tirsdag 31. januar 2012

HaNo stiller med 7er lag

Etter ein vinter med stadig økande spelerstall har vi no meldt på eit lag i 7er serien for herre.
Per Olav Sunde blir lagleder/kontaktperson og vil i samarbeid med trenerteamet stå for uttak og organisering av laget. Sunde seier i ein kommentar til bloggen at på alle bortekampar vil det bli "burgergaranti" noko som garantert vil lokke svoltne hanospelar til å stille på bortekamp.

Følgane lag er førebels klar for 7er serien: Norborg, Emblem, Ravn, Sykkylven, Hjørungavåg og Aafk Old boys.

lørdag 28. januar 2012

Litt ymse

Neste veke trena vi mandag kl 19 (ikkje kl 20 som det står i planen) og onsdag 1730. Fint om guttespelerane kan ta turen på mandag. Fredag spelar vi årets første kamp, mot Harøy i NH kl 1830.

Under onsdagtreninga blir det kontraktsignering for både nye og gamle spelera. Viktig at så mange som råd kan møte. Det vil også bli prøving av nye treningsdressar til alle mann. Husk å gi beskjed til Ivar dersom du ikkje kan kome.

Ellers byrjar treningskampane å kome på plass. Harøy (3 feb), MSIL (18 eller 19 feb), Vigra (11 mars) og Emblem (12 april) er bekrefta foreløpig. Vi satsar på å få på plass 2-3 til innan kort tid.

torsdag 26. januar 2012

Stig Frode Longva gjer comeback!

Etter nokre år på sidelinja har vi i vinter observert Stig Frode (nederst), av tidlegare HaNo trenar Nedreskodje omtalt som "sunnmørets uslepne diamant", i godt gammalt slag i nordøyhallen. Han skåra i følge seg sjølv tusenvis med mål på HaNo sitt 7er lag sist han tok på den blå drakta og er sugen på nye nettkjenningar i sesongen som kjem.

Også Alf Kåre Longva har trent med oss i vinter og rykta seier også han kan bli å sjå i blått utover sesongen. Velkommen heim til dokke begge!
Avdelingsoppsettet blir slik vi skreiv i går. Sjå meir i denne saka her offentleggjort på SFK-sidene i dag.

Dvs 16 seriekampar, og målet er nok klart: Vi må vinne avdelinga for å rykke opp. :)

18 lag påmeldt 6.divisjon

www.hanoherre.blogspot.com føler seg rimeleg trygg på at Håkon og HaNo får eit gjensyn med Giske i årets serie. Her frå serieoppgjeret på Nordøy stadion i 2010.

Det vil seie 9 lag i kvar avdeling, og 16 seriekampar i årets sesong. Med dei påmeldingane som er no, synest avdelingsoppsetta ganske så klare, spør du meg. Her blir garantert geografi avgjerande, og då trur hano-bloggen at avdelinga vår ser slik ut i 2012:

Aspøy
Ellingsøy
Giske
HaNo
Harøy
Langevåg2
Lepsøy
Vigra
Ravn

Det vil seie at Søre Luten-avdelinga ser slik ut:
Flø
Haddal
Hareid2
Larsnes/Gursken2
Moldtustranda
Sunnylven
Sæbø
Tjørvåg
Åmdal

Kva så med opprykk? Har ikkje fått med meg at dette er bestemt pr dato.
Det blir spennande å sjå. Blir det kun avdelingsvinnar opp, eller kan toarane spele playoff? Det er berre 10 lag i 5. divisjon, og då spørs det om heile tre går ned derifrå.

mandag 16. januar 2012

Aktivitetskalender januar-mars

I menyen til høgre ligg link til aktivitetskalenderen for januar-mars. Mert og vi andre trenar tre gongar i veka, og det vil etterkvart bli oppdatert med treningskampmotstandarar her i bloggen vil eg tru.

mandag 9. januar 2012

Spelarmøte fredag før trening

Tema på møtet er reisestøtte, samt evt andre ting frå trenarane si side. Det blir informasjon frå klubben si side på nye ordningar for dei som har adresse andre plassar enn dei to andre HaNo-øyane. Dette gjeld både dame- og herrelaget.

søndag 8. januar 2012

Treninger framover

Det blir trening på mandag kl 20:00 og onsdag kl 17:40. Håper at vi får levert ut ein treningsplan på onsdag for dei 3 første månadane i året:-) Møt opp!

mandag 2. januar 2012

Sesongstart onsdag 4.januar

No er ventetida over! Hobbytreningar og andre "sløvøkter" blir erstatta med oppkøyringstreningar for 2012, hehe !! :)

Ein nettlaus Ivar melder i Fjesboka om første trening onsdag 4. januar kl 1715 i NH.

Spelarmøte før jul vitna om ein gira spelartropp, der dei aller fleste frå i fjor held fram, og trenarparet Ivar og Lars klør etter å kome i gang. Jan Egil kjem tilbake frå Vågen, og endå fleire er muligens på veg tilbake til HaNo. Vi gler oss til både onsdag og resten av sesongen!!