tirsdag 31. mars 2009

Lagbilete

Klikk på biletet for ein større versjon. Dagis velger å hatt augene, medan LP har gløymt å stryke drakta si. Den er knørva.

Smått og stort

Vegard og Ove i garderoba før kamp mot Harøy.
- Ole Lennart har vore på mr og kika på ankelen (skada på Harøya). Ikkje noko rive eller brote, så han er sakte, men sikkert i trening att.
- Jonas har konstatert noko vi har sagt lenge (luftveisinfeksjon). Du kunne berre spøje oss, Jonas;) Så han skal gå på doping i 10 dagar. Dvs at Midsund 2.påskedag er eit naturleg comebackmål for han.
- Vegard har gjort ferdig beinhinnebetennelsekarantena si. (Eit artig ord om ikkje anna). Han er igjen klar for innsats denne veka og spelar mot Lepsøy torsdag.
- LP og Per Jarle skal vel bestå nokre medisinske testar før ein veit om dei er klar til kampen torsdag. PJ testar i morgon, LP veit eg ikkje heilt i skrivande stund.

mandag 30. mars 2009

Treningsframmøte mars månad

Slik var mars-frammøte av dei 9 treningane vi hadde. Kris og Demir mest. Snitt: 16,6 på treningane, 0,3 dårlegare enn februar.

Kristian Kalvøy 9
Demir Haram 9
Michael Austnes 8
Cato Longva 8
Lars Petter Haram 8
Ove Otterlei 8
Stig Frode Longva 8
Vebjørn Steen 7
Daniel 7
Jonas Longva 6
Kenneth Ulla 6
Åge Flem Ulla 6
Jan Egil Ulla 6
Lars Åkre 5
Kent Inge Klokk 5
Lasse Buch 4
Asgeir Nogva 4
Vegard Halkjelsvik 4
Per J Fjørtoft 4
Dag Peter Olsen 3
Junior 3
Geir Olav Otterlei 2
Alf Kåre 2
Richard Hansen 1
Alexander Eide 1
Steven Haram 1
Ivar Fjørtoft 1
Stig Erik Nogva 1
Øystein Longva 1
Stian Longva 1
Audun Steen 1
Preben Lorgen 1

Stordal-kampen må flyttast

Stordal greier ikkje å stille lag laurdag 18. april. I staden kunne dei tenkje seg søndag, men det går ikkje for min del, og eg vil gjerne ha med meg generalprøva. Framlegget no er måndag 20. april. Det kan passe greitt i forhold til at då er det ei veke sidan forrige kamp, og nøyaktig ei veke til seriestart. Slik sett kjem vi inn i "måndagskampmodus". Viss det er nokon det ikkje passar for på måndag 20. april, så vil eg gjerne ha beskjed. (Avreise 1635, retur 2210 frå Skjeltene.)

Vebjørn henta KM-tittelen!

For dei som ikkje fek det med seg: Vebjørn tok heim krinsmeisterskapen i kombinert i helga. Med to hopp på knappe 50 meter i K70-bakken i Stordal la han grunnlaget for sigeren (som det heiter). - Det høyrer med til historia at eg var einaste deltakar i juniorklassen, men det var moro likevel, seier Vebjørn i ein kommentar...

søndag 29. mars 2009

Godt med null baklengs

HaNo-Harøy 5-0. Fyldig referat her på HaNo-sida.
Eit par kommentarar:
- Kjekt at forsvaret var så konsentrert heile vegen. Veldig flink å falle av, lede og stenge rom når Harøy kontra.
- God respons på fokusa, spesielt med å bruke kantane. Det var bra! Backane Kris, Jonas, Vegard og Demir bidrog i høgste grad framover i dag! Den offensive viljen var der. Syns det var mange gode innlegg også med tanke på baneforhold.
- Vi skårar fem mål, og det trur eg ligg godt an i forhold til Drillo sitt forhold mellom sjansar og mål... Vi "bles" mange også, men vi fokuserer på dei som gjekk inn!!
- Midtbanesentralane flinke å vende spelet. det strakk opp eit slitent HIL-lag effektivt i andre omgang. Men her er framleis ein del å hente på presisjonen her, spesielt dette med å få pasningane i medløpsretning når romma er der!

lørdag 28. mars 2009

HaNo-Harøy- tropp

HaNo stiller med denne 17-mannstroppa mot Harøy:
Start 11-ar:
Lasse- Kristian, Mikke, Dagis, Vebjørn- Jan Egil, Cato, Åge- Ove, Stigis, Asgeir

På benk frå start av: Jonas, Kenneth, Kent Inge, LP, Per Jarle, Demir.

Dei som køyrer harøyingar til/frå hurtigbåt: Båten er på Austnes 1455, og skal reise att 1750. det vil seie at de må vere ombytt heimanfrå, kun klar til å få ei drakt på Rogne. Same etter kampen, trur ikkje Harøy rekk og dusje, så det blir direkte retur.

Dårlege vermeldingar

Om ein kikar inn på yr og litt meldingar framover, så er det kaldare og mykje nedbør framover. Det vil seie at treningsstaden som lagt inn i går med Rogne som bane må takast med ei klype salt. det kan likegodt bli grus, både treningane og ikkje minst kampen mot Lepsøy som er torsdag.

fredag 27. mars 2009

Trening/kampar framover

Fredag 27.mars 1750 Rogne
Søndag 29.mars 1545 KAMP Harøy (Rogne)
Måndag 30.mars eigentrening, restitusjon, sykling eller jogging.
Onsdag 1. april Ratvika 2130/Austnes 2000.
Torsdag 2. april KAMP Lepsøy (Rogne)
Laurdag 4. april trening (Rogne) Tipspkt seinare

Påskeveka elles:
Måndag 6. april 1750-1930 Rogne
Tysdag 7. april INTERNKAMP 1750-1930 Rogne (Alle stiller,også "onsdagsfolk", og påskegjestar!)
Laurdag 11.april trening (Rogne) Tipspkt seinare
Måndag 13.april,2.påskedag, HaNo-Midsund (Rogne) ca kl 15.

Trening på Rogne

Då må de bruke ettermiddagen til å pusse grasskoa. Trening i dag på Rogne kl 1750-1930. For dei som har tenkt å reise kl 1950 på ferja, så blir det sjanse til det.

torsdag 26. mars 2009

Terminliste og tabell

Har no lagt til lenkjer til høgre for
speleplan 5. div avd 3
tabell 5.div avd 3

Hugs å studere datoane godt, og unngå ferie og reising desse datoane!!
Aktivitetskalender for resten av våren med treningar og kampar er på trappene.

onsdag 25. mars 2009

Spelarlisens

Melding frå Konrad: Det er mange som enno ikkje har betalt lisens for i år. Dersom det er nokon som heller ikkje har fått giro, bør ein ta kontakt snarast.

tirsdag 24. mars 2009

Tillitsvalde

Hugsar ikkje om eg har nemt det i bloggen etter turen på Harøya for (kun) ein månad sidan. Men for dei som ikkje var der, så blei det vald tre stk tillitsvalde: Stig Frode, Michael og Jonas. Desse er bindeleddet inn mot SUS (Stig Frode sit i SUS også), dei skal vere dei som skal kontaktast dersom det er noko spesielt spelarane vil ta opp med trenarane, og desse tre er i det heile spelargruppa sine tillitsvalde om det skulle vere eitt eller anna.

søndag 22. mars 2009

Treningar komande veke

Vi trenar slik komande veke:

Måndag kl 1750-1930 Austnes
Onsdag kl 2130 Ratvika/ Austnes kl 20.
Fredag kl 1750-1930 Rogne eller Austnes
Søndag kl 1545 HaNo-Harøy (Rogne gras)

fredag 20. mars 2009

Kampar mot Harøy og Lepsøy

Ravn hadde allereie skaffa motstandar den aktuelle helga, medan Harøy og Lepsøy er villige til å spele kampar på Rogne. Dato og tid blir endeleg stadfesta i løpet av eit par dagar, men ganske stor sjanse for desse:

Søndag 29.mars HaNo-Harøy kl 1545 på Rogne

Torsdag 2. april HaNo-Lepsøy kl 1820 på Rogne

Tysdag 7. april kl 18 satsar vi på ein internkamp på Rogne. Håper folk som er heime har høve til å stille opp, så spelar vi ei god økt 11 mot 11.
(2.påskedag HaNo-Midsund og 18. april Stordal-HaNo.)

torsdag 19. mars 2009

SMS om nummeret ditt, takk!

Då er det slik at Odd E har skaffa ny telefon. Men det er også eit faktum at eg ikkje har alle nummera til spelarane på laget. Så difor får du følgjande oppgåve:

Send meg ein sms på 90 88 66 99, der du skriv til dømes:
"Hei, eg heiter Stig Frode, og likar turar i skog og mark."

Det siste er ikkje heilt naudsynt, men skriv i alle fall kven du er, slik eg kjapt kan registrere namnet ditt, og få lagra det ;)

Vårcup avlyst- kampar i staden

Vårcupen neste helg er avlyst. Vi arbeider no for å møte Ravn, Lepsøy og Harøy i treningskampar i staden. Så set av helga til HaNo uansett :)

Trening fredag 1750

Treninga fredag blir kl 1750-1930 på Austnes grus. Då blir det fullt køyr med ein del storbane-speling. Fine vermeldingar.

tirsdag 17. mars 2009

Midsund 2.påskedag

Det blir treningskamp på Rogne 2. påskedag mot Midsund. Tidspunkt er ikkje endeleg avtalt. Dersom dåkkå har tenkt på påskeferie, så fint om planlegginga tar omsyn til aktivitetsplanen for påska (link oppe til høgre på sida her). Der ser du at vi satsar på mykje trening palmehelga (starten av påska). Tysdag 7. april vil vi prøve å få til ein kamp, eventuelt ein internkamp på Rogne.

Kamp avlyst

Kampen mot MSIL som er oppsett fredag blir også avlyst pga ulykka som skjedde på Haramsøya. I staden tek vi trening fredag. Tidspunkt kjem vi tilbake til seinare.

søndag 15. mars 2009

Treninga måndag avlyst

Fotballtreninga måndag er avlyst pga ulykka på Haramsøya. Vi trenar neste gong på onsdag (Ratvika 2130/Austnes 2000).

Mobillaus trenar

Odd Einar valgte å legge att mobilen sin på Strandafjellet i helga. Send difor forfall eller andre meldingar til LP når det gjeld måndag- eller onsdagstreninga.

Veka no er slik:
Måndag trening 1750-1930 Austnes
Onsdag 2130 Ratvika/2000 Austnes
Fredag: Kamp Mauseidvåg&Solevåg-HaNo kl 1830 på kunstgrasbana til MSIL.

onsdag 11. mars 2009

Frank gjorde jobben

Frank melder om følgjande frå møtet på Skodje klubbhus i går:
Terminlista blir offisiell og lagt på nett over helga, sidan det kan gjerast endringar dersom klubbane er einige seg i mellom ut veka.

HaNo-Lepsøy går laurdag 9. mai
Harøy- HaNo går laurdag 23.mai
Lepsøy-HaNo går søndag 30. august (Løvsøy-dagar)

Elles blir Giske-HaNo flytta frå laurdag 19.sept til fredag 18. sept pga bryllaup.

Datoane for sluttspel/kvalik er også klare. Det er fire helge- og ein midtvekekamp i oktober. For at det skal bli aktuelt for HaNo, så må vi altså kome oss inn mellom dei to beste på tabellen.

mandag 9. mars 2009

Sex i bingen

Nei, det er ikkje Ove som skal til Oslo vi tenkjer på, men tid og stad for økt på fredag. Kent Inge var kjapp med å uttale dette for fredagstreninga. Torsdagstreninga går ut pga litt slitasje i HaNo-troppa no. Så resten av veka blir slik:

Onsdag kl 2130 i Ratvika/ 2000 på Austnes.

Tilbod om desse øktene for dei som ikkje har strekk-eller belastningsskadar:
Torsdag kl 1730 i Sunnmørshallen, eller fredag kl 18 i ballbingen på Nordøy.

Generalprøve mot Stordal

HaNo møter Stordal (anna 5.div-avdeling) i siste treningskamp før seriestart. Den er beramma til kl 12 laurdag 18. april på Kirkebøe stadion i Stordal.

søndag 8. mars 2009

Helgekampar

Vi kjem til å foreslå å legge om desse kampane slik:


HaNo- Lepsøy onsdag 13.mai kl 18:30- Evt flytte til laurdag 9.mai (ikkje sønd 10.mai pga konfirmasjon)

Harøy- HaNo tysdag 26.mai kl 18:30- Flytte til laur 23.mai (kl 13-14) el. Søn 24.mai (Kl 16) i staden

Lepsøy- HaNo onsdag 2. september kl 18:30- Evt flytte til søndag 30.aug.
(Ikkje laurd 29.,det blir for tett mot Brattvåg-kampen)

Midterste Steen: Ein tulen mann!


Dette biletet prover det alle har visst i lang tid. Ein smågal Vebjørn på løp. Flott innstilling, Vebjørn. Roy Standal er fotograf! (Trykk på biletet, og du får ein endå større versjon)

Fasit på meiningsmåling

Rett svar på spørsmålet vi stillte tidlegare i veka, blei delt siger mellom Stigis, Kent Inge, Alex og Junior som alle skåra kvar sine mål i treningskampane denne veka.

To ulike omgangar- igjen

Ingen voldsom analyse her i bloggen av Ellingsøy-kampen. Men tre stikksetningar:
- Igjen meget dårlig i gang, baklengs etter 4 minutt, og tre baklengs før pause.
- Produserte fleire sjansar enn på fleire kampar, men denne gongen var vi inneffektive.
- Vi verkar å halde godt ut kampane i forhold til motstandarane våre. Denne forma må vi halde på.

lørdag 7. mars 2009

Nytt serieoppsett, Blindheim2 har trekt seg

Her er kretsen sitt siste utkast for 5 div avd 3.

Sjekk ut om det er kampar du veit du er vekke på, og gi beskjed til OE kjapt i så fall. Terminlistemøte på tysdag, det er der vi har sjanse å gjere endringar.

fredag 6. mars 2009

Retta på linken om aktivitetsplan

Det har ikkje blitt rett link på aktivitetsplanen før i dag fredag. Sjekk den på nytt for endringar :)

torsdag 5. mars 2009

Gledeleg med uavgjort

Norborg-HaNo 2-2. Ref på HaNo-sida.
- Positivt å hente opp att 0-2.
- Forsvaret gjorde store framskritt i press/falle av/kommunikasjon og ikkje minst duellstyrke i dag. Vi slit framleis med 2. og 3. ballar/situasjonar etter dødball og innlegg. Her er det viktig å reinske unna. Men dette kom seg voldsomt i andre omgang.
- 2 mål på 4 sjansar er god uttelling.
- Presisjonen i andre omgang var bra, men framleis slit vi med enkle pasningar. Vi må minske feilprosenten til laurdag.
- Fredag skal vi ha dødball-fokus! Både off og def.

Aktivitetskalender er oppdatert

Då har eg gjort nokre justeringar igjen på aktivitetskalenderen. Lagt inn det som gjeld denne veka her, pluss nokre endringar seinare i månaden. Det blir ikkje trening fredag i neste veke, men torsdag i staden. Eg har også stroke vekk ei trening som opphaveleg var oppsett torsdagen før Vårcup. Den droppar vi, og trenar måndag og onsdag før Vårcuphelga. April er framleis lite avtalt, men reknar med å spikre to (eller tre) kampar der før seriestart.

tirsdag 3. mars 2009

Terminlisteframlegg

Sunnmøre fotballkrets arrangerer terminlistemøte for 5. div tysdag 10. mars. Det er der vi har sjanse til å gjere noko med seriekampane. Her følgjer oppsettet. Gi beskjed snarast til Frank eller OE om det er kampar som dåkkå veit ikkje passar.

Vårsesong

Ons 22.4. Godøy 2/Vigra 2-HaNo
Tors 7.5. HaNo-Lepsøy (Søn 3. mai eller laur 9. mai i staden?
Ons 13.5. Giske-HaNo
Tys 19.5. HaNo-Blindheim 2
Tys 26.5. Brattvåg 2-HaNo
Ons 3.6. HaNo-Harøy (Laurdag 6. juni i staden?)
Tors 11.6. Ellingsøy-HaNo
Ons 17.6. HaNo-Ravn
Ons 24.6. HaNo-Godøy 2/Vigra 2

Haustsesong

Tors 20.8. Lepsøy-HaNo (Helgekamp i staden?)
Ons 26.8. HaNo-Giske
Ons 2.9. Blindheim 2-HaNo
Søn 6.9. HaNo-Brattvåg 2
Laur 19.9. Harøy-HaNo
Søn 27.9. HaNo-Ellingsøy
Søn 4.10. Ravn- HaNo

Norborg favoritt

nordicbet.com har for vane å sette odds på Norborg sine kampar. Ikkje noko unnatak denne gongen. Dei har sett Norborg som favorittar, med 1,40 gongar pengane att for heimesiger. Uavgjort gir 4,55, medan HaNo-siger blir betalt tilbake 5 gongar innsatsen.

Kamp mot Norborg onsdag kl 20

Norborg-HaNo onsdag 4. mars kl 20. Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg.
Avreise kl 1850 frå Haramsøya, retur kl 2210 frå Skjeltene. Asgeir og Lars Å køyrer frå byen.

Tropp:
Michael Austnes
Jonas Longva
Vebjørn Steen
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Asgeir Nogva
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Vegard Halkjelsvik
Ove Otterlei
Stig Frode Longva
Jan Egil Ulla
Lars Åkre
Kent Inge Klokk
Alexander Eide
Lasse Buch

Ny meiningsmåling!

Då er det endeleg ny meiningsmåling igjen! Sjekk til høgre i bloggen. Alternativa med namns nemning er dei som har skåra til no i år. Og så Lasse då. Han kan vere ein heit kandidat. Verka frisk på cuiper´n i kveld :)

HaNo-sida


Då har eg lagt ut nokre bilete og litt ymse frå Harøy-helga på HaNo-sida. Fekk ikkje heilt med meg kven som har den offisielle HaNo-rekorden i vass-sklia på Finnøya. Kven blei det? Påstandar og fakta om det kan leggast att under "kommentarer" :)

mandag 2. mars 2009

Cato månadens Stratos!

Cato fekk ei stratos-plate på trening måndag. I juryen si grunngjeving heiter det:
- Forbetra seg mykje med val med ballen
- Stor løpskapasitet
- Pratar meir på bana
- Jobbar aggressivt og godt
- Innsatsen, humøret og duellvilja hans er smittande
- Var på 9 av 10 februartreningar
- Spelar i mange ulike posisjonar, og tek utfordringane på ein positiv måte.

Gratulerer med tittelen månadens spelar!

Cuipers test

21 mann på trening i dag. Svært gledelig! Då gjennomførte vi også ein Cuipers test. Kor langt spring du på 12 minutt? Vebjørn sprang lengst, og to andre bikka 3000 meter på relativt tungt føre. Mykje god jobbing, og dei aller fleste har betra seg med ganske mange meter sidan sist. Ein runde i dag var 250 meter. Dei som sprang sist har forbetring eller forverring frå sist i parantes.

Vebjørn Steen 3110 (400)
Lars Petter Haram 3030 (180)
Cato Longva 3000 (80)
Junior 2980 (80)
Asgeir Nogva 2940 (170)
Åge Flem Ulla 2850 (-10)
Kristian Kalvøy 2840 (320)
Jan Egil Ulla 2820 (240)
Vegard Halkjelsvik 2750 (80)
Michael Austnes 2700 (240)
Per J Fjørtoft 2690
Lars Åkre 2680
Ove Otterlei 2625 (195)
Jonas Longva 2620 (180)
Stig Frode Longva 2620
Daniel Grebstad 2450
Kent Inge Klokk 2380 (210)
Richard Hansen 2350
Demir Haram 2340 (360)
Lasse Buch 2140
Steven Haram 1640 (-460)

Nysladda bane

Demir og Cato melder søndag kveld i ei tekstmelding at dei har valsa over bana. Så den skal vere god til dagens trening!

Michael og Åge 10 av 10

Februar er over. Ein spelar får sjokoladeplate for månadens spelar på måndagstreninga. Etter at ”ikkje-HaNo”-spelarar er strøkne av frammøtelista (Lepsøy-, Fjørtoft-, Harøy-spelarar onsdagar), så har det vore eit snitt på 16,9 i februar. Ei trening med 7 mann trekkjer ned snittet noko. Når det gjeld oppmøte, så er februarlista slik:

Michael Austnes 10
Åge Flem Ulla 10
Demir Haram 9
Cato Longva 9
Lars Petter Haram 9
Henrik Åkre 8
Kristian Kalvøy 8
Vegard Halkjelsvik 8
Jonas Longva 7
Stig Frode Longva 7
Vebjørn Steen 6
Ole Lennart Vassbotn 6
Ove Otterlei 6
Steven Haram 6
Kenneth Ulla 5
Lars Åkre 5
Kent Inge Klokk 5
Daniel 5
Eivind Fugledal 4
Jan Egil Ulla 4
Dag Peter Olsen 3
Junior 3
Even Vestavik 3
Asgeir Nogva 2
Andreas Fjørtoft 2
Johan Åkre 2
Ivar Fjørtoft 2
Stian Longva 2
Per J Fjørtoft 1
Alexander Eide 1
Geir Olav Otterlei 1
Steffen 1

Harøy-helg- konklusjonar

Kor vidt Harøy-helga var vellykka skal dåkkå få vurdere sjølv, men eg trekkjer nokre konklusjonar:
- Positiv trening fredag, der vi fekk sette fart på ball både i spel, og ikkje minst i desse innleggs- og 3mot2- sekvensane. Bra tempo på ball, og etterkvart ganske god kvalitet på løpa. Det aller beste var engasjementet. Mykje prat/rop, konstruktive beskjedar.
- Laurdag: Litt variabel kvalitet det eg fekk med meg, men 18 minutt x 3 er hardt. God jobbing, og det er læring i desse situasjonane også. Taktiske val både kollektivt og individuelt er viktig i desse situasjonane, som liknar litt meir på ein fotballkamp enn ei trening. Også interessant å observere kven som har konkurranseinstinkt, og ikkje let seg frustrere, men jobbe på vidare J
- Ikkje dumt med eit bad etter to harde økter, og håper opphaldet elles på Finnøya gjekk bra.
- Hovudkonklusjon: Ein slik hall skal vi ha oss. Så det så.