fredag 30. juli 2010

Første fellesøkt måndag!

Då er (fotball)ferien straks over, og første seriekamp nærmar seg. Den er onsdag 11.august borte mot Harøy. Femte strake bortekamp går berre tre dagar etterpå, borte mot Stranda2. Det vil bety at vi må nesten begynne å strekke på beina litt i meir enn sommarmodus.

Aktivitetskalenderen ser slik ut dei nærmaste par vekene (vil sikkert kome nokre endringar på tidene, men dagane er ganske så snikra).

(Fredag 30.juli sommartrening kl 1715 på Austnes)
Mån 2. Tren 1850-2030 Nordøy
Ons 4. Tren 1715-1855 Austnes
Fre 6. Tren 1750-1930 Nordøy
Laur 7. Tren 1100-1230 Nordøy (Denne er "frivillig", for dei som vil ha ei ekstra økt)
Mån 9. Tren 1750-1930 Austnes
Ons 11. Harøy 1830 Harøy
Fre 13. Tren 1750-1930 Nordøy
Laur 14. Stranda2 1300 Str kgb

På øktene frå og med måndag håper vi på kanonoppmøte, at du gjer det du kan for å vere på plass, klar til innsats! Må eventuelt få melding om du ikkje kan kome på trening.

mandag 26. juli 2010

Jonas mest stjerner i vår

Det er delt ut stjerner (3-2-1) i seriekampane i år også. Jonas leiar den statitstikken før dei 9 siste haustkampane.

Jonas Longva 12
Michael Austnes 8
Vegard Halkjelsvik 8
Demir Haram 6
Cato Longva 6
Per Kristian Klokk 6
Åge Flem Ulla 5
Odd Einar Molnes 5
Henrik Åkre 4
Asgeir Nogva 4
Lars Petter Haram 3
Stig Erik Nogva 2
Sindre Longva 1
Kenneth Ulla 1
Lars Åkre 1

Same prosedyre- trening i dag 2015

Det er oppsett dugnad kvar dag denne veka her, og på HaNo-sida oppmodar ein om at ein stiller på ein eller fleire av desse. Sommartreninga i kveld går i alle fall kl 2015 på Austnes, ikkje på Nordøy.

søndag 18. juli 2010

Treninga måndag etter dugnad-PÅ AUSTNES

Som det står på HaNo-sida, er det dugnad på Nordøyhallen kl 1730-20, så då passar det best med trening kl 2015 akkurat på måndag. Treninga går også på Austnes, ikkje på Nordøy slik det eigentleg er på måndagar.

torsdag 8. juli 2010

Minutt på bana


Interessant ved vårslutt er og sjå på ulike statistikkar. 26 mann har vore på bana i seriekampar. Kaptein og husbyggar Pikks har vore på bana i samtlige minutt hittil. Vegard følgjer bak. Michael og Cato kjem deretter, som også forøvrig har stått over henholdsvis 1 og 2 kampar.

Per Kristian Klokk 1080
Vegard Halkjelsvik 955
Michael Austnes 940
Cato Longva 897
Lars Petter Haram 877
Demir Haram 820
Henrik Åkre 785
Asgeir Nogva 775
Åge Flem Ulla 690
Odd Einar Molnes 685
Kenneth Ulla 635
Jonas Longva 510
Preben Lorgen 390
Lars Åkre 330
Kristian Kalvøy 320
Sindre Longva 295
Per J Fjørtoft 190
Stig Frode Longva 175
Kenneth Hansen 165
Stig Erik Nogva 75
Kent Inge Klokk 75
Dag Peter Olsen 60
Audun Steen 60
Øyvind Risan 45
Erlend Hagen 38
Steven Haram 30

Målskårarar i vårsesongen

Cato Longva 8
Kenneth Ulla 4
Lars Petter Haram 4
Michael Austnes 3
Stig Erik Nogva 1
Asgeir Nogva 1
Åge Flem Ulla 1
Odd Einar Molnes 1
Vegard Halkjelsvik 1
Stig Frode Longva 1
Kent Inge Klokk 1
Preben Lorgen 1

Kent Inge colaboksvinnar!

Kent Inge vann VM-tippekonkurransen her i bloggen. Han tente godt på at han var den einaste som leverte i runde 3:) Men han vann altså premien som var ei colaboks, og den får han utlevert på ei eller anna treningdu dukkar opp på:)

Kent Inge K 18
Åge FU 15
Stian L 12
Odd Einar M 10
Lars U 7
Cato L 6
Kenneth U 4

Når det gjeld konkurransar og premiar, så kjem eg på at Sondre vann den høgst dramatiske julekalender-quizen her i bloggen. Premien der var eit hanskepar, type trening. Det er eg no på febrilsk leiting etter:) Synd Sondre ikkje har fått den før i dag, då han reiste på fjellvandring i Romsdalen ei åtte-dage.

tirsdag 6. juli 2010

Odd E, Preben og Cato junitrottigast

Juni/juli-treningane som var før helga er med på å telle på den "offisielle" treningsframmøtestatistikken for sesongen (sommartreningane tel ikkje med). 35 mann innom desse 9 treningane. Ingen var på alle. Snitt på 16,7, som er årsbeste. Ikkje utypisk, då mange studentar er heime for eksempel.

Desse 18 var på over halvparten av treningane:

Odd Einar Molnes 8
Cato Longva 8
Preben Lorgen 8
Åge Flem Ulla 7
Steven Saure 7
Michael Austnes 6
Kristian Kalvøy 6
Demir Haram 6
Jonas Longva 6
Lars Petter Haram 6
Daniel Grebstad 6
Audun Steen 6
Erlend Hagen 6
Lars Åkre 5
Per Kristian Klokk 5
Vegard Halkjelsvik 5
Sindre Longva 5
Olve Steen 5

Sommartreningane i gang!

Preben melde rom 9 mann på trening i går måndag. 5 av dei var forøvrig brødre:) Det å ha sommartreningar har nokre funksjonar:
- Ekstremt fine baner denne tida!
- Halde ved like forma når du likevel er heime i eit koseleg miljø;)
- Mange er heime heile denne perioden likevel

Desse treningane er for både herrelaget og gutelaget (og old boys for all del), så det er berre å kome! Trenarane har offisiell ferie no, så dei som møter opp arrangerer ein firkant i starten, og spelar den type fotball med mål som passar antallet som er der.

Måndagar kl 19 på Nordøy
Fredagar kl 1715 på Austnes

Vårsesongen over

Øyacup er unnagjort, det same er vårsesongen totalt sett for HaNo FK sitt herrelag. Med tre tap på tampen har det blitt litt fleire tap enn ønska, men mannskapmangel og marginar i mot er lov å legge litt av skulda på:)

Øyacupen var grei: Med mange nye fjes greidde vi 1-1 mot Harøy, og tapte 1-2 mot finalist Fjørtoft. Med uavgjort her hadde vi kunne spelt finale. Jumbofinalen blei vår svakaste kamp, og "Lollo" frå tribuneplass ville ikkje ha skulda for straffeskyttaroppdragelsen mellom sonane. - Det får han Ola ta, støtta søster Julie i den:)

Harøy avslutta vårsesongen i 5. div avd 1 med 12-0 siger over Stranda2 i går kveld. Harøy IL heng med i toppen, men er bekymra for fråfall i haust. Då hjelp det i alle fall på at John Andreas Husøy gjorde seriecomeback for Harøy.

lørdag 3. juli 2010

Emblem slo Stordal

Stordal-Emblem enda 1-4, der heimesida stordal.nu rosar det unge Emblem-laget. Verdt å merke seg er at det var linjemenn også i denne kampen.

MSIL leiar, men har då no fått besøk av Emblem nedom seg (4 p. bak). Hessa og Harøy jaktar bak dei igjen. Ravn (15 p), HaNo (15 p.) og Stordal (14 p.) må berre finne seg i å ligge i midtsjiktet. Harøy og Stranda2 spelar seriekamp måndag, framskoten frå haustsesongen. Litt merkeleg at Harøy spelar seriekamp dagen etter Øyacup, men dei satsar nok på at Stranda2 også er noko svekka inn mot ferien.

To nye jubilantar

Mot MSIL spelte Vegard sin kamp nummer 100, og Preben feira 50-kampsjubileum mot Stordal. Dermed føyer dei seg inn i rekka av pokalmottakarar i oktober. Frå før i år har Odd Einar (150), Cato og Stig Erik (100) og Demir og Åge (50) jubilert. Michael manglar 1 på 150, Per Kristian treng 3 til for 250, medan Kris treng 5 til for å passere 50.

torsdag 1. juli 2010

VM-tipping Runde 3: Siste runde

Skal legge ut stillinga litt seinare, men må berre hive ut siste runde, sidan den startar i morgon kl 16. Her er kampane, og du tippar med 5 halvgarderingar! Send inn til molneod@hotmail.com

Det blir ikkje akkurat berre VM dette her, men ein del Tippeliga og lokalt også!

1 Fredag 02.jul VM Nederland - Brasil
2 Fredag 02.jul VM Uruguay - Ghana
3 Laurdag 02.jul VM Argentina -Tyskland
4 Laurdag 02.jul VM Paraguay - Spania
5 Laurdag 02.jul Øyac. HaNo-Harøy
6 Laurdag 02.jul Øyac. HaNo- Fjørtoft
7 Søndag 03.jul TL Viking-Odd
8 Søndag 03.jul TL Tromsø-Aalesund
9 Søndag 03.jul TL Hønefoss-Godset
10 Søndag 03.jul TL Kongsvinger-Brann
11 Søndag 03.jul TL Lillestrøm-Vålerenga
12 Søndag 03.jul TL Haugesund-Start

MSIL med luke

MSIL-Giske 10-0
Hessa-Harøy 6-2
Stranda2-Aksla 8-2

Stranda2 med solid siger over Aksla. Kato Vangen med 4 mål. Like mange skåra Marius Brækkan for MSIL mot Giske. Harøy leia faktisk 2-0 over Hessa før dei vakna, og revansjerte 8-1 tapet på Harøya i april. Dette fører til at MSIL har ei luke på 6 poeng før sommarferien.

Øyacup-litt info

Vi reiser med hurtigbåten kl 1120 på laurdag, og buss ventar på Harøya. Her ventar ein bussbillett på ca 20 kroner.
Dersom ein vil disponere bil på øya, går det an å reise kl 0935 frå Austnes, og avgang 1040 frå Brattvåg, 1115 på Harøya.

Heile kampoppsettet finn du her. Vi spelar kl 15 mot Harøy, og kl 18 mot Fjørtoft. Innlosjering på MC-huset, som ligg ca 1 km frå bana.

Hurtigbåtruta Ferje Rute 21 Ferje Rute 22

Pr onsdag kveld har eg fått eit sikkert ja frå desse 13:
Sindre Longva, Eivind Fugledal, Demir Haram, Lars Åkre, Odd Einar Molnes, Vegard Halkjelsvik, Cato Longva, Steven Haram, Øyvind Risan, Preben Lorgen, Erlend Hagen, Vebjørn Steen, Kristoffer Raoul Fiksdal.

Fleire er i tenkjeboksa, og trenaren ser for seg ein 3-6 signeringar til før helga:)