mandag 31. mai 2010

Tropp Aksla

HaNo stiller med 18 mann på onsdag. Det er desse som møter kl 1730 på Nordøy stadion, med kampstart kl 1825:

Henrik Åkre
Sindre Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kenneth Ulla
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
Jonas Longva
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Saure
Odd Einar Molnes
Per Jarle Fjørtoft

Dommar er Arild Vegsund, Norborg IL.

Berre å glede seg til ei grei bane, godt vér og tente medspelarar:)

20 mann på plass i dag- Mikke maimest

Kjekt med så mange på trening som i dag. Andre Longva og Martin Åkre gjorde si første, og forhåpentligvis langt frå siste, trening i kveld. I mai har det elles vore ein månad med stort treningsforfall. 37 mann har vore innom, det e reit stort antall, men så hyppig har vi ikkje vore. Russefeiring, eksamenar og jobb tar ein del av skulda. Snittet var 13,7 på trening. Det er temmeleg lavt. Vi satsar på at snittet blir om lag på 16-17 i juni:) Michael (til høgre i biletet frå Harøya i februar) var på alle 9 øktene.

Topp 12 i mai:

Michael Austnes 9
Odd Einar Molnes 8
Steven Saure 8
Kristian Kalvøy 7
Per Kristian Klokk 7
Vegard Halkjelsvik 7
Cato Longva 7
Demir Haram 5
Lars Åkre 5
Jonas Longva 5
Lars Petter Haram 5
Daniel Grebstad 5

søndag 30. mai 2010

Aksla med god opplading

Aksla skårar bra med mål om dagen, og slepp inn litt også. I dag slo dei Lepsøy heile 7-4 på heimebane i ein hengekamp. Martin Farstad og Rune Rønstad skåra i første omgang og Magnus og Geir Seth i andre for Lepsøy, melder Lepsøy.com.

Åge i kano- men du kjem!!

Forfall frå Åge i morgon, han prioriterer overarmar, rygg og mage på padletur med klassa dei nærmaste dagane. Så då stiller han ein mann klar med armbruk på onsdag. Asgeir er i Sogn på jobb, men garanterer motbakketrening på Hafstadfjellet i morgon kveld. Kenneth Hansen har valgt å reise til Spania for å pleie såre lyskar:)

Elles håper eg på max oppmøte, slik vi kan spele på litt større bane som ein del av treninga i morgon. 7-arlaget har spelefri denne veka, så håper at alle dei som er med der også kan prioritere knallhardt å kome på trening måndag. Kl 1750 på Austnes altså!

Lepsøy og Harøy blir ajour

Harøy møter Brattvåg2 om ei vekes tid, og Aksla-Lepsøy blir spelt i dag kl 15. Dermed blir det like mange kampar spelt etter 8. serierunde, som elles ser slik ut:

mandag 31.05.2010 19:20 Emblem-Stranda 2
onsdag 02.06.2010 18:30 Giske-Brattvåg 2
onsdag 02.06.2010 18:30 HaNo-Aksla Nordøy stadion kl 1825
onsdag 02.06.2010 18:30 Hessa-Ravn
onsdag 02.06.2010 18:30 Lepsøy-MSIL
lørdag 05.06.2010 12:30 Harøy-Stordal

Her er nokre opne kampar. Emblem vinn lett, men utanom det er det ingen soleklare favorittar. Hittil har "topp 7" som regel slått dei 5 nedste laga (BIL2, Giske, Lepsøy, Stranda2, Aksla). Men Aksla slo Hessa borte nyleg, og Lepsøy har ikkje tapt med meir enn eitt mål nokon kamp, utanom 1-3 mot Ravn sist. Kan Lepsøy ryste sigersvande MSIL på eige gras?

Stordal er ujamne. Sleit i ein time borte mot Lepsøy, men ordna med eitt poeng mot slutten (blei 2-2). Dei mangla mange spelarar den kampen, og med fullt mannskap er dei truande til å ta poeng borte mot Harøy, med luringen Stig Johansen som coach på sidelinja. Harøy er likevel favorittar.

Hessa skal vinne heime mot Ravn, men har rota det til i det siste. Ser ut til at det "svartnar heilt" når dei først taper. 1-8 (Harøy), 2-5 (Stordal) og 3-5 (Hessa) vitnar om kampar der dei har sluppe inn like mange mål i enkeltkampar som motstandar Ravn nesten har gjort i heile sesongen så langt. Finn Trond Hamre og Co tonen på Hessa kunstgress, kan det faktisk likegodt ende bortesiger i den kampen.

torsdag 27. mai 2010

Tøff kamp mot Brattvåg for 7-arlaget

7-ar, Brattvåg stadion 27.05.10:
Brattvåg-HaNo 9-1 (4-0)
Mål HaNo: Kent Inge Klokk (midt i andre omgang)

Det blei ein tøff kamp for HaNo mot dei rutinerte og ballsikre BIL-spelarane. Dermed hevn for Brattvåg IL frå dagen før, der HaNo gjekk seirande ut av 5.divisjonskampen. Neste veke er det spelefri for 7-arlaget. Neste kamp er 8.juni mot Godøy på heimebane.

HaNo stilte med desse: Steven Saure (ikkje Haram, som eg har drive og skrive), Kent Inge Klokk, Stian Longva, Preben Lorgen, Sindre Longva, Mads Uri, Martin Åkre, Per Olav Sunde, Eivind Fugledal, Michael Austnes, Svein Johan Nogva.

Aktivitetskalender oppdatert

Med rett bane på 11-arkampar, og oppdatert med 7-arkampane er no aktivitetskalenderen korrekt ut vårsesongen. Den finn du her, eller heile tida i menyen til høgre, under "neste aktivitetar".

Dramatisk i Ratvika

På stordal.nu er Aksla og Harøy ikkje heilt ferdig med gårsdagens kamp. På stillinga 0-3 såg kampen køyrt ut for heimelaget, men det stod med eitt 3-3. På overtid blir Morten Håheim dratt ned i feltet, og dommar Svein-Ole Sørensen bles straffe. Aksla meinte den var billig, og diskusjonen vidare kan du følgje her...

onsdag 26. mai 2010

Trening fredag 1750

Slik blir det framover komande veke. Det er no først ny kamp i Brattvågen- 7-arkamp på kunstgrasbana kl 20 i morgon torsdag. Steven er i ferd med å få kontroll på troppane. Elles blir det slik framover (ingen 7-arkamp neste veke)

Fre 28.5 Tren 1750 Austnes
Mån 31.5 Tren 1750 Austnes
Ons 2.6 Aksla kl 1830 Nordøy
Fre 4.6 Tren 1750 Nordøy
Søn 6.6 Tren 1600 Austnes

No er det om og gjere at vi er flink å møte på alle økter, og får opp antallet på treningane, samt kvaliteten på dei nokre hakk enn det vi har hatt den siste tida;)

Stordal slo Hessa

Hessa har gått på sitt tredje tap, og viser nok at dei blir så ustabile som enkelte meinte før sesongstart. Stordal vann 5-2 over dei heime. MSIL køyrer på vidare, denne gongen med 7-0 borte mot Stranda2. Ravn slo Lepsøy, etter 1-0 leiing rett før pause, og 2-0 rett etter pause.

Elles slo Harøy Aksla med 3-4 på bortebane, Emblem vann 6-1 mot Giske. Meir på stordal.nu om denne runden.

Fin bortesiger

Takk til alle involverte for tre poeng i dag! Ingen stor kamp, og vi vann nok ikkje sjansestatistikken, men det handlar også om at vi tar nye utfordringar, og mange blei "omskulert" både før, under og etter kampen i dag på grunn av stort forfall. Endringar i både formasjon og posisjonar er krevjande. Tre poeng under slike omstende er god sort! Kjekt med skåring av Kent Inge i comebacket også, takk for innsatsen! Referat på HaNo-sida.

tirsdag 25. mai 2010

Tropp Brattvåg2

Då er Kristian (sjuk), Asgeir (jobb) og Jonas (utflukt) uaktuell til morgondagens kamp. Her er troppa, som tel 15 mann:

Henrik Åkre
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kenneth Ulla
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
Vegard Halkjelsvik
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Haram
Odd Einar Molnes
Kenneth Hansen
Kent Inge Klokk

Avreise kl 1635. Retur 2120. Køyrer: Per Kristian og Kenneth U om eg ikkje huskar heilt feil. Bruk gjerne bloggen/kommentar-felt for å avtale øyring dåkkå byarar i mellom. Om noko ikkje passar med køyring eller liknande, ta kontakt med Frank.

Kamp onsdag

Det blir kamp mot Brattvåg2 på onsdag. Ingen forsøk på flytting sidan nokre av våre ikkje kunne til helga likevel. Tropp og start 11-ar kjem på sms i løpet av dagen:)

mandag 24. mai 2010

Aktivitetskalenderen ikkje heilt korrekt

Eg har bomma litt på heime/bortebane i aktivitetskalenderen. Det som står til høgre her i menyen er korrekt, slik som her:

Ons 26.5 Brattv.2 (b) 18.30
Ons 2.6 Aksla (h) 18.30
Ons 9.6 Stordal (b) 19.00
Tys 15.6 Ravn (h) 18.30
Ons 23.6 MSIL (b)19.00
Ons 30.6 Lepsøy (b) 18.45

Eg skal snart legge ut ein oppdatert kalender, der 7-arkampane også er rett plassert. (også 7-arkampane si terminliste står korrekt i menyen til høgre i bloggen.)

7-arkamp på torsdag

Steven har flytta 7-arkampen frå tysdag til torsdag. Den går kl 20 i Brattvågen.

søndag 23. mai 2010

Trening kl 1420 måndag

Treninga måndag 2.pinsedag blir kl 1420-1600 på Austnes. Det blir kompromisset mellom mange ulike ønskje i morgon. Marsj frå kl 12-14, folk kjem att frå pinseferie, og nokon vil på Aafk-Godset kl 18.

lørdag 22. mai 2010

Demir snart jubileum


Demir spelar sin HaNo-kamp nummer 50 mot Brattvåg2 komande onsdag.
Adelskalenderen til HaNo har fått, og vil få nye jubilantar denne sesongen.
Jubilert hittil i år:

Odd Einar 151
Cato 108
Stig Erik 102
Snart jubileum:

Per Kristian 241
Michael 144
Vegard 96
Demir 49
Åge 48
Preben 46
Kristian 41
Kan også legge til at om Kenneth U (736 pr i dag) spelar dei fleste av dei resterande kampane, så bikkar han ein ny HaNo-milepæl: 750 kampar.

fredag 21. mai 2010

Preben vender heimatt

Preben Lorgen spelar for HaNo resten av sesongen 2010. Dette er ei fersk og svært gledeleg nyheit for HaNo-troppa! Han har allereie gjennomført første trening, og blir forhåpentligvis klar for kamp mot Brattvåg2 komande onsdag.

Trening laurdag kl 1130-1310

Passar med både ferje (1050 på Austnes) og hurtigbåt (1120 Austnes) det. Treninga går på Nordøy. Om nokon har behov for å rømme øya raskast råd, går det ferje 1325.

Minner om treninga i dag kl 1710, også den på Nordøy.

MSIL opprykksfavorittar

I følgje vår meiningsmåling om opprykksvinnar i vår avdeling, svarte over halvparten mellom dei 35 at MSIL blir å finne i 4. divisjon i 2011. Ein annan med fleire stemmer, Hessa, fekk 20 % av stemmene. Og kanskje blir dette "fasiten"? Hessa gjekk på eit overraskande tap heime mot Aksla, medan MSIL sløste med sjansane mot Ravn i forrige serierunde, men vann likevel 2-1.

7-ar: HaNo-Skodje 7-4

7-ar, Austnes gras, 20.05.10:
HaNo-Skodje 7-4 (4-1)
Mål HaNo:
0-1 7 min
1-1 Kristian Kalvøy (14)
2-1 Kent Inge Klokk (26)
3-1 Lars Åkre (39)
4-1 Håkon Haram (42)
5-1 Lars Åkre (49)
5-2 (52)
5-3 (66)
5-4 (68)
6-4 Kent Inge Klokk
(82) 7-4 Kent Inge Klokk (84)
Dommar: Kenneth Ulla

HaNo låg under 0-1, men kom sterkt tilbake og leia 5-1. Skodje svarte, og stillinga stod med eitt 5-4 midt i andre omgang. Men då vakna Kent Inge "Tunnellen" Klokk og putta to kontante mål.
Litt meir på HaNo-sida her

Her var dei 13 HaNo-utvalde denne gongen:
Martin Åkre (målvakt i halvannan omgang), Daniel Grebstad, Mads Uri, Håkon Haram, Steven Haram, Kenneth Hansen, Erlend Hagen, Per Olav Sunde, Lars Åkre, Stian Longva, Kristian Kalvøy og Kent Inge Klokk, .

torsdag 20. mai 2010

Treningar i helga!

Vi trenar i morgon fredag kl 1710-1845 på Nordøy, og laurdagen vil eg gjerne ha innspel på. Oppsett kl 12, men det er kanskje litt for midt på dag? Kanskje vi kunne trent kl 10 i staden? Innspel på det? Håper på godt frammøte, men hugs å melde forfall om du ikkje kan møte. Det må skje i god tid, slik trenarane får planlegge treningane.

7-ar mot Skodje i dag- kl 18!

HaNo sitt 7-arlag jaktar tre poeng i kveldens kamp mot Skodje på Austnes (ikkje Nordøy, der er det G13-kamp). Kampstart for Kent Inge (biletet) og Co. er kl 18- ikkje kl 19 som først meldt, men om ein byrjar noko før er uvisst. Steven melder om følgjande tropp til kampen i kveld:

Stian Longva, Kenneth Hansen, Erlend Hagen, Kent Inge Klokk, Kristian Kalvøy, Lars Åkre, Daniel Grebstad, Martin Åkre, Per Olav Sunde, Mads Uri, Steven Haram, Håkon Haram, Sindre Longva (to siste usikre pga småsjukdom).

Sjokktap for Hessa

Ja, det er vel einaste dekkjande overskrift med resultatet Hessa-Aksla 3-5! Elles denne runden blei Harøy-Brattvåg2 utsatt pga mannskapsmangel hos BIL. Lepsøy-Stordal 2-2, der Lepsøy leia 2-0 godt ut i andre omgang. Martin Farstad og Johan K. Kjerstad skåra for LIL.

MSIL slo Ravn 2-1, og er på tabelltoppen etter denne runden. (PS: Her er kamprapporten på Ravn si heimeside. Sjokkerande at dei ikkje ein gong har tre setningar om kampen, og målskårar om ikkje anna)

Litt meir om runden på stordal.nu

tirsdag 18. mai 2010

Ergelig resultat

Det er ganske frustrerande å gå frå denne kampen i kveld utan poeng. Men vi må vere meir kyniske og resolutte på dødballar, og framover må vi bli meir effektive! Ikkje noko anna å gjere enn å fokusere på det posititve, og det var det mykje av denne kampen. Det kjem vi tilbake til på treningane fredag og laurdag:)

søndag 16. mai 2010

Tropp Emblem

17-mannstroppa til HaNo mot Emblem ser slik ut:

Henrik Åkre
Sindre Longva
Dag Peter Olsen
Michael Austnes
Kenneth Ulla
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
Jonas Longva
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Haram
Stig Frode Longva

Ut: Odd Einar (lårstrekk) Inn: Dagis, Sindre, Kenneth U og Lars.

