torsdag 29. september 2011

Skodje-Emblem 2-4

Emblem sørga for at spenninga i 5.divisjon avdeling 3 held seg litt til. Dei vann 2-4 på Skodje torsdag kveld. I ein kamp med høg temperatur. Så høg at Eirik Hjelvik pådrog seg to gule, og må stå over mot oss i måndagens kamp.
Skodje sitt referat

Emblem sin versjon (oppdatert)

Norborg2 reiste til Ellingsøya med 10 mann, og fekk også 10 baklengs. Tok rett nok leiinga først.

Køyring ut sesongen

Har sett opp køyreliste for dei tre siste kampane. Minner om at ein kan bytte innbyrdes, få nokon til å køyre familien sin bil, eller evt betale nokon andre for å køyre (2 kr km).

Ravn-HaNo 30.9:
Frå byen: Kristian plukkar med seg Robin, Håkon og Olve. Alle desse fire skal vel då heim att etter kamp vil eg tru, og blir då med dette køyretyet ut att også.Utanom Demir (eigen bil), skal då resten tur/retur øya, og der stiller Pål og Per Kristian med bil.

Skodje-HaNo 3.10
Lars Petter
(frå byen, tar med Kris?). Resten er vel kanskje på øya? Då køyrer Demir, Mads og Olve.

Emblem-HaNo 14.10
Køyring Emblem-kampen: Odd Einar, Håkon, Per Olav og Sindre.

onsdag 28. september 2011

Tropp mot Ravn- No med køyring!

Vi stiller med følgande tropp til kampen mot Ravn på fredag: Sindre, Mads, Kristian, Per Kristian, Michael, Olve, Mert, Demir, Odd Einar, Pål, Magnus, Thomas, Håkon, Robin og Per Olav.

Avreise kl 16:35 frå Austnes. Odd Einar finn ut kven som skal køyre.


Og Odd Einar har tenkt:
Frå byen: Kalvøy plukkar med seg Robin, Håkon og Olve. Alle desse fire skal vel då heim att etter kamp vil eg tru, og blir då med dette køyretyet ut att også.
Utanom Demir (eigen bil), skal då resten tur/retur øya, og der stiller Pål og Per Kristian med bil.


Køyring Skodje-kampen: Lars Petter (frå byen, tar med Kris?). Resten er vel kanskje på øya? Då køyrer Demir, Mads og Olve.

Køyring Emblem-kampen: Odd Einar, Håkon, Per Olav og Sindre.



Skodje-HaNo går måndag 3. oktober

Etter rådslagning på trening i kveld, går Skodje-HaNo på måndag 3. oktober kl 18.30 på Skodje kunstgras. Om vi tar ei treningsøkt i helga i mellom Ravn-kampen fredag og Skodje måndag, avgjer vi fredag på Vatne.

Har no oppdatert aktivitetsplanen til høgre på sida her. Blir vel naturleg med ei treningsøkt onsdag 5. oktober også då. Haustferie og greier, det må jo trenast :)

tirsdag 27. september 2011

Skodje-kampen...

Litt rot i opplegget med Skodje-kampen. Vi ville flytte frå laurdag8. til fredag 7. oktober. Skodje svarte og lurte på om tysdag 4. oktober passa fint. Etter noko sjekking på den saken, passa det bra for oss. Men så viser det seg at bana på Skodje ikkje er ledig...

Så då er spørsmålet: Kan vi spele måndag 3. oktober (alle dagar elles i veka er uaktuelle), eller skal vi spele laurdag 8. oktober som først oppsett? Vi avgjer dette på trening i morgon onsdag kveld (kl 20).

søndag 25. september 2011

Resten av sesongen- redigert

Aktivitetsplan ut sesongen:

Mån 26.9 Tren 1750-19.30 NH
Ons 28.9 Tren 2000-2130 NH (jentekamp kl 18)
Fre 30.9 Ravn-HaNo 18.30
Søn 2.10 Tren 17.00 NH (NB! Damekamp heime denne dagen)
Mån (??) 3.10 Skodje-HaNo 1830
Fre 7.10 Tren 1750-19.30 NH
Mån 10.10 Tren 1750-19.30 NH
Ons 12.10 Tren 1730-1900 NH (Kan ta hurtigbåten)
Fre 14.10 Emblem-HaNo 1830

Forfall ville Ivar ikkje ha, men dersom nokon absolutt ikkje kan, må ein melde til han på 99 70 43 36

torsdag 22. september 2011

Skodje nærmare playoff

Og det utan å ha spelt torsdag kveld. Det gjorde derimot deira argaste og nærmaste rivalar. Ørskog-Stordal enda 4-6, etter eit dramatisk oppgjer, sjekk stordal.nu

Det vil seie at Skodje har eitt poengs leiing til Stordal, men Skodje har fire kampar att mot Stordal sine tre. Ørskog er i realiteten hekta av. Skodje har kun heimekampar att, og møter Emblem, HaNo og andrelaga til BIL og Norborg. Ser med andre ord ikkje så verst ut for gultrøyene...

Thomas Årsund skåra tre for BIL2 i 4-2 heimesigeren over Lepsøy i kveld.

PS! I tabellen for 5. div avd 3 står det ei melding frå SFK om at Ellingsøy er trekt to poeng grunna bruk av ikkje berettiga spelar. Ei tidlegare omtala sak på både norborg.com og Skodje-bloggen.

Kamp mot Ellingsøy på laurdag

HaNo stiller med følgande tropp på laurdagens heimekamp mot Ellingsøy:
Sindre, Mads, Kristian, Per Kristian, Michael, Lars, Mert, Demir, Odd Einar, Lars Petter, Magnus, Thomas, Daniel, Håkon, Robin og Per Olav.

Oppmøte på Nordøy Stadion kl 1100.

Avbud SEINAST idag til Lars

onsdag 21. september 2011

Bringsvor klar for HaNo

Magnus Bringsvor vart endeleg klar for HaNo FK fredag ettermiddag. Etter mykje fram og tilbake hos SFK fekk leiar Molnes endeleg klarsignal til å signere den tidligare Fjørtoftspelaren. "Eg har trent godt den siste tida og hatt opp til fleire turar i ballbingen" seier Magnus i ein kort kommentar til bloggen. Debuten blir førskomande laurdag mot Ellingsøy på Nordøy Stadion.

tirsdag 20. september 2011

Kamp-flyttingar

Kampen mellom Ravn og HaNo er flytta frå laurdag 1. oktober til fredag 30. sept kl 1830 på Ravn kunstgras.

Skodje-kampen
Kampen mot Skodje er oppsett laurdag 8. oktober. Den lurte vi også på om kunne gå fredagen før, men det kunne ikkje Skodje. Dei ville derimot spele tysdag 4. oktober. Gi Odd Einar beskjed om denne datoen IKKJE passar snarast, f eks på treninga i morgon på Nordøy kl 17.30.

Trening onsdag 1730 på NORDØY!

Vi trenar onsdag 1730 på Nordøy. Da passar det med hurtigbåt begge veger frå byen. Husk å meld avbud om du ikkje kjem!

Harnes sin weekend: 10 seriemål

Stian Harnes skåra fire mot oss på laurdag, og la på nye seks skåringar i 1-9 kampen i Uggedalen måndag kveld. HIL si langhelg enda med 6 poeng og 22-2 i målskilnad. Imponerande.

Med dette gjorde dei mørkeblå ein byks på tabellen også. Sjå her

Som tippa på førehand endar Haram og Sandøy-laga nedst på tabellen. Greier HaNo å halde Harøy bak seg på tabellen? Innspurten:

HaNo FK: Ellingsøy H, Ravn B, Skodje B, Emblem B.
Harøy: BIL2 H, Ørskog B, Stordal H, Lepsøy B.

søndag 18. september 2011

Ny veke!

Ein tung kamp igår og sikkert mange som set att med ein mindre god følelse etter å ha blitt rundspelt i 90 minutt. Men som Odd Einar påpeika etter kampen er det ny kamp på laurdag og da skal vi vise oss frå ei betre side. Håper folk kan stille på trening og ikkje minst på kamp på laurdag. 4 kampar att no og vi må prøve å moblisere alt vi kan for å avlslutte sesongen på best mulig vis. Vi trenar mandag 1745 i hallen og onsdag 1800 i hallen/nordøy.

fredag 16. september 2011

Tropp mot Harøy

Følgande møter på hurtigbåtkaia kl 1120: Sindre, Per Olav, Mert, Thomas, Kenneth, Geir Olav, Odd Einar, Lars, Michael, Kristian, Robin, Demir, Magnus, Håkon, Mads.

torsdag 15. september 2011

Skodje med ny storsiger

Skodje slo Ravn 11-1 på Vatneeidet i kveld. Eirik Hjelvik skåra fem, og midtbaneeleganten er oppe i 25 mål totalt i år. Divisjonens toppskårar, Eivind Erstad, skåra nye tre, og er oppe i 34 seriemål i 2011.

Stordal slo Brattvåg2 med 5-1, og Emblem vann 2-3 borte mot Ellingsøy.

onsdag 14. september 2011

Lepsøy med tre poeng

Norborg2 greidde ikkje å stille lag mot Lepsøy på måndag. Lepsøy ville ikkje utsette kampen i ein hektisk sluttspurt, og blei tilkjent 3-0 som resultat og tre peong på tabellen.

Her kan du sjå heile tabellen før torsdagskampane:
Stordal-BIL2
Ravn-Skodje
Ellingsøy-Emblem

Laurdag: Harøy-HaNo.

Reiserute laurdag

Vi spelar altså kamp kl 13 mot Harøy komande laurdag. Spelarane betalar hurtigbåten sjølv.
Avreise hurtigbåt:
Ålesund 1030
Austnes 1120
Til Harøya 1145

Retur hurtigbåt
Harøya 1625
Austnes 1650
Til Ålesund 1745

På treninga onsdag kjem eg til å spørje om det er interesse for Håp i havet og badeland/mat etter kampslutt, før båten går. Vi rekk å vere på Finnøya litt over ein time.

tirsdag 13. september 2011

Ny økt onsdag kl 1800!! NB MERK TIDA!

15 mann og ei god økt i hallen igår folkens! Gledeleg å sjå eit par nye gutar i aksjon, som vi garantert vil få mykje gleda av i framtida. Ifølge yr skal det bli eindel nedbør både idag og imorgon så vi må belage oss på å bruke hallen imorgon også. Ei heilt OK erstatning. Men sjekk bloggen imorgon i tilfelle det blir endringar.

Ellers er det eit nytt viktig lokaloppgjer på laurdag mot Harøy. Her har vi alle mogligheiter til nye poeng dersom vi fortsetter den gode innsatsen frå sist kamp og dei siste treningane. LP, Olve og Per Kristian blir ikkje med til Harøya, medan vår nye signering Magnus Bringsvor kjem inn i troppa.

Trening imorgon altso: 1800 i Nordøyhallen. Damelaget trenar fram til 1830. Vi held på til 1940, ferge 1950 for dei som skal reise.

søndag 11. september 2011

Trening mandag i hallen!

På grunn av mykje nedbør og slitasje etter damekampen idag går treninga imorga i hallen. Møt opp 1745!

fredag 9. september 2011

Målkåte ex.-lyseblå

Even skåra to for SIF i helga, Jan Egil eitt mål og ein målgjevande på måndag. Fredag møtest SIF og BIL til kamp. Cato er i skikkeleg skåringsform - putta heile fem i 8-0 sigeren over Volda2/Hovdebygda i helga som var. Torsdag kveld blei det to nye Cato-nettkjenningar mot MSIL, i ein kamp som enda 4-4 etter at Norborg med Cato og Preben på laget leia 4-0.

Skodje cruisar vidare
Også tre kampar i vår 5.div.avd. i går kveld (saksa frå Skodje-bloggen)

Skodje - Ellingsøy 13-2 (7-0)
Mål Skodje: Eivind Erstad (4), Eirik Hjelvik (4), Eirik Høivik (2), Johann Kjerstad, Vegard Hjelvik og et selvmål.
Mål Ellingsøy: Arnstein Hoff og Thomas Skurdenis.

Brattvåg 2 - Ørskog 2-5 (1-2)
Mål BIL2:
Mål Ørskog: Aslak Benjaminsen x2, Jon Egil Sollied, Frank Abelseth og Bjørnar Kvamme

Emblem - Harøy 7-0
Mål Emblem: Yngve Steffensen, Steffen Rønnestad, Jim Tore Humborstad, Thomas Fellows, Jørgen Drønnen, Jan Magne Solibakke og Erlend Larsen.

Tabellen viser at vi beheld 6.plassen etter desse resultata.

torsdag 8. september 2011

Trening fredag i hallen!

Fredag trener vi kl 1745 i NH. Ingen kamp denne veka så om oppmøtet er bra satsar vi på å få gjennomført ein internkamp. Vel møtt!

mandag 5. september 2011

Stordal bøttar inn

HaNo blir likevel ikkje ståande i Stordal sine historiebøker som det laget dei har slått med mest mål. Norborg2 blei slått 19-2 i Uggedalen måndag kveld. Sjølv om Norborg har mange vekke om dagen, er dette litt av eit tal. Sindre Holtleite mestskårande med sju nettsusarar. Det er framleis opent kven av Ørskog, Stordal og Skodje som vinn avdelinga og kjem til playoff. Men: Merk at Skodje har fem heimekampar att, og kun Ravn igjen borte.

Som Lars skriv i referatet, byksa vi opp på 6. plass med sigeren over LIL. Vi har rett nok både ein og to kampar meir spelt enn tabellnaboane våre. No ventar Harøy (borte) og Ellingsøy (heime) på gras, før vi avsluttar med tre bortekampar på plastgras (Ravn, Skodje, Emblem).

søndag 4. september 2011

Neste veke

Takk for god innsats idag kara! Ditte smakte!

Neste veke trenar vi onsdag og fredag. Mest truleg blir det i hallen begge dagar da det er meldt eindel nedbør, men det kjem vi tilbake til.

Onsdag: 1745 i NH(evt Nordøy)
Fredag: 1745 i NH (evt Nordøy)

Tidspunkta passar for ferge begge vegar. 1715 frå skjelten, 1950 frå austnes. Lars køyrer begge dagar dersom nokon treng skyss. Ingen kamp denne veka så no får vi trent godt før Harøykampen neste laurdag.

Jobbar med ein plan over trening og kampar resten av sesongen. Satsar på å få delt ut denne på onsdag.

Lars

fredag 2. september 2011

Tropp søndag

Følgande møter til kamp på søndag: Pål, Sindre, Olve, Robin, Mads, Demir, Mert, Asgeir, Kenneth, Lars, Odd Einar, Lars Petter, Håkon, Per Kristian, Michael, Kristian Kalvøy, Per Olav

Avbud sendast til Lars.

Oppmøte 1345 på Austnes.

Ingen trening fredag

Svært få som kunne stille på trening fredag pga diverse, så den går ut. Tropp og slikt om Lepsøy-oppgjeret legg vel Lars ut om litt, vil eg tru.