torsdag 27. oktober 2011

Husk trening fredag 1850 i NH!!

Alle som har lyst er velkommen til trening i hallen imorga kl 1850-2025. Spre ordet!

tirsdag 25. oktober 2011

Quiz:Omkamp mellom Sindre og Olve

Det blei 4-4 mellom Olve og Sindre på quizen, Jan Egil var tredje og siste innsendar, og enda på ein flott pallplass med tre rette. Sindre og Olve må ut i omkamp, og det med desse spørsmåla:

1. Kor mange kampar har Lars Petter for HaNo?
(Nærmast rett får riktig her)
2. Kor mange obligatoriske Aafk-seriekampar jar Joakim?
(Nærmast rett får riktig her)
3. Kor mange gule kort fekk vi i seriekampane i år?
(Nærmast rett får riktig her)

Lykke til! send til molneod@hotmail.com innan 1. november :)

søndag 23. oktober 2011

Skodje spelar playoff

Ikkje overraskande vann Skodje 5-1 over Brattvåg2 søndag. Då er det 66,6 prosent sjanse for at dei spelar i 4. divisjon neste år. Åram/VanKam og Hessa/SIF2 blir hindera i neste vekes playoff. Meir i Skodje-bloggen om det meste her.

Norborg2 gjorde ei god avslutning, og tapte kun 3-4 heime mot Emblem.

Stordal - Ellingøy 8-1 (5-1)

Ørskog - Ravn endar i statistikkane med 3-0 sidan Ravn ikkje greidde å stille lag. I tillegg til eit oppegåande Old Boys-treningsmiljø, har IL Ravn påmeldt både G16-lag og juniorlag i årets serie, og det må vere rimeleg sensasjonelt at Vatne/Tennfjord-bygda ikkje greier å reise til Sjøholt å spele seriekamp!

Harøy har gjort ein god haustsesong, og plukka sine poeng nummer 13 etter sommaren mot Lepsøy. Stian Harnes skåra nye fire mål, og har over 30 i årets serie. Lepsøy har nærmast kollapsa i haust, og LIL-guru IK Kjerstad skriv følgjande på si nettside:
Med eit klart tap enda Lepsøy altså heilt sist i sin avdeling i årets 5. divisjon, som er lavaste nivå på Sunnmøre, det har vel ikkje skjedd før? No må laget og spelarane finne ut kva dei vil gjere til neste år, det må i alle fall endringar til om Lepsøy skal melde seg på i neste års 6-divisjon!

torsdag 20. oktober 2011

Oppdatert liste for innsamling mobilar

Nokre forfall pga at ein skal ut og reise i helga. Her følgjer oppdatert oversikt over rodene, og kven som skal køyre, sitte på. Sjåførar er utheva med feit skrift. Dei tar kontakt med dei som skal sitte på og avtalar når ein startar, og kor hen :)

For kor rodene er, sjå på denne lista her!

Haramsøya
H1 Demir, Anna og Emily
H2 Demir, Anna og Emily
H3 Lise, Robin og Cecilie O.
H4 Lise, Robin og Cecilie O.
H5 Silje, Seline og Hanna
H6 Silje, Seline og Hanna
H7 Per Olav, Håkon
H8 Per Olav, Håkon

Longva
L1 Odd Einar
L2 Per Kristian, Sindre og Thomas
L3 Daniel, Mert og Cecilie K.
L4 Daniel, Mert og Cecilie K.
L5 Per Kristian, Sindre og Thomas
L6 Britt Tove, Solveig
L7 Trude, Lena
L8 Trude, Lena

Mvh Odd Einar, tlf 90 88 66 99.

HaNo-fest på laurdag kl 16

Minner om HaNo-festen som er på Nordøy Grendahus på laurdag kl 16-til ca kl 18.
Utdelingar for senior, yngres, utlodning, nokre underhaldningsbidrag og open kiosk. Gratis inngang.

For dame- og herrelaget blir det kåring av "Årets gjennombrot" og Årets spelar".

