onsdag 28. oktober 2009

Dommaroppsett

Stordal.nu har ikkje tatt ferie. På kommentar-feltet drøfter ein kvifor Kretsen har sett opp dommarar frå involverte klubbar i dei siste kampane. Rolf Eldevik (Ellingsøy) dømmer Skodje-Tjørvåg, medan Svein Rasmus Vestnes, med adresse Mauseidvåg (Men dømmer for Aafk) er assistentdommar mellom MSIL-GuLars. Odd-Arne Grande er på linja i vår kamp.

Forsåvidt einig i at dette er unødvendig. Men faktum er at desse er proffe dommarar som ikkje tar slike omsyn under kamp, og at dei heilt sikkert dømmer fair!!

3 kommentarer:

jan egil sa...

Fær no berre håpe at det ikkje bli nåkke feil dommeravgjerelsa, so slepp an no dei spekulasjonane..

Odd Einar sa...

Ser også no i kveld at Kretsen har bytta dommar i oppgjeret Skodje-Tjørvåg. Det er ikkje lenger Eldevik frå Ellingsøy, men Hjelle frå Sunnylven som skal leie kampen...

jan egil sa...

Ja det va no overraskande at det va den kampen det vart bytta i.........