mandag 31. august 2009

Kvalik-datoar

Då ein del lurer på når datoane for kvalifiseringskampane for 4. divisjon er, så skriv eg opp dei her, sjølv om vi ikkje er klare for det endå.

Søn 11.okt
Laur 17.okt
Ons 21.okt
Søn 25.okt
Laur 31.okt

4 mann med alle august-treningane


Palle signerte i august for HaNo og er med laget igjen. Dette kunne vore eit gjensynsbilete, der trenaren er glad for det, men dette er faktisk henta frå oppgjeret Sunnylven-HaNo 2. juli 2005. Trur det er ein lettkledd Sondre i bakgrunnen.

I går talde vi 15 spelarar som var tilgjengelege i oppgjeret mot Lepsøy. "Pikks" gjorde eit gledeleg comeback for laget vårt. Utover hausten (medrekna kvalifiseringskampar, som vi går for) treng vi at folk gjer det dei kan for å kome seg på trening. Minner om aktivitetsplanen som ligg i menyen til høgre her i bloggen. Legg merke til "langhelga" i midten av månaden no, der det ikkje er treningar helga 11.-13. september.


Topp 11 treningsframmøte i august (9 treningar totalt):
Michael Austnes 9
Kristian Kalvøy 9
Åge Flem Ulla 9
Odd Einar Molnes 9
Vegard Halkjelsvik 8
Demir Haram 7
Cato Longva 7
Lars Petter Haram 7
Jan Egil Ulla 7
Kent Inge Klokk 6
Daniel Grebstad 6

lørdag 29. august 2009

Treningar og HaNo-dagar neste veke

Neste veke blir slik for herrelaget:

Måndag 31.aug Ikkje fellestrening, men alle skal ha restitusjonstrening, 45 minutt, jogge/sykle/fjelltur.
Onsdag 2.sept: Trening kl 1715-1855 Austnes.
Fredag 4. sept: Trening kl 1700-1830, deretter dusj på Nordøy og rett på dugnad,opprigging HaNo-dagar.
Søndag 6.sept: Harøy-HaNo kl 15 på Nordøy stadion under HaNo-dagane.

Tropp/reisetider Lepsøy

Dagis er vekkreist, Palle sjuk og Sondre med tur til Amerika (studere i San Diego). Åge er tilbake i troppa, og Per Kristian stiller også i ei HaNo-tropp for første gong på nokre sesongar. Gledeleg!
Dermed denne troppa:
Henrik, Kristian, Mikke, Vegard, Kenneth, Demir, Odd Einar, Åge, Jan Egil, Asgeir, LP, Cato, Per Jarle, Stig Frode, Kent Inge, Per Kristian.

Avreise til frå Haramsøya: Austnes 1230. Retur kl 1650 frå Løvsøya, direkte heim att.
For byarane, litt stress før kampstart: 1305 frå Skjeltene, 1320 på Løvsøya. Det vil seie at å kome frå øya er å foretrekke, men dersom du kjem på denne ferja må du vere mein-ombytt, kun fotballsko og drakt som skal på. Ferja til byen går kl 1615 direkte til Skjeltene.

onsdag 26. august 2009

To x 3-3 (opppdatert)

Både vår kamp og Ravn-Giske enda 3-3 i kveld. Det gjer at Ellingsøy og Lepsøy gjekk styrka ut av denne serierunden.
For vår del blir det samling på fredag kl 1750-1930 på Nordøy. Då skal vi restituere oss og førebu oss godt til krigen på Lepsøy stadion med kampstart kl 14.

Avdelingane elles, så har stordal.nu oversikt. MSIL med første poengtap (4-4 mot Skodje), og Emblem vann sin kamp. I avdeling 1 haglar det inn med mål som vanleg der toarlaga er involvert.

Ellingsøy med storsiger

Ellingsøy knuste Harøy med årets nest største siger i 5. div avdeling 3. Heile 8-1 enda oppgjeret, og dermed er gultrøyene á poeng med HaNo, og berre eitt mål dårlegare målskilnad. Dido skåra 4 mål, medan Ellingsøy IL også melder at dei har signert to nye spelarar i sommar.

I ein annan kamp slo Lepsøy Go2/Vi2 0-3 borte. Solid siger av naboane våre.

tirsdag 25. august 2009

9. serierunde i midtveka

Runde 9 i 5. div avdeling 3 går slik i dag og i morgon:
Tysdag 18:30 Ellingsøy - Harøy
Tysdag 18:30 Godøy 2/Vigra 2 - Lepsøy
Onsdag 18:30Brattvåg 2 - HaNo
Onsdag 18:30 Ravn - Giske

Kamp mot BIL2 onsdag

Avreise 1635 frå Austnes. Ver litt før den tida dei som er sjåførar. Kan av og til vere fullt på denne ferja. Demir, Kent Inge og Palle køyrer, viss eg ikkje hugsar feil frå i går. Mellom byarane var det vel Henrik.
17-mannstropp:
Henrik, Kristian, Palle, Mikke, Dagis, Vegard, Demir, Cato, LP, Asgeir, Kenneth, Jan Egil, Per Jarle, Kent Inge, Odd Einar, Sondre, Stig Frode.

søndag 23. august 2009

Tet-trio?

Resultata har byrja å gå slik vi trudde på førehand i år. Med Lepsøy-Ellingsøy 1-2 i går, tyder ein del på at det er Ellingsøy, HaNo og Ravn som skal kjempe om dei to opprykksplassane i haust. Lepsøy har like mange poeng som Ravn i dag, men kanskje er gjengen frå Vatne/Tennfjord i godt haustslag? 5-1 siger på Harøya var solid, og eg trur at dei fekk lite betalt i form av poeng for vårsesongen sin eigentleg.

Elles noterer vi storskårarar i avdeling 2. Sjå oversikt på stordal.nu. Til samanlikning har vi også skåra bra med seriemål (30), men dei er ganske godt fordelt. Toppskårar til no er Jan Egil med 6 og LP med 5.

fredag 21. august 2009

Lars i tet!

Tippekonkurransen på Norsk-tipping sine sider går sin gang. Vi er 11 på herrelaget som er med no, og det er fortsatt berre å slenge seg med. Legg inn epostadressa di under "kommentarer" når som helst. Stig Frode hadde eg venta stilte ein mann her!

Her er topp 3 etter to rundar. Cato kjem sterkt etterkvart seier han. Sjølvtillit på topp etter 11 rette og rundesiger sist;)

20 rette lars åkre (Tottenham)
19 rette Kent Inge Klokk (Man. United)
18 rette Sondre Steen (Tottenham)

(Foto: Gunnar Standal, hanofk.no)

torsdag 20. august 2009

Endring måndag- ikkje møte

Då LP blir vekke, og fleire av oss vil ha kl 20 som treningstid ein gong i veka, så utset vi spelarmøtet. Dermed trening frå kl 20-2130 på Austnes.

Framover blir det då slik:
Fredag 21. aug Tren 1750-1930 Austnes
Måndag 24.aug Tren 2000-2130 Austnes
Onsdag 26. aug Brattvåg 2- HaNo kl 1830 Brattvåg kunstgras (Dommar Odd Arne Grande, skodje)
Fredag 28.aug Tren 1750-1930 Nordøy
Søndag 30. aug Lepsøy-HaNo kl 1400 Lepsøy stadion (Dommar Arild Vegsund, Norborg)

onsdag 19. august 2009

Giske og Ravn med 3 poeng

Resultat i vår avdeling onsdag:

Harøy-Ravn 1-5
Giske- Brattvåg2 4-2

Ravn klatra dermed til 2. plass på tabellen, men med to kampar meir spelt enn Ellingsøy med same poengsum.

I avdeling 2 vann Stordal igjen (5-1 over Aksla) og er i ferd med å få eit godt tak på 2. plassen etter kveldens kampar. Emblem greidde ikkje det Stordal gjorde før helga, nemlig å slå Sæbø borte (denne kampen gjekk rett nok på Sæbø gras, og ikkje Volda kunstgras).
Resultat og tabell her

GuLars mobiliserer

Våre vener i Gursken/Larsnes, som vi har møtt mange gongar i seriesamanheng dei siste åra, har skaffa tilbake spelarar som har vore i Hareid og Hødd. Norborg.com og Hareid IL sine heimesider melder om at 4 mann (Thomas Sætre-Hauge, Oskar Gunnarstein, Marius Gunnarstein, og Preben Sætre) er tilbake. Dei har tapt mot Tjørvåg, men slått Flø etter ferien, og ligg rett bak playoff-plass i avdeling 1.

