torsdag 30. juni 2011

Kamp mot Emblem fredag

HaNo stiller følgande tropp til kampen mot Emblem på fredag:
Pål, Sindre, Kristian, Demir, Per Kristian, Michael, Audun, Vebjørn, LP, Vegard, Håkon, Mads, Per Jarle, Bjørnar, Lars, Per Olav, Robin, Odd Einar.

Oppmøte 1800 på Nordøy Stadion.

tirsdag 28. juni 2011

søndag 26. juni 2011

fredag 24. juni 2011

Trening laurdag kl 11 på Austnes

Vegard melder om at neste økt er laurdag kl 11 på Austnes. Neste veke trenar vi måndag og onsdag før neste match heime mot Emblem på fredag kl 1830 på Nordøy.

Runden denne veka:


HaNo-Skodje 0-6
Harøy-Ørskog 2-2
Lepsøy-Stordal 1-3
Ellingsøy-BIL2 2-5






Mykje info om runden finn ein som vanleg godt dekt i Skodjebloggen og på stordal.nu.






onsdag 22. juni 2011

Tropp Skodje

Kamp heime mot Skodje heime i morgon klokka 18.30! oppmøte 17.30

Troppa:
Pål, Kristian, Mikke, Piks, Demir, Robin, Olve, Sigvard, Audun, Vegard, LP, Odd Einar, Vebjørn, Håkon, Sindre, Mads, Per Olav og Mert

tirsdag 21. juni 2011

Møter Skodje heime torsdag

Neste motstandar ut er Skodje. Dei må finne seg i å vere favorittar med tanke på tabell og resultat denne sesongen. Dei har feia Ravn og Harøy av heimebana si, og tatt sterke bortesigrar mot Ellingsøy og Emblem også siste tida. Sist møte mot Skodje enda godt for vår del - til slutt. Den dramatiske 3-2 sigeren i playoff-spelet oktober 2009 på grusbana på Austnes var ei morosam affære. Men gultrøyene lo likevel sist den hausten, i.o.m. at dei sneik seg inn mellom dei tre beste playofflaga og spelte i 4. divisjon året etter.

HaNo har hatt stigande formkurve den siste tida. Vi skal gi Skodje kamp om poenga på torsdag. Møt opp og støtt oss i kampen om tre poeng!

To kampar siste dagane i vår avdeling:
Ellingsøy-Stordal 1-3
Ravn-Norborg2 3-3

mandag 20. juni 2011

Trening tirsdag!

Det blir trening i morgon, tirsdag på Austnes klokka 17.45!
Vel møtt!

torsdag 16. juni 2011

Trening fredag

Det vert trening i morgon, klokka 17.45-19.15 i Nordøyhallen.
Vel møtt!

tirsdag 14. juni 2011

Kamp Onsdag 15.06.11 mot Ravn

Tropp: Pål, Sindre, Kristian, Olve, Sigvard, Robin, Mert, Per Kristian, Mikke, Per Jarle, Lars Petter, Håkon, Bror Vebjørn, Thor Audun, Mads, Per Olav, Vegard, Joakim

Kampstart: 18.30

Oppmøte: 17.30

Husk drakte! Det va vel du Odd Einar så tok?
Sko: skru/faste ?
Ta med eiga drikkeflaske. Ekje så stritt med dei 5 fellesflaskene oss he.

mandag 13. juni 2011

Idrettskule 22.,23. og 24. juni

HaNo FK inviterer alle i alderen 1. - 10. klasse på Lepsøya, Haramsøya og Longva til idrettsskule. I skrivande stund er det 75 påmeldte. Vi treng då litt hjelp! Vi treng hjelp både til å lage frokost/lunch, og til å vere med som instruktørar på ulike øvingar. Har du sjanse til å hjelpe til? 3 dagar? 1 dag? Nokre timar? Alt er hjelp i!!!! Send ei melding til Odd Einar om du kan stille :)

Plakaten ser slik ut!

søndag 12. juni 2011

Trening mandag 13.06.11

Trening kl 14.00

Oppmøte 13.50

Sted: enten Austnes gras elle NH. så ta med klæ og sko for begge dele.

onsdag 8. juni 2011

Medisinskrin ?

Nåken so he eller veit ken så he medisinskrinet?

Ta det med på kamp i mårgå :)

Kamp mot Ellingsøy 09.06.11

Tropp mot Ellingsøy!

Pål, Sindre, Mads, Kristian, Mikke, Odd Einar, Vegard, Demir, Lars, Stig Erik, Bror Vebjørn, Sigvard, Håkon, Per Jarle, Mert, Lars Petter, Per Olav, Joakim.

Avreise: 16.35 ferge
Bil : Bror Vebjørn og Per Jarle. Odd Einar stille med bil på heimatreiså.

Pål, Sindre, Mikke, Vegard, Vebjørn, Sigvard, Mert, Per Jarle og Per Olav avreise frå Austnes.

Håkon, Mads og Kristian avreise Spjelkavika.

Lars, Stig Erik, Lars Petter og Joakim avreise byen.

Demir fiksa seg sjøl sei an :) same gjer Odd Einar.

Heimat: 21.20 ferge

Oppmøte: 17.30 , dei som kjem frå øya kjem ca 17.45

Kampstart: 18.30

Kamparena: Nes Stadion ( kunstgras )

Dei som he draktene må huske dei. Dei befinn seg vel i Steen-huset ?

mandag 6. juni 2011

Norborg2 vann målfest på Harøya

Norborg sine nest beste slo Harøy med 6-3 på Harøy stadion måndag kveld. Meir kjem sikkert på norborg-sida utover kvelden.

Vidare denne runden spelar ein desse kampane på torsdag:
Ellingsøy-HaNo
Ravn-Emblem
Stordal-Ørskog
Lepsøy-Brattvåg2

Merk: Treninga til herrelaget går i morgon tysdag kl 17.45 i Nordøyhallen

torsdag 2. juni 2011

Tre kampar torsdag

Tre kampar i vår avdeling torsdag kveld:

Emblem-Ellingsøy 4-4. Igjen måtte Emblem bruke sluttminutt og overtid for å kapre poeng. Ellingsøy leia 4-1 før Emblem vakna. Eit resultat Stordal, Skodje og Ørskog er meget godt nøgd med.
Brattvåg2-Stordal 0-4. Transportetappe for Stordal, som sparte spelarar etter ein halvtime.
Skodje-Ravn 8-1. Nok ein storsiger for Skodje på heimebane. Sist Harøy, no Ravn med kallassiffer. Eivind Erstad skåra 4, og har putta 12 så langt i år.

Tidlegare i veka slo Norborg2 Lepsøy med 4-1 i Uggedalen.

Alle moglege formar for tabellar finn du i denne saka her på stordal.nu

Trening fredag 03.06 og søndag 05.06

Trening Fredag!

Tid : 17.45

Sted: Austnes eller NH

Trening Søndag!

Tid 18.40

Sted: NH

Ikkje Laurdagstrening 04.06

Vegard tek fredagstreninga.

onsdag 1. juni 2011

HaNo spelefri

HaNo-Harøy stod opphaveleg oppført 2. juni, men den er altså flytta til torsdag 7. juli, to dagar før Øyacup på Nordøy stadion. Når det gjeld Øyacup, så er følgande lag klare på herresida: Harøy, Fjørtoft, HaNo, Lepsøy og Norborg. Brattvåg IL kan ikkje stille, og vi ventar svar frå eit 6. lag as we speak.

Serierunden elles i 5. div avd. 3 starta i går, med Norborg2-siger over Lepsøy. Det enda 4-1, med Cato som siste målskårar. Resten av kampane denne runden er slik, med utfallet i parantes.

Brattvåg2-Stordal (U)
Emblem-Ellingsøy (H)
Skodje-Ravn (H)

Ravn har begynt å få tilbake spelarar frå skule og skade, og blir sterkare utover våren. Dersom Skodje slappar av litt, og det gjer dei med ganske så jamne mellomrom, kan det bli jamt i lokaloppgejret. Emblem har underprestert, og kanskje har Ellingsøy gjort det motsette til no, så den endar H. BIL2 overraskar mot Stordal, og den blir jamn.