tirsdag 30. desember 2008

Treningar

Treningar komande veke:
Fredag 2. januar kl 1710-1845.
Måndag 5. januar 1750-1930.
Onsdag 7.januar: Austnes kl 20 og Ratvika kl 2130.

Trening fredag kveld og laurdag føremiddag. Tidspunkt kjem vi tilbake til.

Lasse vinter-sjømann

Lasse Buch satsar på ny sesong i HaNo-trøya, men den blir noko amputert. Han skal til sjøs i januar og februar, men er tilbake frå mars til sommaren før det bers til sjøs igjen. Henrik har fri heile februar, og elles 4-4 ordning. Han skal rett nok på skule frå hausten av.

Ravn også aktuell treningskampmotstandar

Erlend Fjørtoft er ny Ravn-trenar, og vi har ein "på-sparket"-avtale om kamp der inne på deira nye bane i løpet av vinteren.

Hurtigbåt-trøbbel

Dei nye rutene til tide.no og hurtigbåt finn du her. Rett før jul blei dei lagt ut, og då oppmed andre ord ingen daga vi til vår store forskrekkelse at hurtigbåten går retur til byen frå Austnes kl 1750 kvar dag. Med andre ord ikkje brukande til trening i det heile. Både HaNo og Rolls Royce vil protestere på dette, og prøve å få båten til å gå kl 19 i staden. Inntil det må det brukast bil til og frå treningane.

Hugs dugnadar

Påminning frå Sportsleg utval senior: Dugnad, varetelling på Coop Haramsøy 1. januar kl 10, og Coop Longva søndag 4. januar kl 10.

onsdag 24. desember 2008

10 mann

Desse har sagt dei vil vere med:
Henrik, LP, Jan Egil, Demir, Richard, Lars, Erik, Vegard, Kenneth og Dagis. Dei to sistnemnde meinte dei kunne vere med viss det var behov. 10 mann inkludert dei, så tenkjer eg vi seier det slik :)

Organisering med køyring og slikt ordnar LP med når det nærmar seg.

RIKTIG GOD JUL ALLE SAMAN!!

Odd Einar

mandag 22. desember 2008

Påmelding

Vil gjerne ha sms så fort som mogleg frå dei som vil vere med på Romjulsturnering 4. juledag.
Kampane til HaNo:
kl 1017 Helland Spesial- HaNo
kl 1125 Norborg1- HaNo
kl 1324 HaNo- Ravn2

Evt kvartfinale litt over kl 15.

trening lillejulaftan kl 13

Sondre melder om at han har tenkt å trene inne på Austnes kl 13 tysdag 23. des. Sikkert sjans å kome for dei som vil trene :)

fredag 19. desember 2008

Treningskampar

Emblem vil ikkje spele så tidleg som medio januar, så kampen oppsett ons 21. jan er førebels ikkje nokon motstandar på. Desse kampane sett opp:

31. jan Vestn/Varfjell (forsterka b-lag)
14. feb Sunnylven (Emblem eller Blindheim stadion)
25. feb Skodje (Vatne ? )
4. mars Norborg (Br.våg)
8. mars Ellingsøy
19.mars MSIL
28./29. mars VÅRCUP
7. april KAMP (Harøy?)
13. KAMP (2.påsekdag)
18. april Vigra (Rogne)

Eg er i tillegg i kontakt med Midsund, og ein evt kamp mot dei innimellom.

torsdag 18. desember 2008

11 mann

Jan Egil slådda over bana onsdag, og treninga gjekk utandørs med 11 mann. Gode forhold, men faktisk fraus det litt på, sjølv om gradestokken viste 6 grader. Fiffig fenomen.
Det er ikkje sett opp fleire treningar før over nyåret.

onsdag 17. desember 2008

Bar bane

Ta med klede til både inne og ute i dag. Bana er fin og bar. Men om vi er 12 eller mindre blir treninga inne. Har ikkje peiling på antallet i dag...

