onsdag 14. oktober 2009

Spelarmøte/bowlingidé

I morgon tar vi økta slik:
Trening Rogne 1700-1840
Dusj Nordøy
Spelarmøte i garderoba kl 1900-1930

Kjem til å fortelje litt om kva eg syns om dei siste kampane, samt om sportslige ting framover. I tillegg sa eg på trening i går at det blir sosial tur heilt til Brattvåg måndag 19.okt etter treninga. Men då var det visst opptatt, skreiv dei i ein kontra-epost i kveld. Så då kjem eg til å spørje kva for ein dag som passar best av fredag 23.okt eller tysdag 27.okt for dette formålet (etter trening på Austnes).

Kampen på laurdag går klokka 13, MSIL var ikkje interessert i å spele på eit tidspunkt som passa med ferjene. Så kjem difor også til å lufte idéen om ein felles brønsj kl 11 på Nordøy. Like greitt å møtest i staden for å gå heime og sullje.

Ingen kommentarer: