mandag 27. februar 2012

Treningskampar

Følgande kampar er no avtalt:

Onsdag 7/3: Ørskog-HaNo
Søndag 11/3: HaNo-Vigra
Mandag 26/3: Ellingsøy-HaNo
Tirsdag: 3/4: Sif Junior-HaNo
Torsdag: 12/4: Emblem-HaNo

Seriestart er 16 april heime mot Harøy.

søndag 19. februar 2012

Kamp mot MSIL avlyst.

Dagens planlagte treningskamp mot MSIL vart avlyst pga snø og kulde. Vi trenar istaden imorgon kl 19 i NH. Då håper vi å kunne gjennomføre ein internkamp. Guttespelerar kan møte til denne økta.

onsdag 15. februar 2012

Løken Lie klar for HaNo

HaNo sitt herrelag har denne veka forsterka stallen med eks Norborg og Brattvågspelar Martin Løken Lie. Martin er ein hurtig kantspelar som vi garantert vil få mykje glede av i sesongen som kjem. Han er forøvrig HaNo sin første spelar denne sesongen som ikkje er bosatt eller opphaveleg øying, men han jobbar på ferga, noko som er meir enn godt nok for oss. Vi ønsker Martin velkommen til HaNo og lykke til med sesongen 2012.

Trening og kamp denne veka

Ny trening ikveld kl 1730 i NH. Evt avbud kan sendast til Lars (95861787). Fredag trenar vi som vanleg kl 1830, før vi reiser til Sula og kamp mot MSIL på søndag. Avreise frå øya kl 1230. Kampstart 1500.

MSIL har hittil spelt en treningskamp der dei slo Emblem 6-0 på bortebane. Så her får vi brynt oss mot god motstand av eit MSIL som har forsterka med fleire nye fjes sidan ifjor. Ein av dei nye, Christoffer Holen, skåra 3 mål mot Emblem og er ein vi må være på vakt for på søndag. Vi må klare oss utan Per Jarle, Olve og Robin skal på reise, medan Alf Kåre er usikker pga ein overtråkk. Ellers håper vi at alle mann er klare og gler seg til årets første kamp utandørs i 2012.

lørdag 11. februar 2012

Flytta trening...

Treninga på mandag er flytta til søndag kl 18:30. Per Jarle leder treninga. Neste trening er ikkje før onsdag, så møt opp!

onsdag 8. februar 2012

Treninger denne veka..

Husk treninga på onsdag kl 17:30, og då blir det cup. Foreløpig resultatliste over cupen blir hengt opp i hallen.
Neste trening blir fredag kl 18:30. Treningskampen mot MSIL er fastsatt til søndag 19. februar på deira bane.

fredag 3. februar 2012

Seier i kveld, neste trening søndag kl 18:00

Mykje bra spel mot Harøy i kveld, men det lugga litt av og til. Vi skal bygge videre på det positive, og ta tak i ein del av det vi sleit med. Møt opp på trening på søndag kl 18:00. Vi køyrer cup visst det blir nok folk. Opplesing av resultat frå cup 2 og totalt!

torsdag 2. februar 2012

Tropp til kampen mot Harøy

Då er der klart for årets første treningskamp, når vi møter Harøy til treningskamp i Nordøyhallen på fredag. Oppmøte kl 18:00 i garderobene på ungdomsskulen. Er det nokon som kan hente harøyingane kl 17:50 på hurtigbåten, så send ei melding til Ivar. Det blir 3 omganger på 30 minutt kvar, og 7 utespelarar + keeper.

Følgandes tropp er tatt ut til kampen:
Mads, Håkon, Sindre, Per Olav, Michael, Olve, Robin, Preben, Henrik, Odd Einar, Demir, Cato, Even, Per Kristian, Kristian og Stig Frode.

Lagbilete

Bak frå venstre: Olve, Jan Egil, Kristian, Robin, Per Kristian, Demir, Cato, Alf Kåre, Daniel, Sindre. Framme frå venstre: Mads, Per Olav, Håkon, Per Jarle, Odd Einar, Henrik, Kenneth, Even, Preben og Michael. (Trykk på biletet for ein større versjon)

onsdag 1. februar 2012

Kjem heim att

Stor kontraktssigneringshappening i "Varmestova" i dag. I tilbygget til Nordøyhallen før trening skjedde det som har leie i korta ei stund. Vi får heim att karane der dei høyrer heime :) Meir på HaNo-sida!

Fleire bilete her:)



Nye treningsdressar skal prøvast.

Agent Henrik Åkre

Onsdag var det klart for underskriving av kontrakter i HaNo. Beate Austnes Nogva frå SUS stussa eigentleg mest på at ein mann stadig var å sjå ved forhandlingsbordet. Både MAds, Håkon, Cato og Aleksander hadde besøk på signeringsbordet av Henrik.

- Det var då eg las kontraktene til dei du nemnde der. Det blei påførd med lita skrift at agenten til Mads, Håkon, Cato og Aleks skulle ha 60 % av framtidige overgangassummar, fortel ei lettare overraska Beate til herrebloggen. Det var altså Henrik Åkre som stod som agent hos alle desse.

Nedanfor ser vi bilete av dei aktuelle signeringane.


Førebels serieoppsett 6 divisjon avd 2

Kretsen har lagt ut eit førebels terminlisteoppsett for sesongen 2012. HaNo serieåpnar heime mot Harøy mandag 16 april før turen går til Langevåg2 i neste runde. Sesongen avsluttast heime mot Vigra 30 september. Vi har i all hovedsak kampar på mandagar denne sesongen. Det vil bli terminlistemøte i midten av februar.

Terminlista finn du her

Husk trening i dag!

Treninga i dag starter kl 17:10 for dei som ikkje kjem med ferga. Vi skal signere kontrakter og prøve treningsdresser. Det blir også cup i dag. Møt opp!