tirsdag 30. august 2011

Tropp Stordal

Kampen mot Stordal på torsdag går kl 19, med avreise klokka 1635 frå øya. Bilførarar frå øya er Per Olav og Mikke, medan Lars og Kristian køyrer frå byen.
Notér at Robin og Olve befinn seg på Solevåg ferjekai kl 17.30 først, så Lars og Kris får fighte om kven som tar på dei, og blir litt seinare i Stordal. :)

14-mannstroppa er med Pål, Kris, Mikke, Håkon, Sindre, Per Olav, Mert, Olve, Robin, Mads, Thomas, Odd Einar, Lars og Lars Petter.

Viss eg ikkje høyrer noko anna, så er reiseruta slik:
Byfantar: Kris, Håkon, Olve, Robin, Lars, Mads, Sindre, Lars Petter. (Sindre og Robin retur til øya? Det er i så fall plass i dei bilane vi har)
Frå øya: Pål, Mikke, PO, Mert, Thomas, Odd Einar.

Kampen går på kunstgras på Kirkebø stadion.

mandag 29. august 2011

Emblem mot 6. divisjon?

Tidlegare forrige veke offentleggjorde Sunnmøre fotballkrets reglane for opp- og nedrykk i forhold til neste års 5. og 6. divisjon. stordal.nu laga sak på dette, og med resultata i kveld, ser det ut som at forhåndsfavoritt Emblem må spele i 6. divisjon 2012.

Det aller meste tyder nemlig på at 4. plass i vår avdeling ikkje held til å spele i neste års 5. divisjon. Det vil i praksis seie at tettrioen Ørskog, Skodje og Stordal kjempar om å vinne avdelinga, og dermed spele playoff til 4. divisjon neste år. Lag nr 2 og 3 spelar garantert 5. divisjon neste år, medan dei som er nummer 4 og nedover, blir å finne i neste års 6. divisjon.

Resultat måndag kveld:
Skodje-Lepsøy 12-0
Emblem-Stordal 3-3
Ørskog-Norborg2 10-4 (Henrik slapp inn 6 mål, Furnes 4 mål då han stod i mål i andre omgang)

Lepsøy møtte med 10 mann, fekk ein 11. litt uti første omgang, men spelte atter med 10 mann utover i andre omgang. Skodje sin Eivind Erstad befesta sin toppskårarstatus i avdelinga med nye fire nettkjenningar.

Stordal leia på Ebbemyra, men igjen kom Emblem tilbake mot slutten. Ørskog har skåra 17 mål på sine to siste kampar.

Kommunikasjon

Per Kristian leia måndagens trening, der 5 mann (inkludert han sjølv) arbeidde seg gjennom ei bra økt. Men dette er for få sjølvsagt. Dei aller fleste gav beskjed om fråfallet sitt, men vi mangla beskjed frå nokre også. Dette må vi passe på, gutta.

søndag 28. august 2011

lørdag 27. august 2011

Trening måndag

Ein del usikkerheit rundt korleis vi legg opp neste veke. Sikkert er det at vi trenar måndag kl 1745 på Austnes.

Lars kjem att tysdag, og avgjer om vi tar ei treningsøkt på onsdag. Torsdag er det bortekamp mot Stordal (kl 19, avreise kl 1635). Fredag køyrer vi muligens ei treningsøkt tidleg, før det er Ungdomskveld på Sjøbuda om kvelden, innleier HaNo-dagane. Søndag er det lokaloppgjer mot Lepsøy under HaNo-dagane. Kampen går på Austnes kl 1445.

onsdag 24. august 2011

Dommaroppsett haust

Då ligg oppsettet for kven som dømmer når i haust på HaNo-sida. Sjå denne linken

Tropp Ørskog

Tropp til kampen mot Ørskog på torsdag:

Pål Forr Austnes
Kristian Kalvøy
Michael Austnes
Håkon Inge Haram
Sindre Longva
Per Olav Sunde
Mert Haram
Olve Steen
Robin Haram
Daniel Grebstad
Mads Uri
Kenneth Ulla
Thomas Flem
Per Kristian Klokk

Lars Petter (flytting) og Odd Einar (karantene,tre gule kort) blir ikkje med. Kampen går kl 1830, oppmøte kl 1730 på Nordøy. Berre å gle seg :)

torsdag 18. august 2011

Trening måndag

Bra innsats i dag gutta, men til slutt tok kreftene slutt. Bør motivere til følgjande før Ørskogkampen:
I morgon, fredag eller laurdag skal alle ta seg ei eigenøkt. Bør vere løp, sykkel eller noko med bra intensitet i minst 45 minutt.
Måndag: Trening kl 1745 på Austnes.
Torsdag: Kamp mot Ørskog på Nordøy.

I helga skal vi tene pengar til klubben også, det blir bra :)

Elles er resten av runden i morgon torsdag, pluss hengekampen frå forrige runde mellom Lepsøy og Ellingsøy på søndag. For mykje stoff om kampar, patriotar, odds, tetstrid og intense nabooppgjer i divisjonen vår, anbefalar eg ein tur innom:
- Skodjebloggen
- Stordal.nu

tirsdag 16. august 2011

Kampen mot Brattvåg2 på kunstgras

Lagleiar Håkon på Brattvåg2 kunne dessverre meddele at det blir kunstgraskamp i morgon mot dei. Sjekk elles tropp og bilførarar m.m. nedanfor.

mandag 15. august 2011

Trenaravklaring

Som det blei sagt på trening, har Ivar Fjørtoft sagt seg villig til å hjelpe til i trenarteamet i lag med Lars. Ei kjempeløysing som spelarane verka meget happy med. Ivar skal berre trimme låra oppå to hjul med sekk på ryggen først. Når Birken er over kjem også Lars heim, og i halvannan veke før det er det Odd Einar og Per Kristian som leiar laget.

Vi må diskutere på kampen onsdag korleis vi gjer det med treningar før neste kamp igjen. Det er herrespelarar sett opp på båtvask alle dagar utanom torsdag, så eg føreslår at vi tar ei eigentrening i løpet av helga, samt trening på måndag og evt onsdag før heimekampen mot Ørskog neste torsdag.

Tropp Brattvåg2

Troppa til kampen mot Brattvåg2. Kampstart kl 1830. Avreise frå Austnes på 1635-ferja.

Pål Forr Austnes
Kristian Kalvøy
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Odd Einar Molnes
Håkon Inge Haram
Sindre Longva
Per Olav Sunde
Mert Haram
Olve Steen
Robin Haram
Stig Erik Nogva
Lars Petter Haram
Daniel Grebstad
Mads Uri

Kristian og Håkon kjem frå byen. LP også kanskje? Uansett 3 bilar over fjorden. Det er det Sindre, Robin og Daniel som stiller med. Husk at ein kan bytte med nokon, avtale nokon andre til å køyre (betale 2 kr km), eller få nokon til å køyre ein bil i husstanden :)

søndag 14. august 2011

Tilbakemelding båtvask

Fint om folk kunne sendt sms til Odd Einar om oppsette vakter på båtvask er ok. Veldig få frå damelaget og herrelaget som har gitt tilbakemelding (eller rettare sagt bekreftelse om at dei kjem:)

NB! Dersom folk kjem frå byen på torsdag og fredag, kan ein hoppe av i Hamnsundet. Vi hentar med bil.

Når det gjeld trening måndag 1745 på Nordøy, og kampen mot Brattvåg onsdag, er det også Odd Einar beskjedar om evt forfall skal meldast til.

fredag 12. august 2011

Deilig siger, BIL2 allereie onsdag

Mikke har det med å avgjere til slutt :) Og flott at Sindre viser målteft igjen! Syns vi skal vere fornøgd med at vi har tatt poeng i fem av dei seks siste kampane vi har spelt. Det gir oss tru og sjølvtillit vidare.

Som vi snakka om i garderoben, er trenarsituasjonen framover framleis uavklart. Lars blir vekke til slutten av august no. Men uansett er det trening måndag kl 1745. Den går på Nordøy (trening og kamp på Austnes, sjekk forøvrig banedagboka på HaNo-sida).

Kamp onsdag mot BIL2. Det står kunstgras i terminlisteoppsettet, men det er sjanse for at den går på ei strøken grasbane i Vågen.

torsdag 11. august 2011

Ravn knuste Stordal

Dramatisk på Skodje i haustopninga då Ørskog vann nabooppgjeret på overtid i kveld. 3-4 til karane frå Sjøholt. Emblem slo Brattvåg2 med same siffer. Bomba small på Vatneeidet, der Ravn, utan siger i serien sidan i fjor, knuste leiarlaget Stordal med 4-0! Det fekk IL Ravn si heimeside til å skrive kampreferat også. Sjå her

Kamp mot Norborg- oppdatert

Disse møter til kamp mot Norborg2 på Fredag:

Pål, Demir, Kristian K, Mert, Per Kristian, Michael, Audun, Vegard, Odd Einar, Håkon, Daniel, Per Olav, Ove, Sindre og Kenneth U.

Oppmøte på Nordøy 1730.

tirsdag 9. august 2011

Kampane i haust

Her er terminlista for haustsesongen (ligg no i menyen til høgre). Studér den, og finn ut om det er kampar du er vekke. Gi beskjed til Lars snarast i så fall. Dersom det er mange vekke ein kamp, må vi prøve å flytte. Kanskje kan nokon av helgekampane på slutten spelast fredag..?

Fre 12.8 HaNo-Norborg2 18.30
Ons 17.8 BIL2-HaNo 18.30
Tors 25.8 HaNo-Ørskog 19.00
Tors 1.9 Stordal-HaNo 19.00
Søn 4.9 HaNo-Lepsøy 14.45
Laur 17.9 Harøy-HaNo 13.00
Laur 24.9 HaNo-Ellingsøy 13.00
Laur 1.10 Ravn-HaNo 14.00
Laur 8.10 Skodje-HaNo 14.00
Laur 15.10 Emblem-HaNo kl 15.00


lørdag 6. august 2011

Trening og kamp neste veke!

Neste veke blir det trening mandag 1745 på Austnes og onsdag 1800 på Nordøy. Fredag er det kamp mot Norborg2 på Nordøy Stadion. Viktig at alle kjem igong no og får et par økter før kampen. Avbud sendast til Lars. (95861787)