søndag 2. januar 2011

Første trening 2011

Første trening sesongen 2011 er unnagjort i gymsalen på Austnes i dag 2. januar. Ca 20 mann var på spelarmøte. Av desse nokre ferierande HaNo-menn som vi forhåpentlegvis gjer oss nytte av i sommar. Nokre av dei eldre vil nok forhandle seg fram til såkalla "familiekontrakter". Kenneth U, Ivar, Per Jarle, Odd Einar og Per Kristian utgjorde pensjonistgruppa på møtet. Åge, Demir, Kristian, Vegard er dei i mellomaldersjiktet som blir megaviktig. Elles svært gledeleg å sjå så mange unge, svoltne fotballspelarar på plass!! Det er som det blei sagt, desse vi skal vere med på å bygge opp ikkje berre i år, men i framtidas HaNo.

Så får dei komande vekene og månadane si oppkøyring vise om vi ser resultat allereie i årets sesong. Det skal nemlig kjempast om å halde seg i divisjonen allereie i vårsesongen.

Trenarspørsmålet for herrelaget er ikkje avklart. Vegard Halkjelsvik (som var sjuk i dag) har sagt seg villig til å leie treningane til noko permanent er avklart. Veldig positivt for laget!


Håkon er ein av mange unge som satsar på HaNo-spel sesongen 2011. Her i aksjon mot Giske i fjor.

Ingen kommentarer: