fredag 9. oktober 2009

Aktivitetsplan ut sesongen

Eg har sett opp ein aktivitetsplan for denne siste månaden av sesongen. Dette er eit utgangspunkt, og det blir sikkert endringar, spesielt med tanke på tidspunkt og bane. Meir her, og den ligg no under favorittar på høgresida her.



Hugs å gi beskjed i god tid dersom ikkje noko passar. Slik kan eg tilpasse det slik at flest mogleg blir med på øktene. Frå og med søndag skal vi med andre ord møtast nøyaktig annakvar dag, og håper alle gjer det dei kan for å møte på samtlige økter. Det vil seie til dømes å planlegge skulearbeid godt, slik at vi har alle spelarane på kvar økt framover.
Lett og seie for meg sjølvsagt, men ei oppmoding likevel, sidan det er att desse 4 vekene av sesongen;)

Ingen kommentarer: