mandag 19. oktober 2009

SUS: Nominér årets spelar

Sportsleg utval senior (SUS) i HaNo vil at spelarane på herrelaget skal nominere spelarar til prisen årets spelar. Det skal i første omgang foregå slik: ¨

Send ein sms til Odd Einar snarast råd, men seinast tysdag kl 18, med FIRE NAMN på spelarar som du meiner høyrer heime i nominasjonen til årets spelar i HaNo.

Så tel SUS opp, og dei fire som får mest stemmer har publikum høve til å stemme på i onsdagens heimekamp mot Skodje. Stjernebørsen, samt trenaren sine stemmer, skal også vere med å telje før årets spelar blir kåra, heiter det frå SUS.

Ingen kommentarer: