søndag 4. oktober 2009

Skodje siste lag

Skikkeleg drama- som venta- i avdeling 2. Stordal greidde 3-3 heime mot MSIL. Men det hjalp lite sidan Skodje avslutta ein sterk haustsesong med 3-4 siger borte mot Emblem. Dermed er det desse laga som er klare for kvalifiseringsspel til 4.divisjon:
Tjørvåg
Gursken/Larsnes
MSIL
Skodje
HaNo
Ellingsøy

Sidan vi vann avdelinga, så ventar det altså tre heimekampar i Playoff. Ikkje at dette er ei stor kvilepute- hugs at vi plukka 17 poeng borte, og 16 poeng heime i årets seriespel!

Det er litt vanskeleg å spekulere i korleis ein set opp dette. Naturleg rekkjefølgje hadde vore heime-borte-heime-borte-heime for vår, MSIL og GuLars sin del. Men med ein midtvekerunde som runde 3, som må gå i flomlys, så er det usikkert korleis ein løyser dette. Etter det eg har søkt meg fram til, disponerer GuLars to grasbaner, Tjørvåg grus og gras, MSIL kunstgras, Ellingsøy kunstgras, medan Skodje ikkje har noko anna heimebane enn grus akkurat no..? Dvs at MSIL og EIL sikkert spelar heime her i alle fall.

Det er venta at Sunnmøre fotballkrets kjem med oppsettet med det første.

Ingen kommentarer: