tirsdag 29. september 2009

Send sms om dugnadsdag

Send ein sms til Odd Einar snarast råd om kva for ein dag du kan jobbe på. Send helst to dagar (ønske), slik at dei so skal sette opp listene får ein grei jobb. Det er også litt motstridande meldingar om det er ein eller to dagar det er snakk om denne første veka. 10.-16. oktober.
Søndag 11. (kamp) og tysdag (trening) og torsdag (trening) er ikkje aktuelt.
Meir om dugnaden her.

mandag 28. september 2009

Vaskedugnaden

På HaNo-sida står det meir info om dugnaden. I morgon tar eg med lista på trening. Då skal alle skrive på kva dagar som passar.

Innlegg frå Kretsen

Intet nytt, men her finn du alle detaljar rundt Playoff til 4. divisjon, nyleg publisert på Sunnmøre fotballkrets sine nettsider.

- Bambi på isen!


Etter å ha snakka med fleire tilskodarar i går, undra dei seg over kor mykje og mange gongar vi datt på bana i gårsdagens kamp.


Og etter ein kjapp kik på skotyet i garderoba, så har dei eit godt poeng. Eg veit at fotballsko ikkje er av det billigaste slaget alltid, men eg har ei oppmoding: Alle bør ha eit sett sko med skruknottar. Dersom de passar på desse skoa, så er det ei langtidsinvestering! Eg har hatt mine skruknottesko i 7-8 år no, og dei funkar framleis godt. Eg har brukt dei 5-10 gongar pr sesong.


Det kan vere skilnaden på 0, 1 og 3 poeng i fotballkampar folkens der det er så blautt som det var sist!!

Trening på grus

Vi trenar kl 1700-1845 i morgon tysdag på Austnes grus. Avreise kl 1850, og skal rekke dusj for dei som kjem frå byen. Trening fredag også, og vi bestemmer i morgon når den skal gå. Alternativa er ein fredag kveld, etter mitt syn, anten kl 1700 eller kl 1750.

Greitt å unngå trening onsdag denne veka her sidan eit par spelarar muligens er oppteken med damekampen Brattvåg-HaNo som går onsdag kveld i Brattvågen.

søndag 27. september 2009

5 lag klare

Det er noko teori som står att, men svært mykje tyder på at Gursken/Larsnes og Tjørvåg blir Playoff-laga frå avdeling 1. Gu/Lars knuste tabellnabo Åheim med 8-3 i helga, og har kun ei transportetappe borte mot Flø igjen. Tjørvåg møter Hasundgot, medan Hareid2-Bergsøy2 er ein annan duell som står att mellom topplaga i siste runde. Av ein eller annan grunn går ikkje desse avgjerande kampane samstundes.

Futsal- Innandørs KM

Innandørs-KM, eller Rica Parkett Cup, går for herre-senior av stabelen 7.-8. november. Vi må sjekke interessa for dette om ikkje lenge, sidan fristen er 10. oktober for påmelding. Verdt å merke seg at dette berre er helga etter siste Playoff-kamp, og same helg som cupfinalen i Oslo.

Bra jobba gutta!

Med 2-2 midtvegs i andre omgang og eit lite Ravn-overtak passa det oss godt med straffespark. Odd Arne Grande meinte at Knut Lied i Ravn-forsvaret drog kraftig i trøya på ein HaNo-spelar. Etter det målet datt vi ikkje bakpå, og Ravn slapp ikkje til med mange sjansane- Det er positivt. Også i perioden der Ravn hadde ballen mest i starten av kampen kom ikkje kvittrøyene til med for mange avslutningar på mål.

Så då har vi absolutt noko å spele for i siste seriekamp borte mot Ellingsøy neste helg. Ellingsøy fekk nok ein gong fordel av å møte eit 2.lag seint i sesongen. På Godøy si heimeside spør oppmann Støbakk "kvar er alle heltar hen?" og siktar til spelarar på Godøy2/Vigra2. Det stoppa på 1-12 til "bortelaget" i ein kamp som gjekk på Nes stadion på Ellingsøya. Dermed har EIL putta 21 mål dei to siste kampane mot andrelaga i avdelinga. Utgangspunktet blei då som venta, sidan vi vann i dag: Siger på Nes neste helg gir 33 poeng og avdelingssiger.

lørdag 26. september 2009

Tropp Ravn

Vi stiller med følgjande tropp:

Henrik, Kristian, Mikke, Kenneth, Vegard, Åge, LP, Cato, Asgeir, Stig Frode, Jan Egil, Pikks, Palle, Lars, Demir, Odd Einar.

Per Jarle og Kent Inge står over pga skader. Oppmøte kl 1345 på Nordøy Grendahus.

torsdag 24. september 2009

Tjørvåg og Stordal nærmare playoff

Etter nokre kampar i midtveka er Stordal og Tjørvåg eit steg nærmare kvalifiseringa. Les meir her

Stordal skal avslutte heime mot playoff-klare MSIL, som spelte "berre" 3-3 mot Aksla. Tjørvåg spelte 0-0 borte mot Bergsøy2, og er dermed klar for kvalik med siger i siste kamp. bergsøy2 er sannsynlegvis ute av dansen, og vinnaren av kampen GuLars-Åheim blir mest truleg nummer 2.

Desse er klare for Playoff: Ellingsøy, HaNo, MSIL.
Mitt tips er at Stordal, Tjørvåg og GuLars blir dei tre siste. Søndag 4. oktober har vi fasiten.

HaNo-kampar: referatoversyn

Kent Inge har laga til noko eg har sakna ei stund i menyen på HaNo-sida, nemlig knappen "kampreferat", som no kjem opp under "herrelaget". Flotte greier. Då går det an å søke lett på dei seriekampane vi har spelt i år. Sjå meir her

Adelskalenderen


Sidan Cato lurte på om adelskalenderen var å drive opp, så er den det. På årsmeldingane. Men ein oppdatert ein, med dei som har spelt i år, kan du sjå her:

Kenneth Ulla 723
Asgeir Nogva 443
Lars Petter Haram 407
Jan Egil Ulla 337
Stian Haram 288
Per J Fjørtoft 266
Per Kris Klokk 222
Lars Åkre 209
Odd Einar Molnes 139
Sondre Steen 136
Stig Frode Longva 127
Michael Austnes 124
Dag Peter Olsen 114
Ove Otterlei 106
Stig Erik Nogva 99
Cato Longva 88
Vegard Halkjelsvik 76
Jonas Longva 73
Kent Inge Klokk 63
Henrik Åkre 41
Vebjørn Steen 39
Øystein Bergheim 32
Demir Haram 32
Åge Flem Ulla 28
Kristian Kalvøy 25
Lasse Buch 16
Alexander Eide 15
Ole Lennart Vassbotn 6
Andreas Fjørtoft 2
Junior Da Silva 2


På biletet ser vi LP som har jubilert og bikka 400 kampar i år. Verd å merke seg er at Asgeir rekk å spele sin kamp nummer 450 om han spelar dei 7 resterande kampane i år!

Vi kan legge til nokre som fekk seg Øyacupkampar:
Richard Hansen 104
Preben Lorgen 45
Even Vestavik 43
Håkon Inge Haram 3
Erlend Coates 1
Magnus Buner 1

tirsdag 22. september 2009

Harøy med storsiger

Harøy held fram med godforma, og nedsabla G2/V2 8-3 på Harøy stadion i kveld. Harøy har no like mange poeng som Ravn, men langt svakare målforskjell. Harøy møter BIL2 heime og Giske borte i sine to siste kampar. Med siger her, og kanskje med HaNo-hjelp mot Ravn, så er tredjeplassen innan rekkevidde for laget frå den vakre øya.

No er tabellen slik i vår avdeling, der alle har spelt like mange kampar både heime og borte.
Nest siste runde er slik:

Laurdag 26.09.2009 15:00 Lepsøy - Giske
Søndag 27.09.2009 14:00 Godøy 2/Vigra 2 - Ellingsøy
Søndag 27.09.2009 14:45 HaNo - Ravn
Onsdag 30.09.2009 17:15 Harøy - Brattvåg 2

Lars m fleire Europameistarar!

Lars Åkre melder om stor suksess under Europacupen i Danmark. 8 lag, beståande av lag frå offshorereiarlag, kjempa om tittelen. Farstad Shipping kom til finalen i fjor, men den enda med tap.
- Det gjorde det ikkje i år, seier Lars i ein kommentar på sms tysdag kveld. - No drikk vi champagne av pokalen alle mann her! Han kunne dermed innkassere sigeren i lag med andre lokale innslag frå øyane. På vinnarlaget spelte også nemlig Henning Flem, Øyvind Åkre og Roy "Sjøbein" Standal. www.hanoherre.blogspot.com kan ikkje anna enn å gratulere, og håpe at Lars kjem ned på jorda att før fredagstreninga;)

mandag 21. september 2009

Treningane går på Austnes

Nordøybana er som sagt stengt, og vi har fått skvisa oss inn på Austnes i morgon. Gutelaget trenar kl 17, og blir på same bane første del, men det går greitt.
Også fredagstreninga (same tid som tysdag: 1750-1930) går på Austnes gras.

søndag 20. september 2009

Rundskue på Sunnmøre

Det går mot innspurt i dei fleste divisjonar og avdelingar. 3. div: Brattvåg vann på Godøya, der Harøy-trenar John Andreas Husøy nok ein gong kom på skåringslista. Disiplane hans vann samstundes med 1-2 på Lepsøya, der alle mål kom før pause. Johan Karlson og Arild Nielsen putta for HIL, melder haroyil.no.

I 5. div avdeling 2 sikra Skodje seg førebels ein 2.plass på tabellen etter sigeren borte mot Stranda 2. Bortetriumfferda deira vil ingen ende ta medan dei held på å bygg kunstgrasbane heime på Skodje. Stordal og Skodje vil dermed kjempe om den siste playoff-plassen i avdelinga bak playoffklare MSIL. Både Stordal og Skodje har 28 poeng, og Stordal har att Langevåg2 (b) og MSIL (h). Skodje spelar borte mot Sæbø og Emblem. Kanskje vil attståande kampar gjere Stordal til knapp favoritt?

Målfesten i avdeling 1 held fram. Gu/Lars vann 2-14 borte mot sisteplasserte Haddal. Dermed står det truleg mellom dei, Åheim og Tjørvåg. Bergsøy2 er også der oppe, men spørsmålet om dei kan rykke opp blei aktualisert i helga gjennom at Bergsøy tapte toppkampen i 4. divisjon mot Vigra.

Trening tysdag og fredag

Vi trenar ikkje måndag, onsdag og fredag som det står på planen, men slik:
Tysdag kl 1750-1930
Fredag kl 1750-1930

Kva bane må vi kome tilbake til. Nordøy er stengt for trening komande veke, og ein har lova å sette Rognebana i stand til treningar. Austnesbana er alternativet.

Søndag er det HaNo-Ravn kl 1430. Dommar i oppgjeret er Odd Arne Grande, Skodje.

Elles så har eg fått følgjande avbud til tysdagstreninga: "Hei, då blir ej vekke på tirsdag pga europacup spel i Danmark" Lars.

Jaja, då har eg fått det avbudet også... :)

lørdag 19. september 2009

Fantastiske supportarar


Her er eit bilete frå våre to aller største supportarar. Leif og Trygve følgjer oss i tjukt og i tynt. Slitarar!!

Kvaliken sikra- hugs datoane!

Ref på HaNo-sida.

Etter ein periodevis god førsteomgang og ein solid andreomgang tok vi i går helg med det i bakhovudet at Play-off-plassen er sikra. Då er delmålet i boks, og så får vi koste på mot Ravn og Ellingsøy, og sjå om det held til avdelingssiger også!

Minner atter ein gong om kvalifiseringskampdatoane. No når det er heilt sikkert at vi skal spele kamp desse dagane, så må vi få rydda vekk alle andre aktivitetar desse dagane.

Søn 11.okt
Laur 17.okt
Ons 21.okt
Søn 25.okt
Laur 31.okt

torsdag 17. september 2009

Tropp Giske

Desse stiller sine fjes og nykvessa føter mot Giske fredag:

Henrik, Kristian, Kenneth, Mikke, Vegard, Åge, Cato, LP, Asgeir, Jan Egil, Stig Frode, Per Jarle, Demir, Lars, Palle og Odd Einar.

Per Kristian er i Geiranger, og Kent Inge har ein kjempestrekk som ikkje gjer han spelbar til dette oppgjeret.

Bykarane ordnar seg sjølv med eit par bilar. Øykarane reiser med båt kl 1600 frå kaia på Austnes. Då er er det berre å førebu seg godt:)

Toarlaga ein vits

Det er ikkje min påstand, men ei utsegn på Ellingsøy IL sine heimesider. Og kanskje har dei eit aldri så lite poeng? BIL2 kom med 11 mann, inkludert ein utespelar i mål. Ein spekulerer i om ikkje gute- eller juniorlaget til Brattvåg kunne avsett ein mann eller to til oppgjeret. På ei anna side veit vi at når hausten går mot slutten, så har BIL1 i 3. divisjon, juniorlaget og gutelaget til BIL sine eigne kampar- mange i talet- om dagen. BIL har også eit Old-Boys lag, med rutinerte, gode fotballspelarar som f eks spelar kampar mot HaNo. Men trur ikkje dei tok turen til Ellingsøya;)

Noko ein kan konkludere med er i alle fall at oppsettet for vår del, der vi møter begge toarlaga heilt i starten av både vår- og haustsemesteret ikkje er mykje rettferdig. Både BIL2 og Go2/Vi2 har langt betre føresetnader å stille eit godt lag i starten av ein vår og haust, enn mot slutten.

Ellingsøy og Ravn med knusande siffer

5. div avd 3 onsdag:
Ellingsøy-Brattvåg2 9-2
Ravn- Godøy2/Vigra2 7-3.

Ellingsøy er dermed heilt klar for play-off, medan Ravn no er 4 poeng bak HaNo. EIL fiksa også godt på sin målskilnad med sjumålssigeren på Nes satdion i går. stordal.nu melder om viktig Tjørvåg-siger i avdeling 1 også. Gu/Lars heng også stadig med i toppen der.

Raud/grønt fotballag

Etter vår svært så uoffisielle måling å rekne, så gjorde Senterpartiet eit brakval mellom lesarane i bloggen her. Stemmene var slik under avstemminga på hanoherre.blogspot.com:

Ap 6 (20%)
SV 0 (0%)
Sp 9 (31%)
FrP 6 (20%)
H 3 (10%)
V 0 (0%)
KrF 0 (0%)
Andre 0 (0%)
Eg stemte ikkje 5 (17%)

tirsdag 15. september 2009

12.serierunde


Harøy og G2/V2 er einaste som ikkje har spelt 11 kampar no. Dei møtest i "hengekamp" på Harøy stadion 22.september. 12. serierunde blir spelt denne veka her. Eit av spenningsmomenta til fredagens kamp mot Giske er: Rekk Asgeir å ete pastaen sin i god nok tid før kampstart (1730)??
http://www.hanoherre.blogspot.com/ håper på fleksibel arbeidsgjevar som ser mellom fingrane når Askå leita fram tupperwaren med ferdigkokt pasta i 15-tida på kontoret fredag ettermiddag:)

Kampane er elles slik:

Onsdag 16.sept: Ellingsøy - Brattvåg 2
Onsdag 16.sept: Ravn - Godøy 2/Vigra 2
Fredag 18.sept: Giske - HaNo
Laurdag 19.sept: Lepsøy - Harøy

mandag 14. september 2009

Konstruktivt spelarmøte

Gode og konstruktive tilbakemedlingar er viktig med eit slikt spelarmøte- og det var det mykje av i dag. Også konkrete ting som eg var ute etter; som vi kan forbetre.

Og som Mikke oppsummerte (etter byarane reiste) : Hugs at vi har gjort ein god sesong til no! Vi ligg an til å kome mellom dei to beste med tre kampar att, og vi har gjort mykje bra som lag.

Takk for dei konkrete tilbakemeldingane på kva som fungerer, og det som kan betrast. Glimmers! No er det trening onsdag først, før vi reiser til Giske fredagskvelden og kjempar om poeng der.

HaNo Herrelag rundens lag!

Oi oi oi !!

HaNo herrelag, med Vegard, Lars og Odd Einar i spissen med sine 12 rette denne helga, blei kåra til Rundens Lag i tevlinga "PL Mesteren" på Norsk tipping sine sider. Jonas og Cato med 11 rette. Dermed utgjer vi rundens vennelag! Vi må berre få gratulere oss sjølv. Lars er i tillegg i støytet i samandraget i konkurransen: Han er på topp50-lista mellom dei fleire tusen deltakarane.

Hugs å stemme!!

Treninga i dag er klokka 1750. Men hugs å nytte røysteretten før den tid!!
For å lodde stemninga, så tenkte eg rett å undersøkje mellom lesarane av bloggen her. Kva for eit parti fekk di stemme? Og viss du ikkje stemte, så trykk på den også!

søndag 13. september 2009

MSIL første Play-off lag

Mauseidvåg & Solevåg (MSIL) er første lag som er sikra plass i kvalifiseringa i oktober. Dei har også vunne si avdeling, med 12 sigrar og ein uavgjort til no. Emblem og Stordal har snubla mykje i det siste, medan Skodje (med kun bortekampar i haust pga banebygging) har blanda seg i kampen om den andre play-off-plassen.

I avdeling 1 er Åheim og Tjørvåg først på tabellen, men ver obs på Gursken/Larsnes som lurer bak med god form og ein og to kampar mindre spelt enn dei to topplaga pr i dag.

Spelarmøte måndag

For at spelarane skal reflektere litt på førehand om saker og ting til spelarmøtet, så er mellom anna dette noko av det eg gjerne vil ha ei meining frå dåkkå om:

Innhaldet i treningane:
Kva fungerer godt under treningane?
Kva saknar du på treningane?
Kva kan trenaren forbetre under leiing av treningane?
Kva er trenaren flink til under leiing av treningane?
Kva kan spelarane bidra meir med på trening?

Innhaldet i kampane:
Kva fungerer godt under kampane?
Kva fungerer ikkje så bra under kampane?
Kva kan trenaren forbetre under leiing av kampane?(Før, under, etter)
Kva er trenaren flink til under leiing av kampane?(Før, under, etter)

Og ikkje minst: Kva meiner du bør vere hovudfokus å jobbe med dei tre siste vekene av serieseongen?

Tenk over desse, og sei meininga di på møtet måndag. Då blir spelarane delt inn i grupper på 3-4 spelarar pr gruppe. Møtet blir leia av dei tillitsvalde (Stig Frode og Michael).

lørdag 12. september 2009

Harøy-Ellingsøy 1-1

Harøy held fram med å spele uavgjort mot topplaga. EIL leia 0-1 til pause, men Stian Harnes gjorde som mot HaNo: Skåra i 2. omg i ein omgang Harøy dominerte. Begge lag kunne avgjort, seier rapportane, men det enda 1-1.

fredag 11. september 2009

Trening,spelarmøte og kamp neste veke

Med 10 og 11 mann på dei to treningane vi hadde denne veka skal vi forhåpentligvis auke talet med mange prosent neste veke. For fleire av spelarane i troppa kom kampfri godt med denne veka. Akillessar, lårstrekkar og ryggplager er berre noko av det som har tikka inn på mobilen min, samt jobb- og skuleforfall. Håper at alle planlegg godt med både jobb-, skule- og familieliv komande veke, og at alle er klare for å gjere det dei kan for å møte opplagt og engasjert på desse tre øktene neste veke:

Måndag 14.sept 1750-2020 Trening og spelarmøte Austnes.
Onsdag 16.sept 1715-1845 Trening Rogne.
Fredag 18.sept Giske-HaNo kl 1730. Reknar med båt frå Austnes. Byarane organiserer køyring sjølv.

Spelarmøtet måndag blir slik at dei som skal til byen reiser 2035. Vi trenar fram til kl 1930 som vanleg. Ein dusj på alle mann på Austnes før vi trekkjer inn på eit klasserom. Evaluering av hausten så langt, og eg vil ha tilbakemelding på nokre punkt framover.

Ei riktig god helg!!

Hugs å tippe

Etter ei lang landslagspause kan vi endelig få sjå seriefotball frå England (og Noreg) igjen. Hugs å gå inn og tippe på PL-Mesteren for dei som er med der.

torsdag 10. september 2009

Treninga går på Nordøy

Då sannsynlegvis berre halve Rognebana blir slått til torsdagstreninga (og J14 skal trene samstundes) , så må vi snike oss inn på Nordøy sjølv om der er to andre lag som trenar. Treninga er altså kl 1750-1930. Skal ta med nøkkel til dusjing for dei som vil det.

Forfall-påminning

Tysdag fekk eg 7-8 forfall i løpet av tysdagen (treningsdagen). Hittil i dag 4. Det vil seie at eg må igjen minne om at dei gongane de har sjanse til det, så gi beskjed DAGEN FØR. Eg planlegg treningane som regel ein dag eller to før, og då er det frustrerande å måtte sette strek over det eg har tenkt.

Reknetrøbbel

Må jo berre rette meg sjølv, etter påminning frå ein våken angripar frå Fjørtofta. Må ikkje gløyme at Harøy berre har spelt 9 seriekampar, og dermed kan kome opp i 28 seriepoeng i år. Dermed er det i teorien ingen garanti for Playoff for HaNo med 27 poeng.

onsdag 9. september 2009

Ellingsøy festar grepet...

...om playoff-plassen med sin 2-0 siger over Ravn i kveld. Dette betyr også at HaNo må ha 3 poeng til for å sikre seg minst 2. plass og dermed kvalifiseringsplass til 4. divisjon. Ravn og Lepsøy står begge med 17 poeng, og kan maksimalt oppnå 26 poeng etter 14. serierunde.

Go2/Vi2 knuste Giske 8-2 på Godøya i ein annan kamp i avdelinga vår i dag.

Fleire midtvekekampar

Brattvåg 2 og Lepsøy spelte 1-1 tysdag kveld. I kveld spelar Ellingsøy mot Ravn på Nes stadion- eit oppgjer det er knytt stor spenning til i vår avdeling. Med heimesiger ligg EIL godt an til play-off (og gruppesiger?). Men med siger til Vatne/Tennfjord-gjengen er dei i høgste grad med om å kjempe om dei to play-off plassane. Godøy 2/Vigra 2 - Giske går også i kveld.

stordal.nu ser ut til å vere på plass med kjappe oppdateringar over kveldens 9 kampar i 5. divisjon. Stordal IL skal sjølv i elden mot Sykkylven 2.

tirsdag 8. september 2009

Søkjemotor

To nye funksjonar i bloggen. Mellom anna kan du no søkje etter ord/namn, og du vil få fram innlegg som inneheld ordet. Fiffig. Prøv å søkje på namnet ditt f eks, og sjå alle involveringar du har på hanoherre.blogspot.com sidan desember 2008 ;)

Elles står "neste kampar" øvst på sida i menyen til høgre. For det er forunderleg kor mange meldingar og spørsmål eg får frå spelargruppa på kva tid det er seriekampar... Kan også gå inn på to andre lenkjer: "Aktivitetskalender haust 2009", og "Kamp/tab. 5.d. avd 3(HaNo-avd)" som er å finne under Favorittar.

Minner elles om kvalik-datoane, om vi skulle kome dit:
Søn 11.okt
Laur 17.okt
Ons 21.okt
Søn 25.okt
Laur 31.okt

Dei som blir nummer 1 i kvar 5.div-avdeling får tre heimekampar og to borte. Toarane i kvar avdeling må spele tre borte, og to heime.

søndag 6. september 2009

Trening tysdag og torsdag

For at det skal vere skikkelig "frihelg" neste helg, og vi ikkje treng å trene dagen etter kamp, så køyrer vi tysdag- og torsdagstrening komande veke.
Tysdag kl 1850-2020 Austnes
Torsdag kl 1750-1930 Rogne (merk stad!!)
Med 4-4 søndag, så held vi framleis leiinga i divisjonen. Vi har meir kampar spelte enn alle andre, og no skal det kjempast om mange poeng før vi slepp til med vår neste, som er fredag 18.september mot Giske kl 1730. Ellingsøy skal spele sin hengekamp mot Harøy, samt spenningsoppgjeret mot Ravn komande onsdag. Dei skal også ha BIL2 heime før vi skal spele igjen. Her er kampane FØR vår neste kamp.

08.09.2009 18:30 Brattvåg 2 - Lepsøy
09.09.2009 18:30 Ellingsøy - Ravn
09.09.2009 18:30 Godøy 2/Vigra 2 - Giske
12.09.2009 15:00 Harøy - Ellingsøy
16.09.2009 18:30 Ravn - Godøy 2/Vigra 2
16.09.2009 18:30 Ellingsøy - Brattvåg 2

fredag 4. september 2009

Landskamp på ungdomskveld

For dei som lurte på det, det BLIR landskamp å sjå på ungdomskvelden på Sjøbuda i morgon kveld. Og som sagt også quiz, stein-saks-papir-meisterskap og høve til å kjøpe pizza m.m. Så håper alle tek turen. Møt opp kl 1930, ikkje kom sigande utover, slik vi får delt inn i lag og byrja quiz og slikt i god tid før kampen startar kl 2045.

torsdag 3. september 2009

Trening/dusj/dugnad fredag

Minner om treninga i morgon fredag kl 17 på Nordøy stadion. Dugnadsarbeidet for HaNo-dagane er alt i gong, men vi skal også ta i eit tak i morgon. Difor tek alle med dusjeklede, og er klar til dugnadsinnsats litt over kl 1830. Opprigging av veggar til standane m.m. Jo fleire vi er saman, og så vidare...

Kampen vår søndag er klokka 15. Alle spelarane, trenaren og oppmannen skal i sving med opptil fleire dugnadsoppdrag i løpet av helga. Men det er likevel viktig at når klokka slår 14 på søndag, så slengjer vi alt "praktisk" til side, og er klar med bagen vår i garderoba, med full fokus på kamp! Gler oss vel..?

onsdag 2. september 2009

Besøk frå Vietnam

I morgon torsdag skal HaNo vere mellom vertane for eit utviklingshemma fotball-lag frå Vietnam. Vegard, Kenneth og Odd Einar er av instruktørane i morgon.
Litt meir på HaNo-sida

Ravn slo BIL2

Mange kampar i 5. divisjon i kveld, og som vanleg oppdaterer stordal.nu fortløpande.

Ravn har slått BIL2 med 6-3. Dermed held skåringsfesten fram for Ravn, som no har 37 rett veg- 3 mindre enn oss.

I avd. 2 tok Stordal store steg mot play-off, med solide 5-1 over Emblem. Med 28 poeng mot Emblem sine 24, og langt betre målskilnad, ligg treningskampmotstandaren vår frå august godt an til kvaliken.

Ikkje dans- men berre øv!!

Sidan det ikkje er dans i helga på HaNo-dagane, så må vi få litt inspirasjon her i bloggen til herrelaget. Har ikkje brukt å lagt ut link til artige videoar før, men denne er stor. Britt Tove viste meg den, via bloggen til Sybell. Dette er tidenes flottaste fyr. Her Demir, kan du lære nye moves som du kan legge til neste gong vi skal ha krysshopp og 18/12 på trening.
Studér her

tirsdag 1. september 2009

Ellingsøy forsterkar

I følgje Ellingsøy si heimeside har dei brukt overgangsvindauget godt, og forsterka med ein 5-6 spelarar. Målet er heilt klart Play-off til 4. divisjon, skriv dei mellom anna. Dei skal ha 4 kampar på 12 dagar, og meiner dei er godt rusta til det, med ein brei stall. Motstandarar er Giske (b), Ravn(h), Harøy (b) og BIL2 (h) dei nærmaste 12 dagane.

Ungdomskveld på laurdag

Laurdag blir det ikkje dans som kjend, under HaNo-dagane. Men det blir ungdomskveld på Sjøbuda. Aldersgrensa er 14 år (eller frå og med 9. klasse). Det vil ikkje seie at f eks dame- og herrespelarar er "for gamle". Det blir quiz som hovudaktivitet, med stor prestisje (og pokal er bestilt) om å bli STEIN-SAKS-PAPIR-MEISTER under HaNo-dagane 2009!
Quizmasterar/dommarar er Odd Einar, Jan Egil og Kent Inge. Her gjeld det å førebu seg godt;)

Dette er ikkje berre eit arrangement for medlemmar i HaNo, men absolutt alle som vil!
Reknar likevel med at herrelaget og damelaget stiller mannsterkt, og er pådrivarar og tek med seg fleire til Austnes.

Tidspunkt er sett til 1930-2300, med sal av pizza, potetgull og brus. Så blir det ei fin oppladning til kamp på søndag, og ein hyggjeleg aften på Sjøbuda!