torsdag 31. mars 2011

Rett skal vere rett

I går på trening kom Dag Peter å va heilt i frå seg. Han va uening i at han hadde bære møtt opp på 4 av 21 treninga i Februar/Mars. Ette nøye gjøngåing i mine oppmøteliste papir, så vise det seg at Dag Peter he heilt rett! Det riktige antallet e visst 5 treninga! Rett skal vere rett ;)

Neste treningskamp

Tirsdag 05.04.11

Motstander: Ravn

Bane: Ravn KGB

Tid: Kampstart 18:30

Ferge: Avreise 16:35 Heimat 21:20

Kampstart blei 18:30 pga bane va ikkje ledig før då.

onsdag 30. mars 2011

Treningsframmøte Februar/Mars

Sia 02. Februar he oss hatt 21 treninga og 5 treningskampa. Her kjøm ei oversikt over treningsframmøte frå 02. Feb. til 28. Mars. Verdt å merke seg e at Kristian Kalvøy he faktisk fleire treningskampa enn treninga!;) Dag Peter kjøm hakk i hæl me 4 treninga å 4 kampa:)
Lars Petter med sine 2 treninga å 2 kampa bør vel også nemnast! Veldig bra ta topp 5 på listå..dei he oppmøte på over 80 % ! Oss he ei trening igjen i dag..kanskje kan Mikke og Per Olav ta igjen Sindre som he 20 av 21 oppmøte? Svaret fr oss på trening kl 17.30 :)

Trening: Oppmøte i %: Kamp: Oppmøte i %:
1. Sindre 20 95 4 80
2. Per Olav 19 90 3 60
3. Mikke 19 90 5 100
4. Pål 18 86 4 80
4. Sigvard 18 86 4 80
4. Vegard 18 86 5 100
5. Mads 17 81 5 100
6. Mert 16 76 4 80
6. Olve 16 76 5 100
7. Piks 14 67 5 100
7. Daniel 14 67 5 100
8. Demir 13 62 5 100
8. Lars 13 62 4 80
9. Odd Einar 11 52 4 80
10. Per Jarle 10 48 1 20
10. Thomas 10 48 3 60
10. Eivind 10 48 4 80
11. Robin 6 29 2 40
11. Kenneth 6 29 0 0
12. Joakim 5 24 3 60
13. Dag Peter 4 19 4 80
14. Ivar 3 14 0 0
14. Kristian 3 14 4 80
15. Lars Petter 2 10 2 40

tirsdag 29. mars 2011

Kyrkjeorganisten på laget:

Namn: Olve Sigurd Steen
Alder:
 16
Sivilstatus: 
Singel
Yrke: 
Vikarierende kyrkjeorganist
Favorittklubb:
Aafk
Posisjon: 
Høgre back/kant
Tidlegare klubbar:
 HaNo
Beste medspelar: 
Robin Vindsnes Haram
Verste medspelar:
Tore Johan Hellevik Gjerde
Artigaste medspelar: 
Tomas Johansen Urke
Verste motspelar: Even Vestavik
Likar å ha på brødskiva:
Fårepølse
likar å ha i glaset: 
Tine Ekstra lett Melk
Verste fotballminne:
Smågutt, brattvåg, borte (tap)
Artigaste fotballminne:
2011 treningskamp mot Lepsøy, Nordøyhallen
Beste fotballminne:
  2010 Gutt, Rollon, hjemme (8-3)
Mål for sesongen: Lære den nettopp utdelte posisjonen høgre back
Noko du ellers vil seie? Kjempe glad for at Joakim Austnes ville ha oss som trener

mandag 28. mars 2011

Treningskamper framover

Tirsdag 05.04.11 , Treningskamp mot Ravn på Ravn KGB
Tid : Ikkje bekrefta, men satsa på avreise 16.35 å heimat 20.10 ferge

Laurdag 09.04.11, Treningskamp mot Harøy i NH.
Tid : Ikkje bekrefta

Tirsdag 12.04.11, Treningskamp mot Aksla på Ratvika KGB
Tid: 18.30


Ein månad til seriestart

Spelande ass.trenar Lars i 2010 mot Emblem. Bylaget forsterka sitt favorittkandidatur med god kamp mot Kolstad i Tyrkia.


  • I dag er det nøyaktig ein månad att til seriestart i 5. divisjon avdeling 3. Vi feirar det med å trene i dag kl 2015 i NH, samt spele to 11-arkampar og ein 9-arkamp mot Harøy no før påske.


  • Emblem finpussar på opprykksambisjonane i Tyrkia ein månad før seriestart. I siste økt spelte dei mot Kolstad, som spelte i 2. divisjon i fjor. Kampen var jamspelt, og enda med 3-2 til trønderane rett før slutt, ifølge outzide.com. Eit meget sterkt resultat av Emblem.


  • Skodje tok også ein bra skalp før helga. Trass i Blindheim-leiing på Skøye-kunstgraset, snudde heimelaget til ein bra 6-4 siger. Skodje har også Bjørnar Aure (korsbandskade) på veg tilbake på bana.


  • Ørskog blir også å rekne med i toppen. Ein grei sesong i 4. div i fjor. Slo Aksla 5-1 i treningskamp for noko sida tyder godt. Dei skulle eigentleg møte same laget i kveld, men den er i følge murerane.com avlyst pga snø.


  • stordal.nu er ei sårt sakna nettside. I følge skodjebloggen er a-laget på veg til Nederland på treningsleir, og dei som oss andre er spent på kva dei har å by til årets sesong. Av andre kollegaer i divisjonen er det relativt stille om ein gløttar på kampaktivitet og nettsidene deira. På Ellingsøy si nettside kan vi frette at grasrotandel-medlemmar minkar, og at dei møter Vigra på onsdag :)


  • HaNo sine to første mortstandarar, Norborg2 og Brattvåg2, spelar vel få eller ingen treningskampar, men spesielt Norborg har ein jamn tropp på 25 mann. Dvs at dei vi møter til seriestart om ein månad nok er meget matchfit og gira på å spele på førstelaget i 1. divisjon.

søndag 27. mars 2011

Møter Harøy 9. april

HaNo og Harøy møttest i januar i IP-Huse-hallen. Harøy vann 14-11. No er det på tide at Harøy får teste ut Nordøyhallen, og vi møtest til kamp laurdag om to veker, 9. april. Dersom laga greier å stable nok folk på beina, kan det bli aktuelt med to lag kvar, og vi køyrer ei miniturnering, men viss ikkje spelar vi nok ein 9-arkamp som sist. Dei andre kampane (Ravn og Aksla) som er rett forut er endra datoar på. Joakim skriv sikkert inn korleis det ligg an der med det første.

Eivind nestemann!

Namn: Eivind Fugledal
Alder:
17 (18 3.mai)
Sivilstatus:
Singel
Yrke: TAF elev på HVS, utplassert på Rolls Royce Longva
Favorittklubb: Manchester United
Posisjon: Høgre back
Tidlegare klubbar: Ingen
Beste medspelar: Kenneth U
Verste medspelar: PÅL :)
Artigaste medspelar: Michael
Verste motspelar: Demir
Likar å ha på brødskiva: Jordbærsylte å kvitost
Likar å ha i glaset: Melk
Verste fotballminne: Tapet mot Barca i CL finalen
Artigaste fotballminne: Kamp på gutelaget mot Harøy, som enda som gjørmebad. Kampen endte 5-5.
Beste fotballminne: United sin treble sesong i 99
Mål for sesongen: Holde mej nokkenlunde skadefri!
Noko ellers du vil seie? "Dersom valget hadde stått mellom å score mot Liverpool fra 40 meter på Anfield eller ligge med Miss World, ville valget være vanskelig. Heldigvis har jeg gjort begge deler." - George Best

fredag 25. mars 2011

Førstemann ut!


Då var det klart for å legge ut spelarprofilar! Og førstemann ut er sjefen sjøl! I slutten av januar tok Joakim på seg ansvaret som trenar for HaNo sitt herrelag, noko som er svært positivt!
Lurar du på kva han likar å ha på brødskiva? Då må du lese vidare!


Namn: Joakim Austnes
Alder: 28
Sivilstatus: Samboer
Yrke:
Student hausten 2011
Favorittklubb:
Arsenal
Posisjon:
Spiss, kant og midtbane
Tidlegare klubbar:
Aafk og Viking
Beste medspelar:
Hekje spelt lame han endå...
Verste medspelar:
En kar so heitte Kabba Samura so va innom Aafk. Sytebukk å egoist.
Artigaste medspelar:
Sønst vel egentla han Daniel Grebstad e morsom. Virka som om han altid e litt forvirra ;)
Verste motspelar:
Vidar Nogva
Likar å ha på brødskiva: Mør, ost, skinke, makrell i tomat, egg og kaviar e vel favorittane
Likar å ha i glaset:
Vatn og melk
Verste fotballminne: Nedrykk og skader.
Artigaste fotballminne:
Opprykket til tippeligaen med aafk i 2002
Beste fotballminne: 3. Plass i u-21 turnering i Qatar. Oss vann 1.4 million for plasseringa
Mål for sesongen:
Håpe å få spelt litt fotball uten å slite for mykje med skader.
Noko ellers du vil seie?
Takk til alle så he stått på i timesvis for at Nordøyhallen he blitt til!

