tirsdag 20. desember 2011

Meld deg på !

Facebook-eventen til Romjulscupen 30. desember.
http://www.facebook.com/events/207170332695641/

Mange som ikkje har meldt seg på enda. Send sms til ANNA (97158290) ELLER SILJE (96049005).Husk å skrive namnet ditt.

Multitalentet Vebjørn

Vi har delt ut Ekebergs ærespris for lengst til han Bror, men igjen imponerer han! Han har hoppa over 50 meter i hoppbakken, men først og fremst bikka han i år 50 kampar for HaNo :)

Her er video i frå Kongsberg og Tacky Invitational, der Vebjørn blei 16.000 kroner rikare:
http://www.tacky.no/snowboard/video/?id=213507

Sunnmørsposten: http://www.smp.no/incoming/article408100.ece

Sunnmørsposten i sommar: Hopping i Brosundet: Vebjørn til topps!

onsdag 14. desember 2011

Påmelding Romjulscup i NH

Fann denne informasjonen på Romjulscupen si fjesbokgruppe:

Då braka de laust igjen me cup i Nordøyhallen! Satsa på at deltakinga å stemninga bli MINST like bra som sist! Det bli blanda herrelag og blanda damelag. Speling på 5'er bane (slik som sist).

Aldersgrense: 15 år og oppover

100,- i påmelding
PÅMELDINGA MÅ SENDAST PÅ MELDING INNEN 22.12 TIL:
ANNA (97158290) ELLER SILJE (96049005)

Påmelding på facebook gjeld IKKJE, må sendast på melding! Husk å skriv navn!

Åpen kiosk!

Åpne garderober nede på ungdomsskulen.

Hallen blir varma opp til MINST 15 grader!
Ditta bli KANON! :D
Minne også om at de e dans på Framtun om kvelden! :)

torsdag 8. desember 2011

12 grader, svartestilljå, fortid og framtid.

7. desember. Minus 1 på utetermometeret. Ho Berit og andre uvedkomande pregar veret siste tida. Skulle no ha trent. Snart romjulscup, seier han Mikke. Snart ny sesong.

13 mann på desember-trening. 13-åringen bryt eit framspel framfor mange-og-30-åringen. Fortid og framtid. 4 mann er fødd på 70-talet. 4 mann er fødd i 1998. Dei sistnemnde lærer oss gamle presise innsidepasningar og andre ballbingeferdigheiter.

12 grader, svartestilljå og tak over hovudet. Grønt plastgras. Så innbydande at vi mimrar om frøsa grusbane eller 3 vs 3 i ein trong gymsal.

Kan ikkje akkurat klage.

mandag 5. desember 2011

Romjulscup i Brattvågen 28/12

Vi er invitert til Brattvåg si tradisjonelle romjulsturnering 4 juledag. Dersom det er interesse for dette må vi ha tilbakemelding på det snarast. Vi treng også ein eller to som tar ansvaret for å organisere og lede kampane. Skriv i kommentarfeltet her dersom du er interessert i å bli med.

lørdag 3. desember 2011

Positivt spelarmøte!


15 mann dukka opp på fredagens spelarmøte på ungdomskulen. Når i tillegg trenerane hadde fått 5-6 avbud på forhand må ein kunne seie at utgangspunktet for sesongen 2012 ser rett bra ut. Jan Egil Ulla og Alexander Ulla (bildet) var nye fjes frå ifjor og i tillegg jobbar klubben med fleire forsterkningar. Lars og Ivar informerte litt om neste sesong og kva treningsopplegg vi ser for oss i vinter. Etterpå deltok 17 mann på treninga i hallen. Vi fortsetter med fredagstreningar i hallen fram mot jul før vi startar opp for fullt med obligatoriske treningar 4 januar 2012.

fredag 2. desember 2011

Daniel på facebook

- Når det gjeld facebook så tenkte eg å følge meiningsmålinga på bloggen så eg kan tøre å fortsette på laget, seier Daniel i ein kort kommentar til bloggen.

Og meiningsmålingane er klar: Over 2/3 av stemmene tilrådde Grebstad å skaffe seg ein konto på facebook.

torsdag 1. desember 2011

Minner om spelermøte fredag!

Husk spelermøte imorga kl 1730. Vi samlast i eit klasserom på ungdomskulen der det blir ei kort orientering om neste sesong. Bloggen kan avsløre at SUS og trenerane har et par spennande nyheiter i ermet, samt et par viktige saker vi må drøfte med spelargruppa. Det blir trening i ein oppvarma og innbydande fotballhall etterpå for dei som ynskjer det. Vi startar opp med ordinære treningar for neste sesong etter nyttår.

Møt opp folkens!!