tirsdag 30. juni 2009

Cato sjef- og førebels tropp

Cato tar styringa i helga, og er den som tek avgjerdslene i helga med laguttak og bytter. Vebjørn og Jonas er assistentar som Cato kan rådføre seg med.

Her er 16-mannstroppa, pr tysdag kveld:

Henrik Åkre
Jonas Longva
Vebjørn Steen
Richard Hansen
Kristian Kalvøy
Ole Lennart Vassbotn
Demir Haram
Cato Longva
Lars Petter Haram
Vegard Halkjelsvik
Kent Inge Klokk
Stig Frode Longva
Even Vestavik
Preben Lorgen
Stian Andre Haram
Jan Ove Austnes

mandag 29. juni 2009

13 mann offisielt klare

13 mann på blokka til no- og ventar framleis svar frå ein del spelarar om dei blir med på Øyacup, så dette blir bra:)

Minner om treninga i dag på Nordøy kl 20. Baneslåaren rapporterer om at han skal på jobb i dag, så sikkert ei fin Nordøybane som ventar i kveld.

lørdag 27. juni 2009

Øyacup- "påmelding" no!

Det er fleire som skal vekk til helga, og nokre i bryllaup. det vil seie at vi bør skaffe oss ei oversikt over kor mange vi blir på Fjørtofta neste helg. Har fått stadfesta at dei "gamle" HaNo-stjernene Preben, Even, Richard og Stian (den vesle) blir speleklar til Øyabataljen.

Ber alle i HaNo-troppa om å sende ei tekstmelding i helga om ein blir med eller ikkje.
Tlf: 90 88 66 99.

Vi møter arrangørlaget Fjørtoft (med Ove på laget) og Harøy på laurdag. Heile kampoppsettet står på HaNo-sida.

Treningar komande veke

Herrelaget trenar slik neste veke:

Måndag 29. juni kl 2000-2130 Nordøy
Onsdag 1.juli kl 1715-1855 Austnes
Fredag kl 1750-1910 Austnes

Øyacup på Fjørtofta i helga. Hugs forfall som vanleg til Odd Einar.

torsdag 25. juni 2009

Trening fredag 1750-1930

Neste trening er fredag 1750-1930 på Nordøy stadion. Treningar neste veke er måndag, onsdag og fredag (fredagstreninga: rolig trening, med fotballspling, og førebuing til Øyacup).

Øyacup laurdag og søndag 4.-5. juli på Fjørtofta. Vi tek opptelling og slikt om Øyacup på treninga fredag og måndag. Vanleg opplegg med forfall på sms på treningar du ikkje kjem på.

onsdag 24. juni 2009

Tre poeng og tabelltopp

...og meir enn tre poeng er som kjent ikkje mogleg å skaffe etter ein fotballkamp. 2 faktorar som eg tenkte på før kampen: Kjempekamp og storsiger sist, og ein møter eit lag utan poeng. Det er ei mental stor utfordring. Det var sannsynlegvis grunnen til at vi arbeidde/lykkast berre 90 % i dag. Kjekt då at vi skårar 4, produserer bra med sjansar, og har bra defensiv kontroll, trass i to baklengsmål. Syns likevel mange skal vere nøgd i dag med innsatsen. Fleire som viste seg fram på ein positiv måte av dei som ikkje spelar mest til vanleg. Positivt!

Merka nok på heiaropet og stemninga straks etter kampen at vi ikkje var enormt glad i dag, men tre nye poeng er eit faktum. No skal vi arbeide godt på treningane framover, halde ved like i juli, og jobbe knallhardt dei to vekene vi skal samlast i august før HaNo-Godøy2/Vigra2 den 17.august.

tirsdag 23. juni 2009

5. divisjon tilbake til Sumpen

stordal.nu sin kampanje mot Sunnmørsposten sin "boikott" av 5. divisjon er kanskje over. No har Sunnmørsposten tatt rev i segla, og sendt ut informasjon til klubbane der ein ber om hjelp. Les meir på stordal.nu

Start 11-ar mot Giske


Vi startar slik i 4-4-2 formasjon:

Henrik- Kristian, Mikke, Jonas, Vebjørn- Vegard, LP, Cato, Asgeir- Kenneth, Jan Egil.


Det vil seie at Åge, Ove, Kent Inge, Stig Erik, Demir, Sondre og Stig Frode er klar for sprelske innhopp, nokon heilt sikkert allereie i første omgang. Det er fordi skal ha knallfriske bein utpå der heile vegen. Ingen skal kvile seg medan dei er inne på bana. Kun knallhard jobbing som tel i morgon, kara! Oppmøte som sagt 1730.

Kristian (biletet, mot Ellingsøy i mars) og dei andre som spelar back skal vere med opp, og vi skal vere knallaggressive i spelet vårt. Veret blir bra, så drikk mykje og lad opp godt!

Tropp Giske

Den tel 18 mann:

Henrik Åkre
Michael Austnes
Jonas Longva
Vebjørn Steen
Kristian Kalvøy
Kenneth Ulla
Demir Haram
Asgeir Nogva
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Vegard Halkjelsvik
Sondre Steen
Stig Erik Nogva
Ove Otterlei
Stig Frode Longva
Jan Egil Ulla
Kent Inge Klokk

Oppmøte kl 1730. Start11-ar kjem i kveld her på bloggen. Har i skrivande stund ikkje fått diskutert med LP om den saken. Henrik kjem att i dag, og skal stå i mål.

Toppskåraren hoppar høgt!!


Måtte berre stele dette biletet frå hanofk.no. (trykk på biletet for litt større versjon) Gunnar er ein suveren fotograf, veldig kjekt å ha eit slikt digitalt historisk system i klubben vår. Men er dette biletmanipulering frå Standal si side?? Hoppar faktisk LP så høgt?? Legg gjerne att di ytring under "kommentarer" :)

mandag 22. juni 2009

Trondheim-Oslo på knappe 23 timar!

Ein liten prosentdel av backrekka har hatt uthaldstrening i helga. Kristian og Vebjørn gjorde unna "Den store strykeprøven" på knappe 23 timar. hanoherre.blogspot.com kan ikkje anna enn å gratulere! Vebjørn rapporterte i går etter målgang at dei var lette og fine i kroppane, og klar for Giske på onsdag :)

torsdag 18. juni 2009

Knallkøyr til og med Øyacup!

Det står att berre ein seriekamp før sommarferien. Giske heime neste onsdag. På treninga fredag og måndag vil eg og LP sjå etter kven som held oppe balltempoet, flyttar føtene, og kjem i gang treningane gjennom gode haldningar. Dei som gjer det, for fort mykje speletid i denne kampen. Sjølv om ein kan å lese tabellar, ER INGEN KAMPAR WALKOVER! Som døme kan ein seie at stillinga ved pasue var 0-0 mellom Ellingsøy og Giske for få veker sidan.

Etter den er det halvanna veke før Øyacup på Fjørtofta (4.-5. juli). Her køyrer vi treningar måndag-onsdag-fredag med hard intensitet. Ikkje berre for oppkøyring til Øyacup (!), men for å halde ved like kondisjon og form før sommarpausen. Vi samlast att til første obligatoriske fellestrening måndag 3. august, men vi skal spørje/sjekke opp korleis vi gjer det i sommarferien. Ein idé kan vere å sette opp slik:
Måndagar kl 1750 Nordøy
Fredagar kl 1750 Austnes

...som faste tider, og så held vi kontakten her på bloggen kven som står som ansvarleg (skaffe utsyr/nøkkel, leie treningane basert på oppvarming og fotballspeling) for kvar trening. Det er ganske mange som er heime samstundes, og banene ligg der grøne pg finare enn noko anna tid på året. Dessutan har alle ansvaret for å halde ved like forma i juli månad.

onsdag 17. juni 2009

stordal.nu verkeleg på nett igjen!

Det e rmed stor glede eg klikkar inn på nettstaden stordal.nu igjen for tida. Full oppdatering på 5. divisjonsavdelingane, og han held fram sin kampanje mot Sunnmørsposten, der han slaktar at avisa ikkje har med små kampreferat frå divisjonen. Nett slik som eg refererte til for nokre veker sidan om Sumpen.

MSIL har no vunne 8 på rad, kan du mellom anna lese om det webmaster John Øie har lagt ut i kveld.

Treningar framover

Treningane før Giske-kampen blir slik:

Fredag kl 20 på Nordøy (etter damekampen)
Måndag kl 1750-1930 på Austnes.

Godt stykke arbeid

Gratulerer med kjempejobb i dag, kara! Må no vere glad for eit par detaljar i dag: At vi unngjekk baklengs første 20 minutta, og at dommar bleste straffe etter at Stig Erik (2-1 målet) fekk avslutta. Mål pregar kampar, som det heiter, men hadde ein følelse at vi uansett skulle tatt Ellingsøy i dag. Innsats og haldning var god, guts likeså. Synest alle var konsentrert, og lot meg imponere over garderobestemninga i pausen. Vi var glad over kanonavslutninga av 1. omg, men knallkonsentrert og fokusert på det som skulle skje i andre. Glimrande.

Elles må berre Jonas si skåring nemnast. Tidenes sjokk!! :) Herlig forspel av Vegard, og avslutninga Jonas var prima!!! Gunnar kjem sikkert med meir på HaNo-sida.

tirsdag 16. juni 2009

Andrelaga spelte uavgjort

Brattvåg2 gjesta Godøya i kveld. BIL2 leia 1-2, men med kampens siste spark utlikna Godøy2/Vigra2. Jan Tore Fjørtoft (som så sympatisk minna Norvald på at Per Jarle hadde på smykke her tidlegare i mai) blei utvist i første omgang for gultrøyene. Frank Dalhaug skåra igjen for BIL2.
Elles melder ein på BIL si heimeside at John Andreas Husøy (harøying, med ex-klubbar som Molde, Moss og Sarpsborg) skal forsterke BIL i sommar. Husøy studerer for tida i København, og er klubblaus/heime på sommarferie.

mandag 15. juni 2009

Vi treng Vebjørn sin trynefaktor!


Når det gjeld innstilling, så kan vi kanskje prøve å imitere denne! Roy Standal sitt blinkskot frå treningskampen mot nettopp Ellingsøy i vinter.

Tropp Ellingsøy

Med Lepsøy sin siger over Ravn, er tabellsituasjonen slik før dei siste kampane i Vår-runden er spelt:

Ellingsøy 13
Lepsøy 13
Ravn 10
HaNo 10
Brattvåg2 9
Harøy 9
G2/V2 3
Giske 0

Godøy 2/Vigra 2 - Brattvåg 2 møtest i morgon tysdag. I tillegg til Harøy-Giske og HaNo-Ellingsøy, begge onsdag kl 1830, er det Harøy-Ellingsøy 15. august som kompletterer 7 fulle serierundar. Dermed er det vel ikkje naudsynt å seie kor viktig kampen mot Ellingsøy om knappe to døgn er for utfallet av årets 5. divisjon avdeling 3...

Stig Frode Longva (3 seriemål i år) slit med rygg/nakke, og blir ikkje med dei to siste kampane før ferien. Jan Egil Ulla og Stig Erik Nogva er nye namn i forhold til troppa mot Ravn sist veke.
Troppa tel heile 19 mann, og ser slik ut:
Øystein, Jonas, Michael, Kenneth, Vebjørn, Ove, Cato, Lars Petter, Asgeir, Jan Egil, Per Jarle, Kristian, Dagis, Lars, Åge, Vegard, Demir, Stig Erik, Kent Inge.

Oppmøte kl 1730 på Nordøy.

Trening i dag 1750 på Nordøy

Hugs treninga i dag måndag kl 1750-1930 på Nordøy!

torsdag 11. juni 2009

Medlemskontigent

SUS kjem på trening fredag. Årsak: 4 (!) herrespelarar har betalt aktivavgift/medlemskontigent til no. Dei som ikkje har betalt får ny giro. Frist: 15. juni.

onsdag 10. juni 2009

Ein knalltett (og oppdatert) tabell

Ellingsøy har eit lite overtak på tabellen. Med sine 13 poeng, ligg dei eit lite hakk framom eit tettpakka kobbel:
Sjp den her

Det vil seie at HaNo-Ellingsøy på onsdag blir ein særs viktig kamp! Harøy har altså blanda seg inn att i toppen etter sin siger i Brattvåg i går. Både Harøy og HaNo har Ellingsøy og Giske igjen av vårrunden (HIL-Ellingsøy går forøvrig ikkje før 15. aug).

Treninga fredag flytta til Austnes

Treninga fredag blir på Austnes. Klokkeslett 1950-2120 som før. Der er guttekamp frå kl 1830-2000, men vi byrjar å jogge ti på åtte. Då tenkjer eg at treninga går bra for Ove og Cato også.

tirsdag 9. juni 2009

Positivt med poeng

Det er vel det som oppsummerer kampen. Og Ravn står dermed på 10 poeng, og ikkje 12, mot våre 9 om vi hadde tapt... For vi skal vere så ærlige og seie at vi skapte lite etter pause, og at dei var nærmast.
Her er mykje positivt også. At Asgeir skårar mål, til dømes;)
Vorspielet til andremålet med overlap og greier. God tidvis jobbing i midtbaneleddet og aggressiviteten er god i periodar. Vi har mykje vingspel i våre gode periodar. Men det blir litt som Ivar M Normark brukte å seie det: Vi har eit lavt botnnivå, og eit høgt toppnivå. Vi har to treningar å jobbe med no før neste kamp: Ellingsøy om ei åttedage. Viktig at alle gjer det dei kan for å prioritere desse treningane:
Fredag 1950-2120 Nordøy (Men denne kan vi kanskje flytte til Austnes)
Måndag 1750-1925 Nordøy

søndag 7. juni 2009

Tropp Ravn

HaNo stiller denne troppa mot Ravn, 18 spelarar:
Øystein, Kristian, Jonas, Michael, Kenneth, Vebjørn, Dagis, Lars, Vegard, Demir, Cato, LP, Asgeir, Stig Frode, Per Jarle, Kent Inge, Åge og Ove.

Avreise 1635 frå Haramsøya. Oppmøte kl 1730 for dei som kjem frå byen. Hugs at det er kunstgrasbane. Då er det berre å glede seg!

fredag 5. juni 2009

Attståande vårkampar

Mange lag tek poeng frå kvarandre- Ellingsøy ligg i så måte best an til no sidan dei har unngått tap. Her er dei attståande kampane i vår (hengekampen Harøy-Ellingsøy går først i august) :

Runde 6
2009-06-06 15:00 Ellingsøy - Godøy 2/Vigra 2
2009-06-07 15:00 Giske - Lepsøy
2009-06-09 18:30 Brattvåg 2 - Harøy
2009-06-09 18:30 Ravn - HaNo
Runde 7
2009-06-13 15:00 Harøy - Giske
2009-06-13 15:00 Lepsøy - Ravn
2009-06-16 18:30 Godøy 2/Vigra 2 - Brattvåg 2
2009-06-17 18:30 HaNo - Ellingsøy

(Runde 5)
2009-06-24 18:30 HaNo - Giske

Studer tabellen, tipp litt utfall av kampane, og stem i pollen til høgre kven du trur ligg aller best an etter 24.juni! PS! Pr i dag 5. juni har dei enno ikkje retta på resultatet mellom G2/V2-Ravn. Det vil seie Ravn skal ha 3 poeng meir)

torsdag 4. juni 2009

HaNo-Giske onsdag 24.juni stadfesta

Då er det bestemt at kampen mot Giske går onsdag 24. juni kl 1830 på Nordøy stadion.



Minner om aktivitetane framover:

Fre 5. juni Tren 1750-1930 Nordøy
Søn 7. juni Tren 1800-1930 Austnes
Tys 9. juni Ravn 1830 Ra. kgb (Avreise 1635, retur 2120 frå Skj)
Fre 12. juni Tren 1950-2120 Austnes
Mån 15. juni Tren 1750-1930 Austnes
Ons 17. juni ELLINGSØY 1830 Nordøy

Fotballskule slutten av juni

HaNo FK ved trenarkoordinator Kenneth Ulla og yngresavdelinga har planar om å arrangere fotballskule 29. og 30. juni. Melding frå Kenneth:
Då treng vi instruktørar. Vi vil ha hjelp frå herre- og damelaget. Skulle gjerne fått spurt om det er nokon som har høve til å stille som instruktørar ein eller gjerne begge desse dagane. 3-4 timar kvar dag. Vi treng minimum 6 instruktørar kvar dag for at dette skal gå ihop.