torsdag 24. mars 2011

Spelarprofilar 2011

Har du endå ikkje sendt inn din spelarprofil til Vegard?! Då er det på tide, for i morgon startar offentleggjeringa av dei her på hanoherre.blogspot.com. Daniel (biletet) er mellom anna i sluttfasen av sin profil. Han slit litt med "morsomaste medspelar" einaste, og hadde i går på ferja likegodt ein audition for å fylle ut denne posten :) Han foreslo at alle rundt ferjebordet på Kvam skulle dra ein vits, men eg trur vi nærma oss Austnes for kjapt til at han greidde å finne det ut. Om ein ikkje greier å fylle ut alle spørsmåla, så får det berre la gå. Det kjekkaste er at vi har ein kort presentasjon av spelarane her i bloggen :) Her er link til alle spelarprofilane 2011 Joakim Austnes Eivind Fugledal

Aktivitetsleiarkurs 2.-3. april

Nordøyhallen, her i bruk av Mert, er arena for kurset, pluss litt i klasserom på skulen.

Som tidligare sagt på trening, og omtale på HaNo-sida, så er det aktivitetsleiarkurs i Nordøyhallen neste helg.

Oppdatert:Vegard, Robin, Pål, Sindre, Mads og Eivind er påmeldt frå herrelaget, men vi kan godt tenkje oss fleire :)

Viss du kan tenkje deg å vere med på det, så er det berre å ta kontakt med Odd Einar. Epost: leiar@hanofk.no, eller tlf 90 88 66 99.

Plakat

Litt meir på hanofk.no

onsdag 23. mars 2011

Siger mot Vigra

Hano tok årets første siger på utebane i år da Vigra vart slått 3-1. Joakim, Lars Petter og Lars stod for måla som alle kom i 2 omgong. Årsbeste av HaNo der mange gjorde ein framifrå innsats! Meir kjem.

tirsdag 22. mars 2011

Åge til Rollon

Åge Flem Ulla har ikkje vore mykje og sett på herretrening siste månadane. Det skuldast at han har trena saman med Rollon. 4. divisjonsklubben har likevel ikkje signert Åge endeleg før forrige veke.

Ulla-guten står førebels med 60 kampar for HaNo. I fjor skåra han 2 seriemål, sanka flest stjerner på stjernebørsen, og var nominert til årets spelar.

Vi ønskjer Åge lykke til i Rollon, og Åge skal vite at døra er vidopen til å kome tilbake til moderklubben når som helst :)

Møter Vigra onsdag

HaNo spelar årets fjerde treningskamp borte mot Vigra på Valdervoll i morgon onsdag kl 19. Vigra datt ned frå 4. til 5. divisjon før denne sesongen her, men er ikkje i HaNo-avdelinga. Spelande trenar Erlend Holm har gitt seg som trenar, men skal etter det vi forstår framleis spele for Vigra. Faren hans, Arild Holm, er no trenar for laget. Men Holm senior er ikkje like trottig som sonen og oppdatere Vigra si heimeside, som har blitt ribba for herrelagsinfo.
Dei har gjort det brukbart så langt: Slått Godøy klart, og vann b-sluttspelet i Hareid Group Vintercup. Slo mellom anna Gursken/Larsnes B i finalen der i helga, samt Åheim i semifinalen.

HaNo då? Vi har tapt mot Norborg, Tomrefjord og Aspøy så langt. Innandørs og 9-arfotball har gitt tap mot Harøy i januar og siger mot Lepsøy i februar. Om det hadde vore odds på kampen i morgon, ville nok den ha bikka kraftig i Vigra sin favør. Men vi trenar godt om dagen, og skal nok lære oss mykje i morgon også. Vi må nok likevel opp eit hakk eller tre på INNSATS, føler no eg. Ikkje at den har vore dårleg i det siste, men etter rykta frå Tomrefjord-kampen, så må viljen meir opp :)

Lars Petter skal vere med, medan Per Jarle ikkje er klar pga ryggskade. Elles blir vel dei fleste med. Per Kristian bestod den medisinske testen kl 22.55 etter treninga i går, og verka uforskamma frisk. – Einaste var då eg skulle skyte det hardaste eg greidde, uttalte han etter Vegard si eine skottreningsøkt.

mandag 21. mars 2011

Trening i NH kl 21, bytreninga utgår

Etter kontakt med Vegard og Joakim nettopp, viser det seg at Aafk-Fredrikstad kl 19 (på ColorLine og Tv2 Zebra) gir følgjande konsekvensar for oss i kveld:

- Bytreninga blir avlyst.
- Treninga i Nordøyhallen går kl 21 i staden for kl 2015.