Oppmøte kl 1730 på Nordøy. Berre å lade opp godt, og gle seg;)

Denne veka

Etter hipp, hipp osb, så blir det bra med fotball denne veka. Den ser nemlig slik ut:

Tys 18.mai: HaNo-Emblem 1830 Nordøy
Tors 20.mai 7-ar Skodje, Nordøy
Fre 21.mai Tren 1715-1855 Nordøy
Laur 22.mai Tren 1200-1345 Nordøy

Møt på alle økter, så får vi øvd oss godt før kampane;)

Uavgjort på Giske

Giske og Stranda2 spelte 16.-maikamp på Giske i dag. Stillinga blei 3-3 og poengdeling. strandafotball.no frettar om jamn kamp, 10 strandaspelarar siste halvtimen, og mykje sjansar og Hawaii på slutten.

Resterande kampar i 6.serierunde blir avvikla 18. og 19. mai:

søndag 16.05.2010 Giske-Stranda 2 3-3
tirsdag 18.05.2010 HaNo-Emblem (h)
onsdag 19.05.2010 Harøy-Brattvåg 2 (h)
onsdag 19.05.2010 Hessa-Aksla (h)
onsdag 19.05.2010 Lepsøy-Stordal (h)
onsdag 19.05.2010 MSIL-Ravn (h)

Som ein ser av mine tips (og håp?) blir det mange heimesigrar denne runden. Tabellplasseringa tilseier ikkje heimesiger på Nordøy og på Lepsøy stadion, men svoltne heimelag vil avgjere det til sin fordel;)

torsdag 13. mai 2010

Treninga fredag

Korrigering om treninga fredag: Den går kl 1740 på Austnes gras. Sms er sendt ut om både den og dugnaden som er kl 10! Ta med rive, spade og trillebåre. Jonny Sylte seier at det ikkje er ekstremt med sand som skal ut, men jo fleire vi er, jo kjappare blir jobben gjort, karar:)

3 poeng skil topp 6


Harøy, her Thomas Steinshamn og Eivind Harnes i kamp med Stig-Erik på Rogne i april, fekk sitt første tap i går. Det er dermed tett i toppen av 5. div avd 1.

Emblem-Harøy 4-2 (Stian Harnes, Espen Harnes for Harøy)
Stordal-MSIL 2-5 (Stian Hllevik med tre nye for MSIL)
Brattvåg2-Hessa 2-6
Aksla-Lepsøy utsett

Som vanleg ingen info og hente om BIL2, Emblem og Hessa på internettet. stordal.nu er forhåpentlegvis oppe og går att, der dei har kamprapport frå Stordal-MSIL.

Til tider god flyt

Giske-HaNo 2-4. God første omgang der vi malar på og spelar fotball, sjølv om målet let vente på seg. godt med tremålsleiing til pause. Vi taper forsåvidt andre omgang, men mykje positivt då også! Litt unødvendig at vi slepp dei til med 3-4 brukbare målsjansar, der altså to av dei gir resultat.

No er det trening på fredag kl 1750. sender ut sms om kva for ei bane i løpet av dagen. Deretter er det "17.mai-helg", før vi møtest på Nordøy tysdag kl 1730, ein time før kick off mellom HaNo og Emblem:)

Bilete: Cato opna seriemålkontoen, med sine 2 skåringar i går.

onsdag 12. mai 2010

Dugnad på Austnesbana

Fredag kl 10 er det dugnad på Austnes gras. Bana skal rakast og sandast. Alle herre, dame, jente og gutespelarar er innkalla. Dess fleire vi er, dess raskare går det. Ta med rive, spade og trillebår.

tirsdag 11. mai 2010

Comeback-kids på skåringslista på 7-arlaget

7-arlaget 10.mai: Sykkylven-HaNo 8-2 (5-1)
Mål HaNo: Erlend Hagen og Kristian Klokk

7-arlaget fekk ikkje så mykje hjelp frå a-stallen med folk denne gongen, då det er kamp i morgon mot Giske i 5. divisjon. Men Steven Haram skrapa i saman eit godt samansett lag, beståande av ein god del gode gamle HaNo-namn, då mest frå alderbestemt fotball! Erlend Hagen og Kristian Klokk skåra HaNo sine mål. Det stod 5-1 til pause, så laget hadde nok vunne om det hadde vore tre omgangar, tatt dei på kondisjonen:)

Desse 9 forsvarte dei blå fargane på Sykkylvs-grusen: Daniel Grebstad, Martin Åkre, Stian Longva, Per Olav Sunde, Kristian Klokk, Erlend Hagen, Torbjørn Standal, Kent Inge Klokk og Steven Haram.

PS! Endå meir målrikt i Uggedalen i kveld: Norborg-Godøy 14-10 !

Fjørtoft avgjorde det sjølv

Ravn har framleis berre sluppe inn 3 mål i årets serie. Stranda2-Ravn enda nemleg 0-1 tysdag kveld. Ravn har svært mange skader og forfall om dagen, og trenar Erlend Fjørtoft måtte spele sjølv. Han var ikkje verre på det enn at han sette inn kampens einaste mål etter headding på eit frispark. Ravn har 3 sigrar og 2 uavgjorte så langt. Resten av runden onsdag.

Trening fredag når?

Ei langhelg står framføre oss etter kampen i morgon, og neste kamp er tysdag 18. mai heime mot Emblem. Mange er kanskje vekke, eller har lagt planar for helga. Men håper at folk har lagt inn ei trening på fredag. Vi må prøve å få til denne eine treninga mellom desse to kampane. Kjem til å spørje på kampen i morgon NÅR den treninga passar på fredag, så tenk litt på det.

Øktene framover:
I kveld: 7-ar borte mot Sykkylven
Onsdag 12.mai Giske-HaNo 1830
Fredag 14.mai Trening kl ?
Tysdag 18.mai: HaNo-Emblem kl 1830
Tors 20.mai 7-ar Skodje, Nordøy
Fre 21.mai Tren 1715-1855 Nordøy
Laur 22.mai Tren 1200-1345 Nordøy

Skåringsklubbar

Påminning igjen: Alle spelarar skal levere inn 4 stk skåringsklubbar til SUS. Ta med på trening, eller gi til Stig Frode, Solveig eller Hege. fristen er eigentleg gått ut, dette skal no inn!

mandag 10. mai 2010

Tropp Giske

HaNo-troppa tel 16 mann mot Giske:

Henrik Åkre, Michael Austnes, Kristian Kalvøy, Demir Haram, Per Kristian Klokk, Vegard Halkjelsvik, Jonas Longva, Lars Petter Haram, Åge Flem Ulla, Steven Haram, Odd Einar Molnes, Stig Frode Longva, Dag Peter Olsen, Cato Longva, Asgeir Nogva, Kenneth Hansen.

Ut av troppa sidan Stranda2-kampen på laurdag er Kenneth U, Mads og Håkon . Inn kjem Stig Frode, Asgeir og Jonas. Sistnemnde blir med resten av vårsesongen, då han er tilbake frå skulegong i Bergen. Giske har slått Lepsøy 2-1 på heimebane i år. Elles tap mot Harøy, Hessa og MSIL. Giske er som regel ujamn og uforutsigbare, men på sitt beste er dei god på si meget fine og gode heimebane.

HaNo reiser med båt frå Austnes kl 17. Dersom tilskodarar vil vere med, så ta kontakt med Frank Rogne, på tlf 92 28 49 28. 100 kr.

søndag 9. mai 2010

Denne veka!

Vi tek trening på Rogne i morgon måndag også, sidan Austnes-bana er stengt. Veka blir slik for kaptein Per Kristian og dei hine:

Måndag trening Rogne kl 1750.
Tysdag 7-arkamp borte mot Sykkylven
Onsdag 5.div-kamp mot Giske borte.
Fredag trening. Blir einig om klokkeslett og bane seinare.

Når det gjeld 7-arlaget, så har Steven sagt seg villig til å vere oppmann for laget. Glimrande:) Han skal få hjelp av Hansen/Molnes til å halde styr på kven som blir med. Vegard blir også den som har oversikt over kven av guttespelarane som kan/skal vere med. Stian Longva vil også ha ei slags oversikt over kven som blir med frå Ålesundsområdet.

Til 7-arkampen har Steven no 9 mann på blokka (Stian Longva, Martin Åkre, Per Olav Sunde, Øyvind Risan, Kent Inge Klokk, Daniel Grebstad, Håkon Haram, Pål F Austnes, Steven Haram). Fleire vil bli kontakta på måndag. Eg har sagt at Stig Frode og Dag Peter (som starta på benken sist på 11-ar) ikkje skal spørjast, då vi treng dei utkvilt til onsdag.

Giske-kampen: Tropp kjem i morgon, og båt går frå Austnes kl 17. Dersom nokon vil vere med som tilskodar, ta kontakt med Frank Rogne om å vere med (100 kr).

Ravn-BIL2 2-0

Ravn slo Brattvåg2 med 2-0 i hengekampen i avdelinga. Det vil seie at alle har spelt 4 seriekampar kvar. Då kan ein spørje: Har tabellen "sett seg"? HaNo er på 7. plass, og over oss finn vi laga Harøy, Ravn, Hessa, Emblem, MSIL og Stordal. Er vel ikkje overraska om desse sju laga er på dei sju øvste plassane i oktober..?

lørdag 8. mai 2010

Godt med overtids-triumf!

Ingenting er betre enn- sett i ettertid- ein siger som kjem på overtid. "Skodje-dødar" Michael gjorde det igjen, og herlig med tre poeng. Det gir oss 6 poeng på tabellen, og det er kjekt å ha kontakt med øvre halvdel igjen:)

Vi skal rose oss sjøl for å kome tilbake denne kampen, etter gode enkeltmannsprestasjonar av Mario Strecky på Stranda, som ikkje spelte a-kamp i går i 3. divisjon for Stranda pga karantene. LP treff frispark PÅ mål, og det er ikkje så dumt. Demir offensiv i dag, og assist på 2-2 som Kenneth får i mål (3 mål på 3 kampar for hans del). Vegard er presis på dødball, og herlig at Mikke gutsar sigersmålet i nota.

Mest ros kanskje for at vi tek omstillinga av formasjon såpass bra. Då skal vi vere lojal i forhold til det- og det er vi!

Men er vi "friskmeldt"? Det skal vi kort drøfte på treninga måndag før kampen mot Giske på onsdag allereie. God helg, og nyt trepoengeren:)

Lenkje til divisjonskollegaer

Sunnmørsposten har lagt vekk dekninga av 5. divisjon. MEN: Dersom oppmann eller nokon frå kvart lag sender inn sine målskårarar og pauseresultat, så blir det trykt i avisa. Så vi oppmodar alle som les dette til å gjere dette. Artig å lese i avisa.

For dei som er interessert, så finst det i staden mange lokale heimesider til dei ulike idrettslaga som vi kan følge med på. Om du går inn på HaNo si heimeside, og trykkjer på linker, så kan du lese nyheiter og kampreferat frå kampane. MSIL-fotball.no, lepsøy.com, stordal.nu, strandafotball.no, il-ravn.no, haroyil.no er gode og oppdaterte sider med kampreferat etter kvar kamp, med meir eller mindre reaksjonstid etter kamp, rett nok. Brattvåg2 og Aksla kan ha resultat på framsida av og til. Giskeil.no ligg i brakk, medan Emblem og Hessa dessverre ikkje har nokon form for fungerande heimeside for herrelaget sitt.

fredag 7. mai 2010

Lars nummer 60

Lars hang lenge med i Premier League-mesteren som Norsk Tipping arrangerte. Han hadde ei ok avslutning, men enda på 60. plass. Det er likevel sterkt med tanke på at det var fleire tusen deltakarar. Lars samla 236 poeng, medan vinnaren hadde 240 poeng, eller antall rette på dei 25 tellande rundane.

