torsdag 30. april 2009

Ravn slo Harøy

5-1 blei sluttresultat mellom Ravn og Harøy spelt torsdag kveld. Ravn opna dermed sesongen på ein god måte på kunstgrasdekket som blei beøskt av Molde FK dagen før.

onsdag 29. april 2009

Sterk u av Lepsøy

Lepsøy spelte 2-2 borte mot Ellingsøy onsdag kveld. Alle måla før pause, etter det eg kan tolke på Ellingsøy si heimeside. Brattvåg2 knuste Giske 12-2 i Vågen. Ravn-Harøy torsdag.

Rekord i går

121 treff frå ulike maskiner (adresser) blei registrert i går på hanoherre.blogspot.com.
Det viser at vi er ofte innom og snappar opp beskjedar/meldingar, og sjekkar bloggen kanskje både frå jobb/skule og heime. Likevel tyder mykje på at det ikkje berre er lesarar heimehøyrande i spelargruppa/støtteapparatet til HaNo. Forsåvidt hyggjeleg det, men dette er altså grunnen til at eg ikkje legg særleg ut om fokus før kampar, samt tilbakemelding på dei her i bloggen lenger. Det får vi ta på trening!

Dugnad søndag

Minner om dugnaden på Haramsøy grasbane søndag kl 12. Ta med rive, spade og trillebåre om du har. Mvh SUS.

Avstemming avslutta

Etter nærmare ettertanke blir det vanskeleg å stemme på ein spelar etter ein kamp (merka eg sjølv i alle fall), og har tatt vekk heile pollen.
Elles, viss nokon har tips til ei avstemming du gjerne vil ha her på bloggen, så legg att på kommentarer! døme: Favorittpålegg, favorittfilmsjanger, favorittsvigermor (slit kanskje med å kome på alternativ her då, men...), beste heimebane på Sunnmøre osb, osb. Send inn ditt framlegg, og avstemminga kjem før du veit ordet av det!

tirsdag 28. april 2009

Full runde onsdag/torsdag

Litt artig å skrive "full runde" med tre resterande kampar, merkar eg ;)

2009-04-29 18:30 Ellingsøy - Lepsøy
2009-04-29 18:30 Brattvåg 2 - Giske
2009-04-30 18:30 Ravn - Harøy

Avstemming

Tenkte kanskje vi skulle prøve ein ny vri på avstemminsfronten. Spørsmålet eg kan skrive inn etter ein kamp er: Kven syns du gjorde ein god kamp i mot x? I dette tilfellet Godøy2/Vigra2. Her er det ikkje å mobilisere til antall stemmer som tel, men å trykke på namnet til ein spelar du syns gjorde ein positiv figur i forrige kamp :) Lykke til med stemming!

mandag 27. april 2009

Tre poeng/Neste økter

Sånn, då er tre poeng i boks på Godøya i kveld. Gratulerer til alle oss med det! I kveld nyt vi den, medan i morgon er det fokus på neste oppgåver: To treningsøkter før møtet med Brattvåg 2 neste tysdag. Aktivitetsplanen ser no slik ut framover:

Onsdag 29.apr trening kl 2000-2130 på Nordøy (Avreise 2135 eller 2225 retur)
Laurdag 2.mai trening kl 1115-1255 på Nordøy (Ferje 1030 frå Skjelten, 1325 frå Austnes)
Tysdag 5. mai HaNo-Brattvåg2 kl 1830. Oppmøte 1730 på Nordøy.
Torsdag 7. mai trening kl X på X stadion.
Laurdag 9. mai HaNo-Lepsøy kl 1530. Oppmøte kl 1430 på Nordøy stadion.

søndag 26. april 2009

Gamle kjenningar med fløyta

Det blir gjensyn med mange kjende dommarar framover. Offsideregelen er mellom anna utfordringa dei må greie heilt åleine i kampane som kjem. Dette er dommaroppsettet for HaNo sin del i vår:

G2/V2: Arild Steinsbu, Aafk.
Brattvåg 2: Norvald Lausund, Lepsøy.
Lepsøy: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg.
Harøy: Odd Arne Grande, Skodje.
Giske: Svein Rasmus Vestnes, Aafk.
Ravn: Arild Vegsund, Norborg.
Ellingsøy: Birger Breivik, Volda.

Gras eller grus

Hugs å ta med begge typar sko i morgon. Avreise med båt kl 1710 frå Austnes. Då er det berre å lade opp med ein god natts søvn og ein del væske innabords ;)

fredag 24. april 2009

Tropp mot G2/V2

Her er troppa mot Godøy2/Vigra2 måndag. avreise med båt ca kl 1715, men endeleg beskjed kjem seinare.

Tropp:
Åge Flem Ulla
Vegard Halkjelsvik
Vebjørn Steen
Per J Fjørtoft
Ove Otterlei
Michael Austnes
Lasse Buch
Lars Petter Haram
Kristian Kalvøy
Kent Inge Klokk
Kenneth Ulla
Jonas Longva
Jan Egil Ulla
Demir Haram
Dag Peter Olsen
Cato Longva
Asgeir Nogva

torsdag 23. april 2009

Trening fredag kl 1850 på Rogne

Treninga fredag går kl 1850-2030 på Rognebana. Odd Einar blir vekke, er på kurs fredag-laurdag. Lars Petter leiar treninga. Seriestart måndag borte mot Godøy2/Vigra2. Det blir ikkje offentleggjort start 11-ar på treninga fredag. Eg og LP må ha oss ein prat i etterkant av treninga. Poengterer nok ein gong at treningane tel mykje i forhold til det å få starte kampane. Det er her vi får sjå forma til spelarane.
Onsdagstreninga talde 12 mann. Dagis, Jan Egil, LP, Ove, Vebjørn, Stig Frode har alle større eller mindre skader. Forhåpentlegvis er dei fleste tilbake i morgon. Men dersom du har strekkskade eller liknande, må de sjølve prøve å vere vaksne nok til å kjenne etter, varme opp godt, og gjere som kroppen gir beskjed om. Ein kan ikkje kjenne på ein strekk, og så gå på med full trøkk på neste trening. Då blir det aldri bra.

onsdag 22. april 2009

Dugnad søndag kl 12

Frå SUS: Det blir dugnad for herrelaget, damelaget og guttelaget på Nordøy Stadion søndag 26.04 kl. 12.00. Ta med rake/rive og spade.

Onsdagar med båt

Vår mann i Tide, Lars Petter Haram, stadfester at det blir ein båt som går i retur kl 1920 frå Austnes til byen på onsdagar. Eg har no i lag med Lars sett opp ein del onsdagstreningar anten på Austnes eller Nordøy for både dame-og herrelaget dei onsdagane vi har treningar. Ei ny oppdatering av aktivitetskalenderen kjem snart. Vi ventar berre på at banedagboka kjem opp, slik at vi får stadfesta banene.

mandag 20. april 2009

Internkamp med skader

Eine etter den andre måtte kaste inn handduken i kveldens internkamp. Det grøne laget, anført av ein for kvelden frisk Åge Flem Ulla, tok sigeren med 5-1. Kenneth med Donald-kul, som i seinare rapportar blei nedgradert til Doffen-kul, måtte gi seg kjapt. Dagis, Vebjørn, Ove og Ivar måtte ut med strekkskader. Sistnemnde hadde kanskje ikkje gitt dei enorme oddsutbetalingane om ein hadde satsa på det på førehand.. :)
Trening onsdag kl 20 på Austnes grus. Dette pga logistikken med ferjene, samt at kampen mot Godøy2/Vigra2 på måndag kan hende blir spelt på grusbana på Godøya.
Treninga fredag er klokka 1850. Stad (Rogne eller grus blir bestemt seinare.)

Seriestart i avdeling 2

Stranda 2 spelar i 5. div avdeling 2, og dei har også gjort si vurdering av den avdelinga. Les meir.

MSIL tok sine første, men langt frå siste poeng i seriopninga mot nettopp Stranda 2 i kveld. 1-2 blei resultatet. Avdelingsfavoritt MSIL har som mål å rykke opp i 4. div, sjølv om ex. HaNo-spelar Jan Gunnar Åkre har lagt pasningsskoa på hylla.
MSIL sin nettstad

søndag 19. april 2009

Internkamp måndag

Rognebana er gjødsla søndag, og kan ikkje brukast på nokre dagar. Difor blir det internkamp på Austnes grus måndag kl 18. Møt opp klar til oppvarming/dyst kl 1745. Dei som skal reise, skal få høve til det kl 1950.

lørdag 18. april 2009

Avlyst kamp-internkamp i staden

Irriterande nok kunne ikkje Stordal stille lag på måndag. Dei kunne søndag, men då kunne ikkje Odd Einar, Lasse, Henrik og eit par-tre spelarar til. Då syns vi (LP, Frank, OE) ikkje det blei noko stort poeng å reise dit søndag. Vi kontakta deretter Brattvåg2, MSIL, Skodje og Emblem, men dei kunne ikkje. Forståeleg nok, no så tett inn mot seriestart er det meste planlagt.

På den positive sida får vi no ein internkamp på måndag, der alle får mykje speletid, og kanskje blir vi endå meir svolten på kamp til seriestarten neste måndag på Godøya..?

Eg sender ut ny melding søndag kveld om måndagen, men internkampen blir om lag kl 18 (oppmøte 1745), forhåpentlegvis på Rognebana.

torsdag 16. april 2009

Ny beskjed om trening

Kontramelding igjen: Herrelaget trenar kl 1750-1930 på Rogne på fredag.

NY MELDING: Fredagstrening på Austnes

Sjå saka to hakk lenger ned.

Aktivitetskalender vår

Her finn du elektronisk aktivitetskalender ut våren. Tidspunkt for treningane kjem vi tilbake til. Onsdagstreningane kan bli tidleg grunna hurtigbåt-tider. Då kjem vi til å kompensere med å ha enkelte av måndagstreningane noko seinare. Det blir også oppretta ei banedagbok om litt, og då blir det klarare kva tidspunkt vi trenar på.

Vi antyder altså start på att etter sommaren med første fellestrening måndag 3. august. VIKTIG AT ALLE PLANLEGG FERIEN NÅR VI HAR FRI FRÅ FELLESTRENINGAR. Det blir ein gedigen fordel for laget, og di personlige form også. Med 2 (!!!) månader seriekampfri i sommar er det viktigare enn nokon gong å halde oss i shape i fellesferien også med (eigen)treningar. Vi håper på å kunne sette opp 2 treningar i veka i juli også, der vi set opp ei rulleringsliste over kven som har ansvar for treningane. (Aktivitetskalenderen er oppdatert på "favorittar" til høgre på sida her.)

Trening fredag kl 1750-1930 PÅ AUSTNES

NY melding om trening fredag:
Treninga fredag blir kl 1850-2030 på Austnes.
(Banenemnda har stengt Rognebana fram til 1.mai for trening. Uvisst av kva grunn, må eg innrømme, men eg har gitt SUS beskjed om å jobbe med saka)

Det vil seie at dei tilreisande må vere nokolunde ferdig ombytt igjen, og at dei kan få gå 2020 for ein kjapp skyll før dei skal reise 2035 igjen. Det var 20 mann på trening i går. Veldig kjekt. To målvakter og bra fres på avslutningssekvensen også. Sjøl om bana er humpete, set eg likevel spørsmål ved kvaliteten på avslutningane våre, så det blir det ny fokus på i morgon ;)
Kamp måndag mot Stordal kl 19 på deira kunstgrasbane.

tirsdag 14. april 2009

LISENS-SLURV!

Ein oppgitt Konrad Longva i SUS kontakta meg i går og lurte på om vi hadde tenkt å spele seriefotball, og ikkje minst plukke poeng i år. Mange, mange spelarar har ikkje betalt spelarlisensen sin. Sjå å få gjort det, karar, slik at SUS ikkje treng å kontakte spelarar ein og ein og mase om dette. Det er no 13 dagar til seriestart, og dette burde vore gjort for lenge sidan.

mandag 13. april 2009

Jan Egil kaptein

Jan Egil er vald til kaptein i 2009 for HaNo. Han fekk mest stemmer under spelarmøtet måndag. Lars Petter er visekaptein.

Treningar framover

HaNo-Midsund 2-4. Vi oppsummerer på trening onsdag. Som er kl 1750 på Rogne. Også trening fredag. Sannsynlegvis same tid, men skal avtale med damelaget først. Måndag kveld om ei veke er det Stordal-HaNo. Kamp kl 19, avreise kl 1635.

søndag 12. april 2009

Tropp Midsund- og spelarmøte

Det blir denne 17-mannstroppa til kampen mot Midsund:
Lasse, Henrik, Kristian, Jonas, Michael, Vebjørn, Vegard, Jan Egil, Demir, Kenneth, Cato, Åge, Lars Petter, Kent Inge, Stig Frode, Ove og Asgeir.

Per Jarle skadd, Lars påskeferie og Dagis på jobb.

Spelarmøte kl 15 på Nordøy. Kampstart 1630 på Rogne. På spelarmøte skal det veljast kaptein for sesongen. Spelargruppa tar avstemming mellom desse tre kandidatane: Michael, Lars Petter eller Jan Egil.

fredag 10. april 2009

Trening laurdag kl 16

Treninga laurdag blir kl 16 på Austnes. Demir sjanse å hørrve over banå?

tirsdag 7. april 2009

Trening torsdag og laurdag

Cato tar ansvar for trening også på torsdag. Den går kl 17. Det er mykje folk heime, og ein vil trene då også. Møt opp, og kos dåkkå med ei fotballøkt!
NB! Dei som er halvskadde får ikkje høve til å gå på den treninga. Bli klar til laurdag/måndag!
Trening laurdag ca kl 15. Vi må bli einige om kven sosm rekk kva for ein båt først. SMS følgjer onsdag eller torsdag.
Kampen mot Midsund er 2. påskedag kl 1630. Oppmøte kl 15 på Nordøy for spelarmøte og kampførebuingar. Kaptein skal veljast, og litt oppsummering så langt om sesongen.

Straffedrama i internkamp

Litt artig overskrift. Høyrtest skikkelig dramatisk ut. Det blei det no forsåvidt. Stig Frode og Stig Erik skåra kampens einaste mål. Jonas dømde 5 minutt sudden death, men ingen fleire mål. Sindre Longva med kjemperedning rett før tida var ute. Straffesparkkonkurransen ordna Lasse: Dermed siger til det blå laget.

Internkamp tysdag

Oppmøte kl 1745 tysdag på Austnes. Info om laga m.m. Ver presis!
Vi blir sannsynlegvis 22 mann. Kampstart ca kl 18. 3 x 25 minutt.

søndag 5. april 2009

Jan Egil månadens spelar i mars

Jan Egil blir kåra til månadens spelar i mars. I juryens si grunngjeving heiter det:
- Ikkje den som brølar høgast, men er eit godt førebilete i trening og kamp når det gjeld innsats og vilje til å jobbe for laget.
- Har blitt kasta frå posisjon til posisjon, men klagar ikkje for det. Tvert i mot, han gjer sitt beste der han spelar, og er ein god rollemodell for resten av troppa.

Ein sjokoladeknekk ventar ved neste høve!

Treningar

Treningar framover, som skrive før forsåvidt:
Måndag 6. april trening 1750 Austnes.
Tysdag 7. april internkamp 1745 Austnes. Avreise 1950 for dei som skal til byen.
Laurdag, påskeaftan trening Austnes. Kjem tilbake til tidspunkt.
2. påskedag HaNo-Midsund kl 1630 på Rogne.

fredag 3. april 2009

Ingen premie

Mange gode forsøk, men litt vanskeleg å kåre kven som var nærmast i konkurransen, føler eg. det vil seie at det ikkje blir delt ut premie denne gongen. Så då sparte eg den ;)

torsdag 2. april 2009

26 mann, Michael mest på bana

26 spelarar har vore inni HaNo-trøya i kamp så langt i 2009. Her er lista over spelte minutt så langt i år (ant kampar i parantes) :

Michael Austnes 670 (8)
Cato Longva 655 (8)
Jan Egil Ulla 610 (7)
Stig Frode Longva 500 (8)
Lars Petter Haram 485 (7)
Alexander Eide 435 (6)
Kristian Kalvøy 410 (8)
Vebjørn Steen 400 (5)
Åge Flem Ulla 390 (6)
Vegard Halkjelsvik 380 (7)
Lasse Buch 330 (4)
Kent Inge Klokk 325 (8)
Ove Otterlei 320 (5)
Jonas Longva 305 (5)
Demir Haram 245 (8)
Dag Peter Olsen 220 (4)
Asgeir Nogva 220 (3)
Kenneth Ulla 185 (3)
Per J Fjørtoft 165 (3)
Henrik Åkre 165 (3)
Lars Åkre 150 (4)
Øystein Bergheim 90 (1)
Ole Lennart Vassbotn 90 (2)
Odd Einar Molnes 90 (3)
Junior 75 (2)
Andreas Fjørtoft 65 (2)

