onsdag 28. oktober 2009

HaNo-fest kl 17

Henta frå HaNo-sida:

HaNo-fest
Laurdag 31.oktober kl 17.00 skal det vere HaNo-fest på samfunnshuset på Haramsøya. Der blir det mellom anna utdelingar av diverse diplomar og utmerkingar, og sjølvsagt blir det kiosk. Vi håper at mange har lyst å ta turen dit. Gratis inngang! Herrelaget speler sin siste og veldig avgjerande kamp kl 13.00 same dag på Nordøy stadion. Det betyr at vi får med oss begge deler!


Eg forventar at alle herrespelarar stiller på denne også, i tillegg til at eg veit at mange har meldt seg på seniorfesten på Sjøbuda kl 20 seinare på kvelden. Hugs at pokalar, årets spelar med meir, vert delt ut på HaNo-festen kl 17. Det er ikkje så stor stas å få desse viss frammøtet er lite. Så møt opp der også! Kanskje har vi noko å feire..?

Ingen kommentarer: