søndag 31. januar 2010

Endring i oppsettet?

I følgje stordal.nu vert det jobba i kulissane for å gjere om SFK sitt avdelingsoppsett. Fleire klubbar vil endre på dette, noko som også kjem fram i ulike diskusjonsforum rundt om mellom Sunnmørs-klubbar. Eg har vel også uttrykt mitt om den saka.

Kva meiner du? Legg att under kommentarar, eller stem i pollen til høgre her i bloggen:)

Treningar måndag

Trening måndag kl 20 på SIF kunstgras.
Trening måndag kl 2045-2230 inne på Austnes.

Sannsynlegvis kamp borte mot Ellingsøy onsdag. Vi kjem tilbake til dette når det er sikkert.

Henrik 51 kampar!

Det er snart årsmøte i HaNo, og dermed tid for årsmelding. Her må ein då dobbeltsjekke diverse tal for sesongen 2009. Til sesongavslutninga hadde eg notert opp 48 kampar på Henrik. Men i statistikken for hans del har Øya-cupkampane falt vekk. Dermed er talet 51 kampar for vår sisteskanse. Odd Einar legg seg flat, og beklagar at du ikkje mottok pokal for 50 kampar under avslutninga.

lørdag 30. januar 2010

Ellingsøy-HaNo utsatt

Pga snømengdene siste døgn blir det ikkje kamp mot Ellingsøy i morgon søndag. Det er godt mogleg at kampen går onsdag i staden. Hugs trening på måndag, byen eller Austnes kl 20:)

fredag 29. januar 2010

"Ser an" kampen på søndag

Siste beskjed frå Ellingsøya er at dei skal måke bane i dag og i morgon, og at ei avgjerdsle blir tatt laurdag om det blir kamp eller ikkje.

Få kampar- og få motstandarar!

Det er kjekt med lokaloppgjer, ingen tvil om det. Tap for Lepsøy heime, enorm revansj borte. Siger på overtid mot Harøy, 4-4 heime. 3-3 nervedrama borte mot Ravn. Kan nevne i fleng. Men når vi møtest på Vårcup, Øyacup, og 3 gongar i serien vert det rett og slett for mykje av det gode. Blir desse oppgjera spelt for trottig, mister det sjarmen til slutt.

Eg meiner at vi heilt klart hadde hatt godt av å møtt andre motstandarar også. Det sportslege tilbodet er ikkje godt nok slik oppsettet er no. Les litt meir om dette, som eg la inn på HaNo-sida.

Ser føre meg eit døme her:

Nordre:
HaNo
Harøy
Lepsøy
Giske
Brattvåg 2
Ravn
Stranda 2
MSIL
Stordal
Sunnylven
Aksla

Søndre:
Bergsøy 2
Haddal
Hareid 2
Hasundgot
Kvamsøy
Åheim
Gjerdsvika
Tjørvåg
Hovdebygda
Emblem
Sæbø
Hessa

Avd-vinnar opp, nummer to i kvar avdeling kvalik om siste opprykksplass.

To 2.-lag i kvar pulje. Nedrykkslaga frå i fjor er fordelt, og Playoff-laga Tjørvåg, MSIL og HaNo som ikkje rykte opp er fordelt. Geografisk er det langt å reise for lag som til dømes Sunnylven, men ikkje særleg annleis enn for sesongen deira i fjor i 4. divisjon. Eiksundsambandet bind Sæbø og Hovdebygda naturleg til Søre. Det er fire "bylag". Då må to av dei reise kvar sin veg for å få dette til å gå opp.

Legg gjerne att synspunkt i kommentar-feltet.

torsdag 28. januar 2010

Avdelingoppsettet er klart

Sunnmøre fotballkrets har delt inn 5. divisjon i tre puljer, der avdelingsvinnarane rykkjer opp. Overraskande nok er det ikkje delt inn med like antall i puljene (til dømes 8-8-7), men tatt kun omsyn til geografi, og plassert HaNo i pulje med Ravn, BIL2, Harøy, Lepsøy og Giske. Trippel serie, med 15 kampar. Med andre ord ein slags "sesonglang Øyacup". Les heile oppsettet, og den geografiske grunngjevinga her.

