ikkje greidde å stille lag, i følge lepsøy.com. På grensa til useriøst av bylaget og ikkje greie dette. Uansett om ein ikkje har særleg med folk, så står slike ting på viljen. Håper at Hessa ikkje dett så av at dei ikkje mobiliserer for å satse friskt til sesongen 2011.

Trening måndag, onsdag og fredag

Nye meldingar om trening komande veke. Det er haustferie, og då er ikkje det problem for skuleelevane å møte på trening. Håper flest mogleg kan stille på desse øktene denne siste treningsveka:

Måndag kl 1710-1850 Austnes
Onsdag kl 1710-1850 Austnes
Fredag kl 1720-1850 Nordøy
Søndag kl 1215 eller 1430, kamp mot MSIL på Nordøy (Basar etterpå)

fredag 1. oktober 2010

Preben mest på trening i august

Litt gamalt nytt her, men Preben (mot Hessa på dette biletet) var den som var mest på trening i august månad. Vi hadde 12 treningar denne månaden. Kan også legge til at vi hadde 38 spelarar innom treningane denne månaden. Ikkje unormalt for ein feriemånad å vere. Oppmøtet starta med sine haustvariasjonar også denne månaden. Max 21, og på det minste 8 på trening.

Topp 13 august

Preben Lorgen 10
Odd Einar Molnes 10
Demir Haram 9
Cato Longva 9
Michael Austnes 8
Åge Flem Ulla 8
Per Kristian Klokk 6
Steven Saure 6
Mads Uri 6
Vegard Halkjelsvik 5
Daniel Grebstad 5
Sondre Steen 5
Vebjørn Steen 5

PS! Oppmøtestatistikk for september og oktober blir i lag.

PS 2! Tar også med eit bilete av han andre som hadde 10 treningar i august. For det slo meg at begge desse hadde kvar sitt bilete i arkivet med vakker fot- og kroppsføring :))
(Fotos: Sybell)