onsdag 21. oktober 2009

Tett tabell

Tusen takk for at dåkkå gjer det så spennande igjen og igjen!!:)

Gambla litt i dag på slutten gjorde vi. Men alle var disiplinerte, og vi var flinkare denne gongen med taktiske val, og gav aldri opp. Vi gjorde mykje rett mot slutten, i tillegg til rein innsats og duellvilje. Må også berømme Henrik for ein offensiv og stor 2.omgang.

gursken.com melder om eit tett oppgjer mellom naboane i sør. Men GuLars avgjorde på slutten, og tok i land ein 3-2 siger dei også. MSIL slo Ellingsøy heile 4-1, og tok dermed tabelltoppen på målskilnad. HaNo er ikkje i augneblinken på opprykksplass. Her er den tette tabellen.

PS! Nokre som lurte på om Aafk2 i 2.div-kvalik har noko med oss å gjere. Det har det ikkje. Uansett utfall av alle andre kvalifiseringar, så er det 3 lag som rykker opp frå vår Playoff-serie.

Ingen kommentarer: