tirsdag 30. november 2010

Dugnadar denne veka også

HaNo-sida står det at det blir dugnadar også kvar dag denne veka. Det er ønskjeleg at folk møter opp. Tidspunkt er som alltid 17:30-20:00.

Kanskje du kan ta mål av deg å møte på ein i alle fall...? :)

søndag 28. november 2010

Business as usual- Nesten!

Då er vi back to basis i PL-tippen. Dei frå Vågen og dei to som heiter Lars utgjer igjen topp4. Det var heilt til at Kent Inge tipsa meg om at han hadde sendt frå ny adresse: Og heilt korrekt, der låg tipsa hans i søppelkassa mi. Det har vore møte i juryen i PL-tippen, og dei bestemte sjølvsagt at dette er godkjent innlevering :)

Her er oppdatert liste:

Samanlagt etter sju rundar
Lars Åkre 33
Frank Dalhaug 32
Kent Inge Klokk 32
Oddmund D Otterlei 31
Lars Ulla 31
Odd Einar Molnes 30
Kenneth Ulla 30
Cato Longva 29
Jan Egil Ulla 27
Kenneth Hansen 23
Per-Kristian Klokk 23
Sondre Steen 14
Vegard Halkjelsvik 8
Tor Gunnar Standal 5
Lars Petter Haram 4
Erik Åkre 3

Runde 7
Kenneth Ulla 4
Lars Åkre 4
Kenneth Hansen 4
Frank Dalhaug 4
Kent Inge Klokk 4
Oddmund D Otterlei 4
Lars Ulla 4
Cato Longva 4
Lars Petter Haram 4
Odd Einar Molnes 3
Jan Egil Ulla 3
Per-Kristian Klokk 3

onsdag 24. november 2010

SUS jobbar med trenarspørsmålet

Vi skriv no ein månad att til jul. På denne tida her foregår det mykje i "kulissane", i styrerom og i diverse sportslege utval for å få kabalen på plass. Her ser vi eit utval av kva som trengs i til dømes HaNo FK.

Fekk i oppdrag å skrive i bloggen her at Sportsleg Utval Senior i HaNo er i arbeid. Dei arbeider på spreng med trenarspørsmåla for seniorlaga, og håper på å få til ei løysing.

PL-tipp runde 7

Vi er over halvvegs med innleiande rundar etter denne som kjem i helga. Det er veldig jamt, spesielt med tanke på resultata sist runde! Her ein ny runde, der United vil ta leiinga i PL med tre poeng :)

Runde 7:
1 Aston Villa-Arsenal Starter lørdag kl. 13:45
2 Everton-West Bromwich Starter lørdag kl. 16:00
3 Wolverhampton-Sunderland Starter lørdag kl. 16:00
4 Fulham-Birmingham Starter lørdag kl. 16:00
5 Stoke-Manchester City Starter lørdag kl. 16:00
6 Manchester United-Blackburn Starter lørdag kl. 16:00
7 Newcastle-Chelsea Starter søndag kl. 14:30
8 Tottenham-Liverpool Starter søndag kl. 17:00

Dine tips sender du som vanleg til molneod@hotmail.com
To halvgarderingar.

mandag 22. november 2010

Dugnad denne veka her


Kvar dag denne veka her blir det dugnad på Nordøyhallen. Tidspunkt er kl 17:30-20:00. Det er tilbygget som skal gjerast ein innsats på no.

Ta med ein hammar, og der er folk som vil fortelje kva vi kan gjere, så ikkje tenk på det. Alle kan gjere ein innsats :) Det er no vi kan bidra med dugnadsinnsats for dette gigantprosjektet i klubben vår.



søndag 21. november 2010

Ull med 7 rette

Jan Egil stilte med 7 rette denne gongen og har for alvor meldt seg på i kampen om ein finaleplass igjen. Spesielt med tanke på at han har nokre skikkelege dårlege rundar han potensielt kan stryke (10 beste rundar av 12 er det som tel samanlagt). Det same gjeld eigentleg Cato (biletet), som fekk 6 rette denne gongen. Stortippar Lars tronar for første gong i konkurransen åleine på topp.

