fredag 29. april 2011

Trening Laurdag 30.04.11

Oss satsa på at neste trening gjeng laurdag 30. April.

Tid : 11.15

Sted: Nordøy gras

onsdag 27. april 2011

Vil dempe favorittstempelet

Som vi tidlegare har skrive, startar HaNo i dag torsdag serien mot Norborg2. Kampstart er kl 1830 i Uggedalen. Sjølv om HaNo stiller med rutinerte karar som Per Jarle, Mikke, Per Kristian og LP til kamp, tyder mykje på at Pål og Robin får sin seriedebut for HaNo, og kanskje begge frå start?

Stordal.nu har vakna til live, og stemplar Emblem som megafavoritt, noko som Emblem prøvar å tone ned ein tanke, på ein dag der dei skal møte eit godt (men noko utrena) BIL2-mannskap. Nettstaden til Stordal meiner laget deira er i rute, men at dei har hatt dårleg tak på Ravn den siste tida.

Dei andre laga i avdeling 3 finn du link til i menyen til høgre på denne sida.

PS! Opp mot rekord på treff i bloggen onsdag: 199 unike treff vitnar om ei viss interesse for sesongstarten.

Nordicbet med desse oddsa, der Ellingsøy og Lepsøy tydeligvis har avtala å bytte kven som spelar heime:

Ellingsøy - Lepsøy
H 1.75
U 5.40
B 2.45

Stordal - Ravn
H 1.35
U 6.00
B 4.00

Ørskog - Skodje
H 2.00
U 4.75
B 2.35

Seriekamp Torsdag 28.04.11

Motstander : Norborg 2
Kampstart : 18.30
Sted : Uggedal KGB

Avreise: 16.35 ferge, Pål, Per Kristian og Odd Einar stille bil frå øya.
Heimat: 21.20 ferge, Odd Einar plukker på folk på skjelten.

Oppmøtetid : 17.20

Tropp: Pål, Sindre, Kristian, Olve, Demir, Per Kristian, Mikke, Robin, Daniel, Vegard, Lars, Odd Einar, Per Olav, Per Jarle, Eivind, Joakim, Lars Petter og Mads.

Heimeverande reserve : Sigvard, Mert og Thomas.

mandag 25. april 2011

Første serierunde torsdag

Emblem beheld førebels favorittstempelet i avdelinga vår få dagar før seriestart. Vellukka og god treningsleir i Tyrkia har blitt etterfulgt av nye sterke treningskampar. Vigra, som er sparringspartnar for mange lag i vår avdeling, tapte "berre" 1-o mot Emblem. Skodje slo same Vigra onsdagen i påska, med komfortable 2-0.

Skodjebloggen held fram med sitt tabelltips. Sjå meir i deira blogg, der dei i skrivande stund har kome til Stordal på 4. plass, og har att seg sjølv, Ørskog og Emblem med plasseringar på sitt tabelltips. Ørskog slo forøvrig Tomrefjord med 3-2.

Norborg2 er altså HaNo sin første motstandar i serien. Førstkomande torsdag brakar det laust. Med 11 lag i divisjonen er det eitt lag som "står over" kvar serierunde. Harøy drøyer seriestarten før dei opnar borte mot Ellingsøy veka etter. Hanoherre.blogspot.com dristar seg til med tips i parantes. Nordicbet har ikkje odds på første serierunde endå, men berre kven som vinn avdelinga.

torsdag 18:30 Norborg 2-HaNo (B)
torsdag 18:30 Brattvåg 2-Emblem (U)
torsdag 18:30 Ørskog -Skodje (U)
torsdag 18:30 Stordal -Ravn (H)
torsdag 18:30 Lepsøy-Ellingsøy (H)

Sveisen!

Namn:
Vegard Halkjelsvik
Alder:
21
Sivilstatus: Ekstremt ledig
Yrke: Student
Favorittklubb: Manchester United
Posisjon:
Sentral midtbane
Tidlegare klubbar: E en one club player!
Beste medspelar: Joakim Austnes
Verste medspelar:
Den ekstra dragninga…
Artigaste medspelar:
Må nok bli han Daniel det!