Bloggen kjem attende med reaksjonar, som garantert ikkje let vente på seg. Du kan i mellomtida legge att di meining i kommentarfeltet, samt følgje desse nettstadane:
stordal.nu
msil

Førebels tropp Ellingsøy

Nokre usikre moment pr dato, men dette er troppa til kampen mot Ellingsøy:

Åge Flem Ulla
Øyvind Risan
Vegard Halkjelsvik
Stig Frode Longva
Steven Haram
Aleksander Ulla
Odd Einar Molnes
Michael Austnes
Lars Åkre
Lars Petter Haram
Kristian Kalvøy
Kristian Furnes
Jan Egil Ulla
Henrik Åkre
Eivind Fugledal
Demir Haram
Cato Longva


Avreise kl 1420 frå Haramsøya. Vi kjem attende til detaljar seinare. Kan alle som reiser frå/til byen sende OE ei melding så snart du veit reiseruta di? Flott.

Innetrening fredag 29.jan

Det blir altså trening inne på Nordøy fredag kl 1750-1930. Denne treninga er såkalla "frivillig", med den meininga at dei som er halvskadd heller skal ha alternativ trening no før kampen på søndag. Døme: Sykling, lett jogg, styrketrening eg/eller anna. Det er ein del kjenning på akillesar, lysk, småstrekkar, kne og eit hovud som gjerne kan få seg ei pause :)

onsdag 27. januar 2010

Bar og fin bane

Grusbana var kl 11:03 i meget fin stand. Mjuk og grei å ha med å gjere:)

tirsdag 26. januar 2010

Over til véret

Jau takk, her kan vi melde om at det blir varmt, vind, og deretter litt kaldt igjen i morgon kveld, men alt tyder på at den delen av bana som er måka kan takast i bruk på ein god måte til morgondagens trening. Sjekk véret her.

Torsdag og fredag er det atter meldt om nedbør i form av snjøv. Kaldt til helga. Nes stadion er måka og god pr i dag, så får vi berre sjå kor det blir til helga.

mandag 25. januar 2010

Treningar komande veke

Som skrive på sms, trenar vi slik komande veke:

Måndag 25.jan kl 20 SIF kunstgras/ kl 20 Austnes grus (ta også med innesko)
Onsdag 27.jan kl 1715-1855 Austnes grus
Fredag 29.jan frivillig innetrening på Nordøy grendahus kl 1750-1930.
(Dei som kjenner på småskader, eller veit dei bør trene alternativt, gjer det fredag!)
Søndag kl 1630: Ellingsøy-HaNo, Nes Satdion.

Turnering IP Huse-hallen 13.februar

Litt meir kjøt på beina no om treningshelga vår i midten av februar. Den blir ikkje frå fredag-laurdag, men frå
Laurdag 13.- søndag 14. februar.

Då er det meininga å reise frå Brattvåg kl 1040 eller frå Haramsøy med hurtigbåt kl 1135. Det blir ei 6-lagsturnering i 9-arfotball mellom laga Harøy, HaNo og Ravn. Vi stiller med to jamngode lag frå kvar av dei tre klubbane. Dei blir delt inn i to puljer med gruppespel. Sluttspel med kamp om 5.plass, bronsefinale og finale. Det blir også dameturnering med HaNo/Lepsøy mot Harøy. Greier kanskje damelaget å stille med to lag?

Høve til å bruke badeland laurdag ettermiddag (og kanskje søndag). Laurdagskvelden blir det mat og sosiale aktivitetar, muligens ein dans som alle kan gå på. Søndag blir det frukost, og ei treningsøkt i hallen før vi reiser attende til der vi måtte kome frå. HaNo FK har sagt seg villig til å støtte treningsleiren økonomisk, men vi veit ikkje endå med kor mykje.

Detaljar om pris, overnatting osb. kjem seinare. Men set av helga, for dette blir bra!

lørdag 23. januar 2010

24 påmledte lag- opprykksjansar?

Som nemnt på spelarmøte, så kan det altså ende med eit ras av lag nedover frå 3. og 4. divisjon til 5. div osv gjennom ei omlegging av divisjonssystemet på nasjonalt nivå. Skodje IL si heimeside har vore fjøre sjø lenge, men no har dei ein oppdatert og bra blogg. Reknar med det er midtbanespelar og Sunnmørspost-journalist Eirik Nesset Hjelvik som er primus motor.

Her drøftar ein konsekvensane for korleis det blir å overleve i 4. divisjon for våre 2009-opprykksrivalar. Kommentarfeltet er fylt opp med engasjerte innskrivarar.

Kva som blir konsekvensane for opprykkssjansane for laga i 5. divisjon er uansett uvisst på noverande tidspunkt. Avdelingsoppsettet blir også spennande for vår del. Pr 20. januar, som var fristen for påmelde lag, var det 24 påmeldte lag i 5. divisjon (Stordal står to gongar). Her er eit oversyn. Men erfaringane frå i fjor viser at fleire lag kan både melde seg på og av både før og etter eit oppsett kjem...

Om ein legg opp til 2 avdelingar (22 seriekampar på kvar) er kanskje tvilsomt? Alternativet er kanskje 3 avdelingar med trippel serie. (21 kampar, men meir lokale kampar). håper i alle fall at Sunnmøre fotballkrets tek imot tilbakemeldingar på at det var for få kampar i 2009-sesongen.

Første runde av Vintercup 2010 unnagjort

Fredag trente 11 mann på grusbana på Austnes. Den var nypreparert, der vi hadde allright feste under skoa. Ikkje veldig bra, men spelarane uttrykte etter treninga at det var kjekt å få spele ute igjen, og f eks det å få skåre på store mål:)

Første runde av Vintercup 2010 blei spelt på treninga i går. Ingen som verkeleg rykte frå, men Daniel har gått opp i leiinga. Dei tre beste totalt blir premiert. Her er topp 5 så langt:

Daniel 8
Mads 7
Einar 7
Jan Egil 6
Michael 6

Hugs forfall i betre tid!

Fredag ettermiddag etter kl 12 fekk eg 6 forfall til treninga. Som sagt tidlegare og på spelarmøte: Eg er sikker på at ein del av desse forfalla visste ein om i betre tid. DÅ ER DET VELDIG GREITT FOR MIN DEL AT DEI FORFALLA KJEM SEINAST DAGEN FØR.

Dette har med planlegging av treninga å gjere.

Ein annan ting som kom opp i går var at fleire spelarar ytra ønske om å gå på ein konsert neste helg, og lurte på om kampen kunne gå søndag i staden. Det er jo å seie i frå i god tid, så då rekk ein å gjere noko med det. Flott.

Ellingsøy-HaNo flytta til søndag kl 1615

Kampen mellom Ellingsøy og HaNo er flytta frå laurdag 30. til søndag 31. januar kl 1615 på Nes stadion. Vi reiser kl 1420 med ferja. Retur Skjeltene kl 1930 (Austnes 1950).

fredag 22. januar 2010

Årets første utetrening

I kveld går vi for trening ute på grusbana på Austnes. Terje Åkre har måka 3/4 av bana, og den er i brukande stand til trening i kveld kl 1750-1930. Bruk grussko, eller sko med liten lengde på knottane då det er noko hardt, men ikkje isete.

7-arlag er påmeldt

SUS melder om at 7-arlag er meldt på denne sesongen. Så då får vi planlegge ut i frå det framover. Det skal bli kjekt!

tirsdag 19. januar 2010

7-arlag?

Påmeldingsfristen for alle seniorlag går ut i morgon onsdag 20.januar. Som vi har sagt på spelarmøte, så har vi ambisjonar om å stille eit lag i år.

SUS har sendt ut brev til 15-20 aktuelle spelarar utanfor a-stallen om det er noko interesse for å vere med på dette. Dei har ikkje fått noko tilbakemelding på dette så langt. Kan det skuldast at det ikkje er noko interesse, eller har ein berre ikkje gitt noko tilbakemelding endå? Eg meiner at a-stallen kan stille med 3-4 spelarar pr kamp. Det kan også vere med om lag to 16-åringar pr kamp også. Ein annan ting er at nokon må organisere dette laget. Daniel Grebstad har sagt seg villig som ein oppmann, men vi må ha ein medhjelpar til. Viss du er interessert i dette, så ta kontakt.