Mykje kan tyde på at Hareid2 (vil ikkje) og Bergsøy2 (kan ikkje) blir verande i 5. div neste sesong. Det gjer at GuLars er hakket bak Åheim og Tjørvåg i kampen om dei to kvalik-plassane i avdelinga.

mandag 17. august 2009

It ain´t over till it´s over

For andre gong i år utliknar HaNo i det 89. speleminutt, og avgjer på overtid. Det viser styrke tross alt. Men eg slutta å notere ned målsjansane tidleg i 2. omgang. Lars U meinte det var mellom 20-25 kvalifiserte målsjansar i dag. Så vi får arbeide hardt med dette fram mot neste kamp, i tillegg til defensive justeringar.
Dette er planen dei neste to vekene:

Onsdag 19.aug Tren 1715-1855 Nordøy
Fredag 21. aug Tren 1750-1930 Austnes
Måndag 24.aug Tren/Møte 1850-2120 Austnes (inkl spelarmøte kl.rom først)
Onsdag 26. aug Brattvåg 2- HaNo kl 1830 Brattvåg kunstgras
Fredag 28.aug Tren 1750-1930 Nordøy
Søndag 30. aug Lepsøy-HaNo kl 1400 Lepsøy stadion

HaNo herrelag- fleire tipparar!

Det er på ingen måte for seint å registrere deg som tippar på Norsk Tipping sine gratis-spel på nett. Vi har starta eit ”HaNo herrelag” som vennelag. Her konkurrerer vi mot kvarandre, og finn lister på det. Men vi konkurrerer også som lag, der vi er på 48. plass etter første runde. Det er totalt 25 runder som tel, og ein kan stryke dårlege rundar. Så det er på ingen måte for seint å slenge seg med- slik vi blir meir slagkraftig- og fleire som kan slå Kent Inge (som er i leiinga etter første runde.)
Legg att e-postadressa di i ”kommentar”-feltet, så sender eg invitasjon. Neste runde har frist onsdag kl 2040.

søndag 16. august 2009

Harøy-Ellingsøy utsatt

Harøy-Ellingsøy er utsatt til 12.september, og blei altså ikkje spelt i helga. Elles ser den første haustrunden slik ut komande veke.

2009-08-17 18:30 HaNo - Godøy 2/Vigra 2
2009-08-19 18:30 Giske - Brattvåg 2
2009-08-19 18:30 Harøy - Ravn
2009-08-22 15:00 Lepsøy - Ellingsøy

Skal avstå å tippe på den første, men trur dei tre andre endar med bortesiger.

Stordal kom i form

Stordal vann igjen, og slo heimesterke Sæbø med 5-0 på bortebane. Det høyre med til historia at kampen gjekk på Volda kunstgras pga store nedbørsmengder på Sæbø. Stordal ligg dermed på kvalikplass i avdeling 2 pr dato, med same poengsum som Emblem.

lørdag 15. august 2009

Ravn med sterk treningskamp

Ravn har jobba godt i det siste tydelegvis, og banka Ravn så klart som 5-2 (3-0) i ein treningskamp på Ravn stadion. IL Ravn melder også om at dei har signert Øyvind Farstad (ex. BIL og Norborg) før haustsesongen.

I morgon laurdag er det altså klart for seriestart i avdeling 3 med Harøy-Ellingsøy på Harøy stadion.

fredag 14. august 2009

Tippekonkurranse- bli medlem!


Då utfordrar eg troppa til følgjande konkurranse: Premier League-mesteren på Norsk-tipping.


Konkurransen er gratis, og meir info her.


Det du må gjere då, er å legge inn di epostadresse under "kommentarer" her nede under denne saka, så sender eg invitasjon frå vennelaget eg har laga, som heiter HaNo herrelag. Då kan vi følge med på kven som tippar best mellom spelarane på HaNo. Det går mest i laurdagskupongar, og ein kan stryke sine dårlegaste rundar. Ein leverer sin kupong enkelt og greitt på nett før kvar runde, med eigen innlogging osv..


Håper på stor interesse for dette, kan bli gøy utover hausten/vinteren/våren!!

torsdag 13. august 2009

Herrelaget i Holland 2005



Her er dåtidas herrelag. Nokre kjende fjes er det jo att.

Ove traff


Ove fekk rett: Dette utsnittet av biletet i konkurransen er henta frå Odoorn i Holland, ikkje veldig langt frå Groningen. Det er Palle, han sjølv og Stig Frode som er på det lille biletet. Her er heile biletet av herre-og damelaget samla (trykk på det for større versjon). Trenar for herrelaget var Bjørn Nedreskodje, som altså var å finne på lagleiarbenken til Stordal på måndag. Han fungerer som trenarkonsulent i 10 kampar for laget i år.


Ove har vendt nasen mot Bergen, og har dermed avslutta HaNo-kapitlet for 2009-sesongen. Med mindre du vel å pendle heim kvar helg utover hausten :)
Han ønskjer i ein sms lykke til med hausten, og takkar for alt;)

onsdag 12. august 2009

tirsdag 11. august 2009

Konkurranse!




Her er eit bilete. Med dette biletet følgjer tre spørsmål. Nummerer svara, og skriv inn på "kommentarer" ditt svarforslag!




1. Kven er desse tre personane?


2. I kva høve er desse fotografert i lag?


3. Kven var trenar for herrelaget dette aktuelle året?

Tap i "generalprøva"

Kort ref på HaNo-sida.
Stordal var eit lag som passa oss glimrande i oppkøyringa til haustsesongen. Fotrappe spelarar som gjorde det vanskeleg for oss i store periodar av kampen defensivt. Samstundes fekk vi ein kamp i føtene før to treningar igjen til kamp måndag. Det store poenget er å kome i kampmodus som eg sa, og eg må vel seie at eg er glad gårsdagen ikkje var seriekamp. Vi har eit stykke igjen til forma, ikkje overraskande nok. Tidvis viser vi, trass i ofte byting av folk og posisjonar, at vi brukar kantar, og spelte mykje bra "på fot" i angrepsspelet vårt. Meir oppsummering på onsdagstreninga.

Kom for all del med innspel på kva vi fekk til, og kva vi bør forbetre!

mandag 10. august 2009

Harøy mot Ellingsøy laurdag

Det går mot to avgjerande veker for Harøy og Ellingsøy. Dei møtest i første seriekamp i vår avdeling no på laurdag. Harøy har framleis ikkje fått sine tre Giske-poeng på den offisielle tabellen. Men Harøy har 12 poeng, og går opp på 15 om dei slår Ellingsøy. Dermed vil HIL berre ligge eitt poeng bak oss.

Dei gulkledde gjestane er vel best på kunstgras, og det blir spennande å sjå kor godt dei gjer det i sine to første haustkampar, som altså først er på Harøy stadion, før dei også skal bite i eller juble på Lepsøy-graset 22.august. Så skal likegodt Ellingsøy spele mot Harøy igjen allereie 25. august.
Tabell, og framtidige kampar i vår avdeling her

Kamp i dag, trening ons/fre

Berre minner om treningane utanom kampen i dag denne veka:

Onsdag 1715-1855 Austnes
Fredag 1750-1930 Austnes

Minner då igjen om banedagboka som ligg på hanofk.no.

torsdag 6. august 2009

Tropp Stordal

Kampen mellom Stordal og HaNo blir generalprøve for laga som startar 14. august (Stordal-Sæbø) og 17. august (HaNo-Go2/Vi2) med haustsesongen. Vi startar med desse, i 4-3-3 formasjon:

Henrik- Kristian, Mikke, Palle, Lars- LP, Vegard, Åge- Jan Egil, Kenneth, Asgeir.

Innbyttarar frå start av: Demir, Kent Inge, Cato, Odd Einar, Jonas, Ove, Sondre.

Med Frank er vi 19 mann med andre ord. Kenneth, Vegard og Ove køyrer frå øya, Jan Egil frå byen. Avreise kl 1635 frå Austnes. Viss nokon skal til og frå byen, bør de høyre med Jan Egil for å vere sikker på der er plass. Byarane bør rekne å vere kl 18 i Stordalen. Hugs at det er kunstgrasdekke! Snakkast på måndag, gler oss til å kome i gang med drakt att.