tirsdag 16. desember 2008

Sannsynlegvis inne

Med Austnes-bana si glimrande beliggenheit er den framleis islagt og høver pr kl 14 tysdag best til skeissebane. Det er mildt og vind no, men tvilar sterkt på at den blir klar til onsdag. Difor går den treninga med 92,3 % sikkerheit inne. Med kulingvarsel er det vel uansett kanskje det beste :)

mandag 15. desember 2008

Fantastisk meiningsmåling

I vår høgst høgtidlege og viktige avstemming, viste det seg at dei fleste HaNo-spelarane kjøper 4-7 julegåver dette året. Så då veit vi det.. Ei ny er lagt ut :)

søndag 14. desember 2008

Romjulsturneringa

Vi møter Ravn2, Norborg1 og Helland Spesial på Romjulsturneringa 4. juledag. Vi kjem tilbake til kven som blir med og slikt på treninga onsdag. Kampoppsett og slike greier finn du meir om på
http://www.brattvag-il.no/ITNET/?BIL

torsdag 11. desember 2008

So førskjella spel!

Nordicbet-oddssetteren på Sunnmøre har tydelegvis agurk-tid (viss det heiter det :))
Han har i alle fall sett saman eit samansurium av bets om so førskjella på Sunnmøre. Arrgaste. Sjå her

Framlegg til eit anna spel han kunne sett opp:
Vil Jonas Longva hekte fast foten i nota i løpet av 2009?
Yes 1,05
No 9,60

Skjegg:))

Favorittar

Då har eg lagt nokre favorittar ut på høgre sida her. Desse er velbrukte sider for min del. Er det andre (fotball)relaterte sider som er eit "must" å gå innom meiner du? Kom inn med tips på "kommentarer".

Talet er 8

8 mann stilte på trening i går onsdag. Det er Cato som melder dette. Han var nøkkelansvarlig i går i Odd Einar sitt fråver. Neste onsdag er det ny trening kl 20. Kanskje er det endå fleire heime til den? Dersom vérvarselet held seg (6°, søraust og overskya) blir den treninga utandørs på grusen.

mandag 8. desember 2008

Nye kampar: Skodje og Vigra

Ytterlegare to kampar er klare: Vi møter mest sannsynleg Skodje onsdag 25. februar (vinterferieveka). Denne er ikkje endeleg avtalt, men ganske sikker. Generalprøva i vår blir Vigra. 4. divisjonslaget, som berga plassen framfor mellom anna HaNo, kjem til Rogne laurdag 18. april. Einaste som kan stoppe den kampen er seriestart den helga.

Konkurranse!!


Berre for å sjekke om kommentar-sidene fungerer m.m., så lyser eg herved ut følgjande konkurranse: Kva slags tidlegare HaNo-spelar skjuler seg bak dette biletet? Svarer skriv du inn på "kommentarar". Premie: ... eh... Du er den første vinnaren av ein konkurranse i denne bloggen...Det er jo ikkje verst!

søndag 7. desember 2008

Treningar før jul

Vi har trening inne på Austnes kl 20 dei to onsdagane som står att før julaftan. (10. des og 17. des). Om nokon kallar saman/ønskjer å trene utanom desse tidene også kan de berre sende meg ei melding, så kan eg fellesmelde rundt :)

Romjulsturnering 4. juledag

Vegard seier vi blir nok spelarar som vil vere med på Romjulsturnering 4. juledag. Sidan påmeldingsfristen var i dag, så meldte eg på. Vi kan kome tilbake seinare med kven som blir med, ansvarleg osb. Bra initiativ, Vegard :)

Spelarmøte fredag 5. desember

Fredag var det spelarmøte og trening på Austnes. 14 mann på møte pluss Frank og to Rolf-ar frå SUS. Det er fleire namn enn det på lista vår, men mange kunne ikkje møte. Asgeir var til dømes på julebord. Snakk om prioritering :)

Erlend Coates og Andreas Fjørtoft var der også. To som går i klasse i byen med Vebjørn, Jonas og Vegard. Vi håper inderlig dei har lyst til å vere med vidare. To gode fotballspelarar som verkar å vere seriøse typar, og som eg er heilt sikker på vil gli godt inn i miljøet :)

onsdag 3. desember 2008

Ny blogg

Dagen, karar. Dette er altså den nye bloggen for HaNo sitt herrelag for sesongen 2009. Mykje "nytt" som skjer, og kampreferat og slike ting er framleis meininga å hive inn på HaNo sin offisielle nettstad.
Her blir det å finne meir meldingar og nyheiter som gjeld "oss". Nye treningskampar, små tilbakemeldingar om treningar, flytting av treningar osv, osv. så då får vi sjå kor flink eg blir å oppdatere den :)