Verste motspelar:
Even Vestavik. Det skal godt gjerast å finne en person me spissare kne og albua! Like låkt kvar gong!
Likar å ha på brødskiva:
Alt mulig! Men makrell i tomat e en favoritt.
likar å ha i glaset: Mjelk
Verste fotballminne: He to: Opprykkskampen 31. okt 2009: HaNo-Ellingsøy 0-4 (treng ikkje å sei meir) og å bli utslått ta Heming i 16-dels finalen i Norwaycup. Oss ha akkurat slått ut Bækkelaget ette ekstraomgonga og straffekonk, før oss måtte rett sta å spele ny kamp mot nemnte Heming. Dei ha vør heldig å vunne sin kamp på walkover, so dei va utkvilt før møtet med oss. Huska at oss spelte masse bedre enn dei, og hadde blant anna 2 skudd i stonga, men tapte 3-2 trur ej det va. Dei kom sej heilt te semifinalen, der dei rauk ut på straffe.. He aldri vør meir bitter!
Artigaste fotballminne: Det må vel ver kampen før. Artig å slå ut arrangørklubben ta Norwaycup!
Beste fotballminne: Ej gjer so han Odd å velge internasjonalt: Norge – Brasil i VM og United sine seiera i CL i 1999 og 2008!
Mål for sesongen: Det må ver å få so monge målgivande passninga som mulig!
Noko du ellers vil seie?
Vil starte me å hylle dei so e att i HaNo, so gjer det mulig å ha et herrelag her ute. Viktig med litt klubbfølelse og patriotisme! Vil også hylle dei so he arbeida med Nordøyhallen dag ut og dag inn! Dokke he gjort en fantastisk bra jobb!
Elles va det kjekt å verme på å arrangere Nordøyhallcup! :)

lørdag 23. april 2011

Seriestarten rett om hjørnet: HaNo dumpekandidat

Skodje-bloggen har i dagane før seriestart (om 4 dagar) starta tabelltips for vår avdeling. Sist plassert har dei Brattvåg2, og på 10.plass finn vi HaNo FK. Vi trur og håper dei tar feil med begge desse tipsa. Rykta seier at BIL 2 stiller med "faste" spelarar som Øyvind og Martin Sundnes, Werner Ellingseter, Frank Dalhaug, Enis Maksumic med fleire. Og med Håkon Sæterøy ved roret som kampleiar håper ein på at dette ikkje berre blir heimelaget deira.



HaNo? Kva trur du? Stem i pollen til høgre. Seriestart er komande torsdag borte mot Norborg2.

Trening Søndag 24.04.11

Tid : 18.00

Sted: NH

Fint om folk fretta litt myllå kvarandre. He en følelse ta at ikkje alle e innom her for å sjå kor tid oss trena:)


fredag 22. april 2011

Han med kondisen!


Namn: Mads Uri
Alder:
16
Sivilstatus: Singel
Yrke: Skule
Favorittklubb: Manchester United
Posisjon:
Høgre midtbane
Tidlegare klubbar: Nei
Beste medspelar: Vegard Halkjelsvik & LP
Verste medspelar:
Flems
Artigaste medspelar:
Det e førskjellig frå dag til dag
Verste motspelar:
Time will show
Likar å ha på brødskiva:
Leverpostei
likar å ha i glaset: Cola

Verste fotballminne:
Dei kampane i 2010, som en dommer fra Ellingsøya dømte.
Artigaste fotballminne: Spelte mot haddal i 2008, vann 11 – 0 De va ikkje alle som va heilt klar i haude, derfor
Beste fotballminne: 2008 sesongen me guttelaget.
Mål for sesongen: Bli bedre til å jobbe meir med dei andre som et lag, å få et par mål.
Noko du ellers vil seie?
Lika å ha brunost med på brødskiva.

mandag 18. april 2011

Harøyingen på laget!


Namn: Odd Einar Molnes
Alder:
32
Sivilstatus: kjering og 2 onga.  
Yrke: Lærar
Favorittklubb: Man United sida 1985
Posisjon:
Hm. So førskjella. Mest DR og MR i mi karriære. Men ein del MC, ML og litt DL også.
Tidlegare klubbar: Harøy IL a-lag 1994-2005, samt en obl. kamp for Fjørtoft i 1996.
Beste medspelar: Som ej he spelt attmed? Morten Håheim. Sjølv om han blei fole lei seg viss han ikkje fekk ballen akkurat der den skulle komme..
Verste medspelar:
Her he ej ingen formeining. Mitt eget temperament, kanskje ;)
Artigaste medspelar:
LP. Han gjer ting som ingen andre kan, vil, eller kjem til å utføre.
Verste motspelar:
Jens Arve Forbord, Sunnylven IL.
Likar å ha på brødskiva:
(Coop) X-tra rekesalat. Billig klassiker som e betre enn dei som e dyrare.
likar å ha i glaset: Blande eplejus og appelsinjus
Verste fotballminne: 31. okt 2009: HaNo-Ellingsøy 0-4. Treng ikkje å sei meir.
Artigaste fotballminne:
Par veke før: HaNo-Skodje på grusbana (!) på Austnes. Også det playoff-kamp. Mikke med putting på overtid til 3-2.
Beste fotballminne: E internasjonal fotball lov her? Huska ej sat på motorsykkelen til en kompis og durte rundt på Harøya med United-skjerf ette finalen i 99. Solskjær
Mål for sesongen: Trene godt, vinne fotballkampa. Håpe å kunne bidra som spelar med å hjelpe dei unge på laget.
Noko du ellers vil seie?
Fantastisk med hall. Må knipe mej litt i arma under kvar trening endå :) 

søndag 17. april 2011

Bra dugnadsinnsats i helga av herrelaget

Eivind og Pikks avbilda på dugnaden på Nordøy søndag. Denne gongen med klede på :)
Mange skal ha ros for å stilt opp på dugnadar i helga. Som eit døme kan vi nemne Mert, Jonas og Per Olav som stilte opp både laurdag i hallen og søndag på Nordøybana. Jonas utan at han spelar på HaNo i år. Han skal spele for Frøya i 4. divisjon Hordaland. Henrik har også vore på dugnadar i vinter. Eit eksempel til etterfølgelse for våre eksilspelarar som nyttar våre fantastiske treningstilhøve inne og ute denne sesongen ;)

Frank med halv oppmannsjobb

Då Frank har fått seg jobb på Finnøya, må vi vere merksam på at vi må steppe inn alle og einkvar og gjere litt innsats som han har tynt oss ut med siste åra. Dette gjeld før, under og etter kamp. Han kan nemlig ikkje vere med på alle kampar no framover grunna pendling til jobb på Finnøya.

lørdag 16. april 2011

Ringreven sjølv!


Namn: Kenneth Ulla
Alder:
39….
Sivilstatus: Gift med Solveig
Yrke: Lærar

Favorittklubb: Manchester City
Posisjon:
Potet…Drøyme om å få ver målfarla spiss, men enda som regel i motsatt ende av banå
Tidlegare klubbar: He en kamp for Gjerdrum 2 mot Lillestrøm 4. Og en omgang for Skodje på en Vårcup. He dessutan 1 damekamp….
Beste medspelar: Øystein ”Pøse” Longva
Verste medspelar:
Spelte nokre kampa i lag med far min før han la opp. Då gjekk ej ofte svolten til sengs.
Artigaste medspelar:
Lars Petter Haram. Mykje artig med han LP
Verste motspelar:
Spelte en kamp mot han Tor Hogne Aarøy når han va i Spjelkavik. Va ikkje lett å ta på haudet dinnja fyren der nei..
Likar å ha på brødskiva: Brunost
likar å ha i glaset: Mjelk

Verste fotballminne: Skulle spele min første lilleputtkamp nokonsinne for Haramsøy mot Nordøy i 1978. Vakna med kusma og måtte bli heime. Bittert!
Artigaste fotballminne: Ja det e månge. Men vanskela å unngå å nemne cupkampen mot Aafk. Der oss heldt dei til 0-0 til det va spelt 81 minutt. Utrula bra stemning på Nordøy stadion!
Beste fotballminne: Det e utan tvil en opprykkskamp mot Langevåg 2 på Nordøy stadion. Oss måtte vinne, og låg onde 3-1 med 20 minutt igjen å spele. Når han Per Olav Vedeld skåra 4-3 målet rett før slutt, for so å drage huå neri aune på Langevåg-keepern, ja då va det stemning på tribunå!

Mål for sesongen: At unghynane på laget e so ivrige å trene, at ej ikkje fer spele en einaste kamp!
Noko du ellers vil seie?
Småsei

fredag 15. april 2011

Litt jobb til...

På søndag skal vi hive på den sanden som er att å hive på Nordøy stadion. Ta med trillebåre (den som kan, helst dei frå Longva kanskje?), rive, ei spade. Søndag kl 15 er tidspunktet. Jo flere vi er sammen, osv osv... :)

Ka gjer oss i påskå..

Trening idag Fredag 15.04 gjeng som vanlig kl. 18.30 i NH.

Trening Mandag 18.04 gjeng som vanlig kl. 20.15 i NH.

Påskecup Onsdag :):)

Trening Fredag 22.04. Tidspunkt ikkje satt. Mulig at oss kan ta det tidligere på dagen dersom det passer for folk.

Hadde vore bra om oss hadde tatt ei trening Søndag 24.04!
Ka folk tru om d? Gi tilbakemelding om det på trening i dag eller på telefon enten til Vegard eller Joakim.

Kan også undersøke muligheitene for om folk he lyst på ei ekstra trening. F.eks Tirsdag 19.04 eller torsdag 21.04. Kom med tilbakemelding på det også.






torsdag 14. april 2011

Spelerprofilar

Vil minne folk om å sende inn spelarprofilsvar snarast mulig! Begynn å gå tom! :)

Ein av nykommarane!


Namn: Per Olav Longvanes Sunde.
Alder:  24.
Sivilstatus: Singel .
Yrke: Jobba på Aakre A/S .
Favorittklubb: Manchester United å so klart Aafk :)
Posisjon: e å finne på vingen.
Tidlegare klubbar: he nok kun vør i dina her :p
Beste medspelar:  he ingen aning enda :)
Verste medspelar: det fer tida vise :p
Artigaste medspelar:  han daniel he no nokken fine komentara til tide :p
Verste motspelar:
Likar å ha på brødskiva: Trønderfår å majo. 
likar å ha i glaset:
Mjelk å andre god saker.
Verste fotballminne: he ingen aning... huska ikkje so langt tilbake :p
Artigaste fotballminne: må vel ver 19 - 0 mot fjørtofta på austnes gras :)
Beste fotballminne:   må vel ver det same, 19 - 0 mot tøfta.
Mål for sesongen:  Få inn et mål eller to :)
Noko du ellers vil seie? I år jeng mej før gull :)

Kjenner du dugnadsånda..?

Då karar, står det på HaNo-sida at det skal vere dugnad på laurdag kl 09:30 - 13.00.
Du som spelar på herrelaget har no vore på dugnad nokre gongar. Fleire har mange titals timar bak seg sidan dugnadsstarten i fjor. Men enkelte av oss kunne godt ha vore der meir :) På laurdag skal det leggast utover isopor, og det er no slik at til fleire vi er, jo kjappare går det :) Det krevst ingen forkunnskap eller slike ting, ein får tips og hjelp til kva ein kan gjere ! Eg meiner at du som herrespelar skal ha ein rimeleg god grunn for å ikkje møte på laurdag!!

mandag 11. april 2011

Treningskamp mot Aksla

Tirsdag 12.04.11 blir det treningskamp mot Aksla.

Avreise : 17.35 ferge! Heimat: 22.1o ferge

Kampstart: 19.30 Oppmøte: 18.45

Bane: Ratvika Kgb

Tropp: Pål, Sindre, Mads, Kristian, Vegard, Odd Einar, Per Kristian, Per Olav, Daniel, Eivind, Robin, Olve, Lars Petter, Demir, Dag Peter og Mikke.

Oss reise med 16 stk. Dvs at Sigvard, Mert og Thomas bli heimeverande reserve.

10 stk reise frå øya: Pål, Sindre, Vegard, Odd Einar, Per Kristian, Mikke, Robin, Per Olav, Daniel og Eivind. Dersom det e muligheit så stabla oss i 2 bila. Joakim køyre bil tilbake til øya. Så då e oss 3 bila heimat.

6 stk reise frå byområde: Kristian, Mads, Olve, Demir, Dagis og Lars Petter.


Trening Måndag 11.04.11

Lett trening i dag med Vegard.

Sted : NH

Kl. 20.15

søndag 10. april 2011

Dokumentar: Ove Otterlei- SISTE DEL

hanoherre.blogspot.com presenterer:

Ove Otterlei saknar HaNo - DEL 3

Denne dokumentaren handlar, skuffande nok kanskje, IKKJE om Ove Otterlei. Men den er rett og slett laga i stand for at Ove, som saknar bilete i bloggen, skal få det frå ein kamp vi hadde tysdag kveld. Ikkje berre kampen, men litt før og etter og på reisa og så vidare også. Vi let bileta, og ikkje minst dialogen avsløre korleis ein bortekamp kan vere. Her er siste del. Vi åtvarar mot sterke scener.

Vegard testar skotfoten, men som vi ser på biletet, så er ikkje målet eingong i biletet. Og ballen er på veg.. ut av biletet andre vegen. Den andre assistenten skyt også. Ravn sitt mål er i høgre biletkant. Vi kan vel avsløre at dette heller ikkje blir mål.. Så tilbake til dusjane (viser til del 2 av dokumentaren). Temperaturen er pluss 3 grader Celcius på vatnet, noko Eivind, Mikke og Per Kristian beviser med sine kroppsrørsler. (Nokon vil vel hevde at sladden på sistnemnde ikkje er naudsynt) Eivind: Du Odd...? Odd Einar: mmhh? Eivind: Atte.. Det gjekk bra når du køyrte TIL kamp. Men.. følte mej litt ukomfortabel i svinga og slikt. Syns du prata litt mykje mens du køyre. Odd Einar: Hæ..? Eivind: So ej berre teipa på en L her bake ej.
Odd Einar: Seriøst..?! Eivind: Ja. Heilt serr. So ej køyre heim att.

Viktig at Ford Probe har VERDENS største bagasjerom. Baksetet derimot.. Vi let Sindre si kroppshaldning prove kor stort det er :)


Trass i 3-2 tap blei det junk på Best, Vatneeidet.

LP, ein påkledd Per Kristian, Mikke og Sigvard.

Eivind, Sindre og Per Olav.
Mikke har endå ikkje kome over at Mixen i Søvika er konk. Her trøste-et han mjølkeprodukt og mikrooppvarma brødmat.

fredag 8. april 2011

Tømraren!


Namn: Kristian Kalvøy
Alder: 18
Sivilstatus: Singel
Yrke: Tømrer
Favorittklubb: Man Utd.
Posisjon: Venstre/høgre-Back
Tidlegare klubbar: ingen
Beste medspelar: LP
Verste medspelar: ingen
Artigaste medspelar: Daniel
Verste motspelar:
Likar å ha på brødskiva: Nugatti
likar å ha i glaset: sjokomelk
Verste fotballminne: brekke handa på gutekamp.
Artigaste fotballminne: å bli dagens HaNo-spelar på heimebane i fjor mot Ravn
Beste fotballminne: Norway-cup
Mål for sesongen:
Delta på flest mulig treningar og yte max i kvar kamp
Noko du ellers vil seie?
måtte den beste vinne :)

Ei oversikt for laurdagen

Det blir stor aktivitet i NH i morgon. I tillegg til våre kampar er det også G14 trening i lag med eit tilreisande lag kl 10, samt pågåande dugnad. Kampoppsettet er altså: Kl 1200: Lepsøy-HaNo Kl 1310: Harøy-HaNo Kl 1420: Lepsøy-Harøy
Vi set opp litt ansvarsområde:


Kl 11: Sette opp kiosk, lage til diverse Odd Einar, Mads og Sindre


Hente Lepsøy-spelarar kl 1120, samt skysse både dei og Harøy tilbake etter siste kampen (og dusjing)

Mikke, Lars, Vegard og Kristian.


Kl 1400-1545, stå i kiosk, og rydde den:

Odd Einar, Robin, Mert og Thomas.


I tillegg skal vi bruke dommarar, og hente HIL-spelarar, men dette finn vi ut i morgon.


Skodjebloggen presenterer laga

Skodje IL sin blogg har no begynt ein presentasjon av laga i vår avdeling. Til no er Ellingsøy og favoritt Emblem presentert, HaNo kjem sikkert om ikkje lenge.

torsdag 7. april 2011

Dokumentar: Ove Otterlei- DEL 2

hanoherre.blogspot.com presenterer:

Ove Otterlei saknar HaNo - DEL 2

Denne dokumentaren handlar, skuffande nok kanskje, IKKJE om Ove Otterlei. Men den er rett og slett laga i stand for at Ove, som saknar bilete i bloggen, skal få det frå ein kamp vi hadde tysdag kveld. Ikkje berre kampen, men litt før og etter og på reisa og så vidare også. Vi let bileta, og ikkje minst dialogen avsløre korleis ein bortekamp kan vere. Følg med denne spennande dokumentaren i tre delar denne veka. Vi kan avsløre at det blir heftige bilete, med mykje hud. Som vi veit Ove elskar. Her er andre del.
Joakim: Steik, Lars. Ka ikkje oss he sann bil so han Eivind, før da..? Lars: Snakk før det sjøl, Jokke. Gi mej et par tura te på oljå no, so skal ej kjøpe mej en sann i allfall.
Per Kristian: Sjå her no, skal ej vise dej, PO. Per Olav: Ja, men dei e no so so stor!! Per Kristian: Neida! Sjå her no, skal mej prøve.

Lars: Herlighet før nokre kara.. Joakim: E det mulig..? Og dessa her skal ej halde styr på. Per Olav: Ej sa te han på butikken at 48,5 ikkje va rett størrelse åt mej! Per Kristian: Der! Sånn! Litt stor kanskje, men det gjeng seg tej ette et par løp, detta!

Kristian: Att det e mulig...


Demir: Vrenge du strømpene dine? Lars: Ja, blikje so sletne då i vask. Bruka 40 grade, og vaska kun i lag med andre treningskle.


Demir: So det e feil då, å vaske denna her på 95 grade?
Dusjane ser ok ut, før kamp. Legg merke til vinkelen på dusjhauda, berre. Makan til opplegg. Og verre skal det bli. Følg med i del 3 av dokumentaren.



Kampen ja, forresten. Den vann Ravn 3-2. Men jamn var den. Her er Mads i kvelartakduell, med spissmakker Mikke til venstre.
Mads igjen, med målsjanse.

Turnering laurdag

Vi kallar det turnering, når tre lag spelar :) Harøy og Lepøsy har vore motstandarar tidlegare i hallar i vinter. No blir det kampar på 2 x 25 minutt på laurdag. Lepsøy er i gryande vårform om dagen, og har to sterke resultat mot Fiksdal/Rekdal (5-1) og mot Giske (6-1) i treningskampar. Dei har også forsterka stallen med fleire nye spelarar. Meir om kampane, samt at Elvis er i live, finn du på Lepsøy.com. Kampoppsettet er som det står på HaNo-sida: 1200: HaNo-Lepsøy. 1310: HaNo-Harøy. 1420: Lepsøy-Harøy. Det blir sal av pølser/brød, frukt, kaffi og brus. Så ta gjerne turen innom som tilskodar også :)

tirsdag 5. april 2011

Dokumentar: Ove Otterlei- DEL 1

hanoherre.blogspot.com presenterer:


Ove Otterlei saknar HaNo - DEL 1


Denne dokumentaren handlar, skuffande nok kanskje, IKKJE om Ove Otterlei. Men den er rett og slett laga i stand for at Ove, som saknar bilete i bloggen, skal få det frå ein kamp vi hadde tysdag kveld. Ikkje berre kampen, men litt før og etter og på reisa og så vidare også. Vi let bileta, og ikkje minst dialogen avsløre korleis ein bortekamp kan vere. Følg med denne spennande dokumentaren i tre delar denne veka. Vi kan avsløre at det blir heftige bilete, med mykje hud. Som vi veit Ove elskar.

For somme av oss starta turen i ein Ford Probe frå Flem. Eigar Eivind er stram i maska ser vi, spent som han er på sjåfør Molnes. Denne er til deg Ove. I tilfelle du hadde gløymt at om du skal til Løvsøya må du rygge ombord. Per Kristian: - F...! Nei og nei!!!! Michael: Ka d e, Pikks?! Per Kristian: Ej he glømt shampoen!!!! Michael: Svarte då Pikks. Rekk du å køyre heim..? Nei, og nei. Per Kristian: Vent då, ej he sikkert en ekstra i bilen.
Per Kristian: Puh...! Det hadde ej :) Michael: Å, ka bra. Kom då Pikks, skal oss gå ombord.


Per Kristian: Å, ej e so gla, dåkke anakje det!! Hadde en ekstra Dobbeldusch i bilen ej !! Snikfoto av oppmann Frank. Kvifor er det ingen som hjelp han å bere, eigentleg...?

Frank: Sønst du det e meir tre på Hestøya no, LP? LP: Ja, tenkte akkurat på det, faktisk.


Ung-gutane slappar av før kamp, medan Pål utnyttar tida til å fortelje litt om vaksenlivet til Mert.
Pål: Dette er Coop-kortet mitt. Fer rabatt på butikken då og greier. Mert: Detta da? Pål: Ungdomskortet mitt. Du skjøna, Mert, når du blir like stor so mej, kjøpe du dej et sånt, og fer reise fritt i heile fylket, far.. Mert: Stilig.

Kamp mot Ravn idag!

Kampen startar 1830 ikveld og vi møter opp som vanleg ein time før. Dei siste vèrprognosane spår 8 grader og opphaldsver så her er det berre å gle sej!
Tropp: Pål, Sigvard, Olve, Demir, Daniel, Per Olav, Eivind, Sindre, Robin, Odd Einar, Lars Petter, Mert, Dag Peter, Vegard, Per Kristian, Michael, Lars, Kristian og Mads.

Vegard, Per Olav og Eivind stiller med bil frå øya. Dag Peter og Jokke kjører frå byn. Dei som skal plukkast opp andre stadar tar kontakt med sjåførane.

Ps. Minne om at dei som skal til byen etter kampen må dusje MEGET raskt! Oss må rekke å sjå Gareth Bale herje med Real Madrid ikveld! :)

mandag 4. april 2011

PL-meisteren fått sin premie

Ingenting er som å sjå ein ekte Brattvåg-gut vere ikledd lyseblått. Med rett logo foran og bake må vite :) Oddmund Davik Otterlei syns t-skjorta var fin, og anbefalar elles folk om å gå å kjøpe den på Sport1 i Brattvåg. Oddmund slapp å kjøpe den sjølv, då dette var førstepremie i PL-meisteren, som gjekk av stabelen i bloggen her i vinter. Han slo Lars U i finalen, som mottok eit blått fotballstrømpepar for finaleplassen.
Som vi ser her, må sonen Erlend gni seg i augene. Han trur vel knapt det han ser far og trenar i Brattvåg IL har på seg.


PS! hanoherre.blogspot.com understrekar at "pokalen" han elles held i handa ikkje er premie levert av oss. Det såg berre så tøft ut med ein slik pokal i tillegg, meinte vinnaren ;)

Cupen i påska!

Lars har sendt ut melding i Fjesboka og minner om påmelding til PÅskecupen. Den er altså onsdag 20. april i Nordøyhallen. Påmeldingsfristen er 16. april, men hiv deg med så fort som råd. Det gjer det enklare for komitéen å orge på eit tidleg tidspunkt :) Her er fjesbokadressa til Påskecupen

søndag 3. april 2011

Keeperen:


Namn: Pål Forr Austnes
Alder:
16 (bli 18 neste år)
Sivilstatus: Singel
Yrke: Utdanna sej innan elektro
Favorittklubb: Liverpool
Posisjon: Keeper
Tidligare klubbar: -
Beste medspelar: LP. Finn du inga løysing, gi han ballen.
Verste medspelar: Tore Johan Hellevik Gjerde. Han he innstillinga: “ej skal drible minst 2 stykke før ej gi frå mej balln!”
Artigaste medspelar:
Daniel Grebstad!
Verste motspelar:
Blank.
Likar å ha på brødskiva:
Leverpostei å makrell i tomat.
likar å ha i glaset: Føretrekke mjølk.
Verste fotballminne: Tape 23-0 mot Herd
Artigaste fotballminne: Tape 23-0 mot Herd
Beste fotballminne: Tape (berre) 23-0 mot Herd. (Småjentelaget på den tida hadde tapt ein kamp 24-0
Mål for sesongen: Bli en trygg keeper for HaNo.
Noko du ellers vil seie:
-

Neste veke

Vi trenar som vanleg mandag 2015 i NH. Det blir ei litt roligere økt sidan det er kamp mot Ravn dagen etter. Kampen mot Ravn går på Ravn KGB tirsdag 1830. Avreise frå øya 1635, oppmøte 1730. Onsdag trenar vi i NH kl 1715. Fredagsøkta går ut denne veka pga at hallen er utleigd men laurdag blir det kamp i hallen mot Harøy og kansje Lepsøy (har ikkje fått endelig svar frå lepsøy enda). Dersom vi har nok folk stiller vi med 2 hanolag og kjører ei lita turnering med 4 lag. Dei som vil vere med gir beskjed om dette på treninga i morgon eller sender Joakim ei melding.

Vel møtt til ei god treningsveke!

fredag 1. april 2011

Studenten:

Namn: Daniel Lødøen Grebstad
Alder:
30
Sivilstatus: singel
Yrke: Profesjonell student
Favorittklubb: HaNo
Posisjon:
Sentral benk og Venstre midt
Tidlegare klubbar: Ikornnes Lillegutt
Beste medspelar: Joakim Austnes
Verste medspelar: Det får dei slåst om
Artigaste medspelar:
Det får dei krangle om
Verste motspelar:
Likar å ha på brødskiva:
speilegg
likar å ha i glaset: Appelsinjus eller melk som eg kan huske.
Verste fotballminne: Det var første trening på HaNo etter eit fotballopphald på 15 år. Fotball ser så enkelt ut på TV og det er atpåtil dei øverste divisjonane med den mest avanserte fotballspelinga. Eg trudda at det skulle bli dritlett å trene i 5. Divisjon, men eg vart berre sliten, forvirra og skada. Det må vel gi seg etter kvart.
Artigaste fotballminne: Ein innendørs fotballcup i Sykkylven. Eg stod på midtbana og prøvde å dempe ein ball som ein motspelar prøvde å skyte forbi meg. Dempinga gikk skeis. Ballen spratt kraftig tilbake og gikk i mål via tverrliggeren. Den kampen vann vi 1 - 0. Det var mitt første mål på ein kamp og mamma kjøpte meg den Iron Maiden plakaten eg ynskte meg.
Beste fotballminne:
Mål for sesongen: Drible betre og skyte betre og………………
Noko du ellers vil seie:
Nei


Vegard også til Norborg


Det har lagt i korta ei lita stund, men i går blei det klart rett før overgangsfristen i Norge gjekk ut. Vegard har takka ja til Norborg sitt tilbod, og har skrive under for oransjetrøyene ut 2012-sesongen.


- Eit vanskeleg val, seier Vegard, men han kunne ikkje seie nei då Norborg tilbydde treningsklede, kilometergodtgjerdsle, samt at han kunne bli henta med båt frå STX til treningar som passa dårleg med ferjene.


HaNo FK ser at nok ein spelar går tapt. Både SUS, styret og andre i HaNo har gjort det dei kunne siste vekene for å behalde den spelande assistenttrenaren, men vi kan ikkje anna enn å ønske Vegard lykke til.