Mål for og i mot

Baklengsmål før pause 17
Baklengsmål etter pause 4
Baklengs totalt: 21

HaNo-mål før pause 6
HaNo-mål etter pause 16
HANo-mål totalt 22

Kent Inge eitt mål pr kamp

Her er toppskårarlista så langt:
(Minutt pr mål i parantes)

Stig Frode Longva 4 (125)
Jan Egil Ulla 4 (153)
Kent Inge Klokk 4 (81)
Lars Petter Haram 3 (162)
Cato Longva 2 (328)
Lasse Buch 1 (330)
Vebjørn Steen 1 (400)
Per J Fjørtoft 1 (165)
Alexander Eide 1 (435)
Junior 1 (75)

Konkurranse!

Det er slik at eg fører statistikk på ulike ting. I morgon kveld legg eg ut statistikkar om so førskjella, og i samband med det lyser eg ut til ein konkurranse.

Målt i minutt, kven har spelt mest på våre åtte kampar hittil i år?

Set opp med namns nemning frå 1-5 kven du trur er topp 5 på den lista! Legg inn på kommentarar. Den som treff (først), får premie på laurdagstreninga. Der blir det også forøvrig offentleggjort kven som får tittelen "månadens spelar i mars".

Treningar framover, inkl påska

Laur 4. apr: Tren kl 12 (får melding om det blir Austnes eller Rogne på fredag kveld)
Mån 6. apr: Tren 1750-1930.
Tys 7.apr: Internkamp 1800-2000 (beregn 2035-ferjå innatt dersom det blir på Rogne, ikkje 1950.)
Laur 11. apr: Tren kl 12.
Mån 13.apr,2.påsk: HaNo-Midsund kl 1615 Rogne.

Hugs å sende forfall på økter du blir vekke. Oppmodar alle "onsdagstreningsfolk" og påsketuristar m.m. å stille på tysdag. Gi gjerne ei melding til meg i så fall. Planen er ein internkamp på 2*40 minutt med skikkeleg bane og dommar.
Varierte vermeldingar, så kva bane øktene blir på tek vi etterkvart.

HaNo-Lepsøy- nokre kommentarar

Referat av HaNo-Lepsøy her. Denne gongen vil eg berre påpeike at vi responderte bra på fokusa.
1. Frå start. Syns vi var godt konsentrerte frå start. Passande kyniske, og kom brukbart inn i duellane. Vi held også nullen, sjølv om dei fekk sjansen på straffe også.
2. Dødball. Vi skåra eitt på corner (fin duellering i forkant), og var nær ved Cato på ein annan. Framgang i viljen framfor mål på corner. Vebjørn og Ull hadde god treffprosent på legga!
3. Krige i mål! Framgang her også. Ofra oss brukbart i feltet, og var nær eit par kjempe-inn-mål før pause.
Elles kjende eg det nesten "nappa ti" på sistemålet. Det var timing og tempo, det!

onsdag 1. april 2009

Tropp Lepsøy

Vi stiller sannsynlegvis med desse frå start i kampen mot Lepsøy:

Lasse-Odd Einar, Michael, Kenneth, Vebjørn- Ove, Åge, Cato, Asgeir- Jan Egil, Stig Frode.

På benken frå start: Kristian, Kent Inge, Vegard, Henrik, Demir og Lars.

17 mann i troppa. Berre å innstille seg på krig, gutta!

Ull med høg puls!

Jada, det er 1. april i dag, og håper at Jan Egil har fått ned pulsen frå i dag tidleg. Kan stadfeste at etter det vi kjenner til blir det i det minste dei 14 seriekampane som først antatt ;)

Toarlaga trekt seg!!

Parodien i 5.div avd 3 held fram. Då har Vigra2/Godøy2 og Brattvåg2 også trekt laga sine i HaNo si avdeling. Det vil seie at vi skal spele 10 (!!) seriekampar i år. Dette her vil ingen ende ta. Sunnmøre fotballkrets vil kome tilbake med kampoppsett seinare i dag.