torsdag 29. mars 2012

onsdag 28. mars 2012

Meld deg på påskecupen!

Som i fjor, blir det påskecup i Nordøyhallen onsdag 4. april. Ny påmeldingsfrist i dag fredag 30.3. Kjekt og sosialt detta greiå der :) Påmelding på sms til Anna: 971 58 290 eller Silje: 960 49 005

Ta med gode vener frå fjern og nær også til å melde seg på :) Alderstrinn er 10. kl og oppover. Old Boys og Girls-folk må også for all del melde seg på, det er moro!

Minner frå i fjor:
Damelaga
Herrelaga

tirsdag 27. mars 2012

Ny terminliste klar

Demir med glitrande halvtliggande vristspark mot Giske i 2010. No møtest laga to gongar på Nordøy stadion i 2012.
HaNo skal igjen i elden mot gårsdagens treningskampmotstandar Ellingsøy (siger 1-3) i årets serie.

HaNo serieopnar borte mot Ravn måndag 16. april. Etter at Vigra no spelar i 5. divisjon, blir vi altså 7 lag som spelar trippel serie. Her er heile terminlista for sesongen, der HaNo spelar to bortekampar og ein heime mot Ravn, Harøy og Langevåg2, medan vi spelar to heimekampar og ein borte mot Aspøy, Ellingsøy og Giske.

HaNo-dagane første helga i september byr på Haramsderbyet HaNo-Ravn. Utgangspunktet for serien er rimeleg enkel: Vinnaren rykkjer opp til 5. divisjon 2013.

lørdag 24. mars 2012

Tropp til Ellingsøy kampen

Følgandes stiller til kamp mot Ellingsøy på mandag:
Olve, Per Kristian, Michael, Robin, Preben, Even, Cato, Håkon, Jan Egil, Sindre, Odd Einar, Aleksander, Per Olav, Mads, Demir og Kenneth?

Henrik er reist på sjøen, mens Kenneth går på en piller-kur mot en bettennelse i foten. Så vi får sjå om det blir Kenneth som vokter målet eller om det blir nokon anna.

Oppmøte kl 17:50 på Nes stadion på Ellingsøya.

tirsdag 20. mars 2012

Vigra til 5. divisjon- trippel serie i staden

Vigra er klar for 5. divisjon etter at Aksla har trekt seg. Sunnmøre fotballkrets stadfestar tysdag at 6. divisjon avdeling 2 då kun består av 7 lag. Då er 12 seriekampar lite, og det blir no trippel serie, med 18 seriekampar. Nytt oppsett kjem sannsynlegvis i slutten av denne veka. Kampdag blir framleis måndagar. Vi kjem tilbake til dette.

Etter at Lepsøy (trakk laget) og Vigra har gått opp ein divisjon blir det då desse sju laga som skal kjempe om opprykk til 5. divisjon:
Harøy
HaNo
Giske
Aspøy
Ellingsøy
Ravn
Langevåg2

Påskecup 4. april!

Som i fjor blir det fotballturnering i Nordøyhallen onsdagen i påska. Då er det berre å børste støv av fotballsko for dei som treng det, og håper på like godt frammøte som i fjor! Info om påmelding m.m. kjem om ikkje lenge. Spre infoen :)

mandag 19. mars 2012

Treninger denne veka...

Denne veka er det treninger som det her:
Mandag kl 19:00
Onsdag kl 17:30
Fredag kl 19:00

Møt opp gutar!

onsdag 14. mars 2012

Lepsøy IL trekt laget

Lepsøy manglar folk til å spele i 6. divisjon i år, og Sunnmøre fotballkrets melder at raudtrøyene har trekt laget. Dei stiller i staden kun i 7-arserien i 2012.

Det vil seie at HaNo faktisk får ei tre vekers kamppause frå 30.april til 21.mai i vår. Det blir dermed også kun 14 seriekampar å gjere det på for oss i år.

mandag 12. mars 2012

Trening denne veka

Onsdag 1730 i NH
Fredag 1900 i NH

Neste kamp er 26 mars mot Ellingsøy på Nes Stadion.

mandag 5. mars 2012

Tropp

Følgande møte til kamp på onsdag: sindre, even, henrik, demir, per olav, alex, cato, per jarle,
preben, olve, robin, stig frode, odd einar, michael, håkon, jan egil. Avreise 1635, oppmøte 1800. Alex, per olav og michael stille med bil.

torsdag 1. mars 2012

Cup

Vi har fullført 7 av 10 runder i vintercupen, og det har begynt å peike seg ut nokre kandidater til å vinne denne gjeve cupen.

Topp 5 runde 7:
Even                  19,5
Per-Kristian       15,5
Odd Einar          13,5
Per Jarle            13,5
Michael              12
Toto                   12

Totalt topp 5 uten stryk:
Michael               79
Per Kristian         66,5
Preben                65,5
Sindre                 58
Even                   57

Totalt topp 5 med stryk:
Even                   57
Michael               54,5
Per Jarle              52
Preben                 52
Per-Kristian         49


Sindre, Per-Kristian og Preben

Desse 3 karane har flest oppmøte med 12 av 13 treninger i februar! Rett bak med 11 av 13 følger Michael og Per Olav. Bra jobba karer!