Eg sender også ut sms no, men det er ikkje sikkert eg når alle saman, så send gjerne meldinga vidare til nokon du kjenner som kanskje hadde tenkt seg avgårde :)

fredag 18. mars 2011

Kjekt med hall, gitt!

Sjølv dei som har splitter nye kunstgrasbaner slit med å bruke dei store delar av vinteren. Vi har no fått opp hallen vår, og brukt den i ein månads tid. Her er nokre bilete frå onsdagsøkta, der det var oppvarming før turnering mellom.. Ja, kva enda det med... Galatasaray, Leeds United og Manchester City..?

No er det ny økt i kveld 1830, før måndagstrening og deretter match mot Vigra på Valdervoll onsdag kl 19.

Mert med siste økt før avreise til Polen/Tyskland. God tur!

Kenneth og Olve er både jamaldra og jamnhøg. Sånn heilt plutselig.

Joakim og Pål i samtale under oppvarminga.


Sigvard har med ball på oppvarminga rundt i hallen. Ei runde som tek litt lenger tid enn å varme opp ei runde rundt gymsalen. Nåkken som sakna gymsalen, sa du...? ;)











onsdag 16. mars 2011

Div smånytt: Borgan Harøy-trenar

Etter ein trå start for Harøy IL på treningsfronten i år, har midtbanestrateg Rolf Borgan tatt over Harøy-skuta. Rørvikingen har spelt for HIL sidan han kom til øya på 90-talet, med ei god pause midt i. Borgan hadde i lag med mellom andre Morten Håheim eit godt comeback i fjor under leiing av Jan Vatnehol. No skal Borgan leie laget, som i likheit med oss har mista ein del spelarar sidan i fjor. Men mykje tyder på at Harøy blir eit godt juni/juli og august-lag, der ein kan nytte fleire heimvendte studentar. Også HIL kjem til å bruke mange unge spelarar i år.

Treningskampar med involverte frå vår avdeling i det siste:
HaNo-Tomrefjord 1-5 (ref på HaNo-sida som vanleg)
Emblem-Åndalsnes 1-1
Norborg-Ørskog 6-2

Odds-selskapet Nordicbet har med dei siste resultata justert litt på oddssettinga si for vår avdeling. Emblem har styrka sin posisjon som favoritt:

Emblem 2.75
Skodje 3.50
Ørskog 5.00
Ellingsøy 7.50
HaNo 7.50
Stordal 7.50
Brattvåg 2 8.00
Ravn 15.00
Harøy 20.00
Norborg 2 30.00
Lepsøy 75.00

PS! Den svarte hesten her må heilt klart vere Stordal. Ein glimrande haustsesong i fjor, har ikkje mista verken trenar Johansen eller spelarar. Dei skal visstnok vere styrka. Men kvar er dei?? Treningsleir i Syden? Oppladning på Overøye?? stordal.nu er totalt fråverande også, håper dei vaknar til liv snart. Sårt sakna på www i Sunnmørsfotballen :)

tirsdag 8. mars 2011

Framgang tross tap

Les meir om kampen på hanofk.no. No blir det trening onsdag og fredag til vanlig tid, før ny kamp førstkomande laurdag mot Tomrefjord i Uggedalen.

lørdag 5. mars 2011

Kamp mot Aspøy på mandag

Mandag tek oss turen til Ravn Stadion for å møte Aspøy til treningskamp. Avreise 1635 frå øya. Gi beskjed til Lars eller Jokke om du treng skyss fra byen. Kampstart 1845.

tirsdag 1. mars 2011

Husk trening onsdag!

Ny økt i hallen imorga kl 1730. Litt labert oppmøte dei siste onsdagane (13 mann sist) så håper enda fleire kan ta turen imorga. Jokke er fortsatt i Paris men han er tilbake til fredagens trening.

Vel møtt til trening!