Runde 6:
Jan Egil Ulla 7
Cato Longva 6
Kent Inge Klokk 5
Lars Åkre 5
Kenneth Hansen 5
Lars Ulla 5
Odd Einar Molnes 4
Kenneth Ulla 4
Frank Dalhaug 4
Oddmund D Otterlei 4
Per-Kristian Klokk 3

Samanlagt
Lars Åkre 29
Frank Dalhaug 28
Kent Inge Klokk 28
Oddmund D Otterlei 27
Lars Ulla 27
Odd Einar Molnes 27
Kenneth Ulla 26
Cato Longva 25
Jan Egil Ulla 24
Per-Kristian Klokk 20
Kenneth Hansen 19
Sondre Steen 14
Vegard Halkjelsvik 8
Tor Gunnar Standal 5
Erik Åkre 3

Vibeke vann tabellkonkurransen

Ingen premie som blei lyst ut, dessverre for Vibeke, men bilete og bevis på at du utkonkurrerte 17 menn i denne tippekonkurransen skal no du få her i bloggen :) Her avbileta i flott målvaktspositur.

1 Vibeke Flem 64
2 Øystein Bergheim 66
3 Tor Gunnar Standal 68
4 Lars Åkre 69
5 Odd Einar Molnes 70
6 Erik Åkre 70
7 Per Kristian Klokk 71
8 Lars Ulla 74
9 Stian Longva 74
10 Per Jarle Fjørtoft 74
11 Kenneth Hansen 75
12 Jan Egil Ulla 75
13 Henrik Åkre 76
14 Cato Longva 77
15 Tore Fjørtoft 77
16 Kent Inge Klokk 80
17 Sondre Steen 81
18 Kenneth Ulla 82
Her var det altså om og gjere å få minst poeng. Sjå meir om poengsystemet her.
Vibeke hadde heilt rett plassering på Rosenborg (1.pl), Start (8.pl) og Kongsvinger (15.pl). Ho bomma også berre med ei plassering på Lillestrøm og Hønefoss.
hanoherre.blogspot.com gratulerer!!

torsdag 18. november 2010

Inne-KM:Sluttspel på Skodje

Fotballnettsidene rundt omkring er fulle av Futsal-stoff i høve dei 17 laga sine finalekampar i Gomerhuset på Skodje neste helg. I Skodje-bloggen kan ein følge det meste som skjer.

Når det gjeld vår undersøking om reglane skal vere futsal eller ikkje, så gir den meiningsmålinga ikkje det biletet eg sat att med på Godøya. Eg snakka med folk frå 6-7 ulike lag, og dei var ikkje positive. Men i avstemminga her i bloggen er det heilt jamt. Under kommentarar i dette innlegget på Skodje-bloggen beviser ein kanskje det delte synet på futsal eller ikkje.

onsdag 17. november 2010

PL-tippen runde 6


1 Arsenal- Tottenham, starter lørdag kl 13:45
2 Man United- Wigan, starter lørdag kl 16:00
3 Birmingham-Chelsea, starter lørdag kl 16:00
4 Bolton-Newcastle, starter lørdag kl 16:00
5 West Brom-Stoke, starter lørdag kl 16:00
6 Liverpool-West Ham, starter lørdag kl 18:30
7 Blackburn-Aston Villa, starter søndag kl 14:30
8 Fulham-Manchester City, starter søndag kl 17:00

Send dine tips til molneod@hotmail.com innan laurdag kl 13:44 :) To halvgarderingar er fullt lovleg.

søndag 14. november 2010

Tre tap med blaut ball

HaNo har ikkje tradisjon for å gjere det spesielt godt i innandørs-KM i fotball. Det er ikkje alle år vi stiller lag heller, men i år var interessa der for å ta seg ein laurdag med fotball. Det blei tre tap mot gode Futsal-spelarar frå SIF, Vigra og Stordal. Vi var likevel nøgd med dagen langs den vakre fjorden nord att laurdags ettermiddag.

Når det gjeld Futsal-reglar og slikt, så fann ikkje underteikna særleg mange fordelane med det. Ulempene derimot, kan vi ramse opp: Få mål, folk drebbar i ballen til ei stadigheit, tempoet går ned og publikum må sjå kjedeligare fotball. Fordelar kan vere meir spel langs bakken, forskjellane mellom gode og dårlege lag blir mindre og Vegard er ein tilhengjar.

Trenarar og spelarar frå andre lag eg snakka med undrar seg over om SFK har sendt ut ei evaluering på dette med Futsal eller ikkje. Vil ein ha dette, eller vil vi tilbake til 5-ball, 7-armål og meir attraktiv fotball som liknar litt meir på det vi held på med ute resten av året.

Fleire som er innom denne bloggen frå både vårt og andre sitt lag, så eg har lagt ut ein poll om dette, så kan vi sjå litt kor det ligg an :)

Tetnar seg til noko alvorleg

Her er stillinga etter fem rundar
Lars Åkre 24
Frank Dalhaug 24
Odd Einar Molnes 23
Kent Inge Klokk 23
Oddmund D Otterlei 23
Kenneth Ulla 22
Lars Ulla 22
Cato Longva 19
Jan Egil Ulla 17
Per-Kristian Klokk 17
Kenneth Hansen 14
Sondre Steen 14
Vegard Halkjelsvik 8
Tor Gunnar Standal 5
Erik Åkre 3

Denne runden blei ikkje særleg utslagsgjevande. Odd E og eit par Klokkar greidde fire rette, men elles var det grese.

Odd Einar Molnes 4
Kent Inge Klokk 4
Per-Kristian Klokk 4
Kenneth Ulla 3
Lars Åkre 3
Lars Ulla 3
Cato Longva 3
Frank Dalhaug 2
Oddmund D Otterlei 2

fredag 12. november 2010

Uavklarte trenarsituasjonar

På trenarfronten veit vi lite nytt. Med øyalaga rundt oss er det etter det eg kjenner til ikkje avklara kven som er hovudtrenar for laga. Odd Einar gir seg i HaNo, rykta seier at Erlend Fjørtoft gjer det same i Ravn. Ivar Kjell går ikkje på ein ny sesong i Lepsøy, heiter det frå naboøya i sør. På Harøya veit ein ikkje om Jan Vatnehol held fram med pendlinga dit ut for å trene dei mørkeblå ein sesong til.

Andre naboklubbar: Ivar Roald gir seg i Norborg, ein etterfølgar kjem snart på plass om ein skal tru norborg.com. I Brattvåg IL, som blir omtala i dagens Haramsnytt for lønsutbetalingar til spelarar, jobbar for å behalde Oddmund Otterlei i den nye 3. divisjonen. Frank Dalhaug blir ikkje assistenttrenar i 2011.

Umogleg å seie kva avdelingsoppsett det blir for 5. divisjon neste år. Men dersom Stordal blir motstandar, blir dei sterke. Dei hadde ei meget god sesongavslutning i 2010, og klubben har signert ny toårskontrakt med trenar Stig Johansen. I tillegg ser det ut til at stallen blir styrka.

Følg HaNo LIVE

Det nye systemet Mylivescore blir nytta på dei fleste turneringar om dagen. Også i helgas Inne-KM, eller Rica Parkett Cup om du vil, er dnene tenesta mogleg å nytte seg av.

Dermed kan du følgje HaNo sine kampar live her.

Nokre Futsal-reglar..

Å spele Futsal i forhold til vanleg innefotball inneheld mellom anna at vi brukar handballmål, ein blaut firarball og at ein ikkje kan somle for lenge med innspark osb. Nokre reglar å kike på før vi skal spele i morgon:

Målene : Håndballmål 2x3m.
 Målfeltet : Straffefeltet regnes som målfeltet.
 Straffefeltet : Følger den heltrukne 6 m - linjen på håndballbanen.
 Straffespark : Fra “straffemerket”
 Ytre straffesparkmerke: 10 meter fra mållinjen
 Innbyttersone: Fem meter på hver side av sekretariat.

Frisparkstedet:
• Alle motspillere må være minst 5 meter fra ballen til den er i spill.

Frisparkstedet:
• For de fem første akkumulerte forseelser registrert for hvert av lagene i hver omgang:
• Spillerne i motstanderlaget kan stille en mur som forsvar ved frisparket
• Alle motspillere må være minst 5 meter fra ballen til ballen er i spill.
• Fra og med det 6. frisparket:
• Spillerne i motstanderlaget kan ikke lage en mur som forsvar ved frispark
• Spilleren som tar frisparket skal være tydelig identifisert
• Alle andre spillere må befinne seg utenfor straffeområde og bak en tenkt linje som går gjennom ballen og parallelt med mållinjen. De må være minst 5 meter fra ballen og får ikke hindre spilleren som tar frisparket.

Igangsettelse (for det sjette og påfølgende akkumulerte regelbrudd)
Om en spiller begår lagets sjette regelbrudd på motstanderens banehalvdel eller på sin egen halvdel foran en tenkt linje som går gjennom det ytre straffepunktet 10 m fra mållinjen og er parallell med midtlinjen, skal frisparket tas fra det ytre straffepunktet.

Innspark
* Mål kan ikke gjøres direkte fra innspark.

Igangsettelse:
* Spilleren som tar innsparket må gjøre det innen 4 sekunder etter å ha fått ballen
* Også hjørnespark og målkast (utspill fra keeper) må gjøres innen 4 sekunder etter å ha mottatt ballen.

torsdag 11. november 2010

PL-tippen runde 5


Her er kampane i runde 5 av PL-tippen:

1 Aston Villa-Manchester United Starter lørdag kl. 13:45
2 Tottenham-Blackburn Starter lørdag kl. 16:00
3 Manchester City-Birmingham Starter lørdag kl. 16:00
4 Wigan-West Bromwich Starter lørdag kl. 16:00
5 Newcastle-Fulham Starter lørdag kl. 16:00
6 Stoke-Liverpool Starter lørdag kl. 18:30
7 Everton-Arsenal Starter søndag kl. 15:00
8 Chelsea-Sunderland Starter søndag kl. 17:10

Send inn dine tips, med to halvgarderingar til molneod@hotmail.com

tirsdag 9. november 2010

HaNo Futsal-tropp

HaNo stiller med følgjande timannstropp i kampane mot SIF, Stordal og Vigra:

Henrik
Sindre
Demir
Furnes
Odd Einar
Preb
Vegard
Cato
Håkon
Åge

Reknar med folk ladar opp med firballar på trening om dagen :) I følgje lagoppstillinga på Mylivescore er Even ikkje å finne på SIF sitt lag.

11:00 Skarbøvik-HaNo
14:30 HaNo-Vigra
16:00 Stordal-HaNo

mandag 8. november 2010

Resultat PL-tipp runde 4

Kenneth U tippa på Bolton (Slo Spurs) og sikker u på Blacpool-Everton. Det la grunnlaget for ein sterk 5-poengar denne gongen. I ein runde som flest mogleg håper på å kunne stryke. Eller kva Cato og Hansen...?

Ein annan som nok vil gjere det betre er DAGENS JUBILANT LARS ULLA. Vi gratulerer med 50-årsdagen i dag 8. november.

Runde 4 av PL-tippen
Kenneth Ulla 5
Odd Einar Molnes 4
Kent Inge Klokk 4
Lars Åkre 4
Sondre Steen 4
Frank Dalhaug 4
Per-Kristian Klokk 4
Jan Egil Ulla 3
Oddmund D Otterlei 3
Vegard Halkjelsvik 3
Kenneth Hansen 2
Lars Ulla 2
Cato Longva 2

Samanlagt etter 4 rundar
Frank Dalhaug 22
Lars Åkre 21
Oddmund D Otterlei 21
Odd Einar Molnes 19
Kent Inge Klokk 19
Kenneth Ulla 19
Lars Ulla 19
Jan Egil Ulla 17
Cato Longva 16
Kenneth Hansen 14
Sondre Steen 14
Per-Kristian Klokk 13
Vegard Halkjelsvik 8
Tor Gunnar Standal 5
Erik Åkre 3

fredag 5. november 2010

MSIL krinsmester

Vi måtte skrive november før MSIL kunne kalle seg krinsmeister i 5. divisjon på Sunnmøre 2010. Dei vann 2-1 i Hovdebygda, og kan dermed motta pokalen som det aller beste laget i 5. divisjon. Dei rykkjer opp i ein sterk 4. divisjon saman med Hovdebygda. Eller? I Sumpen kunne vi lese at Hovdebygda vurderer å trekkje laget frå 4., og spele i 5. divisjon i staden for.

onsdag 3. november 2010

PL-tippen runde 4

Her er kampane i runde 4 av Premier League-tippen:

1 Bolton-Tottenham, Starter lørdag kl. 13:45
2 Blackpool-Everton, Starter lørdag kl. 16:00
3 Birmingham-West Ham, Starter lørdag kl. 16:00
4 Fulham-Aston Villa, Starter lørdag kl. 16:00
5 Manchester United-Wolverhampton, Starter lørdag kl. 16:00
6 Arsenal-Newcastle, Starter søndag kl. 14:30
7 West Bromwich-Manchester City, Starter søndag kl. 16:00
8 Liverpool-Chelsea, Starter søndag kl. 17:00

Tippefrist laurdag kl 13.44 :)

Chelsea mot Liverpool søndag kl 17 er rundens "storkamp". Her blir kanskje ein del halvgarderingar brukt..?

Dugnad i dag

For dei som har mulegheit til det, så er det dugnad kl 1730 i dag onsdag, står det å lese på HaNo-sida.

tirsdag 2. november 2010

Vigra, Stordal og SIF

Er HaNo sine motstandarar i Futsal-KM på Godøya laurdag 13. november.

11:00 Skarbøvik-HaNo
14:30 HaNo-Vigra
16:00 Stordal-HaNo

Kampane varer i 1 x 28 minutt, med to minutts pause mellom kvar kamp. Dei to beste laga frå kvar gruppe går vidare til sluttspelet 26. - 28. november, der Skodje IL er arrangør.