Forventar i grunn at alle stiller opp, det er no berre kjekt dette på ein laurdags ettermiddag :)

tirsdag 18. oktober 2011

Treningar framover

Vi tek ei velfortjent friveke frå treninga denne veka, men frå neste fredag startar vi opp med treningar i nordøyhallen. Dette blir "frivillige" treningar der man ikkje treng å melde avbud. Old boys, guttespelerar og alle andre som ønskjer å ta turen heim å trene på fredagskveldane er sjølvsagt velkomne! Her skal vi spele mykje fotball og kose oss!

Tidspunkt: Kvar fredag kl 1900. Første økt blir 28/10!

søndag 16. oktober 2011

Mobilinnsamling komande fredag

Som kanskje mange har fått med seg, er HaNo FK ein av 500 klubbar i Noreg som har fått mulegheit til å samle inn brukte mobiltelefonar no i haust. Vi får kr. 35,- pr mobil.

Fredag 21.oktober vil dame- og herrelaget ta ei køyrerunde på våre to øyar mellom kl 18-20. Rodeliste og slikt kjem om eit par dagar, men no veit de om klokkeslett for ein liten innsats :)

Minner samstundes om HaNo-festen laurdag 22. oktober kl 16 på Nordøy grendahus. Ein evt seniorfest om kvelden er etter det eg har forstått utsett til litt seinare. Pga at Sjøbuda er opptatt, og at fleire skal på anna tilstelning denne kvelden.

Ferdigspelt for i år

Vi har avslutta sesongen, med eit 2-4 tap på fredag kveld. Sindre (bilete)putta, og blei vel då delt toppskårar med Lars Petter. Det står framleis att nokre kampar i avdelinga, HaNo står som kjend over siste serierunde. Her ser du kampane som står att, heilt nede på sida.



Runden denne gongen bydde på ei overrasking: Ellingsøy-Ørskog 3-2. Elles:


Ravn-BIL2 6-4
Skodje-Norborg2 11-1
Harøy-Stordal 2-7, der Stian Harnes tok Harøy til 2-1 leiing til pause.

torsdag 13. oktober 2011

Kamp mot Emblem fredag!

Vi stiller følgande tropp til morgondagens kamp:

Pål, Sindre, Mert, Thomas, Olve, Ove, Vebjørn, Lars Petter, Per Kristian, Michael, Odd Einar, Håkon (usikker pga sjukdom), Kristian, Per Olav, Lars og Demir. Robin er usikker pga en overtråkk men blir med dersom han blir klar.

Odd Einar, Michael og Per Olav køyrer frå øya. Dersom nokon kjem frå byn kontakt Lars for skyss. Avreise øya 1635, oppmøte Emblem 1745. Kampen byrjar 1830.

Dersom nokon ikkje kan stille må eg ha avbud SEINAST idag!! Fint om Håkon og Robin kan gi meg ei oppdatering i løpet av dagen.

Vel møtt til sesongens siste kamp!

tirsdag 11. oktober 2011

Trening onsdag

I morgon, onsdag, blir det trening kl 20:00! Uthever klokkeslettet for treninga, fordi det er et par stk. som har komt når treninga er over no nokre treninger. På mandag var vi 6 mann på trening! Dette held ikkje, så håper at vi stiller mannsterk på onsdag, så vi kan køyre ei skikkelig trening :-)

Vil helst at alle stiller på trening, men er det nokon som ikkje kan møte, så send meg ein sms på nr. 99 704 336.

søndag 9. oktober 2011

Spenninga er over

I vår avdeling er det aller meste klart. Skodje klarer fint biffen med å kome til playoff. Ørskog, Stordal og Emblem verkar i havne i neste sesongs 5. divisjon. Resten rykkjer ned i det som neste år blir ein restart av 6. divisjon. Slik det ser ut no, vil altså desse laga her frå avdeling ramle ned:
Harøy, HaNo, Lepsøy, Ravn, Norborg2, Brattvåg2.

Frå dei andre avdelingane har vi sannsynlegvis:
Avd 1: GuLars2, Kvamsøy, Gjerdsvika/Moltu, Tjørvåg, Haddal, Flø.
Avd 2: (Vigra), Aksla, Sæbø, Åmdal, Giske, Aspøy, Sunnylven.

Men vil BIL2 og Norborg2 gå på eit nytt år med andrelag? Det vil forundre oss stort om Norborg gjer det med sitt mannskap i haust i alle fall. Kanskje vil det då vere att 16-17 lag i 6. divisjon? Med 9 lag i vår 6. divisjonsavdeling, kan det t.d. sjå slik ut neste år for vår del:

Harøy, HaNo, Lepsøy, Ravn, Brattvåg2, Aksla, Giske og Aspøy og Vigra.

torsdag 6. oktober 2011

Quiz!

Sesongen nærmar seg slutten, og vi tjuvstartar "agurktid"-sesongen her i bloggen med ein aldri så liten quiz! Det er om sesongen så langt, før vi avsluttar mot Emblem neste fredag. 6 spørsmål, med 4 alternativ. Send inn dine svar til molneod@hotmail.com. Dersom fleire har alle rett svar, trekkjer eg vinnar. Den vinn eitt eksemplar av vårt fantastiske HaNo-skjerf!



Svarfrist for konkurransen er onsdag 12.okt kl 23:59 :)


1. Joakim spelte sine 10 første HaNo-kampar på 10 år. Men kor mange HaNo-kampar har han totalt?
A) 52
B) 62
C) 72
D) 82

2. Bror Vebjørn jubilerte i løpet av sine 6 HaNo-matchar i år. Kva står på pokalen hans etter sesongen i år?
A) 50 kampar
B) 100 kampar
C) 150 kampar
D) 200 kampar


3. Kun eitt av alternativa under er riktig med tanke på at begge var HaNo-debutantar i år.
A) Magnus Bringsvor og Olve Steen
B) Mert Haram og Kenneth Hansen
C) Daniel Grebstad og Robin Haram
D) Thomas Flem og Eivind Fugledal


4. Kven er toppskårar i serien for herrelaget før siste seriekampen mot Emblem?

A) Lars Petter
B) Sindre
C) Michael
D) Håkon


5. Per Kristian er kortkongen med sine 5 gule kort. Kven av alternativa under har IKKJE fått gult kort i år?
A) Michael
B) Odd Einar
C) Lars
D) Pål


6. To mann har spelt samtlige 19 seriekampar til no. Kven er så det?
A) Michael og Mads
B) Mads og Kristian
C) Michael og Sindre
D) Per Olav og Sindre

onsdag 5. oktober 2011

Årets spelar

Då minner vi alle om å sende inn sine stemmer til årets spelar til SUS og Solveig:

Send
3 poeng (Navn)
2 poeng (Navn)
1 poeng (Navn)

til 99 32 36 67 :)

tirsdag 4. oktober 2011

Treninger framover

Vi legg opp til følgandes treningstider framover:

Ons 5.10 kl 20:00 - 21:30 NH
Fre 7.10 kl 17:50 - 19:30 NH
Man 10.10 kl 17:50 - 19:30NH
Ons 12:10 kl 20:00 - 21:30 (G14 kamp i hallen kl 18:00) NH

Merk at vi trenar seint i morgon, onsdag, kl 20:00 - 21:30 i Nordøyhallen.

Håper at du Ove får med deg iallefall ei trening i neste veke?

søndag 2. oktober 2011

Troppa til Skodje kampen

Vi stiller med følgandes tropp til kampen mot Skodje: Pål, Olve, Robin, Michael, Kristian, Håkon, Lars Petter, Odd Einar, Mads, Sindre, Demir, Per Olav, Mert, Thomas og Kenneth.

Per Kristian står over for gule kort. Magnus og Daniel står over denne kampen, så håper eg at dei kan komme på trening enten onsdag eller fredag denne veka. Då er dei klar til kampen mot Emblem.

Avbud vil eg ikkje ha. Men visst det er nokon som absolutt ikkje kan vere med i morgon, så send meg ei melding seinast søndag kveld.

Skodje på måndag

Ikkje trening søndag, men Ivar oppmoda alle om ein oppløysingstur anten laurdag eller søndag.

Viss ikkje eg høyrer noko anna, kan LP plukke opp Kristian i Spjelkavika, reknar med resten er heime på øya no i haustferien. Olve (Odd Einar køyrer for han), Mads og Demir er sjåførar tur/retur øya. Ivar har kontroll på troppa.

Avreise kl 1635, med retur kl 2120 frå Skjelten.