Dette blir tatt opp på trening. Er det nokon som kan, så er det berre å melde seg! Dette er viktig dugnadsarbeid, og veldig kjekke dagar!

onsdag 3. juni 2009

Framlegg om 24.juni

Giske takkar for all velvilje med ny kamp, og beklagar sterkt den seine beskjeden. Dei foreslår no 24. eller 25. juni. Den 25. har damelaget heimekamp, så den går ikkje. Dermed går vi for onsdag 24. juni på Nordøy stadion. Eg vil ha beskjed innan i morgon torsdag kl 11 dersom det ikkje passar for nokon av våre spelarar!

HaNo-Giske skal spelast

Det ser ut som om Giske-kampen er utsatt, ikkje avlyst. Giske sa i frå svært seint, og det gir to alternativ:
1: 3 poeng og 3-0 til HaNo.
2: Ny kampdato om HaNo ønskjer det.

Med så få kampar det er i årets serie, så gjekk ei samla spelargruppe på treninga i kveld for det siste alternativet. Frank har kontakt med Giske, og det kan bli aktuelt å spele den etter Ellingsøy-kampen, til dømes måndag 22.juni eller onsdag 24. juni. Komande fredag også aktuelt, men det var Giske usikker på om det gjekk.

Harøy utklassa Lepsøy- Ellingsøy held fram

Harøy vann heile 7-1 over Lepsøy i dag, med stillinga 4-1 ved pause. Ein skikkelig revansje for harøyingane etter forrige heimekamp. Rolf Borgan, som også skåra mot oss, stod for tre av måla. Lepsøy har kome ned på jorda att etter ei god opning av serien, med sine to tap på rad no.
Ellingsøy gjorde imponerande arbeid i Vågen med 2-3 siger. Eit effektivt bortelag, står det å lese i den stutte rapporten på brattvag-il.no. Andre rapportar seier at BIL2 hadde 7-8 store målsjansar ein ikkje skåra på.

Vanvittig irriterande

Må berre få uttrykke her i bloggen (som ikkje er HaNo FK si offisielle heimeside) at å ringe og avlyse på kampdagen er ekstremt irriterande og useriøst. Eg brukar for min del svært mykje tid og energi på å førebu meg (og laget) til ein fotballkamp. Difor blir det ein kollosal nedtur å få beskjed 5 timar før kick off at ein ikkje kan kome på fotballkamp. Giske IL gjekk i bresjen for denne samanslåinga i vinter, og fekk med seg majoriteten på Sunnmøre. Motivasjonen min for å rykke opp har berre blitt større. Sånn, då har eg fått sagt det.

Vi får gire oss opp til å trene godt i dag, fredag og søndag før kampen mot Ravn komande tysdag. Så får vi diskutere på trening i dag om vi vil høyre med Giske om dei kan spele rundt 23.-26. juni, eller om kampen berre blir avlyst, med tre poeng til HaNo.

tirsdag 2. juni 2009

Ravn med storsiger

Trass i at det står 6-1 på Speaker.no sine sider, så var det nok Ravn som vann på Godøygraset 2. pinsedag. 1-6 er nok det rette resultatet, i følgje Godøy sine heimesider.

mandag 1. juni 2009

Vegard vann skåringskonkurransen!


Tilløp til dramatikk under treninga måndag! Odd E utropte Cato til vinnar av skåringskonkurransen i forrige veke. - Hæ!? Nei, det var Vegard, svarte han. Det viste seg då etter nærmare undersøkingar at Cato sine "9 skåringar" på onsdag, viste seg å vere 9 tilsaman. Dermed stoppa Cato på, nettopp 9. Kent Inge hadde 10, medan Vegard altså blei sigerherre med sine 11 skåringar på 18 forsøk. GRATTIS! Cola kjem kanskje i bagen din på onsdag. Viss eg hugsar det då...

Tropp Giske

HaNo stiller med denne troppa mot Giske:
(start11-ar står først)
Henrik- Kristian, Mikke, Jonas, Vebjørn- Vegard, Cato, Lars Petter, Asgeir- Kenneth, Kent Inge. Ove, Lars, Demir, Per Jarle, Stig Frode, Dagis, Odd Einar.

Oppmøte kl 1730 på Nordøy. Lade godt opp, ikkje berre under oppvarminga, men også i døgnet før kampstart. Snakkast!