Kristian vann- Mikke fekk rett!!

Turneringa denne veka blei vunnen av Kristian med sterke 23 poeng. Her er topp 10 (eller 12 om du vil)

1. Kristian Kalvøy 23
2. Michael Austnes 20
3. Jan Egil Ulla 18
4. Kenneth Ulla 15
5. Lars Petter Haram 15
6. Mads Uri 14
7. Åge Flem Ulla 13
8. Vegard Halkjelsvik 13
9. Lars Åkre 13
10. Ove Otterlei 12
10. Per J Fjørtoft 12
10. Stian Palle 12

Eg lova dei tre beste premie. Mikke mobba meg på måndag, og sa brusa kom til å ligge i kjøleskapet mitt på Flem. Denne gongen tok eg dei med, men kom eg på å gi dei tre beste på slutten av treninga- NEIDA!

Kristian fekk det på døra, Jan egil før han reiste på ferja. Mikke får ikkje, for han fekk rett! (Eller at han får den på måndag, pluss ein kaffi på ferja, men eg gløymer vel det også...)

Banedagbok på nett/møt opp i betre tid!

Banedagboka for haustsesongen ligg no i margen på venstresida på HaNo-sida. Der kan du sjekke treningane framover. Vi går i utgangspunktet for desse tidene. Om det blir endringar skal eg sende ut på sms i tillegg til beskjedar på trening og her i bloggen.

Ein annan ting: På hausten sine to første treningar kjem det mange på nøyaktig treningsstarttidspunkt, eller 2-5 minutt etter. Dette gjeld ikkje berre dei som kjem tilreisande. Det vil seie at vi kjem for seint i gang med treningane. Dette var ganske bra i vinter/vår, men altså litt sløvare no. Dette må vi få inn gode rutinar på igjen! Møt heller 5-10 minutt før, slik du er i gang med jogging ved starttidspunktet av treninga!

Kristian toppar før avslutning i kveld

Dramatisk utvkling i internturnering etter onsdagens trening. Her er toppen før treninga i kveld. Utan å avsløre namn, så ligg tre mann med 10 poeng og luktar på medalje dei også:)

Kristian Kalvøy 16
Mads Uri 14
Michael Austnes 14
Per J Fjørtoft 12
Stian Palle 12
Per Kristian 11
Lars Petter Haram 11
Jan Egil Ulla 11

tirsdag 4. august 2009

Turneringa så langt...

Miniturnering med småbanespel denne veka blir toppa av to nykonfirmantar. Etter den første av tre treningar ser det slik ut i toppen:

Mads 10
Sindre 10
Kenneth 8
Stian 8
LP 7
Michael 7

mandag 3. august 2009

Trening torsdag- ikkje fredag

Sidan mange skal vekk fredag tek vi fri då, og trenar torsdag kl 1750 på Austnes i staden for. Hugs også treninga onsdag kl 1715 på Nordøy. 18 mann møtte i dag på hausten si første trening, så no er vi i gang!

søndag 2. august 2009

Aktivitetar komande veke

Trenar slik komande veke:

Måndag kl 2000-2130 Nordøy
Onsdag kl 1715-1850 Nordøy
Fredag kl 1750-1930 Austnes

Måndag 10. august Stordal-HaNo kl 19. Treningskamp på deira kunstgrasbane.

Ein aktivitetsplan for hausten kjem om litt. Lars U held på med banedagbok. Eg har levert våre ønskjer.

Stordal-HaNo måndag 10.august

Stordal har sagt seg villig til å spele kamp mot oss på måndag 10.august. Det passa bra, slik vi får ei treningsveke før kamp, og treningskampen bli nøyaktig ei veke før haustseriestarten.
Kampen går kl 19 på kunstgrasbanen til Stordal.

Ellingsøy med 6 i sekken igjen

Ellingsøy har allereie starta haustsesongen. Dei har sikkert av taktiske årsaker lagt sin treningskamp på gras, før besøk både på Harøy og Lepsøy stadion dei første haustrundane.
I helga var dei på Godøya og tapte 6-3 mot Godøy. Godøy IL sine heimesider som vanleg med godt referat. I følge dette referatet spelte våre opprykksrivalar med god innsats mot god motstand.