lørdag 26. februar 2011

Kjekt å vinne!


Ei god gjennomkøyring igår der mykje var bra, men også mykje som kan bli bedre. Uansett ein opptur frå forrige kamp mot Norborg. Neste veke blir det ikkje kamp, men om oppmøtet er bra så kansje vi kjører en internkamp neste helg. Husk trening imorga på siffen og på øya. Fint om alle avbud kan sendast til Lars (95861787) eller Vegard (97980475) då Joakim er på bortreist fram til fredag.

torsdag 24. februar 2011

Dugnad

Laurdag 26.02.11 blir det dugnad i Nordøyhallen. Då skal oss få lagt plate rundt heile hallen. Bli so mykje lettere å raskare unnagjort når alle kan møte til en felles dugnad.

Det e på sin plass at dei som he tenkt å bruke hallen også stille opp for en dugnad!

Derfor er det pliktig oppmøte for herrespelerane å møte på laurdag. Det skal vere en veldig god grunn for at en ikkje skal møte.

Dugnaden starter kl. 10.00

HaNo-Lepsøy i NH fredag kl 1830

Frå serieopninga 14. april 2010. No skal Kristian og Johann Klokk Kjerstad kjempe mot kvarandre med plastikkgras under sålane og tak over hovudet :)

Då er det altså klart for tidenes første treningsmatch i Nordøyhallen. Den går mellom HaNo og Lepsøy i morgon fredag kl 1830. Vel møtt for spelarar og tilskodarar :)

Etter som eg har forstått er det ikkje dugnad i morgon, men i staden håper ein på storoppmøte for platekledning laurdag kl 10! (korriger inn på "kommentarar" om eg tar feil her)

tirsdag 22. februar 2011

Info

Onsdag trener vi som vanleg kl 1730 i hallen. Fredag ser det ut som det blir kamp mot Lepsøy, også denne blir i hallen. Da speler vi 9 mot 9 og bruker heile bana. Kjem tilbake med troppa på onsdagens trening.

Vel møtt til trening!

mandag 21. februar 2011

Terminlista 5 div avd 3

Joakim og Lars var i forrige veke på terminlistemøte på Color Line Stadion i Ålesund. Den nye oppdaterte terminlista er no klar. Første kamp er mot Norborg2 28/4 i Uggedalen og vi spelar siste kamp før ferien 1/7 heime mot Emblem. Sjå heile lista her: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=126412

Ps: Kampen mot Lepsøy 28 mai er flytta til fredag 27 mai kl 1830. Ellers er lista komplett.

fredag 18. februar 2011

Trening ikveld

Herrelaget trenar ikveld kl 1830 i Nordøyhallen. Husk å meld avbud om du ikkje kan kome. Minne også om at det blir dugnad i hallen i helga. Sjekk hanofk.no for tidspunkt.

Vel møtt til trening!

torsdag 17. februar 2011

12 lag i 5. divisjon 2012?

Terminlistemøtet måndag er gjort unna, og ein del kampar har blitt flytta for HaNo sin del (ikkje så mange i vår). Speleplanen her.

Noko som såvidt blei drøfta på SFK sitt terminlistemøte er dette med kor mange lag det blir i 5. divisjon 2012. Det får konsekvensar for kor mange lag som blir verande i divisjonen i år. Det har blitt sagt at det skal vere 10 lag i 5. div 2012. Men kvifor ikkje 12...?

Målsettinga må vere å halde på dagens antall lag på Sunnmøre. Det er 32 lag i årets 5. divisjon, fordelt på 3 avdelingar. Om talet held seg (og kvifor skulle det ikkje det?) neste år vil det vere klart mest fornuftig å ha 12 lag i 5. divisjon, og fordele dei 20 andre på to 6. divisjonsavdelingar. Om det blir 10 i 5. divisjon, må det vere om lag 11 i 6. divisjonsavdelingane. Det vil vere i strid med signala som er gitt frå både krets og klubbar tidlegare: At dei som ikkje satsar så seriøst, og befinn seg i lavaste divisjon, så er det å spele 20 kampar eller meir for mykje. Det går derimot veldig i tråd med dei som vil vere i 5. divisjon. Her er 22 seriekampar passande, og mange "gode" lag (les dei som vil bruke meir tid på fotball) vil ha ambisjonar om å halde seg her.

hanoherre.blogspot.com veit at det vil kome engasjement frå klubbane på dette her i tida som kjem. HaNo FK vil vel også meine at 12 lag i nest lavaste divisjon må vere det aller mest passande. Finn i grunnen ikkje noko argument for at den skal bestå av 10 lag, med dagens antall lag i systemet.

