tirsdag 27. oktober 2009

Kent Inge takla presset- og vann!

Ikkje berre var Kent Inge sjølvutnemd favoritt- Han takla presset, og let Cato "Toaren" Longva henge med ei stund, og så rykte han frå i runde 8 og ut. - Eg vil gjerne takke familien min, seier Kent Inge i ein kommentar til hanoherre.blogspot.com. Ingen tvil om at "snille" onkel Kent Inge sine bowlingrundar med Markus har lønt seg. Så då veit du det, Markus, det har ikkje vore for din del at Kent har dratt deg med eit utal gongar dei siste åra;)

Bloggen gratulerer, og diplom vert nok utdelt på treninga torsdag.

Her skaffar han seg biletprov på resultatlista på skjermen. 139 poeng i finalen. Toaren Longva med 136 fekk sølv, medan Jan Egil kapra bronsen. Etter runde 1, såg lista slik ut. Ingen tvil om at det var rett folk på finalebordet, ikkje sant Frode?!?!


Kven som fekk 4. og 5. plass hugsar eg rett og slett ikkje... Men her er finalebordet. Mykje kvalitet her, må eg seie.





3 kommentarer:

jan egil sa...

Skuffelsen over å ha blitt slått ta dissa to "bowlingproffane" he faktisk vør so stor at ej he hatt store problem me å få søve i natt....
He gått gjennom finalerundå fleire gonga i haudet for å finne ut ka so gjekk gale....Å konklusjonen ej he komt fram til e: Dei hadde dritflaks, ej hadde marginane imot mej! :)

Cato sa...

Jaja, sånn går no dagan

Unknown sa...

En strike eller spare e flaks... Men når det bli so jamn og fin speling so kan ikkje det kallast flaks.
Men han Cato kjøm til å bli en farlig mann på bowlingbanå om han lære sej å holde nervane i sjakk når det tetta sej til på slutten. Men det kjøm vel me aldern!