Vi ber om at dette blir snakka om, og at dersom nokon (utanfor a-stallen) er interessert, så ta kontakt med Rolf Storås eller Stig Frode om dette. Trur det hadde vore morosamt og fått til dette i sesongen 2010.

Treningar

Desse tidene er spikra resten av veka, og ingen trening laurdag.

Onsdag kl 1830-2000 inne på Nordøy grendahus.
Fredag kl 1750-1939 inne på Nordøy grendahus.

18 mann i byen

HaNo og Lepsøy si trening i byen på måndagar har starta skikkeleg denne veka. 18 mann hadde seg ei god økt også kvalitetsmessig, seier rapportane, med litt over halve bana sørydda. To målvakter (Henrik og Lasse) samt 16 utespelarar gjorde dette til ei god fotballtrening under kyndig leiing av Lars Petter. Håper frammøtet held fram.

mandag 18. januar 2010

Laurdagstreninga går ut

Med fire økter også neste veke, så har eg funne ut at laurdagstreninga går ut. Vi trenar dermed onsdag og fredag resten av veka.

Mest sannsynleg slik:
Onsdag kl 1830-2000 inne på Nordøy grendahus.
Fredag kl 1750-1939 inne på Nordøy grendahus.

Skal få stadfesta 100 % desse tidene i morgon tysdag. Det blir fotballoppvarming, med spel tre mot tre, samt styrke i pausene. Fredag går første runde av Vintercupen 2010 av stabelen. 4 kampar på kvar, 3 poeng for siger, 1 for uavgjort.

For dei i byen, så forventar eg ikkje at de kjem heim onsdag, men fredag vil eg gjerne ha alle mann alle på plass. Dersom du ikkje kan møte onsdag, så må du ha ei god eigentreningsøkt. Hugs melding om forfall evt.

søndag 17. januar 2010

Treningshelg Harøya

Etter samtale med Harøy sin trenar, samt at det passa dårleg med den datoen som står på aktivitetskalenderen for mange, så satsar vi på treningshelg på Harøya fredag 12.-laurdag 13. februar. Så set av desse datoane.

For herrelaget sitt vedkomande er den førebelse planen at vi trenar fredag kveld i IP Huse-hallen, og spelar turnering mot Harøy laurdagen. I fjor spelte vi five a side, men denne gongen skal vi kanskje prøve å spele 9-arfotball. Ser for oss to HaNo-lag, og to Harøy-lag. Og kanskje kan Old Boys stille med kvart sitt lag frå Harøy og HaNo...?


Men som sagt, set av datoane, og så blir programmet spikra seinare:)

Treningar måndag

Trening i byen (Skarbøvik stadion) kl 20. For HaNo- og Lepsøy-spelarar i bytraktene.

Treninga på Austnes kl 20 foregår på denne måten: Kl 2000-2045: Ute. Ha bra med klede, refleksvest og joggesko. Kl 2050-2140: Innandørs med 3 mot 3- fotball.

torsdag 14. januar 2010

Tøff start

11-2 er eit resultat som kling svært dårleg i øyrene på dei du seier resultatet til. Den første halvtimen var tøff. Naiv taktikk frå mi side blir ei erfaring for meg, samstundes som at vi ikkje kom i kropp på dei oransje på nokon måte. Dei spelte presist, og lykkast jammen med mykje! Det var ikkje lett å henge med der ei stund.

Eg syns om vi ser på den siste timen, så skal ikkje vi grave oss ned. Då var det mange positive tendensar. Snakkast om det felles på treningane framover.

4 stykk gjorde unna debuten i dag. Det kan vere greitt å smake på nivået på denne måten;)
Synest Demir gjorde av sine beste HaNo-kampar, kjekt å sjå at nokon har trent så godt sidan siste oktober.

No tar vi treningsfri i helga, og møtest på måndag, onsdag, fredag og laurdag neste veke.

onsdag 13. januar 2010

Cato, Eivind og Demir skal halde demokratiet i orden

Artig med fullt mannskap på trening den vel timeslange økta vi heldt på. Satsar på å ta med entusiasmen inn i kampen i morgon. På møtet la trenaren fram ein del tankar om sesongen 2010.

Det var også val av tillitsvalde. Cato, Eivind og Demir kapra flest stemmer, og er dermed laget sine tillitsvalde.

tirsdag 12. januar 2010

Tropp Norborg

HaNo stiller sannsynlegvis med følgjande 15-mannstropp mot Norborg:

Henrik Åkre
Eivind Fugledal
Michael Austnes
Kenneth Ulla
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Haram
Odd Einar Molnes
Stig Frode Longva
Aleksander Ulla


Avreise 1850 frå Haramsøya, retur 2210 frå Skjelten. Vi avtalar køyring og slikt på møte i morgon. Rekordtidleg kamp på kalenderen, men vi gler oss til å kome i gang med kamp!


Frank deler ut 50-kamparsblomar til Cato før oppgjeret mot nettopp Norborg våren 2008. Kampen enda 2-2.

Bytreningane i gang

By-gjengen fekk seg ei lita balløkt, samt litt løpstrening under måndagens trening. Lars Petter rapporterer om kun 5 på bytreninga denne gongen. Det kan skuldast fleire ting. Mellom anna at potensielle trimmarar som i fjor var med (Palle,Stian L, Pøse m.m) ikkje er i gong, og at Lepsøy IL sine 5-6 aktuelle ikkje har kome med i beskjed-systemet endå. Vi håper å ha på plass dette til neste veke. HaNo har bestilt heil 11-arbane, og så sant dei har bana klar, så skal dette bli gode økter.

I gymsalen på Austnes spelte 11 mann frisbee, hjørnefotball, 3 vs 3 samt nokre trappeløp.

søndag 10. januar 2010

Øktene komande veke

Minner om aktivitetskalenderen som eg la ut før helga. Den skal vi prøve å følge relativt godt i alle fall. Komande veke startar vi faktisk med kampane, og øktene blir slik:

Måndag 11.januar: Treningar på Austnes (gymsalen) kl 21, og Skarbøvik kgb kl 20.
Onsdag 13.januar: Trening inne i salen først, kl 1700-1815 ca. Møte etterpå på klasserom på Austnes. Dei som reiser med hurtigbåt skal rekke den tilbake.
Ser det som svært viktig at alle gjer det dei kan for å møte på onsdag!
Torsdag 14.januar: Norborg-HaNo kl 20 på Norborg si flunkande nye kunstgrasbane. Avreise kl 1850 frå Haramsøya, retur kl 2210.

Bana i Skarbøvika er forsøkt måka. Dei som møter til den treninga tar også med joggesko og refleksvest, i tilfelle bana ikkje er klar. Forfall til bytreninga meldast til Lars Petter.

torsdag 7. januar 2010

Eigentrening sa du...?

Med denne, og sikkert neste veke sine litt labre fotballforhold utandørs er det viktig at vi held oss i bevegelse, og legg eit fysisk grunnlag for sesongen. Treninga i går samla 8 mann, og vi fekk oss ein fin langkøyr-tur, samt 5 intervall-løp ved storbåthamna på Austnes.

Eg forventar at alle saman held seg til minimum tre økter i veka no i januar. Det vil seie at om du ikkje kjem på trening, så må du erstatte desse med tilsvarande fysiske økter.

Då håper eg at du nyttar "kommentarar"-feltet i denne saka til å legge inn nettopp di eigentreningsøkt. Det kan vere anten jogging, skitur, Fjørtoft-trening eller kva det no måtte vere;)

onsdag 6. januar 2010

Jan Vatnehol ny Harøy-trenar

I følgje Ravn IL sine heimesider er Jan Vatnehol tilsett som ny trenar for Harøy IL. Haustens trenar for HIL, John Andreas Husøy, har planar om å skyte fart i spelarkarriæra igjen, og er kanskje på veg attende til Østfold. Men HIL har altså funne ein god erstattar i rutinerte Jan Vatnehol.

Aktivitetskalender januar-april

Her er lenkje til aktivitetskalender for dei fire første månadane. Den ligg også fast til høgre i menyen, like under treningskampane.

tirsdag 5. januar 2010

SUS: Takk for dugnadsinnsatsen!

Varene blei teld opp på begge butikkane i nyårshelga, og SUS ved Rolf Storås vil gjerne takke alle som møtte fram. Men der var også nokre som ikkje møtte opp. Dermed blei det 6 timars jobb for dei som først møtte. Det kan vi hugse neste gong, alle mann;)

Norborg-HaNo torsdag 14.januar

Kristian Søviknes melder at dei no har kursa seg på brøyteutstyret i Uggedalen, og at kampen vår mot Norborg ganske så sannsynleg vil gå av stabelen neste torsdag. Tidspunktet er kl 20.

Ein aktivitetskalender vil ligge her i bloggen med det aller første. Så får vi heller oppdatere den etterkvart (januar-april).

Neste onsdag (dagen før Norborg-kampen) vil det forøvrig bli spelarmøte/trening kl 17-1915 på Austnes. Det blir lagt opp slik at dei som kjem med båten skal rekke å bli informert, litt sveitt og rein til å reise att kl 1920 :)

Treninga fredag på Austnes

Ny melding om fredagstreninga: Den går kl 1750-1930 inne i salen på Austnes, sidan der var ledig denne gongen, og Nordøy viser seg å vere utleigd. Vel møtt!

Treningsmeldingar

Treninga onsdag går til vanleg tid, det vil seie kl 1715-1855. Oppmøte er på Austnes i garderoba der. Utstyr er: Joggesko, refleksvest og klede til å vere ute. Vi skal halde til mest på vegen, men óg i terrenget. Joggesko er uansett tingen.

Fredag trenar vi kl 1750 inne på Nordøy grendahus. Innesko og slikt ja. Eg veit nokre er på Nattcup på Stranda denne dagen, og det er sjølvsagt høgst godkjent forfall. Eg vil likevel ha ein sms frå alle som ikkje kan kome på trening, same kva tid det er.

I månaden januar, så vil eg ha desse retningslinene på treningar som anten er utandørs med springing, eller inne i gymsalen: Då kan du om du vil trene på eiga hand, eller i lag med nokon andre. Kanskje er også Fjørtoft-treningane på torsdagar eit alternativ...? Men når vi kjem på grusbana, så må alle prioritere å reise heim att:)
Men for all del: Dei som vil reise heim att og vere med på treningane er svært velkomne!!

mandag 4. januar 2010

15 mann på årets første

Gymsalen på Austnes blei arena for årets første økt. Oppvarming, Tottenham, hjørnefotball, intervall-løp og 3 vs 3 med kjegle stod på programmet. Kjekt å vere i gang, og det blei ei god økt! Melding om onsdagstreninga kjem i morgon.

søndag 3. januar 2010

Spelarmøte

Pga Nattcup i helga, så blir det nok ikkje spelarmøte fredag slik eg skreiv i forrige innlegg. Spelarmøtet utsett vi til neste veke. Då er det faktisk også kamp mot Norborg (14.januar). Tida vil vise om forholda i Uggedalen er klar for kamp.

Trening måndag kl 21 på Austnes

Vi har ikkje lykkast å få tak i Skarbøvik IF vedkomande bana deira i morgon måndag. Men den låg temmeleg snøbelagt på laurdag. Skulle vi derimot få melding om at den er klar, så skal eg sende ut sms omgåande.

Saltidene veks ikkje på tre på måndagar pga aerobic både på Austnes og Nordøy. Det vil seie at vi køyrer innetrening måndag kl 21 denne gongen.

Det blir også trening onsdag og fredag. Fredag satsar vi på eit lite spelarmøte i samband med den treninga, der eg fortel litt om det vi veit til no om opplegget i vinter/ spelarstallstatus m.m.