Mange debutantar i Uggedalen

Norborg-HaNo 7-0 (4-0)
Mål: Cato Longva 3, Martin Løken Lie, Peter Elias Grytten, André Larsen, Asgeir Kalvø.

HaNo spelte med 16 mann i gårsdagens oppgjer. Medan Joakim fekk sin trenardebut, så debuterte også heile 4 spelarar på a-lagsnivå for klubben. Pål Forr Austnes debuterte i mål og for HaNo i lag med Sigvard Steen, Daniel Grebstad og Mert Haram (15). 16-17 åringane Olve Steen, Mads Uri og Sindre Longva spelte også, men dei debuterte i fjor. Dag Peter Olsen gjorde comeback med sine 15 minutt på bana.

Elles var Norborg spelemessig svært overlegne. Norborg kampreferer her. For dei spelte Cato 90 minutt, skåra tre mål. Preben og Henrik var skada, og spelte ikkje mot sine gamle lagkameratar.

Bloggen kjem sikkert tilbake med meir frå kampen seinare.

mandag 14. februar 2011

Smånytt

HaNo skal spele første kamp under Joakim på onsdag mot Norborg i Uggedalen. Det er ikkje så mange som har spelt kampar endå i vinter av lag i vår avdeling. Emblem har tapt to gongar mot god motstand, men har etter rapportane hengt med i kampane spelemssig både mot Norborg (1-5) og Valder (3-5). Emblem durar på med 10 treningskampar pluss treningsleir i Tyrkia i satsinga mot avdelingssiger.

Skodje har også begynt å røyve på seg. 2-2 mot Tomrefjord i Uggedalen forrige veke. Eit Tomrefjord-lag som er trottig gjest på Sunnmøre i oppkøyringa. Laget har fått tilbake mange spelarar i vinter, og møter HaNo i Uggedalen i mars. Elles kjenner vi ikkje til andre treningskampar med lag frå vår avdeling.

100-åringen Harøy IL sitt herrelag er i trening, og dei er førebels leia av spelarane Stian Harnes og Nicolai Brunvoll, i følgje haroyil.no

søndag 13. februar 2011

Treningstider

Trening mandag 14.02 kl. 20.15 i Nordøyhallen.

Trening mandag 14.02 kl. 20.00 på Siffen for oss bykara.

fredag 11. februar 2011

Fra trenerens syn

I dag fredag 11.02 var oss 15 treningsvillige kara i salen på longva.
Økta bestod av:

- Teknikk/basis ferdighetstrening med spesielt pasning som fokus
- Spel 3 mot 3
- Mage/Rygg/Stabilisering/Push-Ups
- Liten øvelse som gjeng på observering.
- Nordic Hamstring
- Trening av innside lår med påfølgande spensthopp.

Altså..ei skikkela god økt. Må sei ej e veldig godt fornøgd me innsatsen vår!
Spelerane stend på å jobba hardt, og med slik innsats e ej sikker på at oss vil
bite bra i frå oss i årets sesong i 5. divisjon.

Ekstra bra bli det no når oss endela fr komme oss opp i Nordøyhallen å få trene der.
Då fr oss muligheitene til å øve litt meir på formasjon og organisering.
Ej gle mj..håpe spelerane me jr d!

Trening

Neste trening blir Søndag 13.02.11 i Nordøyhallen :)

Tid : 20.00

Old Boys spelera e hjertla velkommen.

Husk å meld forfall dersom du ikkje kan komme.

onsdag 9. februar 2011

Treninga fredag på Nordøy

INFO

Trening fredag 11.02.11 blir flytta til grendahuset på Nordøy pga korpsøving i salen på Austnes.

Tid : 18.30

Husk og gi beskjed dersom du ikkje kan komme:)

tirsdag 8. februar 2011

Nettsider til avdelingskollegaer

Det er veldig kjekt å ha Skodje i same divisjon som oss igjen. Då stordal.nu har tapt seg mykje i oppdatering om 5. divisjon, er skodjeil.blogspot.com meget oppegående med nyheiter og godt stoff frå 5. divisjon og spesielt vår avdeling. Mellom anna har dei ei oppdatert trenaroversikt i divisjonen. Vi kan også kopiere denne oversikta under, som også no ligg i menyen vår til høgre her i bloggen.

Emblem - nettside
Ellingsøy - nettside
Harøy - nettside
HaNo - nettside
Ørskog - nettside
Skodje - nettside
Lepsøy - nettside
Norborg2 - nettside
Ravn - nettside
Brattvåg 2 - nettside
Stordal - nettside

søndag 6. februar 2011

Set av onsdagen i påska

I morgon måndag er det etter alle solemerker klart for kunstgraslegging i Nordøyhallen. HaNo-sida vil heilt sikkert oppdatere ut gjennom komande veke utviklinga der. Sjølv om at graset ligg der, og det muligens kan verte trening der om ei vekes tid (!!!!), så må vi innstille oss på fleire kjekke dugnadstimar framover. Tilbygget skal arbeidast med, og det skal også til dømes leggast plater innvendig mot bana.

Med vår nye storstove på plass opnar det også mulegheiter for små og store turneringar. Bloggen veit at det er planar om ei internturnering i påska. Type to baner med five-a-side, med dame- og herreklasse. Konseptet blir sikkert noko sånt som at du melder deg på, blir fordelt på eit lag, og serie/sluttspel i løpet av onsdag 20. april (onsdagen i påskeferien). Så her det berre å sette av dagen, og planlegge påskeferien etter det ;)

fredag 4. februar 2011

Opnar mot 2.laga

Terminlista for 5. div avd 3 er lagt ut. Her er oversikta

HaNo opnar borte mot Norborg2 torsdag 28.april, deretter heimekamp mot Brattvåg2 torsdagen etter. Det er for det aller meste sett opp torsdagskampar heile sesongen.

torsdag 3. februar 2011

Viktig Info !

Spelermøtet i morgen fredag 04.02.10 blir utsatt inntil videre pga mange forfall.

Trening gjeng som normalt kl 18.30 i gymsalen på austnes.

onsdag 2. februar 2011

Hei alle sammen :)

Ditte e då første innlegget frå mj i dinne bloggen. Satsa på at ej skal komme raskt inni
kaleis ditta fungera:)

Ej vil egentla bere informere om at her blir mesteparten ta info lakt ut iforhold til
treningstider, kampa og anna nyttig info..så følg med. Dersom det e nåkke dåkke lure på
så e d bere å ta kontakt. Tlf nr mitt e : 91 15 69 15

Fredag 04.02.11 blir det som Odd Einar he skrive møte kl. 18.30 med trening rett etter møte.
Veldig kjekt at alle som he tenkt å bidra for HaNo Fk 2011 tek seg tid til å stille på møte slik at ej fr ei oversikt over spelera å kor mykje enkelt he tid å lyst til å bidra framover.
Møtet vil bli et info-møte der det blir gitt litt informajon om kn så bli assistent-trener, treningane, treningskampa og en del spørsmål ej lure på i frå spelergruppe.

Ellers så må ej sei at ej gle mj veldig til sesongen så kjem. Skal bli kjekt å få jobbe med ei ny spelergruppe. Ikkje minst skal det bli et privilege for oss å komme inn i Nørdøyhallen å ha like gode treningsmuligheite som topplaga i tippeligaen og 1. divisjon :)

tirsdag 1. februar 2011

Spelarmøte/trening fredag

Det er trening til vanleg tid i morgon onsdag kl 1730-1900 på Austnes.

Alle forfall til treningane skal no meldast til Joakim på tlf 911 56 915

Fredag blir det spelarmøte kl 1830 på Austnes. Deretter trening kl 1915-2045. Det er svært ønskeleg at alle som har tenkt å vere med på HaNo i år prioriterer dette og stiller på denne økta, melder Joakim.

Som det har vore sagt tidlegare, så er det denne bloggen som blir informasjonskanalen framover på treningstider osv. Det blir ikkje sendt ut fellesmeldingar på sms. Så hald deg orientert på denne nettstaden ;)