Kent Inge og Kenneth U kom på delt 2.plass mellom HaNo herrelag sine deltakarar. Dei kom forøvrig på 1666. plass og 1694. plass totalt.

torsdag 6. mai 2010

Tropp Stranda2

Vegard og Åge er to av 15 mann i troppa mot Stranda2 på laurdag. Oppmøte kl 1330, kampstart kl 1430. Dommar i oppgjeret er Odd Arne Grande, Skodje. Stranda 2 slo Stordal i forrige runde, og spelte jamt med serieleiar Harøy (4-5 tap). Ut av troppa frå sist: Stig-Erik, Lars og Asgeir. Inn: Cato og Mads.

Henrik Åkre
Dag Peter Olsen
Michael Austnes
Kenneth Ulla
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Per Kristian Klokk
Vegard Halkjelsvik
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Steven Haram
Odd Einar Molnes
Stig Frode Longva
Mads Uri

onsdag 5. mai 2010

Ingen overraskingar i 4. runde

Her er resultata frå 4. serierunde, som blir avslutta med HaNo-Stranda2 laurdag på Nordøy stadion:

Harøy-Giske 6-1
Hessa-Emblem 5-0
Lepsøy-Brattvåg2 7-2
MSIL-Aksla 8-3
Ravn-Stordal 1-1

Johan Klokk Kjerstad med to nye skåringar (fem totalt i serien) var med på storsiger over BIL2. Frank Gjerde er også på bana igjen for Lepsøy. Stian Hellevik putta fem for MSIL, og er oppe i 11 seriemål. Harøy held koken, og vann stort mot Giske. Stian Harnes(2), Eivind Harnes, Johan Karlson, Joachim Naas og Morten Håheim skåra for Harøy.

tirsdag 4. mai 2010

7-ardrama på Rognebana

HaNo gjorde comeback i 7-arserien med 4-4 mot Norborg. HaNo leia kampen 3-0, men oransjetrøyene kom tilbake, og gjekk opp i 3-4 leiing! Men Steven Haram ville det annleis, og fastsette sluttresultatet til 4-4. Stig Frode og Cato Longva skåra kvart sitt, medan Steven blei tomålsskårar.

HaNo stilte med desse: Sindre Longva, Mads Uri, Robin Vindsnes Haram, Tomas Urke, Kenneth Hansen, Stian Longva, Stig Frode Longva, Cato Longva, Daniel Grebstad, Kent Inge Klokk og Steven Haram.

søndag 2. mai 2010

Øktene komande veke-oppdatert

For dei som var tilstades i helga på Nordøy stadion, så såg ein at Rogne må brukast i størst mogleg grad. For vår del blir øktene slik frå i morgon måndag av:

Måndag trening Rogne 1750-1925
Tysdag 7-arkamp mot Norborg på Rogne
Onsdag trening Austnes grus 1715-1850
Laurdag kamp mot Stranda2 kl 1430

Legg også merke til at det er guttekamp på Rogne onsdag.

Forbetring i 80 minutt

Då fekk vi stygge sluttsiffer mot Harøy. Avslutninga blei ganske så fæl, med så mange skåringar på tampen. Eg vel heller å sjå på dei første 80 minutta av kampen. Som Kenneth skriv, så starta vi godt, men HIL kom tilbake i første omgang. Harøy-overtak i andre omgang, men med 2-2 fekk vi trua att. Men med 2-3 og kramper og ikkje meir å kome med, så blei Harøy sterkast til slutt. Ny sjanse på laurdag, mot Stranda2. Då skal vi vare i 90 minutt, og forhåpentligvis plukke 3 poeng etter ein godt gjennomført fotballkamp, der vi held heile kampen ut:)